Eiliv Grue: Undrings vegar

Page 1


Lyrikkforlaget © 2025

Lyrikkforlaget

Postboks 112

4395 Hommersåk

www.lyrikkforlaget.no

ISBN: 9788283984453

Omslag: Hana Costelloe

Sats: Hana Costelloe

Materialet i denne publikasjonen er omfatta av bestemmingane i åndsverklova.

Utan særskild avtale med Lyrikkforlaget er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det er heimla i lov. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar.

NORDICSWAN ECOLABEL

- vers frå vandraren

Undrings vegar EILIV

Vintervegen

mang ei mørk vinternatt såg eg i undring inn i Vintervegen vart klår over at her hadde eg min heim – på eit støvkorn –mellom uteljelege solsystem i eit umåleleg, tidlaust rom

fatta ikkje kva lysår, spiraltåker, gasskyer og galaksar var visste ikkje kva vitskap kunne fortelje – og om orda deira var sanning vart dregen mot dette skremmande, ufattelege

går framleis i undring barndoms vegar inn i det heilage mysteriet – undrings vegar

vegar går gjennom livets skiftande tider, kor lenge og kvar, er uvisst

Vegen og vegane

møtte Vegen her om dagen, hadde gått lenge åleine og tala med seg sjølv

kor går du, Veg? undra eg fall i tankar, Vegen, djupt i si eiga verd, før han svara:

minnest dei gamle ferdselsvegane, sa han, mange vise gjekk dei, ga seg tid, tenkte, såg, tala med seg sjølv ‒ og med meg ‒leita etter føde for tanken, leita etter mål og meining med vandringa

er vorte gamal, sa han stilt, trur det var betre med gamlevegen; gjekk  rundt bakkane, han, smaug varsamt inntil bekker og vatn, var trygg, ein veg med stabbesteinar mot juv og skrentar, med kvileplassar og vasskjelder for ro og kvile

nye vegar jamnar ut bakkane, går beint fram, går så snøgt at ein fer frå sjela

taler ein med den nye Vegen, høyrer ein ikkje svaret; dei ligg langt attende på ferda

gå med meg på gamlevegen, sjå blomar, høyr vinden kjæle med yrande liv, lytt til den gåtefulle tonen der dei unge dansar Vegen inn i sommarnatta, fletter hender og kviskrar løyndomsfylte gåter kor Vegen går? underleg at ikkje fleire spør; så mange stader, veit eg, til fjell og fjord, til bygder og byar, til rikdom, til armod, til glede og ulukke, til stader der ein kan misse seg sjølv eller  finne seg sjølv?

lytt til Vegen medan du går, sa han, den har så mangt av

minne, gøymer segner og kostelege bilete av livsens

mangfald, kjærleik, glede, song, dans, avskil, sakn og sorg

kor Vegen går?

finn sjølv svaret ‒ ved å gå

men vit: steg du har gått, kan du ikkje gå attende

kvar Vegen vil ende?

Vegen endar vel ikkje, men vi blir att ein stad, der vi møter det ytst useielege ‒mors mystica

endra alt

(Komponisten Wolfgang Plagges har nytta denne teksta i komposisjon, ein epilog til Schönbergs «Verklärte Nacht», 2021)

var det i blygsle ho spurte om å gå ein tur ‒ blunka ho inni seg ‒kven veit?

vart gåande mest

ordlause trur eg

så mykje nytt å kjenne på, handa som varleg fann handa mi

det heile tidlaust, som det alltid har vore, og

nytt som ikkje er nytt, og likevel heilt nytt

denne sitrande skjelven gjennom det heile

ei ny meining, ein ny veg, eller ein veg som alltid har vore?

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.