Skip to main content

Fjella som vaktar fjorden

Page 1

Lyrikkforlaget © 2026 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283985733 Omslag: CF media Sats: CF media BEL

NOR DI

N SWA ECO LA

C

Printed matter 3041 0971

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 2

23.06.2026 14:40:15


BENEDICTE RYDLAND HAREIDE

Fjella som vaktar

fjorden

LYRIKKFORLAGET

fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 3

23.06.2026 14:40:15


fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 4

23.06.2026 14:40:15


Alle byar er vakre om natta Alle byar er vakre om natta, der dei ligg som funklande band og glitrande gnistar mot mørknande fjell, her og der eit spir som strekkjer seg opp mot ei stjernestrødd æve, fulle av von, av draumar om himmelske møte vi berre kan ane. Einslege bilar som blinkande lyspunkt i gatene, menneske på veg til eller frå noko som åt av ei natt ein skulle ha sove. Kvite og gylne lys som speglar seg i mørklagde fjordar, i dunkle sjøar. Alle byar er vakre om natta når regnet viskar ut alle linjer, omskapar dei til skjelvande trådar, i duse vassfargar strøymer byen som måla av tjukke penslar, vindauga lyder av tunge dropar som skapar render av tryggande liv vi anar nattebyen, kjenner han, men lét han symje vidare medan vi trekkjer gardina ned i von om at alt klarnar i morgon. Alle byar er vakre om natta, når snøen har lagt seg og fjella kvitnar mot svarte berg, ein himmel som lever med flakkande lys, ei helsing frå sola som ikkje har -5-

fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 5

23.06.2026 14:40:15


gløymt oss som frys her i mørket, og månelys knitrar mot glitrande bruer over islagde sund og stjerner strør gull på skinande skare, gjev glede til sovande by. Ein morgon vil snøen bråne i solstenka lier og alle netter vert lyse og byar som ikkje er vakre om dagen kan gle seg til å verte velsigna når haustmørket breier sitt natteteppe og gjev oss dei glitrande byar.

-6fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 6

23.06.2026 14:40:15


Hardangerdraum Midt i eit landskap av angande eple lever ei ekte hardangerkvinne. Sjølv vart ho til lengre ute langs fjorden, men då ho vart vigd til eplebonden, flytta ho inn på garden. Kaskadar av kvite, blomstrande tre som dusjar ho rein kvar einaste vår, og fossefall der soldropar glitrar i sprudlande ferd ned mot vatnet. Medan mannen skjøttar dei sårbare trea og er ute heile dagen, opnar ho døra for blide turistar, og dei knaskar eple, ho skjenkjer dei sider og høyrer på nytt frå storbyen ved det blankskura kjøkkenbordet. Ein gong hadde ho vore og sett på Slottet og vandra langs Karl Johan. Men ein gong var nok. For kva skulle ein gjere langt vekke frå eple, der ingen stiar var trakka av ho? Men lytte, det gjer ho veldig gjerne, det er godt å få lov å fortelje. Du må selje dei sider og kasser med eple, seier mannen strengt kvar einaste kveld, men ho gjev dei frukt som angar av sommar og smil som eit følgje på vegen.

-7fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 7

23.06.2026 14:40:15


Og turistane fløymer til vegen langs fjorden, i bussar og bilar og campingvogner, på syklar og vandrande att og fram, dei fyk rundt der nede og fotograferer ein bit av det livet dei saknar der heime. Men dagane hennar er lange og travle, ho er ikkje nokon ungdom meir. Når radioen fortel om det vonde som skjer i ei verd, så langt vekke, men likevel nær, då går ho ut i engkarseenger og stør seg til tanken om fjellet der bak. Ho vonar at fjellet stoggar alt vondt og sender ei bøn til han som er mektig, han som kan elske all vondskap vekk. Dei kolsvarte lamma til naboen, dei grasar så fredfullt på bakken, dei trøystar ho ved å vere til. Kvar kveld tuslar ho ned til fjorden og set seg ned på ei bryggje. Løvetann blomstrar i kveldssola, på andre sida stig fjella så bratte med snøflekker opp til takkete toppar og breen sig ned ei mørklagt rivne og legg seg til kvile der. Og fjorden, ligg blikande stille. Folk pleier gjerne å drøyme seg vekk når dei sit ved ein stille fjord,

-8fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 8

23.06.2026 14:40:15


men ho kan kjenne draumen sveve og sveipe ho inn i heimlege dufter. Når skumringa kjem og det kjølnar mot natt kjenner ho draumen sin lune varme følgje ho der ho ruslar opp hagen under dei angande epletre.

-9fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 9

23.06.2026 14:40:15


Du ryddar veg for meg Det var eit hell at eg såg deg. Ein grøn anorakk på veg over blåbærtuene, vekk frå den velbrukte stien, han alle vel når dei søkjer til skogen. Eg følgde deg, stille, skjult, og fann ein annan sti, han eg skjønte høyrde til deg, til dine steg, til dine skogar. Han førte meg under graner, mellom bjørker, over berg, langs blinkande vatn, han leidde meg trufast attende til kjende vegar og min nye heim. Kvar dag kunne eg sjå deg, kvar dag smatt du over tuene og fann den smalare stien, og kvar dag følgde eg etter, men lét meg ikkje til kjenne, då haustregnet auka la du plankar over stigande bekkar, så vi gjekk tørrskodd i søkkvått terreng. Då kvistar stakk oss i andletet og greiner greip tak i eit klesplagg, då reiv du dei av, då hogg du dei ned og opna opp vegen for oss. Eg trur nok du veit at jenta er meg, ho i ein gul anorakk, som traska opp markene, einsam og sky,

- 10 fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 10

23.06.2026 14:40:15


som ikkje orka å dele eit hei med alle som søkte til skogen, som fraus i eit nedisa sinn. Vi møttest aldri, du og eg, men eg fann att meg sjølv, fann varme i kvardagen, glød i eit liv, kvile i den skogen du skjenkte meg. Eitt kan eg love, om du vert vekke, stien skal finnast der blåbæra veks, nokon vil følgje ein gul anorakk under graner, mellom bjørker, over berg, langs blinkande vatn, og leie dei trufast attende til kjende vegar og nye heimar. Det hender iblant ein kan gå i eit fotspor som nokon tråkka ein gong og sjå kvar dei stansa, sjå kvar dei kvilte, kvar dei snubla og kvar dei stod, og setje seg ned der bakken er varm etter den som rydda oss veg.

- 11 fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 11

23.06.2026 14:40:15


Tida fall aldri lang Tida fall aldri lang med han, sa ho og sette kaffikjelen på. Slik kan det òg vere, tenkte eg, medan vi andre pratar og pratar om ting vi alle har høyrt om før, alle har sansa før, det trygge, det kjende, det kvardagar er vove av, så har han gjeve ho noko som gjer det lett å stå opp om morgonen. Det er ikkje lett å skape ei forventing hos mennesket, berre ut frå orda du vil dele, men han, han har dratt ut for å samle opplevingar han kan kome heim med til ho som sjeldan våga seg ut blant folk. Han har kan hende sett ein gutunge sparke fotball aleine på løkka, ein togkonduktør som fekk ein klem av ei gamal kone, han har høyrt suset frå ei brånande elv, gitartonar frå ei open altandør, han har lukta nyklipt gras og blomstrande hegg, alt har han delt med ho, så ho kunne få sjå det ho såg, fargeleggje det slik ho ville, med ein varleik vi andre så ofte saknar; når han ser at ho trøtnar, tagnar han, så ho får vere i fred med alt ho vil grunne over. Og no er han faren, han som aldri lét tida falle lang for ho.

- 12 fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 12

23.06.2026 14:40:15


Og ho skjenkjer kaffi i grøne krus med skjelvande hender, og fløytemugga vert fylt, sjølv om han som kvitna kaffien sin, for lengst er vekke, på det vesle bordet i stova står biletet av han, og eg er viss på at ho pratar til han i seine nattetimar når svevnen er vond å finne. Og eg er viss på at ho lyttar til alt han har å fortelje frå det han no har sett. Det er nok vemodige tankar ho tenkjer, ei kjensle av tap i eit krevjande liv, men hendene hennar held godt omkring kruset og augo kan skine i seinsommarlyset, for alt som han gav ho av lette timar har vida ut hjartet, har sett seg i stega, har ordna eit smil som vil vare til enden, alt som han gav ho i åra i lag, vart arven han gav ho å leve på: Den djupaste, djupaste glede.

- 13 fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 13

23.06.2026 14:40:15


Å storme ned bakkane Vi stormar ned bakkane. Frå vinden i fjellet, der myrulla dansar med dvelande rørsler, strekkjer dei kvite dottane mot sommarhimmelen, som nette, små englar i solskinet. Nedover liene med sprøe hundekjeks duvande, frøande, men ranke, dei set spor på nakne armar. Lysande, solfylte engsoleier som fargar haka di gul, vippande i sommarbris, leikande, dryssande. Kvite prestekragar som sender tankar til kyrkje og helgefred, til salmar om frelse og kvile. Blåklokker vippar til sommarsongar til spinkle pianotonar, blyge og vene som sommarens første dag. Ballblom ved vatnet, lukka inne i løynlege draumar vi berre kan ane som streif av ei lengt. Vi stormar ned bakkane, tumlande, yre, er barn som vi alltid har vore. Vi snudde oss ikkje, var komne for langt. Vi storma til enden heilt nede ved fjorden der steinstranda låg. Vi snudde oss ikkje. Eg undrar på kvar farta di saktna, kvar du slutta å orke.

- 14 fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 14

23.06.2026 14:40:15


Såg du myrulla danse? Såg du hundekjeks duve? Såg du engsoleia leike? Kjende du kva prestekragen sende? Høyrde du blåklokker spele? Ante du kva ballblomen skjulte? Kvar var det du stansa di stormande ferd? Kvar var det du skjønte at farta vart stor, for stor til at du hengde med? Midt i sommaren står vi ved grava, ved sjøen der bakkane endar. Vi snudde oss ikkje. No står vi i ring omkring deg, du kviler i kvitmåla kiste. Saman gjev vi kransen til deg, som reisefølgje til neste stad, kransen av myrull og hundekjeks, engsoleier, prestekragar, blåklokker og ballblom. Alt er ditt.

- 15 fjellasomvaktarfjorden_sats_v4.indd 15

23.06.2026 14:40:15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Fjella som vaktar fjorden by Forlagshuset - Issuu