Mor til Stella er for sjuk til å jobbe,!og familien har dårleg råd. Bestevenninna Rania er den einaste som veit korleis Stella har det. Stella vil ikkje at dei andre i klassen skal vite noko. Ho tel med skrekk ned dagane til bursdagen sin, for mor hennar har invitert alle til fest. Korleis skal det gå bra? Verst er det å skjule pengeproblema for Sofie og Ida, dei spør og grev. Sist var det joggeskoa som
ikkje var nye og fine nok, men no har mor til Stella skaffa ho nye sko, og Stella gler seg til vise dei fram i gymmen.