Skip to main content

Kvilestein

Page 1


Lyrikkforlaget © 2026

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283985542

Omslag: CF media

Sats: CF media

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

HANS GÜNTHER BONENBERGER

Kvilestein med lavete rygg …

Eg er ein liten blome ein himmel på eit strå ei stendig lita spire ei sjel med kappe på

eg struttar her i enga ei humlemor finn sul med vengeslag ho dryssar gull det spirer, legg seg ut av alle vakre blomar tek eg mi kappe av att står nakne sjela det sjøar: dette hav –

Blome

Ingenting var som før

Spent gjekk eg framover

mot det opphøgde

ikkje eit pust

stille stille

lukka auge

attlate blikk

kalde hender

falda over bringa

eg bøygde meg sakte mot din framande munn

strauk deg kring dine lepper

kyste di panne ein aller siste gong

vende meg tagal, skreid på ein løpar mot døra ute av skipet, ein attlaten port; ingenting var som før –

Lilje

Her ligg du, vakre lilje mellom kveikte kvite ljos eg kysser varsamt panna di fredfull mjuk og god.

Ditt liv er levd til ende er du i draumar no vene ljose jenta mi ditt ansikt ber om ro.

Handa mi stryk kinnet ditt tett ved dine lepper rører ved di stemme saman her oss to.

Enno, kjære lilja mi varme og kalde hender ber om håp for levde liv same kor det endar.

Handa mi stryk kinnet ditt ein aller siste gong; frå no har du, mi kjære, vist eit bilete, ei ånd –

Sorga

I dag

er eg sorga

som gyser og sviv

i går var det varme med leven og liv i morgon er framand ein kjenning kan bli

eg lever med sorga, men eltar mitt liv –

Det er å få noko gjera

Det er å få noko gjera

det er å få noko gjort du lever av myte og herme du må ikkje venda dei bort –

Det er ikkje det du meiner det er ikkje den du er

det er ikkje det du skrønar det er at du noko gjer –

Du skal ikkje måtta drøyma ved sida av flokken din betre å vera åleine den flokken vert aldri din –

Du treng ikkje gå i einsemd ein stad du likevel er du treng ikkje nøra elden å fyra opp under det der –

Du skal ikkje dryssa gåver du skal ikkje vilja så vel du skal heller undra deg over kva er det som verkeleg tel –

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kvilestein by Forlagshuset - Issuu