Skip to main content

Kobbs hus

Page 1

UTDRAG FRÅ:

43


SPENNING

KOBBS HUS THORALF FAGERTUN ILLUSTRERT AV KETIL SELNES

Det er sommarferie. Ask og tvillingane Iris og Eik hadde tenkt å spele fotball og bade heile sommaren, men så kom Daniela på besøk frå Egypt,!og ferien endra seg. Daniela er barnebarnet til Billy Kobb, ein gal eventyrar som eig eit stort, skummelt spøkelseshus på ei øy i fjorden. Foreldra hennar er kidnappa,!og for å betale dei fri treng ho skatten bestefaren har gøymt!i huset. Gjengen ror over til Kobbs hus, og det viser seg fort at Billy Kobb har sikra skatten med all verdas feller. Men sjølv om dei har møtt ein rasande isbjørn, og Eik og Iris har forsvunne gjennom golvet, har ikkje Ask og Daniella tenkt å gi seg.

18 Iris og Eik er ikkje lenger saman med oss. Kor dei har tatt vegen, er ikkje godt å seie. – Trur du dei er døde? spør eg. – Nei. Bestefar sender aldri skattejegerane sine rett i døden, seier Daniela. – Men han sender dei

44


nok ikkje til dei tryggaste stadene i verda heller. Eg grøssar. Stakkars Eik. Iris klarer seg nok, men kva med Eik? – Skal vi prøve ei luke, vi òg? spør Daniela og legg ein arm rundt skuldra mi. Eg tenker meg om. Nei, det er for risikabelt å leite etter tvillingane no. Vi har ingen garantiar for å hamne på same plass som Iris eller Eik. – Vi må gå vidare, trur eg, seier eg. – Jo fortare vi blir ferdige med jakta, jo fortare kan vi hjelpe dei. Daniela nikkar. – Eg er einig, seier ho. Vi opnar døra og tar fatt på neste trapp. Stemninga liknar fotballkamptap. Trinna kjennest høgare og fleire enn sist, og eg er !elltursliten då vi endeleg når toppen. Framfor ei stor, svart dør blir vi ståande og samle krefter. Eg tenker på alle musklane til Eik som ikkje lenger kan hjelpe oss. Kjem vi oss i det heile tatt inn? Det gjer vi. Døra lar seg skuve innover utan for store problem. Idet ho smekkar igjen bak oss, høyrer vi tannhjul som dreier ein eller annan stad i huset og får skoddene til å gli til side. Litt lys slepp inn, men det er mykje mørkare enn i etasjane under. Etter ei lita stund forstår eg kvifor. Svære bokhyller fyller rommet frå tak til golv og står i vegen for vindauga. Vi er i eit slags bibliotek,

45


men det er noko pussig her, det er for mange hyller, eller kanskje dei står for nær kvarandre. Det er jo så vidt ein kan finne seg veg mellom dei. Og kvifor må dei nå heilt opp til taket? – Ein labyrint, seier Daniela. – Det er ein labyrint. Ho les instruksjonane på veggen. – «Bøker er blant mine yndlingsskattar. Her inne finn du førsteutgåva av Harry Potter og de vises stein, du kan òg finne førsteutgåva av Hobbiten og Alice i Eventyrland, i tillegg til tusenvis av andre fantastiske bøker eg har fått tak i gjennom åra. Men du har nok ikkje tid til å lese no. Alt du må gjere, er å finne vegen gjennom boklabyrinten min. Det er ikkje så vanskeleg. Men alle desse verdifulle bøkene kan jo ikkje stå her utan tilsyn, så pass deg for vaktposten. Han kan vere litt gretten.» Vi lyttar. Frå ein eller annan stad mellom bokhyllene høyrest krafsing, kvesing og eit lågt, mørkt knurr. – Kva er det med bestefaren din og ville dyr? spør eg. Daniela trekker på skuldrene. – Han var glad i dyr, seier ho. – Men ver heilt, heilt stille no. – Har du ein taktikk? kviskrar eg. – Ja, seier ho. – Eg har vore i labyrintar før. Følg meg.

46


Så listar ho seg inn mellom bøkene. Eg følger etter. Eg prøver å finne fram jegeren frå skogen, han som lydlaust følgde både reven, den svære fyren og Daniela i nesten ein kilometer. Men skogbotnen knirka ikkje. Det gjer dette golvet. Eg legg merke til at Daniela lar handa gli langs veggen medan vi går. Når ei bokhylle tvingar oss ut i rommet, følger handa hennar bokryggane bortover. Så kjem vi til ein stad der vi må velje mellom å gå til høgre eller rett fram. Daniela tar forsiktig ut ei bok frå hylla og legg ho på golvet ved vegskiljet. Så går vi til høgre, rundt eit hjørne og rett inn ein blindveg. Daniela pustar roleg ut og går sakte tilbake til boka på golvet. Så tar vi den andre vegen. Slik fortset vi systematisk gjennom labyrinten.

47


Av og til høyrest tassing og skraping. Kor nær vaktposten er, kan eg ikkje fastslå. Men han har heilt tydeleg både potar og klør. Ein isbjørn er det heldigvis ikkje, vaktposten er for lett på tå, men kanskje ein katt av noko slag, til dømes ein panter? Ein svart panter som snik seg mellom bokhyllene i Kobbs hus? Skarpe klør og kvasse hoggtenner begynner å fylle tankane mine. Eg ristar på hovudet. Daniela listar seg målbevisst langs den eine hylla etter den andre. Vi treffer stadig på blindvegar, men Daniela har alltid lagt ei bok på golvet ved vegskiljet. Eg forstår etter kvart at denne metoden før eller seinare vil få oss gjennom labyrinten. Men om det blir før vaktposten finn oss, er ikkje godt å spå. Av og til snur Daniela seg og gjer teikn til at eg skal stoppe. Vi står heilt i ro og lyttar. Det skumlaste er stilla. Når vaktposten òg står stille ein plass og lyttar, luktar, jaktar. Vi går langs ei hylle og hamnar heilt innmed veggen, lengst bort frå vindauga. Her er det nesten heilt mørkt og enkelt for ein panter å gøyme seg. Det klør i føtene. Eg synest eg ser gule auge rundt kvart hjørne. Så sparkar eg borti ei hylle. Ei bok dett på golvet. Det høyrest ut som nokon har detonert ei bombe. Eit ras av kviskrande utanlandsk bannskap veltar

48


over meg. Eg kjenner den varme pusten til Daniela over heile !eset. Eg grip tak i ho og klemmer ho inntil meg, som om det var nyttårsaftan. Ho blir stille. Eg kjenner hjartet hennar gjennom genseren, det er som om ho har ein overivrig hakkespett der inne i brystet. Eg held pusten. Vi er så stille som det er mogleg å bli. Svaberg bråkar meir. Så høyrest eit knurr. Eit høgt knurr. Og det kjem frå ein plass ikkje langt unna.

49


19 Eg snik hovudet forbi hyllekanten og tar ein titt. Eg ser ikkje nokon panter, men ei tynn stripe lys frå eit av vindauga. Rommet er breitt, skikkeleg breitt. Eg får ein idé. Daniela nikkar sakte då ho høyrer planen min. – Den er ikkje så veldig god, kviskrar ho. – Men eg kjem ikkje på noko betre. Vi ser på kvarandre og tel til tre. Så plukkar eg opp boka frå golvet og hiv ho mot vindauget, langt der borte. Ho kvervlar uelegant gjennom rommet og treffer golvet ein liten meter unna veggen. Straks kjem ein svart skapning pilande fram frå hylleskogen og nærast flyg mot den mishandla boka. – No! seier eg. Så spring vi. Metoden til Daniela er vraka. No satsar vi på full panikk. Ein kjapp høgre. Ein endå kjappare venstre. Vi krasjar inn i hyller, vi veltar hyller, vi hiv dei verdifulle bøkene bak oss for å stoppe vaktposten, vi brøler som galningar og spring, hoppar, spurtar

50


gjennom labyrinten. – Døra! roper Daniela. – Der er ho! Der er ho! Eg kjenner blodsmaken i kjeften. Eg har ikkje sprunge så mykje sidan biptesten i gymmen. Men vi kjem til å rekke det. Vi kjem til å rekke det. Vi rekk det. Nesten. Vaktposten hoppar inn frå venstre og stiller seg mellom oss og den herlege døra. Det er ikkje nokon panter. Og han er ikkje særleg stor. Men noko seier meg at han bør takast på alvor. – Kva i alle dagar er det der? spør eg. – Ein honninggrevling, pesar Daniela. – Verdas tøffaste dyr. Han et giftslangar og slåst mot løver. Vi har ikkje ein sjanse. Jaså. Honninggrevlingen snerrar mot oss og viser fram ein imponerande tanngard. – Set han tennene i deg, slepper han ikkje, seier Daniela. – Så kva skal vi gjere? spør eg. Daniela svarar ikkje. Vi blir berre ståande og stire på det vesle kjempesinte dyret. Så bankar nokon på vindauget.

51


Eg snur meg mot lyden. – Det er Eik! seier eg forbløffa. I neste sekund blir vindauget knust, og Eik veltar inn i rommet, saman med ein foss av glas og lyd. Eit sekund etterpå kjem isbjørnen same vegen. Eik kravlar bortover golvet, med bamsefar ein halvmeter bak seg. Før eg heilt skjønar kva eg ser på, kjem honninggrevlingen flygande gjennom lufta og går til angrep på bjørnen. Den vesle krigaren er verkeleg ikkje redd for noko som helst. Kolibrivengekjapt skiftar isbjørnen status frå jeger til bytte. Han lagar ein ulande lyd, bråsnur og rasar ut av vindauget med den snerrande vaktposten hakk i hæl. Heile opptrinnet tar ikkje meir enn nokre sekund. Eg og Daniela står planta på same plassen heile tida, med vidopne munnar og auge. Ulinga og snerringa fortset ei stund, før lydane sakte forsvinn og alt blir totalt stille.

52


– Går det bra med deg, Eik? spør Daniela. Han reiser seg sakte frå glashaugen. Det renn blod frå eit sår på den eine veslefingeren. – Eg … blei … nesten … bjørnemat, seier Eik. Så svimar han av, men vi rekk heldigvis å ta imot den kraftige kroppen før han hamnar i glaset igjen. Vi sleper Eik bort til døra. Daniela finn fram ei førstehjelpsveske frå sekken og plukkar nokre glasbrot frå hendene til pasienten. – Bra at han ikkje er vaken no, seier eg. – Det hadde blitt drama. Etterpå heller ho litt vatn i auga til Eik, som straks vaknar. – Ikkje sei at eg enno er i det fæle huset til Billy Kobb, pistrar han. – Det er du, seier Daniela. – Kor er Iris? spør han. – Ho drog for å leite etter deg, seier eg. – Men slapp av, er det nokon som klarer seg aleine, så er det ho. Eik ser litt skeptisk ut, men han nikkar. – La oss no kome oss ut av dette rommet før isbjørnen kjem på at han er mykje sterkare enn ein honninggrevling, seier Daniela. Eik sprett opp og er den første gjennom døra.

53


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kobbs hus by Stiftelsen LESE - Issuu