UTDRAG FRÅ:
32
KEISAR AUGUSTUS
REALISME
PETER STRASSEGGER
August og mor hans skal !ytte til den vesle bygda mora rømde frå då ho var ung. Etter at August tok valdeleg hemn på ein klassekamerat, vil ikkje mora at dei skal bu i byen meir. Det er ikkje første gongen han har hamna i trøbbel fordi nokon har snakka skit om mor hans. No har mora lova å slutte å selje hasj om August lovar å oppføre seg – dei skal få ein ny start. Dei har nett parkert bilen og sett på det nye huset, og no tar August seg ein tur på kjøpesenteret.
Den beste måten å bli kjend med ein ny stad på er ved å gå på butikken eller kjøpesenteret. Alle har sine eigne måtar å sortera varene på. Den lokale butikken i det vesle senteret ser slik ut: så lys, for kvit, blanke fliser på golvet, og alt er så reint som i ein symjehall. Det er litt ekkelt, det får meg til å tenka på ein garderobe. Appelsinane her ser ut som puppane til gamle damer. Skrukkete og fæle.
33
Bananane luktar kuk. Kven vil vel eta noko sånt? Eg stappar handa ned i bukselomma og ser meg rundt. Ingen stirar på meg, men for å vera på den sikre sida gøymer eg meg mellom hyllene og byrjar arbeidet. Varene eg legg inni jakkelommene mine: Klemme-jogurt med fruktsmak. 200 grams sjokoladeplater. Ein halvliter brus. Ei heil pølse marsipandeig. Oppvarma farse i brød med ketsjup og grillkrydder som eg bestiller i delikatessa. Farsen er for varm til å ha i lomma. Eg ber han i handa, og når eg kjem til kassa, skal eg berre lata som om eg har noko heilt anna i handa. Ein stein til dømes. Så kan eg spela overraska om dei seier eg må betala. Til slutt finn eg ei hylle som har både mariekjeks og marshmallows.
34
Då eg nærmar meg kassa, er eg heilt roleg inni meg. Som regel blir eg det av å stela. Det er det mor ikkje har skjøna. Eller kanskje det er nett det ho har skjøna: Berre når eg bryt loven, blir eg roleg. For då får eg liksom ei kjensle av å kunna tenka klart igjen. Då er det som om eg brått blir meg sjølv. Ho seier eg er avhengig. Ein kleptoman som samlar på brotsverk. Men er det ikkje ho som er den mest avhengige av oss? Eg kjem til kassa og er så roleg at ingen legg merke til meg. Då veit eg at eg slepp unna med det. Men nett i det eg skal gå forbi kassa, blir eg forstyrra. Ikkje av nokon som røskar tak i meg. Nei, eg høyrer plutseleg nokon som skrik. Og ein brå lyd av noko som fell på bakken, raske rørsler. Eg bykser fram og ser ein butikkmann som spring mot to ungdomar. Dei prøver å koma seg unna, men butikkmannen tek ein av dei i nakken før skyvedøra og legg han ned i bakken.
35
Guten skrik, men butikkmannen har no fått tak og pressar kneet mot ryggen til guten. «AAhhh!!!! Slepp meg!» skrik guten. Den andre ungdomen står igjen ved inngangsdøra og veit ikkje kva han skal gjera. «Eg skal ta deg etterpå når eg er ferdig med han!» ropar butikkmannen etter han. Så spring den andre guten i skrekk. Butikkmannen ser seg rundt. «Kva ventar de på? Ring politiet!» ropar han til nokre andre kundar i butikken. Ei dame tek opp telefonen og ringer. Heile tida høyrer eg den unge guten klynka under vekta av den store butikkmannen. Eg går bort til dei. «Kva vil du?» spør han og glefser. «Kåre» les eg på namneskiltet hans. «Eg trur han held på å kvelast», seier eg og peikar ned på guten. Butikkmannen ser seg forvirra omkring. Så ser han ned på kneet som han har pressa langt inn i ryggen på guten. «Oi, såpass?» seier han og lettar litt på trykket. Guten ligg urørleg ei stund. Han har slutta å klynka. Så er det som om han ristar litt, og trekker eit djupt andedrag, så eitt til, så hostar han.
36
Butikkmannen reiser han opp. «Går det bra med deg?» seier han til guten. Guten ser seg rundt i svime. «Slutt å stela! Slutt å vera ein dårleg person!» held butikkmannen fram og rettar peikefingeren mot guten. Med eitt høyrer eg eit brak frå inngangsdøra. Det er fem–seks gutar som kjem springande inn. Dei spring rett imot butikkmannen, som brått bakkar bakover. To av dei største byrjar å slå mot ansiktet hans, butikkmannen held seg for brillene og går baklengs, nærmast snublande. Ein av dei største gutane har tatoveringar på hendene og tek tak i nokre brusboksar som står på ein tilbodsstabel ved kassa, og kastar dei utover lokalet som handgranatar. Dei eksploderer og freser når dei tre!er golvet. Dei andre gutane har òg starta å herja, dei kastar ting, chipsposar blir opna, fruktpallar velta, boksar kasta så dei sprekk og energidrikken sprutar. «Føkk deg!» høyrer eg guten med tatoveringar skrika til butikkmannen, som no prøver å gøyma seg bak ein reol med donuts ved kassa. Så tek dei guten som låg på bakken, med seg og spring ut.
37
Mykje seinare, då butikkmannen alt har byrja å sopa i hop rotet og folk har kome seg ut av forvirringa og starta å snakka saman, kjem politiet. Det er to stykke. Begge har på seg opprørshjelm og har batongar i hendene. Den fyrste går inn med eit skjold – eit slags riot-shield – framføre seg. Eg ler. Eg sit på ein stol ved eit bord der folk kan slå seg ned etter butikkhandlinga, og et farsen eg har stole. Ingen tenker over meg. «Kvifor kom de så seint?!» ropar butikkmannen til politiet. «Beklagar, Kåre. Det tok litt tid å ta på seg alt dette utstyret», svarar ein av politimennene. Den andre legg skjoldet til sides og spør: «Kva har skjedd?» Medan politiet og butikkmannen snakkar saman og peikar hit og dit, går eg bort til dei, opnar pakken med mariekjeks og spør om dei vil ha, men dei berre feiar meg bort.
38
Nede på torget ser eg den same ungdomsgjengen sitja på ein av benkane. Dei ser på meg. Den mørkaste av dei vinkar til meg og ropar: «Kom hit!» Eg går bort til dei, blir ståande og drikka av brusen min. «Er du ny her?» spør han. «Ja, eg kom i dag.» «I dag?» Eg nikkar. «Kva klasse går du i?» «Eg skal byrja i niande.» «Åh, så bra. Eg går i tiande. Berre kom til meg om du har nokon problem, så ordnar eg opp. Eg heiter Aman. Eg og venen min, Alexander, kan hjelpa deg om du kjem i trøbbel, for me har også vore nye her i bygda ein gong. Men no tør ingen å ta oss. Har du høyrt om oss?» Eg ristar på hovudet. «Så rart», svarar han. «Var du oppe på butikken i stad?» Eg nikkar. «Då såg du oss. Det er sånn me er. Ikkje Alexander,
39
han driv ikkje med sånt. Han treng ikkje det for å få respekt.» Eg nikkar og seier at eg skjønar. «Korleis går det med han vesle guten som blei teken?» spør eg. «Han stakk heim, stakkaren. Me ser han nok ikkje igjen, for det var fyrste gongen», svarar ein av dei andre gutane som også var med på butikken. «Fyrste gongen kva då?» «At han stal.» «Uflaks! Eg blir aldri teken. Det er berre idiotar som blir det», seier eg og tek kjekspakken, sjokoladane, marsipanen, marshmallowsane og alt saman og legg på bordet. «Berre ta om de vil ha!» seier eg. Aman blunkar til meg. «Kva faen … Har du stole det?» Eg nikkar. «Kvar då?» «På Spar, vel. Medan butikksjefen var oppteken med dykk.» «Wow, er det sant?» Eg nikkar. «Respekt!» «Eg veit», svarar eg. «Så berre ta!»
40
Aman tek, og eg ser at dei andre også forsyner seg, sender varene rundt. Med munnen full av kjeks og marshmallows seier Aman: «Uansett, me skal ta vare på deg, sidan du er ny. For det er det me gjer her i bygda. Berre kom til meg eller Alexander, så stiller me opp.» «Takk», seier eg. «Eg heiter forresten August.» Eg ser mot dei to største karane som sit der. Det var dei som gjekk laus på butikkmannen. Og dei er dei einaste som ikkje har forsynt seg av tjuvegodset, så då er det dei som er viktige her, tenker eg. Dei ser litt sløve og rusa ut. Han med tatoveringar på nevane ligg nærmast og søv med hovudet hengande. «Er det venene dine?» spør eg Aman. «Dei? Nja, det er nokre gutar frå vidaregåande som berre surrar rundt og ikkje veit kva dei vil. Stemmer ikkje det, gutar?» seier Aman. «Hø?» seier begge og ser mot han, men eg ser at dei blir blenda av sola. Det verkar som om dei nett har vakna. «Kva heiter de?» spør eg. «Veit du ikkje det?» svarar den eine litt mumlete og ser på meg med raudsprengde auge. Aman hysjar på han. «Han har ikkje høyrt noko om nokon, han er heilt nyinnflytta.» Så snur han seg mot meg. «Dette her er Per og
41
Oskar, hugs namna deira også. Dei er heilt sprø!» seier Aman og viser dei fram som to sjeldne, kvite tigrar. «Det kan eg gjera. Men då må de også hugsa kven eg er!» svarar eg. Fyrst då får han som heiter Oskar, auge på meg. «Vent! Det er jo han frå butikken!» seier han. Eg nikkar. «Det stemmer.» «Då såg du at Kåre banka han åttandeklassingen?» «Ja.» Alle ser på meg. Oskar held fram: «Det er farleg å vera ungdom her. Hadde ikkje me kome, ville Kåre ha drepe han. Dei er heilt galne for tida! Me er nøydde til å ta vare på kvarandre!» Han dultar borti kameraten sin. Då ser eg at kameraten har grove, kvite hender. Dei ser ut som store klossar, men på fingrane har han tatovert noko nyleg. Huda er framleis raud rundt det svarte blekket, det står SKULD over fingrane på den eine handa og ANGER på den andre. Han gliser då han ser at eg stirar på dei. «Vil du høyra kva eg har gjort?» spør han. Eg seier: «Ja, men ikkje no, for politiet er på butikken og kjem nok rundt hjørnet der kvar augneblink!»
42