anders lundberg
KYSTLANDSKAP
anders lundberg
KYSTLANDSKAP
dreyers forlag, oslo
INNHALD
Føreord
5
Havhestens vekst og fall
6
Kyst
12
Naturtypar langs kysten
28
Naturtypar langs strendene
56
Havet stig, men når og kor mykje?
96
Fugletrekk langs kysten
98
Lundefugl – havets barometer
104
Fugleinfluensa
108
Naturperler langs kysten
110
Litteratur
174
FØREORD
Norskekysten er lang og mangfaldig. Klippekyst dominerer, men det finst også andre typar kyst, som fjordkyst, strandflate, sandstrender, rullesteinsstrender, strandenger og mange fleire. Nokre kystar er stupbratte, andre er flate og vide. På ytterkysten er det saltvatn i sjøen, i fjordbotnane er det mest ferskvatn i overflata. Det er stor forskjell i klimaet frå dei søre delane i sør og søraust til dei nordlege strendene som grensar til Barentshavet. Det er også stor grad av klimatisk og økologisk variasjon frå den ytre vestlandskysten til fjordbotnane langt der inne. Derfor er det også stort natur- og artsmangfald i planteliv, i sjøen og på land, i fugleliv og dyreliv som held seg langs kysten. Nokre er søraustlege, nokre er sørlege, nokre er vestlege og nokre er nordlege. Også bruken av sjø og land langs kysten varierer og skaper regional variasjon i kystlandskapet. Planter, fuglar og dyr som held til langs kysten, er mobile og dei er i endring. Klimaendring gjer at sørlege, varmekjære planter kryp nordover. Det gjeld ikkje berre éin planteart, det er mange som er på veg nordover. Det same skjer i sjøen, med
raudåte, makrell, torsk og sørlege artar som makrellstørje og andre. Det er ikkje berre positivt, det skaper problem for mange artar. Kysten er eit viktig leveområde for mange fuglar, både som matkammer og hekkeområde. Mange trekkfuglar bruker også kysten som leielinje under trekket. Tusenvis av fuglar som hekkar i Arktis, oppheld seg langs norskekysten under trekket. Hovudvekta i boka er på norskekysten, men planter, fuglar og dyr kjenner ingen landegrenser, og derfor har eg nokre stader også trekt inn kystar utanfor Noreg. Norskekysten er ein av dei flottaste kystane i verda, og i boka har eg prøvd å få med smakebitar av ulike delar av norskekysten, frå Østfold til Finnmark. Eg har prøvd å få fram kor utruleg flott norskekysten er, eg tar opp endringar som skjer og kva som er viktige drivkrefter bak endringane. Som geograf, forskar og fotograf har eg vore mange stader langs kysten, men eg har likevel ikkje vore absolutt alle stader. Dette er heller ikkje ei bok om alle små og store stader langs kysten, men ei bok som rettar søkelyset mot kysten som eit resultat av samspel mellom klima, natur og kultur. Bergen, januar 2026 Anders Lundberg
KYST Grenselandet mellom hav og land
Kysten er eit grenseland – klimatisk, topografisk og biogeografisk.
12
Kysten er grenselandet mellom hav og land. Hav blir her brukt i vid tyding, og inkluderer fjordane. Noreg har ein lang kyst, og han er svært variert. Kysten kan vere stupbratt, og han kan vere langflat. Langs norskekysten er det mange ulike kystformer, nokre utforma i fast fjell, andre i lausmassar som sand eller leire. Dette grenselandet som me kaller kyst, kan vere smalt eller breitt. Landformene som utgjer kysten, er forma av geologiske prosessar, men i høg grad også påverka av klima. Klima i sin tur påverkar vegetasjonen, om kysten er skogkledd, dominert av kystlynghei eller annan vegetasjon. Klimaet påverkar også utvalet av artar som inngår i vegetasjonen, både planteartar og andre artar. Kysten er ein særs variert naturtype. Noreg har Europas lengste kystlinje, og verdas nest lengste etter Canada. Fastlandkysten i Noreg er om lag 2500 km lang, rekna etter den såkalla grunnlinja. Om me tar med fjordar og bukter er norskekysten nær 29 000 km lang, og om me også tar med omkrinsen av alle øyane, er han meir enn 100 000 km lang. Innafor kysten ligg innlandet. Grensa mellom kyst og innland er glidande, både i form av landformer (terreng), klima, vegetasjon og dyreliv. Kysten blir ofte delt i to – strandsona og baklandet. Kyst er ikkje det same som strand. Stranda er ein del av kysten, men kysten er meir enn strand. Ei strand
Kyst utforma i fast fjell er den vanlegaste kysttypen langs norskekysten. Havet har i liten grad bidratt til utforminga av slik kyst, han er i all hovudsak utforma av is og isskuring under og mot slutten av siste istid.
14
kan vere utforma i fast fjell, i form av klipper, strandberg og svaberg, eller i lausmassar, i form av mudderflater, strandenger, grusstrender, steinstrender og sanddyner. Den norske geografen Tormod Klemsdal har arbeidd mykje med klassifisering av ulike typar kyst. Han delar norskekysten inn i åtte ulike typar: 1) strandflata, 2) fjord, 3) fjärd, 4) klippekyst (i fagspråket av og til kalla klippeabrasjonskyst), 5) flat abrasjonskyst, 6) morenetopografikyst, 7) moreneklintkyst og 8) sandstrandkyst (sanddynekyst). Dei fire første av desse er vanlege eller vidt utbreidde kysttypar, dei fire andre er avgrensa til kortare, lokale eller regionale kyststrekningar. Langs mesteparten av den lange norske kysten dominerer fast berg, i all hovudsak forma av isskuring under og på slutten av den siste istida. Her finn me strandberg i ulike utformingar, både som avrunda, tydeleg isskurte svaberg eller rundsva, og som meir bratt skrånande fjell som går bratt i sjøen. Desse formene kan vere delar av strandflate-, fjord- eller fjärdkyst.
Isskurte, eksponerte svaberg på Golta, Øygarden.
Strandflata kan vere vid eller smal, som her på Senja.
Typisk for strandflata er eit lågt, småkupert til flatt terreng, som regel utforma i fast fjell, ein skjergard og ein undersjøisk del. På land er den indre delen av strandflata avgrensa av ei markert skråning opp mot eit vesentleg høgare bakland. Strandflata finst langs vestre delar av Noreg, frå Rogaland til Vest-Finnmark, berre avbroten av eit område omkring Stad, som høyrer til ein annan kysttype. Mange øyar langs kysten høyrer også med til strandflata, også dei flate, som Smøla og Frøya. Strandflata er også utforma under dagens havnivå, ned mot 30–40 meters djup. Denne delen av strandflata blir nokre stader kalla paddemark, og ho er viktig oppvekstområde for mange fiskeslag. Landformen fjord er spesielt godt utvikla i Noreg, ikkje minst på Vestlandet og nordover. Ein fjord er ein langsmal arm av havet som går inn i landmas-
16
sivet, gjerne med markerte fjellsider, og gjerne med fleire store og små forgreiningar, sidefjordar. Fjordane er gamle landformer, ofte rundt 3 millionar år, og utforma i sprekksoner under fleire istider i kvartærtida. Fjordane er danna av breens erosjon, på same vis som dei u-forma dalane på land. Ofte er dei også ei fortsetjing av ein dal på land. Ved utløpet, der breen var tynnare og hadde mindre erosjonskraft, er det ofte ein terskel. Sognefjorden er Europas lengste fjord. Litt avhengig av korleis ein måler, er han om lag 220 km lang. Langs delar av Sognefjorden er fjordsidene bratte og høge, nokre stader meir enn 1000 m. Som ein tommelfingerregel er fjorden like djup som fjordsidene er høge. På det djupaste er Sognefjorden om lag 1300 m djup. Ved munningen er han berre rundt 100 m djup på grunn av terskelen. Hardangerfjorden er vår nest lengste fjord, om lag 180 km
lang, og Trondheimsfjorden er den tredje lengste, knapt 130 km lang. Langs norskekysten er det mange namngjevne fjordar; i Statens Kartverks register er det over 1700 namngjevne fjordar i Noreg. Ikkje alle desse er fjordar i naturgeografisk, morfologisk tyding. Oslofjorden er danna i ei forkastings- og sprekkesone, og seinare gjennom istidene forma av isbrear, men har ikkje den typiske u-forma og ingen bratte fjordsider. Rett nok er det ein terskel ved Drøbak, der det er om lag 20 m djupt, men Oslofjorden manglar andre kjenneteikn på ein fjord. Ein kan kanskje heller seie at Oslofjorden er meir ei stor bukt enn ein fjord. Det me kallar fjord og fjordkyst i naturgeografisk tyding, er utbreidd frå Boknafjorden i sør til Kirkenes i nord. I tillegg finst fjordkyst også i området Lindesnes-Lista.
Uttrykket fjärd er ikkje vanleg i norsk daglegspråk, men kysttypen det viser til, er vidt kjent. Uttrykket stammar frå svensk, og i Sverige er både uttrykket og kysten det viser til, allment kjent. I Noreg er fjärd-kyst, også kalla fjærderkyst eller skjærgardskyst, utbreidd frå søre delar av Østfold og Vestfold og vidare langs Sørlandskysten til Lindesnes. Typisk for kysten i denne delen av landet er eit småkupert kystlandskap med sprekkedalar og småkollar. Typisk er også lange, smale kilar. Skjebergkilen, Tosekilen og Røsneskilen i Østfold er døme på slike. Langs fjärd-kysten er det ofte ein skjergard med mange små øyar, holmar og skjer.
Strandflata slik ho er utforma ved foten av Bleiksøya utanfor Andøya.
Neste oppslag: Fjellet Segla tronar høgt over fjordane på Senja. Fjordgård og Ørnfjorden til venstre, Medfjorden til høgre.
17
Fjord på Senja, med høge fjell på begge sider. Fjordlandskap i Bergsbotn på Senja.
Aurlandsfjorden er ein typisk fjord – lang og smal, djup og med steile fjordsider.
Fjordlandskap i Bergsbotn på Senja. Fjord på Senja med høge fjell på begge sider.
Klippekyst er kyst med bratte klipper og veggar. I fagspråket blir han også kalla klippeabrasjonskyst eller næringskyst. Typisk langs klippekystar er også sjøholer (grotter) og kløfter. I sjøen kan det stå igjen restar av tidlegare fjell i form av staur eller stakkar. Syltefjordsstauran i Båtsfjord er eit døme på slik type kyst. Landheving kan føre til at sjøholer kan blir skilde frå havet, slik det har skjedd på Litle Batalden i Kinn kommune. Den store grotta på øya blir kalla Omnen, og er grave ut av brenningar da
havet stod høgare. I taket på grotta veks det ein stor populasjon av den sjeldsynte bregnen hjorte tunge. Han er lite konkurransedyktig, men treng ikkje mykje lys. Han har funne sin eigen nisje under mørke overheng, og i taket på grotter der det er ingen andre planter som klarer seg. Klippe kyst finst i Noreg på Stad nord for Kråkenes, og i delar av Finnmark og austre delar av Troms.
21
Fjärd-kyst er utbreidd i søre delar av Østfold og Vestfold og langs sørlandskysten til Lindesnes. Han er kjenneteikna av eit småkupert kystlandskap der smale kilar skjer seg inn i landet. Her frå Åvensundet i Råde kommune. Fjärdkyst ved Helgero fjorden, Larvik.
Syltefjordsstauran i Båtsfjord er ein typisk klippekyst.
Flat abrasjonskyst er ein sjeldsynt kysttype i Noreg, berre kjent frå nordsida av Varanger-fjorden, sørvest for Vardø. Slik flat abrasjonskyst er danna i fast fjell, i eit opphavleg, såkalla paleisk kystlandskap med nes, oddar og mindre bukter. Eit paleisk landskap er eit urgammalt terreng danna ved langvarig erosjon før kvartærtida, dvs. landskap som er eldre enn 2,6 millionar år. Kysttypen er altså ein «arv» av ei svært gammal landform, i dag påverka av marin abrasjon (oppmaling og slitasje) som brenning og frostforvitring. Resultatet er dei svakt skrånande steinstrendene me kan sjå langs ei om lag 80 km lang kyststrekning mellom Vardø og Vadsø.
Flat abrasjonskyst på austsida av Varangerhalvøya, ut mot Varangerfjorden. Morenetopografikyst er ein sjeldsynt kysttype i Noreg, her få Lista. Typisk er vide, flate sletter, med nes og bukter ut mot havet.
24
Morenetopografikyst er ein annan sjeldsynt kysttype som er danna der den siste store innlands isen la igjen eit mektig morenedekke langs sjøen. Havet har vaska i morenedekket, og terrenget ser i dag ut som ei vid, flat slette, mot havet utforma som låge nes og grunne bukter. Morenar er sett saman av lausmassar i alle storleikar, frå store steinar til grus, sand, silt og leire. I morenetopografikyst har bølgjer tatt med seg dei minste delane slik at det opphavlege morenematerialet er blitt sortert. Rullesteinsstrender er resultatet av slike prosessar. Morenetopografikyst finst berre nokre få stader langs norskekysten, hovudsakleg på Lista (om lag 12 km) og Jæren (om lag 10 km). Også andre stader langs kysten la innlands isen igjen tjukke lag med morene ut mot havet. I den siste delen av istida smelta isen. Isen hadde vore tjukk og tung, og han hadde pressa landmassane ned. Då isen smelta, letta trykket på landet, og landet steig. Det er fenomenet som blir kalla isostatisk landheving. Havet kunne då vaske i ulike delar av morenematerialet etter kvart som landet steig. Over ein periode på nokre tusen år blei det dermed danna ein markert skrent ned mot sjøen, ein klint. Det er denne landforma som blir kalla moreneklintkyst, ein kysttype som i Noreg er best utvikla på Lista (2 km) og Jæren (16 km), i tillegg til vestsida av Herdla og delar av Møre og Romsdal. Ofte er det ei rullesteinsstrand i forkant av den bratte klinten.
Flat morenetopografikyst med steingard på Obrestad, Jæren. Skrenten i bakgrunnen er ein moreneklintkyst. Morenetopografikyst er danna av ein botnmorene med sediment i alle storleikar, m.a. stein. Steinen i steingarden er henta frå morenen han ligg på. Store delar av det dyrka arealet på Låg-Jæren er morene topografikyst, som her på Obrestad.
Geil på Børaunen, Jæren. Dette er eit kulturlandskap som er forma gjennom lang tids bruk, det er unikt og eit landskap med stor historisk djupne. Natur og kultur spelar i lag, og området er variert og artsrikt.
Moreneklintkyst på Jæren. Både forstranda og skråninga er delar av eit tjukt morenedekke som ligg oppå det faste fjellet. Tidleg i den post-glasiale perioden (perioden etter istida) stod havet høgare, og bølgjene slo mot den øvre delen av skråninga og tok med seg dei mindre partiklane. Etter kvart som landet steig, har havet vaska i ulike delar av skråninga, klinten. Det som ligg att, er dei store steinane som var ein del av morenedekket, og som no er rullesteinsstrand. Dei finare fraksjonane (delane) av morenen blir ført med straumar langs land, og lagt igjen i bukter og blei til sandstrender.
I nærleiken av rullesteinsstrendene i moreneklintkysten er det ofte sandstrender, slik me finn både på Lista og på Jæren, der dei dannar det som blir kalla sandstrandkyst, eller sanddynekyst. Sanden kjem frå det same morenematerialet som steinen i rullesteinsstrendene i fronten av moreneklintkysten (sjå over), men som havet har vaska ut, transportert langs land og avsett i bukter. Mens sanden blei transportert i sjøen, blei han blanda med knuste skal av skjel, og blei til skjelsand. Dei 26
store sanddynelandskapa på Sørvestlandet (Lista 8 km, Jæren 18 km og Karmøy 2 km) er delar av slik sanddynekyst. Også andre stader langs kysten er det sanddynekyst, som på Nordvestlandet (Bremanger, Stad), i Nordland, Troms og Finnmark (Sørøya, Hamningberg). Mange andre stader langs norskekysten er det små og mellomstore sandstrender utan sanddyner, som har ei anna naturhistorie og som ikkje er del av eit sanddynekompleks, og dei er altså ikkje sanddynekyst.
Sanddynekyst på Orre, Jæren, 3 km lang, den lengste sandstranda i Noreg. Grasa sandrøyr og strandrug bind sanden og bygger han opp til sanddyner.
Sandstrand med låge dyner på Andøya, Nordland, danna på strandflata i forkant av markerte fjell i bakgrunnen.