Skip to main content

Frode Grytten - Garasjeland

Page 1

Grytten. Garasjeland. omsl.qxp_Layout 1 25.06.2020 19:00 Side 1

f r a m s i d efoto: Doug DuBois bokbunad: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | ex il d esig n

Forlaget Oktober

fo r fat ta rp ortrett : Helge Skodvin

Frode Grytten Garasjeland

frode grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 15 språk.

Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i tre veker. Midt på dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde ikkje investert i kjøleanlegg, så om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut på dei opplyste motorvegane. Han ville sjå skogbrannane som herja langs kysten. Ei natt stansa vi på ein nedlagt bensinstasjon, steig ut og blei ståande. Oske fall frå himmelen, nesten som snø, bare at ein blei svart på tunga om ein fanga dei gjennomsiktige flaka.

Frode Grytten Garasjeland Noveller | Forlaget Oktober

I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drivne av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som truar med å rasere illusjonen om det perfekte.


Garasjeland_Frode Grytten.indd 2

23.06.2020 14:18


f ro de g ry t t en Garasjeland Noveller

forlaget oktober 2020

Garasjeland_Frode Grytten.indd 3

23.06.2020 14:18


Garasjeland_Frode Grytten.indd 4

23.06.2020 14:18


innh ald Garasjeland 7 Oslo 31 Inntrengar 51 Den siste øya 69 ynwa 95 Elvis Presley blues 119 Slutten pü historia 147

Garasjeland_Frode Grytten.indd 5

23.06.2020 14:18


Garasjeland_Frode Grytten.indd 8

23.06.2020 14:18


ynwa

Garasjeland_Frode Grytten.indd 95

23.06.2020 14:18


Garasjeland_Frode Grytten.indd 96

23.06.2020 14:18


då den vesle kom, stod Robert Frankowski ved ­fileteringsdisken, kutta hovud av laks, skar laus buk­ bein på laks, skar laus ryggfinnar, drog ut tjukkfisk­ beina midt i fileten, la fisken med halen mot seg, skar snitt ned i skinnet heilt bakarst, vaska fileten under spylaren. Laks etter laks fileterte han mens den vesle kom. Han hadde gjort det så mange gongar no, hand­ lingane var for lengst automatiserte. Han kunne ha gjort det i blinde. Han brukte å høre på musikk eller på fotballpodkastar mens han fileterte. Heilt sidan Jerzy Dudek vakta buret der, hadde Liverpool vore hans lag. Ein dag skulle han ta med ungane til Anfi­ eld for å sjå dei spele. Då den vesle kom, gikk Robert Frankowski opp på pauserommet for å ete matpakka. Han såg ut på regnet og ut over havet, skimta merdane og knausane i uvêret. Før han gikk tilbake på jobb, sjekka han mobilen. Han hadde fleire tapte anrop. Hjartet tok til slå hardare. Noko måtte ha skjedd med Agata. Det var framleis åtte 97

Garasjeland_Frode Grytten.indd 97

23.06.2020 14:18


veker til termin. Planen var at han skulle gå ut denne arbeidsperioden, så dra tilbake til Katowice for å ta imot den vesle. Agata svarte ikkje, han ringte mor si i staden. Ho svarte straks, men Robert hørte bare hik­ sting i andre enden. Kva er det? spurte Robert. Har det skjedd noko? Då mora endelig tok seg saman, sa ho at Robert hadde blitt far igjen, og ho hadde fått eit nytt barnebarn, ei nydelig jente, men dei hadde mista Agata. Robert bad mora gjenta det ho hadde sagt. Mora grein høglydt der ho stod i lobbyen på sjuke­ huset nede i Katowice. Kva gjør vi, Robert? spurte ho. Etter samtalen gikk Robert tilbake til produksjons­ hallen, stilte seg opp ved fileteringsdisken. Tok den første laksen. La han med buken mot seg. Løfta opp brystfinnen, la kniven bak øyrebeinet, skar skrått ned mot hovudet inn til ryggbeinet. Fullførte prosessen. Tok neste laks. Fullførte. Tok neste laks. Slipte kniven. Neste laks. Neste. Heilt til han sokk saman på det våte betonggolvet. Kollegaene fikk han på beina og støtta han i trappene opp til pauserommet. Stille forklarte Robert kva som hadde skjedd. Han hadde stått her og slakta laks då den vesle kom. Han hadde stått på Sotra og filetert laks mens kona hadde gått bort. Dei hjelpte han med flybillettar og kjørte han inn til Fles­ land slik at han via Frankfurt kom seg til Katowice seint same kveld. Robert fikk sjå den vesle, ei vakker jente som låg i kuvøse, han fikk stikke hendene sine inn gjennom dei gjennomsiktige veggane og så vidt røre ved dot­ tera. Han fikk sjå Agata, ho låg på eit halvmørkt rom 98

Garasjeland_Frode Grytten.indd 98

23.06.2020 14:18


med levande lys. Ansiktet var nesten ugjenkjennelig. Han kyssa kona si på den kalde panna. Han blei sit­ jande der ein time, heldt ho i handa. Han spurte om ho kunne tilgi han, han beklaga at han hadde vore så langt vekke, i eit framand land. Han lovde at han skulle ta seg av jentene, dei skulle bli godt tatt vare på, Agata kunne kvile i fred. Fem dagar seinare følgte han kista ned midtgangen i kyrkja. Han stira i golvet mens dei bar Agata ut i regnet, han forsøkte å ikkje tenke på alle dei som stod på kvar side. Ute handhelste han på folk, mange av dei var ukjente for han, men dei klemte han, dei kviskra til han, dei ba for han mens han forsøkte å presse fram ein slags ­underlig smil. Jenta fikk namnet Ada, etter mora. Legane sa at ho kanskje ville bli litt mindre av vekst enn ho normalt ville ha blitt, men slik dei kunne vurdere det, ville Ada vekse opp heilt utan mén etter ein så traumatisk fødsel. Etter nokre veker på sjukehuset kunne Robert hente den vesle og ta ho med seg heim til foreldra. Sjefen ringte for å høre korleis det gikk, han sa at Robert måtte ta tida han trong, familien var det aller viktigaste, han skulle vite at han var ein høgt verdsett medarbeidar som dei ønskte velkommen tilbake når han sjølv var klar. Robert diskuterte situasjonen med dei nærmaste og konkluderte med at han kunne reise tilbake til Norge mens storfamilien for ein periode tok seg av den vesle. Han ville ikkje miste jobben på King Salmon, det var ikkje for mange slike stillingar med såpass god lønn. 99

Garasjeland_Frode Grytten.indd 99

23.06.2020 14:18


Han fikk låne Toyotaen til svigers. Eldste­dottera Daniela blei med, dei vurderte det som beste løy­ singa, at ho fikk vere med faren og ikkje minst kom seg vekk frå heimen. Det ville ikkje vere heldig for jenta å gå rundt i dei romma der alt minte om mora. Dei kjørte gjennom Polen og Tyskland. Han låg i hundre og tretti på Autobahn med gråten i hal­ sen. Daniela sat framme i passasjersetet. Dei spelte lydbøker og cd-ar med musikk som Daniela likte. Ho sa ikkje så mykje, heller ikkje Robert makta å preike, han orka ikkje å leike og tøyse slik han nor­ malt ville ha gjort. Om bord på danskebåten kjøpte han is og kakao til Daniela. Det var første gong faren såg dottera smile sidan mora døde. Er Norge på andre sida av det havet? sa ho då dei sat ute på dekk. Ja, sa Robert. Han hadde bare ein ungkarsbustad i det som på folkemunne blei kalla Nowa Huta. Komplekset husa arbeidarar som kom for å jobbe fem veker på mot­ taket og så reiste heim til Polen i dei tre frivekene. Robert hadde hatt familien på besøk der, men då var det sommar, og dei kunne vere ute mesteparten av døgnet. Han hadde forsikra seg om at det fanst barne­ pass til Daniela, fleire av kollegaene hadde ekte­fellane sine buande på Sotra, dottera kunne vere hos dei på dagtid fram til han hadde skaffa plass i barne­hagen. Han skulle gå i banken og be om lån, han skulle kjøpe ein ny bustad. Han skulle hente Ada i Katowice, og så skulle dei lage ei framtid i Norge, hans vesle fami­ lie på tre. 100

Garasjeland_Frode Grytten.indd 100

23.06.2020 14:18


Ada var eit urolig barn. Besteforeldra merka det dei første vekene, og Robert merka forskjell frå den ­gongen Daniela var baby. Han hadde henta Ada og kjørt ho til Norge mens ho hylte i baksetet. Kvar kveld fikk han yngstedottera til å sovne med mykje kos og stell, men ho vakna kjapt igjen. Ho bukta og vridde på seg, roa seg aldri heilt. Det fikk han til å tenke at dottera måtte ha magesmerter, muligens kolikk. Robert Frankowski var no åleinefar med to jenter. Han hadde kjøpt ein bustad på Toftarøy, på døra hang dette skiltet: robert, daniela, ada. Huset var gammalt og trekkfullt, men med hjelp frå kol­ legaer og kompisane hadde han fått pussa opp stova og badet og kjøkkenet. Polakkane hadde erklært seg som hans storfamilie og jobba gratis i to veker fordi dei visste at Robert var i ein spesiell situasjon. Han var konstant sliten, alltid trist, alltid tung. Alltid på grensa til samanbrot. På eit vis var den totale utmat­ tinga også ei trøst. Adas uro gjorde at han måtte bruke alle kreftene sine på jentene. Han måtte glømme seg sjølv, glømme den sorgtunge mannen, glømme enke­ mannen alle syntest synd på. Stresset gjorde at han snakka ustanselig med Agata, han fikk sjølvsagt aldri svar, men han spurte kona om til dømes massasje ville hjelpe mot magesmertene, om han skulle dulle med den vesle, eller om han skulle la ho gråte seg i søvn, om korleis det var med storesøster når minstejenta fikk så mykje merksemd. Ei ungjente passa Ada mens han var på jobb. Daniela hadde fått plass i ­kommunal barnehage. Leiinga på 101

Garasjeland_Frode Grytten.indd 101

23.06.2020 14:18


fabrikken var fleksible med arbeidstida, Frankowski hadde hamna i ein ­situasjon som kravde medkjensle og smidigheit. Kollegaene hans jobba kveldar og søn­ dagar og heilagdagar, sjølv var han på jobb kvardagar frå morgon til etter­middag. Ei natt la Robert yngstedottera til brystet. Det var nærmast i desperasjon. Endå ein kveld der Ada ikkje ville roe seg. Endå ei umulig natt. Han hadde for­ søkt alle triks i boka, han hadde googla og lese seg opp, han hadde varma mjølk og forsøkt å synge ho i søvn, han hadde massert og trøsta og lufta og slått på støvsugaren og tatt kolikkgrepet. Likevel var ho uro­ lig og spent som ein boge. Robert drog opp t-skjorta og la jenta til det venstre brystet, slik han hadde sett kona gjøre. Litt overraskande tok Ada til å suge, det kom sjølvsagt ikkje mjølk, men ho roa seg, hiksta eit par gongar og sovna fredfullt ved brystet hans. Neste natt skjedde det same, og snart var amminga ein vane. Han var no blitt ein mann som amma si vesle dotter. Halvt på spøk nemnte Robert Frankowski amminga i lunsjen. Han viste fram ein selfie med seg sjølv og Ada, han tenkte at det ville skape latter. Kva faen, sa kollegaene. Har du puppar? Er du ikkje ein mann? Han innsåg at dei tenkte på ein ammande mann som utelukkande noko fråstøytande, nærmast eit freak­show. Han skifta raskt tema og snakka om fotball og Formel 1 og jobben. Han tok likevel til å nyte dei kveldsstundene med Ada. Heile dagen ved produk­ sjonsbeltet såg han fram til det vesle ritualet. Han 102

Garasjeland_Frode Grytten.indd 102

23.06.2020 14:18


likte kjensla av å skape fred hos eit urolig barn. Det var noko reint over handlinga, noko grunnleggande usjølvisk som han tenkte han ikkje kunne oppleve saman med ei kvinne eller ein mann. Nokre kveldar tok han også på seg konas klede, fann fram skjørta hennar, genserar og bh-ar han ikkje hadde hatt hjarte til å kaste då dei flytta. Han ville at den vesle skulle kjenne lukta av kvinna som hadde gitt sitt liv for at ho skulle få leve sitt. Det var som om barnet på ordlaust vis sakna mora og denne typen kontakt var ei lindring. Sjølv ville han bare vere nær Agata, halde fast på kona si, ikkje gi slepp på for­ tida. Kanskje kunne han ikkje vere mor for ungane sine, han som hadde meir enn nok med å vere far for dei. Men han hadde lovd Agata dette ved kista, at han skulle gi jentene deira ein så god oppvekst som mulig. Mange netter tenkte han: Dette maktar eg ikkje. Å bere dette huset åleine. Men kvar morgon vakna han med dei to jentene ved sida av seg i senga. Alle tre sov tett omslyngde, føter og hender og fingrar som hadde vikla seg inn i kvarandre, som for å komme seg gjennom natta i lag. Klokka 0630 slo han på radioen, laga frukost til seg og jentene, såg lysa komme på rundt omkring i nabohusa. Han tok yttertøyet på dei to små, starta Toyotaen og lét frontlyktene peike ut mot den nye dagen. Fiskepappa! ropte Daniela då Robert henta ho i barne­hagen. Ho rynka på nasen kvar gong han dukka 103

Garasjeland_Frode Grytten.indd 103

23.06.2020 14:18


opp. Pappa, du stinkar, sa Daniela. Sjølv om han dusja og skifta klede før han gikk frå jobb, sat jobblukta i. Robert Frankowski lukta fisk same kvar han gikk og same kva tid på døgnet det var. Han tenkte at han burde gjøre noko anna, finne seg noko betre, men sjølv om han kjente seg motivert til å ta opp igjen skulefag og kanskje ein dag studere, fanst det ikkje tid til det no. Han var ein ufaglært polakk. Han stinka. Han var ein far. Han var ein fiskepappa som såg på jentene sine med ei ømheit som strekte seg mot den staden der ingenting har ein ende. Tidlig på sommaren spreidde det seg ei uro blant karane. Dei hadde snappa opp rykte om at dei tilsette i administrasjonen og salsavdelinga hadde fått lønns­ auke. Det spesielle var at samtlige tilsette i dei stil­ lingane var norske. Polakkane meinte at det først og fremst var deira arbeid som hadde lagt grunnlaget for den lønnsauken, det var polakkane som var det ban­ kande hjartet i King Salmon. Kva hadde denne bedrifta vore utan alle som slakta og fileterte og pakka fisk kvar einaste dag, nærmast døgnet rundt. Nordmen­ nene bidrog knapt nok med kremen på kaka. Dette var noko alle visste. Nordmenn var late og ville bare reise på hytta. Nordmenn brukte ­mesteparten av tida si liggande på rygg, anten dei sov, slappa av, såg på tv, gikk i terapi, knulla naboen eller skrolla på mobilen. Det blei munnhoggeri mellom formannen, ein fyr frå Poznań som folk av ein eller annan grunn bare kalla for Bitzer, og Ryszard, ein veteran som snakka for karane i slakteriet. Ryszard rasa mot formannen: 104

Garasjeland_Frode Grytten.indd 104

23.06.2020 14:18


VI SKAL LIKSOM TREKKE LASSET SAMAN, ER DET IKKJE SÅNN? ALLE FRÅ DIREK­ TØREN OG NED TIL SEKRETÆREN, ALLES JOBB ER LIKE VIKTIG, SANT, BARE IKKJE PÅ LØNNINGSDAGEN? Situasjonen eskalerte. Det gikk så langt at Bitzer greip etter ein av fileterings­ knivane og løfta han over hovudet, som han skulle hogge laus på arbeidsstokken. VIL DU HA STREIK? ropte Ryszard, HEILE GJENGEN HER ER UTE PÅ GATA PÅ TO SEKUND OM DU IKKJE FÅR SJEFANE TIL Å DELE. Folk gikk mellom og fikk dei to kamphanane ut på røykerommet for å ta seg ein cola og roe seg kraftig ned. Bitzer sa: Det er ingen grunn til hisse seg opp, vi er i same båt her. Ryszard sa: Nei, vi er ikkje i same båt, vi har ingen båt. Som protest mot lønnsauken til dei norske tok dei til å jobbe saktare i slakteriet. Dei var einige om å gå på jobb, gjøre alt slik dei gjorde kvar dag hos King Salmon, bare i veldig lågt tempo. Det var i grunnen komisk, det fikk folk i produksjonen i godt humør, det såg ut som ein slags langsam bryllaupsvals. Dei kjælte med kvar einaste laks, alt var dempa og avslappa og rolig, alt var som før, bare at ting hadde bremsa ned. Vanligvis slakta og pakka dei rundt tjue tonn laks per døgn, no var dei nede i to. Ryszard ropte og fikk jubel tilbake: SNART ER DET STILLE SOM I GRAVA HER! Leiinga varsla at dei kom til å trekke polakkane kol­ lektivt i lønn om dei ulovlige aksjonane ikkje tok 105

Garasjeland_Frode Grytten.indd 105

23.06.2020 14:18


slutt umiddelbart. Direktøren var nede på pauserom­ met for å minne dei på at det fanst avtalar som var for­ handla fram mellom partane. Med emosjonell røyst understreka han at han såg på avtalane som heilage instrument: Hør, eg står ved dei avtalane i sol og regn! Men polakkane kjente seg uovervinnelige no. Sjølv om veteranane uttrykte frykt for kva som kunne skje, fanst det noko nytt i situasjonen, dei slo kvarandre på ryggen med veksande kjensle av kameratskap. Dei følte massen som ei kraft, endelig kunne dei ta av loket for trykket dei hadde følt på så lenge. Dette var ikkje som den gongen samtlige hadde fått fyken, då hadde bedrifta omorganisert og sett slaktinga og pak­ kinga ut til eit polsk, nyoppretta firma. King ­Salmon hadde likevel kontrollert det firmaet, dei hadde bare tatt inn igjen folk som var uorganiserte, og slik kunne dei halde fram med polsk lønnsnivå midt inne i ei norsk bedrift. No var det nok. På firmaets heimeside stod det at dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Dette var sjansen lei­ inga hadde til å vise at det faktisk var meir enn bare ord. Alle visste kor hardt polakkane jobba, men fikk dei ein takk for det, nei, det gjorde dei ikkje, vel, dei spurte ikkje om så mykje heller, alt dei bad om var ordentlige arbeidsvilkår, å få det dei jobba for, og ikkje meir pisspreik om at alle var i same båt. Dei budde seg, innreidde eit nedlagt naust i nærleiken til streikekontor. No er det i gang, sa dei til kvarandre og smilte. No skjer det. Også Robert Frankowski enga­ sjerte seg, laga plakatar og trykte opp løpesetlar, han 106

Garasjeland_Frode Grytten.indd 106

23.06.2020 14:18


sa det til dei andre, han var ikkje ei sjel og ei skjorte lenger, han måtte tenke på framtida til seg sjølv og ungane. Ein tidlig maimorgon gikk dei samla ut i rund­ kjøringa ved King Salmon. Himmelen var skyfri, det ville bli ein varm dag. Streikevaktene var kledde i gule vestar og stansa fysisk trailerane som kom for å hente laks. Dei ropte slagord og leverte ut løpesetlar til pas­ serande bilistar. Fleire gav tommelen opp før dei rulla vidare. Dei øvrige tilsette som kom på jobb, blei møtt med buing og piping. Direktøren forsvann inn med ein hissig hale av ord og spytt etter seg. KVEN BETA­ LAR LØNNA DI, DIREKTØR? VÅRE RETTAR, VÅRE PENGAR. Utpå ettermiddagen forsøkte ein av sjåførane seg, traileren kom mot dei i ganske bra fart, ein plakat fór gjennom lufta, og massen av streike­vakter spreidde seg. Eit par av karane plukka opp stein og colaboksar og kasta mot traileren, men skytset var for dårlig. Heldigvis kom ingen til skade, sjåføren fikk panikk og bråbremsa. Dei kunne omringe kjøretøyet og dra ut sjåføren, som blei sitjande i skam på for­ tauet. Konfrontasjonen skapte pågangsmot, alle stilte kvar dag på vakt med stor iver, dei spøkte og lo og slo kvarandre i ryggen. Dei vona nesten på nye kon­ frontasjonar, sånt bare skjerpa folk, dei smilte og sa at ingen i heile verda skulle få knekke streike­viljen deira. Nydelige dagar følgte nydelige dagar, samhald og solidaritet, sola som bakte frå klar himmel, og ein laurdagskveld i juni var heile gjengen samla på 107

Garasjeland_Frode Grytten.indd 107

23.06.2020 14:18


streikekontoret for å sjå meisterligafinalen. Robert Frankowski hylte av glede då Salah skåra på straffe før to minutt var gått. For ei forbanna fantastisk opning på ein finale. Etter kampen song dei You’ll Never Walk Alone for full hals. Robert stod på ein stol og hylla både Liverpool og dei streikande. Han ropte med hes røyst: Vi vil ikkje ha smular frå dei rikes bord, vi vil ha heile forbanna bordet! Streiken var over etter 34 dagar. Då hadde ikkje bedriftsleiinga lenger is i magen til å setje hardt mot hardt. Det enda med full siger for den polske fraksjo­ nen, lønna skulle opp også for dei tilsette som slakta og fileterte og pakka. Ryszard samla karane på pause­ rommet, sa at leiinga hadde vore nøydde til å gi seg på alle punkt. Det hadde vore ein tøff kamp, men dette viste kor viktig det var å stå samla, folk hadde gitt av sitt hjarteblod, takk til alle saman, takk til alle gutane på golvet, takk til alle streikevaktene, takk, tusen takk, for nokre helvetes heltar. Ting normaliserte seg. Maskinene starta opp igjen, banda rulla på ny, laks blei elektrosjokka, så sløgde, så filetert, så pakka, truckane summa hit og dit, stå­ ket frå maskinparken var tilbake. Alle fann sine plas­ sar, men utan entusiasmen, utan gløden som hadde samla dei under streiken. Robert Frankowski følte seg likevel oppløfta. Han gikk med lette steg rundt på pauserommet, hørte med karane om dei skulle orga­ nisere seg eller i det minste sjå på kva dei ville vinne på å gå inn i lo. Fleire visste ikkje kva lo var, mange 108

Garasjeland_Frode Grytten.indd 108

23.06.2020 14:18


sa rett ut at dei var redd for at fagorganisering bare ville skape meir konflikt. No hadde dei trass alt fått ein solid lønnsauke. Robert bare flirte og nynna og plystra: There is power in the union. Han var elles mindre trøtt enn før, det var lys i enden av tunnelen. Då han kom heim etter jobb, kunne han nyte synet av Ada og Daniela som rota rundt i huset. Han la seg ned på stovegolvet med dei, låg der blant kosedyr og togbanar og legoklos­ sar, lukka augene for ein liten augneblink, hørte sum­ minga av to småjenter i leik. Han tok bilde av dei med mobilen og starta arbeidet med å lage eit album frå desse første leveåra deira. Alle sa det til han, du må hugse å filme og fotografere, snart er det over, tida går så fort, og plutselig er jentene dine vaksne og du hug­ sar ingenting av det heile. Etter sommaren blei Robert kalla inn til f­ ormannen. Bitzer skrytte uhemma, sa at Robert var ein bra og skikkelig arbeidar. Ingen her får jobben gjort slik du gjør, sa formannen. Eg er også imponert over måten du har tatt deg av ungane dine på, eg veit at dette har vore ein vanskelig periode i livet ditt. Men …? spurte Robert. Bitzer reiste seg og gikk til vindau­ get: Men vi er i ein situasjon der vi treng folk som kan jobbe heile tida, folk som kan ta i eit ekstra tak, etter streiken har vi hatt dårlig likviditet, langpend­ larane vil jobbe mest mulig, og det finst ei lang liste over folk som vil komme opp frå Polen for å jobbe, ting går ikkje rundt om vi skal ha spesialordningar for kvar einskild arbeidar. 109

Garasjeland_Frode Grytten.indd 109

23.06.2020 14:18


Og det betyr? spurte Robert. At du må over på null­ timarskontraktar, svarte Bitzer. At vi gir deg timane vi meiner det er behov for, men vi kan ikkje garantere deg så og så mange arbeidstimar kvar veke. Om du då ikkje vil over på den gamle skiftplanen? Robert sa at det var umulig for han å jobbe slik, nærmast døg­ net rundt, det visste dei godt, han var åleinefar med to små. Då får du heller finne deg ei ny dame! sa Bit­ zer og smilte. Robert gikk opp på pauserommet og ringte ein lo -advokat. Dette måtte vere hemn fordi han hadde engasjert seg under streiken. Kontakten hans lova å sjå på saka, seinare var lo også i dialog med leiinga i King Salmon, men ting trekte ut, og gradvis fikk han mindre og mindre å gjøre. Robert kunne få tretti timar ei veke, null timar neste. Han snakka med dei på kontoret, dei sa at dei gav han så mange timar som dei hadde. Fikk han ikkje timar ei veke, var det fordi dei ikkje hadde timar den veka, dei skulle gjerne ha gitt han fleire timar, men det var rett og slett ikkje fleire timar. lo gikk hardare på og kalla det yrkesforbod. Bedriftsleiinga svarte med tausheit. Den vesle fami­ lien hans greidde seg fint med litt mindre i lønnings­ posen for ein periode, men ut på hausten fikk han problem med å betale alle rekningane sine. Foreld­ ­ra kom opp frå Katowice for å hjelpe med barne­ pass, Robert meldte at han kunne jobbe meir, ja, like mykje som langpendlarane kunne han jobbe, men 110

Garasjeland_Frode Grytten.indd 110

23.06.2020 14:18


foreldra hans var blitt pensjonistar, og faren hadde hofteproblem, slik at det etter kvart viste seg vans­ kelig for dei å reise fram og tilbake mellom to land heile tida. Han måtte igjen nøye seg med nulltimars­ kontrakt. Ein vinterettermiddag kjørte Robert Frankowski heim etter jobb, parkerte Toyotaen utanfor og fikk snø på støvlane då han gikk opp gangvegen. Han hadde avtale med nabojenta at ho skulle passe ungane, men huset var tomt. Det var merkelig, for det fanst ikkje spor i snøen utanfor. Det betydde at dei måtte ha forsvunne for ei god stund sidan. Han ringte jenta og spurte kvar dei eigentlig hadde tatt vegen. Ho gav straks telefonen vidare til mora, som forklarte at barne­vernet hadde vore der og henta ungane hans. Barnevernet? spurte Robert. Ja, sa mora til nabojenta. Eg beklagar så mykje. Robert ringte rundt, og etter ei stund fikk han rette vedkommande i tale. Ungane var ganske r­ iktig hos barne­vern-tenesta på Sartor Senter. Han sa at han kunne vere der om eit kvarter. På vegen ­konsentrerte han seg om kjøringa, rattet, giret. Han mumla noko for seg sjølv, og så skreik han høgt, skreik alt han orka. Svartesvartefaen. Han visste om fleire som frykta barne­vernet i Norge. Generelt såg nordmenn på polakkar som tjuvar og fyllikar og smuglarar. Det kunne vere nok at ein hadde snakka høgt til ungane sine, eller at ungane sa i barnehagen at dei var blitt slått. Sjølv om det ikkje var sant eller fanst fnugg av prov, kunne ungane bli tatt frå ein. I Norge kunne 111

Garasjeland_Frode Grytten.indd 111

23.06.2020 14:18


ein miste det kjæraste ein eigde, bare ein kyssa eller klemte dei, då var ein potensielt pedo. Han visste at han måtte vere rolig. Han måtte tone seg sjølv kraftig ned. Han hadde hørt det frå andre polakkar som hadde vore i kontakt med n ­ orske myndigheiter, nordmenn såg på kjensler som noko ekstremt, dersom ein viste kjensler og emosjonar, var ein utan sjølvkontroll. Det var likevel umulig å sitje rolig på den offentlige stolen til barnevernet. Kva skjer? spurte Robert. Kva faen skjer? Vil du ha kaffi? spurte den eine kvinna, ei feit kjerring med digre øyreringar. Kaffi? spurte Robert. Kvinna sa at ungane hans var i dei beste hender, han skulle få sjå dei straks. Ho forklarte at dei hadde tatt imot bekymrings­ meldingar, og ut frå dei meldingane hadde kommu­ nen tatt affære. Meldingar frå kven? spurte Robert. Den andre kjerringa, ei som var litt tynnare, men like sur og stygg, sa dei hadde mottatt eit brev som varsla om at Robert Frankowski grovt forsømte ungane sine. Det hadde hendt at dei var utan tilsyn store delar av dagen. Det er dei ikkje, sa Robert. Det er dei faen ikkje. Det er rein løgn. Dei var også kjent med at han hadde fleire beta­ lingsmerknadar. Det hadde i tillegg versert eit bilde av Robert Frankowski der han var iført dameklede mens han amma det som kunne sjå ut som dottera. Dei henta bildet opp på ei av datamaskinene. Kunne han forklare dette for dei? Kvar har de fått det bil­ det frå? spurte Robert. Og kvar er Ada og Daniela? KVAR ER DEI? Han blei beden om å roe seg ned, 112

Garasjeland_Frode Grytten.indd 112

23.06.2020 14:18


men tok til å jage rundt inne på kontoret, han røska ned papir og pennar og mapper. KVAR ER DEI, DI ­F ORBANNA FITTE? Han svinga armen i ein boge og trefte bordflata med knytt neve. Dette styrker ikkje akkurat saka di, sa ho tjukke kjerringa. Dei diskuterte det etter å ha tatt ein drink, dei spurte seg sjølv etter eit betre måltid med kjøt som ein eller annan hadde smugla med seg heimanfrå. Dei dis­ kuterte det på jobben eller sitjande i saunaen etter eit isbad. Korfor var dei her? Korfor hadde dei reist nord? Korfor hadde dei entra fly frå WizzAir eller sett seg i varebilar for å kjøre opp hit? Jo, dei hadde tenkt på Norge som paradis. Dei hadde flykta hit frå polsk kaos, frå korrupsjon og krangling. Norge var frisk luft og orden, rettferd og velferd. I praksis hadde altså dette løftet om luksus og tryggheit bare produ­ sert endelause mengder med arbeid, arbeid, arbeid. Robert Frankowski jobba no hardare enn nokon gong. Skylde laks. Tørka laks. Fjerna finnefeste med maskina. Nappa ut pinnebein med laksetanga. Gjorde ekstra beinsjekk. Inspiserte kvar einaste laks. Merke­ lig nok fikk han masse timar, han trudde det var rein taktikk, dei gav han timar for ikkje å avsløre at han på sikt var uønskt hos King Salmon. Sjølv jobba han for glømme, for å få klokka over døra til pauserom­ met til å tikke. Stenge verda ute, stenge støyen ute. Det fanst ein plakat på veggen som viste livssyklusen for atlantisk laks, frå yngel til vaksen, han tenkte at den laksen var meir fri enn han nokon gong ville bli. 113

Garasjeland_Frode Grytten.indd 113

23.06.2020 14:18


No og då gikk han på do, sette seg på lokket og glodde på mobilen, av og til gjømte han ansiktet i hendene og grein før han gikk ut igjen og fileterte vidare, sjekka laks som kom inn frå merden, laks som blei drepen, laks som blei pakka for å bli sendt til London, Milano, Beijing, Tokyo. Han ville vise at han var ein god arbeidar, han ville vise at han var ein ansvarlig far. Ungane var plasserte hos ein fosterfamilie. Han møtte dei ein gong i veka, to timar kvar gong. Han fikk snakke med dei og leike med dei i ein kommunal bustad, alltid under opp­ syn av ein tolk og ein sosialarbeidar. Det gjorde han stressa, han forsøkte å gjøre alt rett, leike på rette viset, snakke på rette viset, le på rette viset, men kva er eigentlig rett når det gjeld å vere far for sine eigne ungar? Han hadde planlagt at han ved første avskjed skulle få Daniela og Ada til å klamre seg til han, for å vise idiotane kor sterke band det var mellom dei. Men så fikk han høre frå andre at det var ein særs dårlig idé, då ville dei bare rapportere om kor traumatiske desse møta var for ungane, og stoppe kontakten heilt. I rein desperasjon ringte han Tomasz Glik, som laga programmet Flukta frå paradis på kanalen tvp1. Den private etterforskaren hadde spesialisert seg på å hjelpe polakkar i utlandet, og i ekstreme tilfelle, der redaksjonen meinte at det hadde skjedd grove feilvur­ deringar, bortførte Glik ungane og frakta dei heim til Polen. Alt blei filma og vist i beste sendetid. Då Robert endelig fikk snakka med Glik, opplyste etter­ forskaren at det kosta rundt ti tusen euro per barn. 114

Garasjeland_Frode Grytten.indd 114

23.06.2020 14:18


Kvar finst ungane? spurte Tomasz Glik. På Sotra i Norge, svarte Robert Frankowski. Glik sa at politiet i Norge no hadde han på radaren, og at han neppe kunne lage fleire program derfrå med det første. Kvar kveld gikk Robert inn på barnerommet. Han sat og stira på det fargerike tapetet, innbilte seg at han kunne høre jentene puste. At dei var tilbake i huset, at dei var hos han igjen, her dei hørte heime. Han song for dei og las for dei. Nokre kveldar kom Agata og sette seg saman med han, ho sa ingenting, heldt han bare i handa, strauk han over håret. Tilgi meg, kjære, sa han. Tilgi meg. Etter ei stund reiste han seg, bretta dynene over jentene sine og lista seg ut av rommet. Robert Frankowski sat lenge med hendene på r­ attet og lytta til den monotone motorduren. Flak av lys og eksplosjonar flaut over frontruta. Han stira ut på mør­ ket og trafikken, ein og annan bil spruta slaps opp langs sidene. Så stansa han Toyotaen. Han gikk ut og følgte det smale fortauet opp mot Sotrabrua. Det lukta røyk og svovel. Utbrente rakettar låg i snøen. Vinden rørte seg rundt han. Lufta kjølte han ned, men hovudet gløda. Han stansa på det høgste punktet. Om han lente seg utover no, ville han sjå den svarte fjorden glinse. Byen verka langt vekke, så plutselig var han heilt nær. Skuggar dreiv forbi, eit par av dei ønskte han godt nyttår. Etter ei stund såg han på klokka, ho viste ti på tolv. Han visste i grunnen ikkje kor lenge han hadde stått slik. Han ville leve, men det var bestemt at han 115

Garasjeland_Frode Grytten.indd 115

23.06.2020 14:18


skulle dø. Det var merkelig, no som han skulle dø, ville han ikkje anna enn å leve. Det var som det fanst ein avtale mellom kroppen hans og døden, noko som ikkje hadde med han å gjøre. Han hørte eit lågt ekko i skallen. Han snudde seg og oppdaga blålys frå ein politibil som hadde stansa rundt hundre meter frå han. Ut kom ein høg, lys skap­ ning med håret i bølger. Kvinna nærma seg og stilte seg ved sida av han, sa først ingenting. Dei stod der saman, under skyene som rulla tunge og langsame, under rakettane som punkterte mørket. Er det greitt at eg står her? spurte Agata. Ja, sa Robert. Frys du? spurte ho. Nei, det går bra, sa han og kikka bort på kona si, merka seg at det ikkje kom frostrøyk ut mun­ nen hennar. Han fikk lyst til å stryke ho over panna, men visste at han ikkje kunne. Eg er glad du kom, sa Robert. Ho smilte til han. Kan du fortelje meg kva du ser? spurte Agata. Han sa at han såg snøen som fall, gjenskinet frå rakettane og byen i skyene, litt av stjernehimmelen når s­ kyene sprakk opp. Og kva ser du? spurte han. Eg ser ein god mann som har rota det til for seg, sa ho og drog kåpekragen opp over kinna. Vil du at eg skal fortelje kva som vil skje utan deg i dette livet? spurte ho. Han sa ingenting, men lytta til kva ho fortalte, framstil­ linga av det livet som endå ikkje var levd. Det blei stille mellom dei, han stod hutrande i det tjukke, regnaktige snøvêret. Og vil du høre kor­ leis alt saman blir med deg? spurte ho. Han nikka. Ho sa at kollegaene hans kom til å ta affære. Dei ville 116

Garasjeland_Frode Grytten.indd 116

23.06.2020 14:18


organisere demonstrasjonstog og samle 200 frå lokal­ befolkninga. Dei ville gå til aksjon, organisere seg i grupper. Dei ville komme kjørande i ulike bilar ei natt, rulle gjennom tåka, stanse framfor hus, hente ut to små jenter, kjøre dei gjennom mørket og få dei heim. Dei ville gjøre det same med Robert, han skulle komme traskande i snøen, og dei skulle bremse opp og be han setje seg inn. Så skulle dei kjøre han til fly­ plassen, få han gjennom kontrollen, om bord på flyet og heim til to jenter som sakna faren sin. Agata sa ikkje meir. Robert ville legge hovudet mot skuldra hennar og bare lukke augene. Vil du gå med meg? spurte ho. Han nikka. Ja, sa han, og dei gikk tilbake, ned langs fortauet på brua. Ho kom tettare inntil, tok handa hans. Framleis eksploderte ein og annan rakett på himmelen. Ei underlig kjensle kom over Robert. Han kunne ikkje gi seg. Dette var ein start, det var i alle fall betre enn ingenting. Då dei var framme ved Toyotaen, blei dei ståande. Ho strauk han over kinnet og kyssa han. Eg må gå no, sa Agata. Eg veit det, sa Robert.

Garasjeland_Frode Grytten.indd 117

23.06.2020 14:18


frode grytten Garasjeland © Forlaget Oktober as, Oslo 2020 Bokomslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Omslagsfoto: Doug DuBois Sett med Sabon Next 11/14 pkt Papir: 80 g. Munken Print Cream 1,8 Trykk og innbinding: ScandBook ab, Sweden 2020 Første opplag, 2020 isbn: 978-82-495- 2262-0 www.oktober.no

Novella «Oslo» står i gjeld til filmen Blast of Silence (Allen Baron, 1961).

Garasjeland_Frode Grytten.indd 161

23.06.2020 14:18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Frode Grytten - Garasjeland by Forlaget Oktober - Issuu