3 minute read

God rådgjevar i RePro

DeLaval sitt RePro-system, som mellomanna syner brunst og drekt - har vorte ein viktig del av drifta i lausdriftsfjøset hos mjølkebonde Jone Lende i Time på Jæren.

Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun

Bonden var viss på at han ville kjøpe DeLaval sin mjølkerobot VMS 310 RePro ­ då han ynskte seg data om brunst og drekt. Roboten registrerer progesteronnivået for kvar ku i rett tid, noko som gjer at han får betre kontroll med reproduksjonen.

Som Eit Laboratorium

–Roboten seier ifrå når dyra skal inseminerast, når dei er drektige, om det er snakk om abortar, cyster eller liknande. Det er som eit heilt laboratorium, smiler bonden. Han fekk RePro­systemet på plass sommaren 2021, ikkje lenge etter at det nye fjøset på garden stod ferdig. På den tida hadde han 88 storfe, no har han 160.

–Til å byrje med hadde me dyrlegen inne for å kontrollera om dyra verkeleg var drektige som maskina sa, men det klaffa kvar gong! Så no kallar eg ikkje lenger inn dyrlegen ved slike høve, noko som sjølvsagt sparer utgifter.

Oppdagar Tidleg Forandring

Lende ringde óg dyrlegen då roboten varsla om at ei ku hadde cyste.

–Dyrlegen hadde ikkje trua på det, men då han kjende etter, stemde det. Neste gong eg ringde i same ærend, sjekka han omtrent ikkje før han byrja behandlinga, smiler han.

Å oppdaga slike ting tidleg, har mykje å seie for drifta. Han kjenner til at ein bonde i området valde å investere i RePro nettopp fordi fleire av dyra hans var mykje plaga med cyster.

–Eg har nok vore litt tidleg ute med insemineringa nokre gonger, sidan eg får så tidleg beskjed om brunst no. Ein ting er å få vita at dyra er drektige, men så skal du óg fylgja godt med i dei neste 36­66 timane, og helst inseminere på rett tid, seier han.

FS-TAL PÅ VEG OPP

–FS­talet, har det vorte høgare som følgje av RePro­systemet?

–Det har gått opp frå 60 i 2020 til 79 i 2022. Eg har hatt nokre utfordringar med omløp og som sagt nok vore litt tidleg ute med å inseminere, men tala er på rett veg.

Han mjølker ei kvote på 340.000 liter. Roboten har han fått plassert så tett opp til kontorvindauget som mogleg, slik at han kan fylgje med dyra og har kort veg ut til dei. Kontoret er ikkje spesielt stort, og heller ikkje tankrommet. For Jone Lende er det viktig at dyra skal ha det meste av plassen.

No er tilveksten på stutane særs bra.

–670 gram tilvekst og slakta på 16,2 månaders alder! Han smiler nøgd.

–Dei har det veldig greitt i liggjebåsane, med god plass og slik at dei kan trekkje seg tilbake om det skulle verte sjau.

DYRA

Og Bonden Trivst

I fjøset til Jone Lende er det uvanleg stilt. Dyra ser ut til å ha det heilt framifrå og ting er på stell.

–Roboten seier óg ifrå om nokre av dyra ikkje viser brunst, fortel bonden og viser oss kor RePro­kassetten står. Han opner eit skap på den eine enden av roboten og peikar på noko blått øverst.

–Det er om lag 400 prøver i ein slik kassett, seier han.

–Eg har rekna på at det kosta meg rundt 200 kroner per årsku i 2022 med progesteronkassettane og fortynnervæska til ReProen, legg han til.

Kassetten må skiftast av og til, alt etter kor mange dyr ein tar prøver av. Lende tippar det for hans del går med fire slike kassetter i året.

NØGD MED INVESTERINGA

–Er du nøgd med investeringa etter det du så langt har erfart?

–Ja, eg hadde gjort det same igjen.

Han kjenner til fleire i området som har RePro på roboten. Dei har snakka om å samlast for å dela erfaringar og læra av kvarandre.

–Me har lyst til å ha med både Tine og DeLaval og håper at me skal få til ei samling i løpet av våren. Eg trur det kan vere nyttig!

Til å byrje med hadde me dyrlegen inne for å kontrollera om dyra verkeleg var drektige som maskina sa, men det klaffa kvar gong! Så no kallar eg ikkje lenger inn dyrlegen ved slike høve, noko som sjølvsagt sparer utgifter.

Jone Lende, mjølkebonde

DeLaval RePro™

• 32% bedre inseminasjonsrate (ifylgje data fra VMS V310 pilotgardar)

• Automatisk drektigheitskontroll

• Oppdager uregelmessige tilhøve i reproduksjonssyklusen

• Varsler om tidlige aborter

• Gir mer produktive laktasjoner

• Mindre opne kyr

• Reduserer utrangering

(Kilde: DeLaval.com)