Fred Arne Andersen: Broren

Page 1


Lyrikkforlaget © 2025

Inkognito publisering

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering

ISBN: 9788283984712

Forsideillustrasjon: Silvia Ilona Sørhagen

Omslag: Hana Costelloe

Sats: Hana Costelloe

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

NORDICSWAN ECOLABEL

broren

Fred Arne Andersen

Når tid var det at du fór

kva og kor eg misforstod

syntest at eg høyrde skritta

famla

nedover i trappa

opna døra

etter deg eg kikka

stod der ei stund

såg deg ikkje

duft av håret

sjalet

streifa meg

som om du var her

verkeleg

draumen vitrar

trådar slitnar

ville jo deg halda

før du drog

STUSSELEG

Treigt å opna

desse kjøkkenskåpa

gamle skuffer

hendene dei somlar

skjelv litt

fingrar fiklar

viklar seg

imellom tefat kar og krus

prøver finna eitkvart

som kan brukast

når eg set meg ned

ved bordet mitt

nær vindauga

må opna det litt

pusta

tungt å trekkja

denne lufta høyrer mine andedrag

eg sukkar

var det orda som eg sa som skuffa

såra

deg

min ven

kniven klirrar

på tallerk

stolen gnikkar

mot parkett

kroppen demmer opp

held igjen

stengjer stemma

tankar veks

ord ei slepp

fyller sjela

sinnet

songane blir fanga

halden inne

lever mindre

fattigsleg det er utan deg

dagen blir so stusseleg

Tungt å høyra kva sa du no ikkje naudsynt med andre ord nok å kjenna mi eiga verd den som er størst og faktisk gjeld som promenerer dominerer alle samtalane samkvem tidleg morgon seine kvelden for gjennom år i fleire slektsledd kamp og tårer har den satt seg verkeleg urokkeleg

fundamentert

vel sementert er verda mi solid i fritid virke

død og liv i meg og deg kvar kan du finna betre ly du aldri læra treng

å fly tungt å høyra kva sa du no mi vesle søster min eigen bror

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.