Skip to main content

Kunsten å danse på Lego

Page 1


Lyrikkforlaget © 2026

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283985436

Omslag: CF media

Sats: CF media

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

KATRINE LANGLO

Kunsten å danse på Lego

Køane til DPS blir berre verre og verre i tempo til ei reversert sytrådspole

Men det er ingen stress for fleire går då berre til jamleg behandling hos Vinmonopolet

Arktisk forskingsstasjon

Å håpe på varme, støtte og kjærleik

frå ein emosjonelt impotent person

Er som å forvente strandbar og gratis solseng på ein arktisk forskingsstasjon

I bobla

Det er visst oss vanlege sin tur

å få sjå kor fort liva våre snur

Så dei maksar opp renta og prisen på alt

Men det var visst heilt som venta, blir vi fortald

Sånn er denne tida, vi får som betalt

Vi slikkar våre sår medan fiffen strør på salt

Så sel huset ditt og svelt, dei i dress snur seg vekk

Til helvete med oss alle

så lenge rentebobla sprekk

Sunnmørsk sommar

Ein vanleg sunnmørsk sommar

er litt som ein dårleg mann

Du ventar nok for mykje

frå ein som ikkje kan

Han kjem for seint

og dreg for fort

Han er for kald

og held for kort

Og når han så er ferdig

lenge før han skal

Så ligg du att åleine

skuffa, sur og kald

Sjukt

Vi sjukeleggjer det normale og normaliserer det som er sjukt

Vi fråtsar i alt det falske for det ekte har blitt skjult

Vi fiksjonaliserar fakta og faktifiserar fiksjon

Og det er ingen som fagfellevurderer den gemene opinion

Ungdomstid

Eg saknar ikkje ungdomstid til det var ho for stri

Men eg kan stundom sakne det å vere rett naiv

Ein ungdoms steile optimisme

kunne eg trengt no Å møte kvar ein dag på ny med stoisk tru og ro

Men åra har vel slipt meg ned og tatt meg bit for bit

Så får eg heller brette opp mot vaksenlivets slit

Blomen

Han såg ein vakker blome og sa:

«Denne vil eg ha!»

Han røska den frå bakken opp og tok den, likeglad

Men utan vatn, utan jord

så visna blomen hen

Då tenkte mannen:

«Nei, så stygg! No treng eg ikkje den.»

Ryktebørs

Det siste nye, har du høyrt om han Lars?

Sikre kjelder seier at han drikk seg heilt frå gards

Ja, eg ser han køyrer bilen sin kvar morgon klokka sju

Men det betyr då ikkje at han faktisk køyrer edru

Hæ, kor eg har kjeldene mine frå?

Det er sånt som alle veit, det veit du då?

Men det er aldri nokon som spør om sånt direkte for det blir faktisk rekna som ganske frekt, det

Og har du ikkje høyrt, er du ikkje oppdatert?

Det firmaet til naboen din har elendig likviditet

Men ikkje nok med det, han har visst tukla greitt med skatten

Han skulle leike storkar

og langt og lenge datt han

Så berre vent du, far, for snart no får dei tatt han

Snuten er visst på saken for du tullar ikkje med Staten

Kor eg faktisk har det frå?

Eg kjenner ei som kjenner ei på Spekematen

Har du høyrt det dei seier om ho dama der bak?

Ho knaskar sterke pillar og er heilt nervevrak

Ja, visst ser ho normal ut og fungerer ganske greitt

Men likevel er dette noko heile bygda går og veit

Og nei, ho er visst ikkje mykje innom apoteket

men dreg ganske ofte ut til nabobygda og reker

For eg har høyrt det no frå meir enn ei kjelde, sikkert minst to

Og det som blir gjentatt

blir opplese og vedtatt og etablert som fakta

så lenge børsen sitt med makta

Det kjøpast lavt og seljast høgt på bygdas beste business: ryktebørs

Seks tommar

Eg fryktar

at vi mistar ein heil generasjon av kunstnarar

forfattarar

filosofar

og fritenkjarar

til seks tommar med mobilskjerm

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook