UTDRAG FRÅ:
54
DIKT
NORSK KJÆRLEIK BRYNJULF JUNG TJØNN
Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn vart adoptert frå Korea som treåring. Han nyttar si eiga historie til å tematisere spørsmål om identitet, rasisme og utanforskap. Også i den førre diktsamlinga si skreiv han om korleis det er å vekse opp på ein gard i ein norsk !ord når ein ikkje liknar på nokon av dei ein har rundt seg. Her kan du lese nokre av dikta hans.
så lenge eg kan hugse har eg fått spørsmål om kor eg eigentleg kjem frå så lenge eg kan hugse har eg forsøkt å kome med eit svar oppvaksen i feios på vestlandet men adoptert frå sør-korea dette innøvde svaret for å unngå fleire spørsmål
55
men sanninga er at eg ikkje veit kor eg kjem frå eg veit ikkje kven eg eigentleg er eg er over 40 år har levd gjennomsnittleg halve livet eg har fire barn dei veit ikkje kven eg er eg står og ser på meg i spegelen kor kjem dette ansiktet frå? kor kjem desse rynkene i panna frå? kor kjem denne nasen og denne munnen frå? kven arva eg kinna frå? kor blei denne kroppen elta fram og fødd? kor blei denne kroppen amma og fostra opp? eg veit ikkje korleis dei biologiske foreldra mine ser ut eg veit ikkje korleis dei møttest eg veit ikkje korleis dei såg på kvarandre med forelska blikk korleis dei kunne halde rundt og kysse kvarandre korleis dei saman kunne få meg eg har aldri sett kjærleiken
56
mellom foreldra mine kjærleiken som skapte meg eller kanskje var det ikkje kjærleik kanskje heldt dei ikkje rundt kvarandre med forelska blikk kanskje heldt faren min mora mi fast tvang henne til å kle av seg på eit skittent hotellrom i ei mørk bakgate og då han var ferdig forlét han henne på asfalten eg veit ikkje kven som fødde meg eg veit ikkje kor eg kjem frå eg kan kome frå kjærleik eg kan kome frå hat eg er over 40 år eit halvt liv utan å vite kven eg eigentleg er og kor eg eigentleg kjem frå eit halvt liv igjen til å aldri finne ut av det
57
å gå i 17. mai-toget og vere lys i huda å gå i li og !ell ein vinterdag ein sommarkveld raud i kinna som flagget auge så blå som fiol kvitlugga hårstrå i panna eg kjenner ikkje dette ansiktet eg kjenner ikkje dette strie, svarte håret eg kjenner ikkje desse smale auga eg kjenner ikkje denne hudfargen denne kroppen auge så blå som ein !ord auge grøne som graset på bøen heile barndommen ville eg berre likne på nokon vere den eg ikkje ser i spegelen ✣✣✣
58
eg er tre år nokre dagar tidlegare var eg suh jung soo og koreansk no er eg brynjulf jung tjønn og norsk og odelsgut sidan 1971 viser statistisk sentralbyrå at færre enn tre barn kvart år har fått namnet brynjulf eg er kalla opp etter farfaren min brynjulf tjønn han døydde i 1973 sju år før eg blei fødd ti år før eg kom til norge koreakrigen fekk namnet hans til å leve vidare ✣✣✣
59
2 mitt første gardsminne: eg vaknar i senga til foreldra mine sterk sol mot ansiktet og alt er stille rommet er tomt eg går ned trappa huset er tomt det store huset kvart rom er tomt og eg går frå rom til rom ropar på mor men ho er ikkje her det er min aller første sommar i det nye landet og eg går berrføtt ut ut på den varme grusen på tunet og eg ser etter mor sola er sterk mot ansiktet og der ser eg rørsler i skråninga på hi sida av vegen og eg spring mot dei som står i skråninga og rakar rakar det tørre høyet og eg spring oppover skråninga og finn mor
60
eg tar tak i riva til mor held ho fast eg græt eg er ein del av alt dette no denne slekta dette landskapet dette landet denne garden eg bur her no men eg tenkjer ikkje på det eg tenkjer berre på at eg er redd for å miste nok ei mor ✣✣✣
61
og barnet veks opp med ditt språk din måte å snakke på barnet veks opp og brukar orda dine stie våronn ljå skog lam slakt barnet veks fram i språket ditt barnet må gløyme morsmålet sitt mitt barn, seier du odelsguten min ✣✣✣
62