UTDRAG FRÅ:
74
BARNAS VERDSHISTORIE
SAKPROSA
ERNA OSLAND ILLUSTRERT AV VICTORIA SANDØY
Barnas verdshistorie viser at historia vår ikkje berre handlar om kongar og store hendingar, men òg om kvardagslivet til steinalderbarn som gjekk på jakt med kvasse spyd, jenta som sanka korn langs Nilen, og guten som reiste over havet med slaveskip. For historia handlar ikkje berre om vaksne, men også om barn og ungdommar og korleis dei har vore med på å forme verda vi lever i. I det siste kapittelet får vi høyre om barnearbeidet under den industrielle revolusjonen.
75
Dampmaskiner lagar damp som kan få andre maskiner til å gå: maskiner som lagar tøy eller driv båtar og tog. Dampmaskinene gjorde maskineigarane lykkelege. Men for mange barn blei dei ei ulykke. For å lage damp må ein nemleg koke vatn, og til det trong dampmaskinene kol. Kolet måtte hentast ut frå jord og !ell. Og dess fleire maskiner som kom i bruk, dess meir kol måtte hentast ut. Til slutt var det berre kol igjen langt inni !ellet, og vegen inn blei lengre og smalare. Somme gruvegangar var så smale at berre barn kunne komme inn. Dei drog med seg vogner, fylte dei opp med kol og drog kolet ut til dampmaskinene. I heile Europa arbeidde barn i tronge, farlege gruver. Lungene deira blei tette av støv. Mange drukna i underjordiske elver eller blei klemde i hel når dei skrøpelege gruvegangane fall saman. Aldri før hadde barn vore lenger borte frå mor og far!
76
77 1800−1830
Dampmaskina sette ekstra fart i barnearbeidet. Frå nå av måtte stadig fleire barn arbeide. Arbeidet var tungt, og dei hadde lange dagar. Og verst av alt: Foreldra var ikkje med og passa på dei. Barna gjorde all slags arbeid. Dei arbeidde i gruver for å hente ut kol. Dei arbeidde i fabrikkane ved maskinene. Dei var på verkstader og snikra og laga keramikk. Dei feia skorsteinar. Dei sprang ærend. Dei passa småsøsken når foreldra var på arbeid. Dei gjorde reint og laga mat. Å vere tenar høyrest mindre farleg ut enn å arbeide i fabrikk, men det var farleg på andre måtar. Barna kunne få skjenn og bli slått. I løynd kunne vaksne gjere slikt som dei aldri skulle gjere med barn. Kvifor måtte barn arbeide så tungt? Mange var foreldrelause og måtte forsørge seg sjølve. Men sjølv dei som hadde foreldre, måtte arbeide, for mor og far tente ikkje nok til å forsørge ungane sine. Og dei som styrte landa – kva meinte dei om det tunge barnearbeidet? Dei meinte at barnearbeid var rett og nyttig for landa. Barna skapte rikdom både til maskineigarane og staten. Dei såg ikkje kor vanskeleg mange barn hadde det. Dei ropte hurra for barnearbeid!
78
Men alle vaksne var ikkje med på det. Dei var begynt å tenke som dei franske filosofane. Barndommen var ein viktig og verdfull del av heile livet. Barna skulle få styre seg sjølve. Og det skulle vaksne òg! Menneska skulle få vere frie. Og dei skulle vere like mykje verde.
1800−1850
Filosofen Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) meinte at barna skulle få bestemme sjølve kva dei vil lære. Slik skulle dei bli flinke til å styre og ta vare på landet sitt.
79
Tanken om at alle menneske var like mykje verde, vaks. Folk i Europa protesterte mot slavehandel. Men også mot barnearbeid, for barn som arbeidde i fabrikkane og gruvene, hadde det fælt. Så fælt at dei vaksne begynte å spørje om dette var rett. Skulle ikkje eit land ta vare på alle barn?
80
Vaksne som tenkte slik, stilte krav. Alle barn skulle ha rett til både leik og skole. Aller helst skulle dei sleppe å arbeide, foreldra skulle tene nok til å gi barna sine mat.
I land etter land kravde folk at alle skulle ha like rettar og vere like mykje verde. Og sakte blei det betre: I 1807 blei det forbode å frakte slavar på engelske skip. Barnearbeid blei ikkje forbode. Mange såg på barnearbeid som naturleg og nødvendig, så det fekk halde fram. Men det kom lover i dei ulike europeiske landa som skulle verne barna. Det blei forbode å la dei minste barna arbeide ved dei farlegaste maskinene og i gruvegangane. Sjølv fattige barn skulle ikkje vere ein reiskap for vaksne!
Bra for alle! Han meinte jo at alle menneske var likeverdige.
Bra fyr for barn, han der Rousseau.
81
1810−1860
Dei vaksne arbeidarane organiserte seg. Dei laga fagforeiningar og kravde slutt på luselønner. Dei støtta seg på filosofane sine tankar om at alle menneske skulle vere frie og likestilte. Dei ville ha stemmerett og styre seg sjølve, slik folk i Frankrike gjorde etter å ha styrta den einerådige kongen sin.
Vaksne begynte å tenke på barn på ein heilt ny måte. Barn skulle ikkje berre arbeide. Dei skulle også leike og lære. Alle barn skulle få lov til det! Men i kvardagen var alt som før. Maskinene laga store mengder med tøy, mens dei som passa maskinene, fekk lite betalt. Om mor og far arbeidde 14 timar kvar dag, blei det likevel ikkje nok mat til familien. Så barn måtte altså halde fram med å arbeide. Som før arbeidde barn frå dei var 5 år. Som før hadde dei skitne klede og fekk ikkje vaske seg. Dei hadde ikkje vatn i springen, og ikkje do. Heile familiar budde på eitt rom. Sengene, fulle av lus og lopper, delte dei på. Somme arbeidde, mens andre sov. Barna blei trøytte, sjuke og svake. Dei orka ikkje lenger å leike! Ein del vaksne såg kor meiningslaust dette var. Dei meinte at barn som hadde det så dårleg, kom til å bli dårlege arbeidarar når dei blei vaksne. Og det kom fabrikkeigarane til å tape på! Slike tankar førte til enda fleire lover om barnearbeid. Denne gongen kom det lover som bestemte kvar og kor lenge barn i Europa kunne arbeide. Små barn skulle ikkje arbeide så lenge som store. 8 timar var maks for dei under 13 år. Og ingen skulle fire barn ned i skorsteinspiper for å feie. Frå nå av fekk ingen stikke barn i føtene med nåler for å få dei høgre oppe i dei smalaste pipene!
82
83 1820−1870
Lovene som gjorde det betre for barn, gjorde det også betre for vaksne. Barna fekk kortare arbeidstid, dei vaksne fekk høgre lønn. Men ein del barn blei utan arbeid, og dei kjeda seg. Dei bråka, stal og rana folk, og styresmaktene fortvila. Kva skulle barna gjere når dei vaksne var på jobb? Skole blei svaret. Barna som gjekk på skole, gjorde ikkje ugagn. Skole for alle! «God idé!» tenkte mange, for barn som kunne lese, blei dyktigare til å arbeide når dei blei vaksne. Andre tenkte på korleis landet skulle styrast. Den som fekk stemmerett, måtte jo kunne lese.
84
v m
Men ein del vaksne tenkte faktisk på barna: Det var betre for barn å vere på skolen enn i fabrikkar. Frankrike, Rousseaus og den franske revolusjoneans land, blei det første landet som innførte gratis skole for alle.
Det var ikkje mange
Barn som fekk lære å lese før: I Romarriket: gutar i rike familiar. I Kina: keisarens utvalde. I kalifatet: prinsar. I Europa: riddarbarna.
I England fekk jamvel dei fattige gå på skole nå. Barn som måtte arbeide, skulle ha fri til å gå på skole minst to timar kvar dag. Elevar i ulike aldrar blei samla i store rom. Dei skreiv på tavler, men fekk også bøker av maskinlaga papir. Ikkje alle lærte å lese, for det viktigaste faget var å bli lydig. Barna skulle lære å lyde fabrikkeigarane og styresmaktene. Skolen blei likevel ikkje lik for alle. Rike fekk betre undervisning enn fattige. Gutar fekk meir undervisning enn jenter. Og det var skilnad på by og land, for på landet var det vanskeleg å finne lærarar. Men litt etter litt blei det gratis skole for alle europeiske og nordamerikanske barn.
85
1850−1900
Nei, regelen var at barn lærte av å arbeide, ikkje av bøker.