Kva gjer eit menneske med tida som renn mellom fingrane, med skulda det ikkje kan legge frå seg, med kjærleiken det mista?
Grøvdal skriv med ein røff ømheit og ein natur- og mytologiforankra billedkraft som er heilt hans eigen. Ola Grøvdal (f. 1953) voks opp i Rørvik i Nærøysund der han bur no, men han har og budd og arbeidd som lærar, inspektør og rektor i den vidaregåande skolen i Vardø og i Numedal. I 2013 mista han kona si etter mange års kreftsjukdom. Han har tidlegare gitt ut seks diktsamlingar, roman, noveller og barnebok. Han er prisbelønt for dikta sine og for romanen.
LYRIKKFORLAGET
ISBN: 9788283985764
flagellantens evangelium
I *Flagellantenes evangelium* vandrar Ola Grøvdal gjennom eit landskap der naturen talar i stigande røyst og det personlege sorgtapet aldri er langt unna. Med jorduglefluktens låge, vinklande kurs som rettesnor rører samlinga ved det som er størst og minst på ein gong – og spør kven flagellanten eigentleg piskar, og kvifor vi ikkje sluttar.
ola grøvdal
flagellantens evangelium
flagellantens evangelium ola grøvdal
«En knakende god diktsamling som med ubehagelig intensitet utforsker smerte, skyld og menneskets behov for frelse.» MAREN VALØ DEKKERHUS, FORFATTER
LYRIKKFORLAGET
Lyrikkforlaget © 2026 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk
www.lyrikkforlaget.no
Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283985764
Omslag: CF media Sats: CF media Forsidetegning. Stock image, Magnific.com
Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 2
28.08.2026 09:48:50
ola grøvdal
flagellantens evangelium
LYRIKKFORLAGET
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 3
28.08.2026 09:48:50
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 4
28.08.2026 09:48:50
Flagellant: fra latin flagellans (genitiv flagellantis), presens partisipp av flagellare «piske» Betydning: 1. person som driver selvpisking som ledd i askese; selvpisker 2. person som pisker seg selv eller partneren for å oppnå seksuell tilfredsstillelse Kilde: Det Norske Akademis ordbok 5
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 5
28.08.2026 09:48:50
6
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 6
28.08.2026 09:48:50
Del 1. Og Narcissus sa …
Og herr Cimbura svarte at vi ikke skulle henge oss opp i tiden, for da Herren Gud eller hvem det nå var, skapte tiden, lagde han mer enn nok av den. Jáchym Topol, Å gurgle tjære
7
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 7
28.08.2026 09:48:50
I
Eg er den eg er, seier eg, jåssprat, eg er den tida har gjort meg til. Når eg står der med krylryggen mot straumen og ser tida renne frå meg som vatn mellom fingrane, da drikk eg, fyller eg meg med tid, ravar rundt i ørska, tung i buken av ufordøydd tid, aldri får eg nok av tid, for tørsten min lar seg ikkje sløkke av alt eg vil ha, og likevel maktar eg ikkje å halde på vatnet og tida, men om eg snur meg med ansiktet mot straumen, vil tida koma til meg,
8
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 8
28.08.2026 09:48:50
skylje over meg, tømme meg, reinske meg, forme meg. Med tida blir eg den eg er.
9
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 9
28.08.2026 09:48:50
II
Og Narcissus sa: Fåfengt kjærleik ser berre seg sjølv i auget til elskaren slik som mennesket repeterer storverket sitt i kvar fasade av glas kneler eg ved bekken for å klone ansiktet mitt i kvar drope, for å gjenoppstå i kvar piksel som flimrar forbi for å gjera havet til ein storskjerm, skapt av mitt udødelege bilete, og kvar regndrope befruktar jorda med meg. Og eg såg ei ny jord stige opp som ei diskokule med tusen fasettar og ein misjon: gå ut og gjer alle menneske til meg.
10
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 10
28.08.2026 09:48:50
III
Tyss, seier den vesle båra, tyss, la meg ikkje forstyrre, snu deg berre rundt og sov vidare, eg skal berre granske korleis det står til med tinga, snu litt på tangen for å telja blærene på blæretangen, kvesse tennene på sagtangen, knytte fingertaren til ein neve, eg skal ikkje gjera dei store endringane, rive ned alt rasket som menneske har sett i vegen for meg, nei eg skal berre smyge meg utanom og strekke meg nokre millimeter høgare, ta tempen på tida, sjølv om himmelen blir heitare og regnet våtare og helvete er sett på vent fordi det ser lovande ut her vi er, tyss, seier den vesle båra, tyss, eg skal berre lirke meg under pidestallen du står på, 11
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 11
28.08.2026 09:48:50
det er ikkje mykje eg skal forandre, berre litt om gangen. ***
Hui, seier den vesle vinden, hui, eg skal berre lette litt på sløret, eg er den vesle vinden Suse, eg skal berre leike litt med lokkane dine, berre floke dei litt til og kviskre deg nokre engstelege ord i øret, eg skal berre sjå deg litt i auga, dei uskuldsblå, og litt i korta, eg må berre klemme meg litt saman for å få plass i dei tronge romma mellom tankane dine for å vide dei litt ut, det er deg eg snakkar til, mildt og blidt, men vil du ikkje høyre, ropar eg på den mellomste vinden Bruse, så han kan rive lokket av fornektinga di, røske opp i tankespinnet ditt og skylje slagget ut 12
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 12
28.08.2026 09:48:51
mellom hjernecellene for at du skal få plass til større draumar, for elles kjem den største vinden Knuse og veltar deg ned av pidestallen med all fåfengda di og alt storstendet ditt med trollsnittet i auga og søndagshalen på, hui, seier den vesle vinden Suse, eg vil deg ikkje noko vondt, berre røske litt opp i deg. ***
Tyss, seier den vesle båra, tyss, det er ikkje noko farleg, eg skal berre krype litt lenger opp på berget, suge i meg litt varme frå denne sommaren som har vori så heit, har gjort dykk så brune i skinnet og glade i sinnet, men det er kanskje klokt om du dreg båten litt lenger opp så eg ikkje kjem i skade for … men det er ikkje noko farleg, eg skal berre varme meg litt. Tyss, seier den vesle båra. 13
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 13
28.08.2026 09:48:51
IV
Vindmøllene karvar hol i himmelen mens dei syng sirenesongen sin, monotone wosj – hosj, wosj – hosj, av og til raskare viss vinden vil, wosjhosj, wosjhosj, og forlokka fuglar dett til marka fordi vindmøllene syg all safta ut av sfærane og set ho intravenøst i dei sjukelege liva våre, og menneska står fortrolla og berusa av draumen om rikdom og større forbruk, og vindmøllene står der med dei anorektiske kroppane sine, mens vi, bulimikarane, et alt vi kjem over og spyr det ut att, for det er nytinga som er gleda og hedonismen som er truvedkjenninga, og vindmøllene får ikkje vind under vengane, får ikkje det løftet som alle snakkar om, men blir ståande og stampe i bakken med den eine foten dei har og forbannar Daidalos som stadig smir saman nye vengar 14
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 14
28.08.2026 09:48:51
i smia si, men Ikaros har floge sin veg og styrta i havet, eit fritt menneske med ein fri vilje til skrekk og åtvaring for oss alle, og Don Quijote, den einaste som har forstått at dei er monster som et jorda vår og fangar himmelen vår, at dei er skrekkfilmskapnader frå våre eigne draumar om å lette, sveve, ikkje falle, for om det betyr at vi veks, må dette vera å døy, nei, da er det tryggare å bakse patetisk med vengane som vindmøllene mens vi berre let som om vi prøver å lette, for det har gått opp for oss at vi aldri, aldri kjem til å koma til himmelen.
15
flagellantensevangelium_sats_v4.indd 15
28.08.2026 09:48:51