Triks av Anna Kleiva

Page 1


Triks

dikt anna kleiva

Anna Kleiva (f. 1985) er ein av dei mest sentrale forfattarane i sin generasjon. Ho har gitt ut fire kritikarroste diktsamlingar og det nyskapande prosaverket Echo Mountain. Forteljingar frå L.A. (2018). Saman med Vilde Tuv laga ho det musikalskpoetiske verket Solplomme (2024). Kleiva redigerte også antologien Tunga mi protesterer mot døden. Palestinske dikt (2024) saman med Bendik Vada. Ho har omsett bøker av Ariana Reines, Asta Olivia Nordenhof og Eve Babitz.

Triks

Triks

forlaget oktober 2025

Now the future is wild and waits for us as a beast in a lair Jeanette Winterson, Sexing the Cherry

There is nothing in the world so red as thy mouth. Suffer me to kiss thy mouth (…) I will kiss thy mouth (…) I will kiss thy mouth (…) Suffer me to kiss thy mouth (…) Suffer me to kiss thy mouth (…) Suffer me to kiss thy mouth (…) I will kiss thy mouth (…) I will kiss thy mouth. Oscar Wilde, Salomé

ALT TØRSTAR MEIR

Lyset som eksisterer i oss, eksisterer også i andre og i heile naturen. Dette kjem du på når du vaskar ansiktet i salvie og lavendel. Sola dryp som vatn over deg. Vatn er det produktet denne daglegvarekjeda sel mest av. Det er ikkje ein identitet. Det er viktig å gi kroppen nok vatn, å gi huda nok fukt, så den ikkje krakelerer, tek fyr eller rasar ut. Så den klarer å produsere nok sevje. Viss vi fyller kroppen vår med det aller beste jorda kan tilby, kan vi bli vårt beste sjølv. Jorda tilbyr eit stort utval produkt. Det som kjem rett frå jorda, er naturleg. Rått. Utan kjemikaliar. Eg ville lagt tunga mi på din støvete kropp.

FLESHY FRUIT

Ernæring er nøkkelen til ein lysande livsstil. Huda di gløder av honning og rosevatn. Hårfjerning med sukkervoks. Eg har alltid visst at kroppen kan smørjast med mat på utsida og innsida.

Iskrem av appelsinblom og pistasj glir nedover halsen, kremar halsen, kremar bryst, rumpa er som ei iskremkule som smeltar i handa, krem. Krem på fingrane.

Fermentert ris som gjærar inni deg. Gjer deg glatt og glødande som ein brøddeig. Du eser på dei rette stadane om du øver inn dei rette rørslene om du gnir på dei rette lampene om du knip dei rette fruktene.

Døyparen Johannes budde i ørkenen og åt ikkje brød, i staden åt han berre ertene på treet som no er oppkalla etter han, dei var mjølet hans og safta, han saug belgane tomme for johannesbrød og este som ein brøddeig på alle dei rette stadane, han var profet og probiotisk, han la hovudet sitt på eit fat og var heilag.

Heilage dropar rosevatn. Små, runde eller pæreforma. Kjøtfulle frukter haustar du frå hyllene. Heilage ord. Sjømose.

EKSISTERANDE KUNDAR

Viss vi fyller jorda med dei aller beste kroppane vi kan tilby, kan jorda bli sitt beste sjølv.

DO I NEED TO PUT ON ANOTHER PAIR OF SHAPEWEAR?

seier Kim, medan to personar prøver å dra Marilyn sin kjole på henne. Ho seier det, spør ikkje, for korleis kunne endå eit lag med stoff under kjolen gjere henne mindre? Ho seier det så vi skal forstå kvalitetane til produktet. At produktet hennar – shapewear – kan få klede til å passe som eigentleg er for små. Vi kan også vere mindre enn vi er. Vi kan også minske.

Etter den raude løparen må ho ta kjolen av og byte til ein kopi. Kjolen tilbake i monter. Ho låner Marilyn sin kjole på den raude løparen fordi ho kan. Ho låner Marilyn sin kjole på den raude løparen for å vise at ho kan. Ho passar inn i Marilyn sin kjole fordi ho kan. Kjærasten (Pete) held handa hennar som om den var ei Disney-hand av glas, held fingrane. Ho passar inn i alt. Ho pushar grenser. Vi ser henne.

ETERISK Han åt berre honning og grashopper. Nei, han åt berre johannesbrødfrukt. Nei, han åt berre av visdommens nærande brød. Han vende seg mot aust og drakk av honningen som dryp frå sola. Og slik vart han vakker, og slik skal du bli vakker før sola stig ned i ørkenen som ein appelsin, som ein saftis, som ei krukke med honning som veltar og renn utover jorda som ei leppe. Som siklet frå ei leppe. Og eit teppe av blomar sprett frå ørkenen som sola har slikka med gyllen tunge: lavendel, salvie, krusemynte, peparmynte, patchouli, bergmynte, kattemynte, hestemynte, løveøyre, svinerot. Ein honningglinsande leppeblome, eit drypande glis er sola, glir over ørkenen og sluker jorda som ein is, og alt er sløkt. Alt brenn og alt er sløkt når sola stig ned på jorda. Når sola omsider stig ned og skåldar grisen.

AKTIVE KULTURAR

Erewhon er ein science fiction-roman av Samuel Butler, utgitt i 1872. Den skildrar eit framtidssamfunn der det å bli sjuk er kriminelt, der det å vere stygg blir sett som umoralsk. I Los Angeles finst ei luksuriøs daglegvarekjede kalla Erewhon. Dei sel helse; sunne matvarer og andre kroppsprodukt. Hailey Bieber’s Strawberry Glaze Skin Smoothie til 208 kroner i ferskvaredisken. Under pandemien var matvarebutikkar så å seie det einaste som fekk halde ope. Erewhon vart den nye klubben. Ein stad folk kunne dra, finnast, fotografere. Kjøpe ein smoothie, gjere kroppen ei teneste, gjere eit fritt val, ha prestisje, drikke smoothien ved kafébordet utanfor butikken og sende ei talemelding. Eksess er ut og moderasjon er in.

EKSESS ER UT I smoothien til 208 kroner er det: mandelmjølk, organiske bananar, organiske jordbær, organisk avokado, organiske dadlar, organisk lønnesirup, vaniljecollagen, vaniljestevia, sjømose, organisk kokosnøttfløte, heimelaga jordbærsaus, heimelaga.

Eller kjøp ein probiotisk shot med kefir som gir: betre fordøying, meir energi, mindre hjernetåke! Ei klissete kvit tåke som sig langs kanalane, som fyller holromma, gatene, som legg seg i nasen og surklar, slepper tankar frå seg.

Her er det ingen som søv. Her er alle på tå. Her er alle på pannebrasken. Her er avantgarden. Her er ein kultur i stadig endring. Her er ein kultur folk investerer i. Ein shot om dagen gjer deg god i magen.

HEALTH IS WEALTH

Kim brukte ein sauna suit for å gå nok ned i vekt til å passe inn i kjolen. Sveitta av seg kilo. Då Marilyn brukte kjolen, vart den sydd rett på henne, for å vere så trong som muleg. Kim var ein skodespelar som slanka seg for ei rolle. Fem minutt på raud løpar. Eit nedslag, eit bilete, eit blendande avtrykk. Rissa inn i kulturen. Det lærte meg mykje om livsstilen min og helsa mi.

OG SKOGANE BRENN PÅ FJELLA

Silkeputer gir glatt hud. Rynkefri. Eg har sett bekymringane dine vekse i panna i to år no. Kom til poenget. Gni ansiktet ditt i silkeputetrekket her så skal du sjå du vaknar opp utviska.

Ei smilande kvinne på silkepute er både prinsesse og hjelpar. Sequoiaskogen brenn. Pakkar seg i knitrande, glimande gullkappe og håpar på det beste. Sequoiaskogen ser alltid godt ut, ei velpleidd kvinne som du. Ei edel investering. Kven vil redde ei myr. Alle er redde.

Om Solplomme (2024):

«Heldigvis er dette økoengasjerte verket fritt for enkle formaningar om å vise omsorg for naturen. I staden stiller boka spørsmål som utfordrar dei vande omgrepa vi tenkjer med … Solplomme er eit vitalt kunstverk som stiller grunnleggjande spørsmål ved kven vi menneske er, og kva vi er del av»

PER ESBEN SVELSTAD, DAG OG TID

«I Solplomme brukes Jonsok-mytene til å tematisere hvordan skiftene mellom ulike årstider kamuflerer og synliggjør at naturen endres (av menneskene). Hele tiden ulmer forundringen under Kleivas korte, ladede vers»

ANNA SERAFIMA SVENDSEN KVAM, MORGENBLADET

«Selv om Solplomme ikke ligner andre diktsamlinger, er boken trygg i sin egen form. Det er forsøkene, og bevegelsene mellom ulike uttrykk, som virkelig gjør denne utgivelsen interessant»

FREDRIK HAGEN, VINDUET

«Vilde Tuv og Anna Kleiva gjør salen på Munch mer monumental enn ellers»

IDA MESSEL, MUSIKKMAGASINET/KLASSEKAMPEN OM SOLPLOMME PÅ MUNCH

OMSLAG: SARA R. ACEDO ILLUSTRASJON: DETALJ FRA ALBRECHT DÜRER, APOKALYPSEN (1498)

Medan du køyrer gjennom verda, ser du reklameskilt for tørken. Ekstrem tørke! reklamerer skiltet. Snart er vassmagasina tomme. Hugs å spare på vatnet. Hugs å vise deg fram for følgarane dine som om du er deira BFF . Eg veit du tenkjer på dette kvar kveld. Medan du drikk ein ny vin som liknar solnedgangen. Du drikk ikkje vatn, du sparar. Viss du snakkar slik som eg, kjem følgarane dine til å engasjere seg meir. Du ser bra ut i sandfargar, du liknar ørkenen. Snakk om klimaendringar som om det er noko de deler. Snakk om tørken på ein intim måte. Som om det var deg sjølv det gjaldt. Snakk om styrtregn utan å få kjeven ut av ledd, utan at bryna hektar seg fast på pannebrasken. Snakk om framtida utan å himle.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Triks av Anna Kleiva by Forlaget Oktober - Issuu