FØRDE HAR DET LITLE EKSTRA! Litt
om oss i
Førde
VÅRT SUPPLEMENT BIDREG TIL AT FØRDE
FAMNAR OM FLEST UNGE
Seks av ti som har vore med i ungdomsidrett, har slutta før dei er fylt 18 år. ( NOVA,2020 ): Årsaka er samansett, men tidspress er ei årsak som skil seg ut.
Våre tilbod er eit supplement til dei ordinære idrettstilboda som står sterkt i Førde med sine lange tradisjonar.
Vi famnar ungdom som kjenner på tidspress og må prioritere. Her skjer alt på heimebane og tidspresset er dermed redusert med tanke på dei som ikkje kan reise på stemner eller bortekampar når helga kjem. Alle kampar skjer på heimebane. Høge publikamstal i idrettshallen i Førdehuset under kampane gjer våre tilbod attraktive.
Med over 250 akitve medlemar er vi blant dei større idrettsgruppene i Førde.
TREKK FLEST TILSKODARAR I NORGE MED 1200 TILSKODARAR
Knute Rockne frå Voss gjorde amerikansk fotball til den største utandørsidretten i USA for 100 år sidan. Vi har med enkle grep gjort sporten til ein lokal publikumsmagnet innandørs på handballbane.
Arrangmentskostnaden for Rockne Bowl 2023 var på kr 236 000.
Billettinntekta var på kr. 259 000
Arrangementet er avhengig av lokale støttespelarar for å opprettehalde det populære arrangementet i Førde
Foreningen Oppvekst er ein frivillig organisasjon med fokus på helsefremmede arbeid retta mot barn og ungdom i Sunnfjord Kommune.
Føremålet er å førebygge ungdommers fråfall frå felleskap
Vi har fokus på mangfald og inkludering gjennom våre tilbod som hovudsakleg er retta mot barn og ungdom i alderen 10-19 år. I dette ligg det at vi gir ungdom moglegheit til å samlast for felles trening innan nye idrettar som flaggfotball, ,cheerdance og amerikansk fotball på handballbane.
Foreninga har ikkje eit direkte samarbeid med skulane, men bidreg med desse tilboda til auka trivsel og engasjement blant elevane både på skulen og i lokalsamfunnet forøvrig
FØRDE HAR FLEST AKTUELLE
FOR LANDSLAGET I FLAGGFOTBALL
Etterspørselen frå dei yngre førte til at ein ny idrett har befesta seg i Førde. No blir sporten ei av OL-greinane i LA 2028.
Norges Amerikanske Idretters Forbund vil etablere eit landslag før 2026. Vi har flest spelarar og erfaring frå denne sporten i Norge og forbundet må sjå til Førde.
Vi har nær 100 flaggfotballspelarar i Førde. Vi vurderer å stifte klubblag for dei som ønsker å satse med mål om å få plass på landslaget.
GAMEDAY FØRDE OG SUPERBALL JUNIOR
TREKK TILSAMAN 1700 TIL TRIBUNA I FØRDEHUSET
Arrangementa har oppstått som eit resultat av Rockne Bowl og har blitt ein ny populær tradisjon i Førde
I år har vi 42 flaggfotballspelarar og 31 cheerdansere i den yngste gruppa. Superball Junior 2024 hadde 750 besøkande på tribuna.
EIT STEG NÆRARE NM I CHEERDANCE
Eitt av seks cheerlag fekk sine nye 20 uniformer i 2023. ( video)
I år fekk dei 4 yngste laga sine nye uniformer
Innan få år kan Førde vere klare for i NM i denne sportsgreina
Førde har 104 cheerdansere fordelt på 6 lag.
Desse trenar regelmessig i storsalen på Spenst Førde
EIN VIKTIG KULTURARENA FOR DEI UNGE
Omlag 30 songartistar mellom 15 og 20 år frå Sogn og Fjordane har opptrådt med pauseinnslag under Rockne Bowl.
Dans utan grenser har vore inkludert i pauseprogrammet sidan 2010.
KULTURSTIPENDET UNGT KULTURTALENT
Foreninga tilbyr breidda av lokale, ivrige og ambisiøse unge til å vise sitt kulturuttrykk under Rockne Bowl. Å meistre å opptre foran 1200 tilskodarar kan vere den ekstra vetle motivasjonen ein treng for å satse for fullt.
Vårt budsjett på dette kulturstipendet er på kr 20.000 under Rockne Bowl
DET UNIKE MED FØRDE ER AT ALLE FÅR VERE MED
Førde har klassiske lagidrettar som fotball, handball og volleyball. Desse kjempar om gode plasseringar i ulike divisjonar.
I tillegg har Foreningen Oppvekst ein alternativ modell til seriesystemet som Førde er aleine om å ha i Norge.
Vi tilbyr regelmessige treningar og attraktive årskampar der våre 250 aktive forventar eit stort publikum. Her er det ikkje eit divisjonsystem men lokale skuleoppgjer.
Denne modellen har vist seg å vere samlande for skulane. Alle einast om å heie fram skulen ein høyrer til og det dannast engasjerte supportergrupper.
Eitt av våre prinsipp er at alle våre aktive skal få vere med på laget under våre kampar
MINDRE FRÅFALL
Saman med den ordinære idrettsverksemda bidrar vi til at Førde har mindre fråfall i lagidretten enn andre kommunar.
Vi vil gjerne oppretthalde idrettstilboda for våre 250 ungdomar i Førde samt engasjementet kring våre arrangement.
AT ALLE BLIR INKLUDERT
BLI MED Å BIDRA TIL