Osterøy-eventyret - Mellom fjord og fjell

Page 1

«EG FANN, EG FANN!»

«KVA FANN DU NO DÅ?»

«Ei øy full av skjulte skattar og hemmelege opplevingar!»

УAловите свое УAловите свое
STERØY-
О
EVENTYRET mellom Fjord og Fjell
Foto: Jan M. Lillebø

Den hemmelege øya i vest. Ei eventyr-verd. Ei perla i vest, gjev me deg ein smak av når du er vår gjest. Unike opplevingar, smakfull kultur. Her finn du det meste i storslått natur.

Lik Askeladden, som fann og fann, kan du oppleva skattar i bøtter og spann. Når du er vår gjest så syner me veg til skjulte perler som ventar på deg.

Med røter tilbake i tusener av år vil me gje deg ein bit av kulturarven vår.

Ei laksegilje. Har du sett det før?

Det bør du oppleva -om du tør. Hamre kyrkje: tusen år!

Frå vikingetid - ho like støtt står.

På museum og Havråtun opplev i dag gamle skikkar og gamalt handverksfag.

Eller kva med ein geitost frå lokalt ysteri. Vil du sjå når dei lagar den, kom så forbi. Er du glad i ull og gode trender? Gensar og kjole du finn hjå Norlænder.

På den hemmelege øya der er stiane mange. Fjella spektakulære og fjordane lange.

Er du lei av å gå kan du kjøyra med stil.

Dra på tur i leigd Amcar eller veteranbil. Det her er berre litt av det Askeladden fann.

Ta turen til oss. Sjå på alt som me kan.

På Fjordslottet bur du, og kjenner deg vél. Me gjev deg ei oppleving for gane og sjel.

Ein halvtime frå Bergen, unna bylarm og støy, finn du denne skattekista, på vår hemmelege øy.

6

Innhald

Naturopplevingar på Osterøy

Korleis kan du nå oss?

Fjordslottet Hotell

Kossdalen

Flabellina – flytande kunstbadstove

Geit - og gammalnorsk spælsau

Geitegarden på Hole

Ulleventyret

Kleiveland Gard

Norlender

Borge Motorsamling

Veteranbiltur

Spektakulær biltur

Fjordcruise med MB Ospenes

Fjordtur med MK Erkna

DS Oster - Dronninga på Osterfjorden

Laksegiljene i Osterfjorden

Ole Bull

Hamre Kyrkje

Havråtunet

Herlandsfossen - gamle Kraftverk

Osterøy Museum

Askeladden

Kossdalen 7

8 Flabellina

17 DS

Ysteri 9

4 5 6 7
Oster

Her kan du oppleva det store og spennande mangfaldet i Osterøy naturen: sjøen og fjordlandskapet, store og små vatn, brusande elvar og bekkar, skogkledde dalar og høge fjell.

Om du vil gå gå til topps og nyta utsikta, rusla på oppmerka stiar, ta ein båttur på fjorden eller padla på spennande vatn, så har du mykje å velja mellom. Oppdag sjarmerande lokalmiljø og bygder, historiske perler og utviklinga frå gammalt handtverk til moderne industri!

Nyt eventyret, det ligg klart med eller utan guide!

Fjellturar:

hugsa lenge. Du fer stille fram, oppdagar naturen og stilla på ein måte som gjev deg ro i sjela. I Storavatnet kan ein kome langt bort frå kvardagen og nyta naturen. Ein kortare tur kan me ta på Herlandsvatnet like ved Fjordslottet.

Setertur:

Seterdrift var vanleg på Osterøy fram til 1950-åra. På ein setertur får ein innblikk i korleis dei dreiv og korleis kulturlandskapet har endra seg fram til i dag. Seterlivet var hardt, og det var oftast ungjentene på garden som vart sendt til seters. No fungerer dei fleste setrane som fritidshytter.

Aktivitet –Teambuilding/samarbeid/ relasjonsbygging i natur

Aktivitetar som styrekjer relasjonar og sambarbeidsevne. Kan foregå inne på Fjordslottet, rett uteanfor hotellet eller i naturen, også i samband med andre aktivitetar.

Osterøy har mange spennande fjell. Med fleire tilkomststiar kan du velja om du vil gå bratt eller med slakkare oppstigning. Oppe på fjella får du ei eineståane utsikt mot Osterfjorden, Nordhordland og øyane utanfor Bergen.

Ja, heilt til Hardangerjøkulen er det utsikt frå ei høgaste fjella.

Vandreturar:

Om du ønskjer ein rolegare tur på sti eller veg. Her vil me særleg nemna Kossdalen med sin historie og mystikk. Sjå eige produktark.

Tematurar:

Spesielle temaopplegg med vandring i natur: Vannkrafthistorie, kyrkjehistorie på Osterøy, Ole Bull historie, historien om laksegiljene i Osterfjorden.

УAловите свое свое 4
Naturopplevingar på Osterøy –den grøne øya!

Korleis kan du nå oss?

Slik kjem du til Fotlandsvåg og Fjordslottet:

Ca. 50 min. med bil frå Bergen sentrum over Osterøybrua eller med ferje Breistein - Valestrandsfossen.

Ca. 25 min. frå E 16 Bergen - Oslo

Ca. 1 time frå Flesland Flyplass

Ca. 35 minuttar frå Arna Jernbanestasjon.

УAловите свое
Hosanger Valestrand Lonevåg Fotlandsvåg Tysse Bruvik
Osterfjorden Sørfjorden Veafjorden OSLO
Haus
FjordSlottet
Hamre HOTELL Kossdalen
Osterøybrua FLÅM VOSS ARNA JERNBANESTASJON. TA GJERNE KONTAKT +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg Osterøy www.fjordslottet.no Breistein ferjekai Valestrand ferjekai E16 E39 E16 E16
Flyplass BERGEN 5 https://www.fjordslottet.no/ HARDANGER https://www.fjordslottet.no/
Flesland

Fjordslottet

– eit historisk hotell med stil, steming og atmosfære

Velkommen til eit ærverdig hotell med med historie i veggane og omgitt av mektig vestlandsnatur med fjord og fjell.

Fjordslottet er eit perfekt hotell for selskap og fest, for kurs og kreativt arbeid og for fritid og rekreasjon, og ikkje minst som utgangspunkt for spennande og unike opplevingar på Osterøy.

«Det var ein gong.....» Slik begynner også eventyret om bergenskjøpmannen C.J. Hambro som fann elva som kunne gje energi til etablering av bomullsspinneri.

OSTERØYEVENTYRET УAловите свое Osterøy УAловите свое +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no
www.fjordslottet.no https://w ww.faceb ook.com/ https://ww w.instagra m.com/ or dslottet_ho
Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg Osterøy https://www.fjordslottet.no/

Kossdalen – mystisk, trolsk og vakker

Kva er det som blenkjer i Kossdalsvatnet når sola eller månen skin? Og kvifor er det viktig å hiva ein stein oppå varpet idet du passerer ein av dei 17 svingane gjennom Kossdalskaret?

Det kviler ein aura av mystikk over det restaurerte vegpartiet mellom Svenheim og Hosanger. Vegen, som stod ferdig i 1893 og har stigning på 27 %, står i dag fram som eit kunststykke i ingeniørkunst, alt saman bygd på pliktarbeid med handmakt.

Vegen opp gjennom sjølve Kossdalskaret er 360 meter lang og stig frå 75 til 175 m.o.h., og i tillegg kjem tilførselsvegar frå begge kantar i trolske omgjevnader.

Turen byr på naturopplevingar av dei sjeldne. Undervegs vil du få eit gløtt inn i mystikk og fakta som knyter seg til denne unike vegstrekkja som ligg i eit område som kommunen har utpeika som kulturvernområde. Og er du heldig, så møter du kanskje overraskingar på vegen….?

Pris med guide frå kr. 250.- per person Minstepris kr. 1.500.-

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

УAловите свое УAловите свое
OSTERØYEVENTYRET 7 https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no
Foto: Jan M. Lillebø

Flabellina – flytande kunstbadstove

Dette MÅ berre opplevast!

Den unike flytande kunstbadstova gjev inspirasjon og energi for kropp og sjel.

Kunst + flytande Badstove + Sjøbad = eventyrleg

Flabellina er lokalisert i den vakre fjordbygda Hosanger/Mjøsvågen, ca 6 km frå Fjordslottet.

Eit besøk på Flabellina og ein tur Kossdalen er opplevingar som gjev varige minne. (Sjå produktark om Kossdalen)

Pris:

2-4 personar: kr. 1.200.-

5-6 personar: kr. 1.400.-

7-8 personar: kr. 1.600.-

Dette er for 1,5t i badstova!

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

OSTERØYEVENTYRET 8
https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

Geite – og sauegarden på Bernes/Osterøy ysteri

Eg fann, eg fann sa Askeladden - og på denne garden hadde han kjent det som å koma heim.

Du vil kjenna deg velkommen hjå Berit og Lars som tek i mot deg med varme og inkluderande blikk.

Dette er ein spennande, trdisjonell vestlandsgard med geiter og osteproduksjon, og gammalnorsk spælsau for ull- og kjøtproduksjon. Du får vera med i ysteriet, du vert med i fjøset, tørkebua og på låven, og du får smaka på nylaga geitost, flatbrød og eigne kjøtprodukt frå garden. Det er som du kan kjenna deg som ein del av Asbjørnsen og Moe sine eventyr.

Dyra du vil møta på garden er over hundre norske mjølkegeiter og ikkje minst sjølvaste steinaldersauen, gammalnorsk spælsau. Dyra tek gjerne i mot vennlege klapp om du vil kosa med dei. På garden ønskjer dei å ha god økologi og dei prøver så langt det er råd å vera sjølvberga med for, difor får dyra vera på utmarksbeite det meste av året.

I gardsbutikken kan du få kjøpa ekte geitost, spekemat produsert etter over 100 år gamle oppskrifter, garn og skinn frå eigne dyr og sesongvarer frå eigen hage eller naturen.

+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

УAловите свое

Vaksne kr. 225.- Born kr. 125.- per peson Minstepris kr. 900.Prisar stølsbesøk: Etter avtale.

Tidsrom for gardsbesøk: 1. mai til 23. juni Tidsrom for stølsbesøk : august og september

STØLSBESØK

Om sommaren er geitene på sommarstøl i fjellet på Osterøy med Berit og Lars. Der er du hjarteleg velkommen på stølsbesøk i august og september. Der du også kan få servert stølsmat. Turen til støls er eit flott turmål til fots på ein vandresti, eller på ein anleggsveg.

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

УAловите свое
OSTERØYEVENTYRET
УAловите
9
свое

Hole geitegard

ei ekte oppleving for små og store!

Som i eventyret får du møta Bukken Bruse og geitene hans, og geitebonden Øystein gjev ei levande, lærerik og ekte oppleving av livet med geitene på garden og på stølen om sommaren.

Du kan få vera med på geitemjølking, og du kan også få laga din eigen geitost, som du kan få med heim, dersom det vert laga ost den aktuelle dagen.

Garden ligg i bygda Hosanger på vegen inn mot Kossdalen og Kossdalsvingane, og har mjølkeproduksjon med omlag 70 mjølkegeiter. Geitene vert mjølka morgon og kveld.

Det er eige ysteri på garden, der det vert laga tradisjonell brun geitost. Osterøy har lange tradisjonar når det gjeld geitehald og det å laga brun geitost.

Brunost frå Osterøy har hatt eit kvalitetsstempel i lange tider.

Gardsbesøket kan kombinerast med tur i Kossdalen, og Øystein kan vera guide om det passar slik.

Vaksne kr. 250.-/ kr. 400,- med ostelaging Born kr. 190,-/ kr. 300.- med ostelaging

Minstrepris: kr. 1.000.-

Varigheit: ca 1,5 – 2 timar

Tidsrom: Februar til ca 15. juni og ca. 25. sept. til ca 15.nov.

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

+47 56 39 50 90

booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

OSTERØYEVENTYRET
УAловите свое
УAловите свое 10

Det magiske ulleventyret startar med sauen som produsent av dette unike råstoffet. Vi kan no tilby eit unikt opplevingskonsept der du får innsyn og forståing i denne spennanande prosessen gjennom besøk på Sauegard, Osterøy Museum/tekstil og strikkefabrikken Norlender Knitwear.

Sauegarden på Bernes/Osterøy:

På familiegarden hjå Berit og Lars driv dei med sau og geit. Sauerasen er den fargerike gammalnorske spælsauen – ein fantastisk og hardfør sauerase som vart redda frå å døy ut.Ulla fra denne sauen har glansfulle dekkhår og mjuk underull.

Osterøy Museum:

- Foredrag og omvisning tekstil. Bruk av ull.

- Praktisk demonstrasjon/workshop.

Ulla frå den norske spælsauen er ein av dei viktigast faktorane for at forfedrene våre utvikla livskraftige samfunn i våre delar av verdi. Gjennom fleire tusen år har menneska bygt kunnskap om korleis dei på best måte kan nytta ulla til vern, varme eller til store segl på havgåande skip. På museet får du fortalt og får kunnskap om nokre av forteljingane om den magiske ulla og den levande kulturarven vi forvaltar.

Norlender knitwear:

- Omvisning

- Frå garn til ferdige produkt

+47 56 39 50 90

booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

УAловите свое
Ulleventyret«den magiske ulla» - frå sauen til ferdig moteplagg Pris frå kr. 565.- per person Minstepris kr. 3.390.-
OSTERØYEVENTYRET
Ta kontakt for turopplegg og program.
УAловите свое
11

Kleiveland Gard – skatten ved vegs ende

Sjå føre deg korleis Askeladden spratt opp og slo hælene saman, i rein fryd over gilde rom og freistande bord! På attraktive Kleiveland Gard ved vegs ende er det eventyrleg godt å vera.

I den restaurerte og intime låven inviterer vertskapet til gjestebod, gilde og historieforteljing med god heimelaga og lokalprodusert mat. Her kan du kroa deg framfor peisen eller gjera som Askeladden og sleppe deg laus i livleg låvedans.

Det er lett å sjå føre seg at kongen sine langskip - i historisk tid - har glidd sakte langs mektige fjell og glitrande fosser i den magiske vestlandsfjorden.

I århundre har sjø og land bydd på fruktbare skattar for folket langs leia. Korleis ein fanga spretne laksestimar ved hjelp av det oppfinnsame reiskapet laksegilje og sitjenot, er eit eventyr i historia vår, og på Kleiveland vil vertskapet fortelja om lakseeventyret og bygdehistorie og ta deg med på båttur til ei av desse laksegiljene – om du ønskjer.

På Kleiveland Gard kan du finne ro og stille eller kjenna på den heftige gleda over godt selskap.

Sesong: mai-september. Produktpakke 1: historieforteljing, videovisning, kaffi og kake.

Produktpakke 2: Som pakke 1, men med lunchpakke med smakar av lokalmat og heimebakt brød.

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Pris kr. 275.- per person. Minstepris kr. 2.200.УAловите свое УAловите свое OSTERØYEVENTYRET 12
Pris kr. 350.-per person. Minstepris kr. 2.800.www.fjordslottet.no https://www.fjordslottet.no/ +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

Norlender

– over 90 år med

tekstilproduksjon

Frå garn til ferdige, stilfulle ullprodukt. «Ulleventyret» starta med ein Askeladd som hadde draumar på ein fjellgard på Osterøy. Strikkemaskin vart innkjøpt og plassert i kjellaren på heimegarden. Så lærte han og familienseg kunsten å produsera undertøy, først til dame, så til born og herre.

Dette gjekk bra og det vart oppført eit eige «fabrikklokale» på garden. Når dette vart for lite vart produksjonen flytta frå fjellgarden til eit moderne fabrikklokale som ligg idyllisk til ved fjorden i Hosanger. Bedrifta produserer i dag fine strikkeplagg til store og små.

Eit besøk med omvisning på denne bedrifta gjev forståing i korleis eit strikkeplagg vert til, frå garn til ferdig plagg, og du får høyra historien og humørfylte anekdotar. På fabrikkutsalget på Norlenderloftet kan du fornya garderoben med stilige ullprodukt

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

Pris etter avtale
OSTERØYEVENTYRET УAловите свое УAловите свое
www.fjordslottet.no
Ta kontakt for turopplegg og program.
https://www.fjordslottet.no/
13

Borge Motorsamling

– unik bilhistorie med kongelege veteranar

Borge Motorsamling har 17 køyretøy frå 1903 til 1986. No kan denne spesielle samlinga opplevast i utstillingslokala og/eller du kan få deg ein kongeleg køyretur.

Ola J. Borge fekk tidleg interesse for motorsyklar og bilar og starta si eksklusive bilsamling.

Kvart køyretøy har si eiga historie. To av juvelane i samlinga er frå det norske kongehuset. Lincoln 1931 var Kong Haakon sin representasjonsbil så lenge han levde og denne bilen var med filmen «Kongens nei, 3 dagar i april». Kong Olav sin første private bil, ein Lincoln 1927 modellsom han køyrde sjølv - er òg med i samlinga.

Bilmerke i samlinga:

Caddilac - Lincoln - Darracq - Rolls Royce - BentleyMercedes.

Motorsyklar i samlinga:

Harley Davidson - Brough Superior - Vincent - BMWVanderer - FN – ACE – Triumph – Tempo.

+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

УAловите свое

УAловите свое

Tidsrom: Omvisning heile året. Turkøyring april - okt .

Prisar: Turkøyring frå kr. 5.250.-

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

OSTERØYEVENTYRET
14

Veteranbiltur – med stil!

Opplev «Osterøyeventyret» med privatsjåfør og historiske veteranbilar.

Kjenn deg som Konge eller Dronning i eventyret med deg eller flokken din på eksklusiv tur for spennande oppdagingar rundt neste sving.

Frå den nasjonalhistoriske veteranbilsamlinga Borge Motorsamling og frå privat amcar samling kan vi no tilby ein heilt spesiell biltur og oppleving på Osterøy. (Sjå eige produktark om Borge Motorsamling og Lea am car). Det vil vera fleire alternative ruter å velja mellom – og om turen skal vera kort eller lengre.

I turen kan det leggjast inn besøk på unike attraksjonar som t.d. Borge Motorsamling, Osterøy Museum, Havråtunet, Ole Bull huset osv. eller ein spasertur på Kossdalsvegen eller Blomdalsvegen.

Prisar frå kr. 2.950.- per bil

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

УAловите свое OSTERØYEVENTYRET https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no УAловите свое 15
Ta kontakt for turopplegg og program.

Spektakulær veteranbiltur

Du trur du er på veg mot berget det blå. Så opnar eit spektakulært landskap seg. Kan du høyra huldra kviskra deg i øyra “Kom bli med meg…..?”

Huldra som i folkeeventyra lokkar folk bort og du såg dei aldri att. Men Osterøy-huldra ønskjer berre å visa deg naturperler frå fjord til fjell til fjord gjennom eit skiftande landskap.

Med bil/veteranbil eller minibuss går turen opp Herlandsvingane, du passerer Herlandsfossen kraftverk, Herlandsnesjane naturreservat, Storavatnet (kraftmagasin), ned Fossdalsvingane, før du på stig til fjells på nytt til Njåstad og får ei flott utsikt mot Osterøyfjella i nord.

Gjennom den vakre Bruvikdalen som ligg framføre deg, har du tilgang til ulike fjellturar, der utsikta frå toppane når langt utover Osterøy sine grenser.

Vegen ned fjellsida til den vakre Bruvikbygda ved Sørfjorden er spektakulær – og er Trollstigen i litt mindre format, men med ei svært vakker fjordutsikt som du no finn få plassar på Vestlandet.

Spesielt vakkert er det når snøen framleis ligg på fjelltoppane som speglar seg i den blanke fjorden.

Turen kan vidareførast til Ole Bull huset, Hamre kyrkje og vidare til Osterøy Museum.

+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/

УAловите свое

Pris frå kr. 3.000.- per bil

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

OSTERØYEVENTYRET
– ei køyrerute som kan måla seg med det beste Vestlandet har å by på
www.fjordslottet.no
свое 16
Ta kontakt for turopplegg og program.

Fjordcruise i Indre Osterfjorden

– i ein av dei flottaste fjordlandskapa på

Vestlandet

Ei opplevingsreise i denne fjorden er ei reise i fjordafolket si historie frå vikingetid og fram til i dag. Her får du høyre historia om fjorden som viktigaste ferdsleveg, om fjordbonden og folket som budde langs fjorden, laksefiske med not og laksegilje, sandfarten på Osterfjorden -, veglause grender, mektige fossar og ville fjell. Osterfjorden som har skapt poesi og tonar gjennom visene «Singel og sand» og «Dar kjem dampen».

Den lokalkjente skipparen og guiden Tore ønskjer oss velkommen om bord i M/B Ospenes - den vesle rutebåten som er livsnerva for veglause gardar langs fjorden. Som einaste stad i verda vil du få sjå og høyre om laksegiljene som i dag står som unike byggverk og kulturminne frå tida då laksefiske var eit fiskeeventyr langs fjorden og i elva Vosso.

Du kan velje om båten skal gå til vakre Hesjedalsfossen med eit 70 m høgt fall eller til den 7000 år gamle steinalderbuplassen Skipshelleren ved Straume.

Ei spesiell turoppleving: Minibuss frå Fjordslottet den spektakulære vegen til Bruvik, der båten tek deg gjennom det flotte fjordlandskapet tilbake til Tyssebotn.

УAловите свое

Båten går i rute frå Tyssebotn mandag, onsdag, fredag og søndag.

Tur i rute kr. 550.-

Tyssebotn - Hesjedalsfossen – Tyssebotn kr. 9.800.-

Tyssebotn - Skipshelleren - Tyssebotn kr. 12.320.Bruvik – Tyssebotn kr. 14.000.Laksegiljene kr. 4.200.-

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Er du heldig, kan du få prøve fiskelukka på turen og få smake på den lokale og røykelaksen.
OSTERØYEVENTYRET УAловите свое 17
https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no
Ta kontakt for turopplegg og program.

– ein av dei flottaste fjordlandskapa på Vestlandet

Ei opplevingsreise i denne fjorden er ei reise i fjordafolket si historie frå vikingetid og fram til i dag. Her får du høyre historia om fjorden som viktigaste ferdsleveg, om fjordbonden og folket som budde langs fjorden, laksefiske med not og laksegilje, sandfarten på Osterfjorden -, veglause grender, mektige fossar og ville fjell. Osterfjorden som har skapt poesi og tonar gjennom visene «Singel og sand» og «Dar kjem dampen».

Den lokalkjente skipparen og guiden Atle ønskjer oss velkommen om bord i MK «Erkna» - skuta bygt i 1907 har ein lang og spennande historie. Båten er 5 år eldre enn Titanic«and still Floating.»

Ombord kan du nyta lyden av ein god gammal Callesen motor.

MK «Erkna» gjorde i 1942 ein tur over Nordsjøen i storm med 60 flyktningar. Kaptein Atle Remøy fortel også historen om denne stolte skuta. Han har lang fartstid på sjøen som kaptein i utanriksfart.

Som einaste stad i verda vil du få sjå og høyre om laksegiljene som i dag står som unike byggverk og kulturminne frå tida då laksefiske var eit fiskeeventyr langs fjorden og i elva Vosso.

Mogeleg med grilling på dekk. Kaffi og te vert servert på turen.

Leige av MK "Erkna" - dagstur (3 - 7 t) kr. 10.990.-

Er du heldig, kan du få prøve fiskelukka på turen og få smake på den lokale og røykelaksen.

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

Fjord - eller fisketur med veteran – båten MK «Erkna» i Osterfjorden
УAловите свое OSTERØYEVENTYRET https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no свое 18

Dronninga på Osterfjorden – DS «Oster»

«Gamle Dampen» gjev deg ei spesiell og unik historisk oppleving og er i dag «ein levande legende».

DS «Oster» er ein dampdriven fjordabåt som gjekk i rute mellom Bergen og Osterfjorden som kombinert passasjer og lastebåt.

Båten vart bygt i 1908 og skroget skulle tola isbryting i indre Osterfjorden. Båten har ein lang og spennande historie, og var under krigen under både norsk og tysk kommando. Vart i 1965 ombygd til dieseldriven fraktskute, men vart i 1996 kjøpt av Nordhordland Veteranbåtlag og døypt på nytt til «Oster» - eit verneverdig skip.

Båten vart restaurert og tilbakeført til utsjånad før 1964 og gjekk frå frakteskute til veteranskip.

Ei reise på Osterfjorden er ei spesiell oppleving i ei historisk ramme. Kva med å ta «Brudeferden på Osterfjorden» med denne flotte skuta?

Pris fra kr. 20.000.+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

УAловите свое 19

Ta kontakt for turopplegg og program. OSTERØYEVENTYRET УAловите свое УAловите свое https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

Laksegiljene i Osterfjorden – ei unik natur – og kulturoppleving

УAловите свое Laksefiske med gilje og sitjenot var ei viktig næring på gardane i Indre Osterfjorden fram til 1993. I dag er dette fisket freda. Dei to laksegiljene på Askildneset er nyrestaurerte med mellom anna støtte frå Kulturminnefondet.

I dag står giljene og overnattingshyttene fram som viktige kulturminne om tida då det vart fiska mykje villaks i fjordane rundt Osterøy. Denne fiskemetoden var eineståande i heile verda. Osterfjorden vert i dag omtala som laksefjorden og er spesielt nemd som ein viktig del av Nordhordland UNESCO biosfæreområde.

Fjordslottet Hotell tilbyr opplevingstur til laksegiljene.

På Kleivand Gard vert du ønskt velkommen til å høyra historieforteljing og videovisning om om den spesielle fangstmetoden med laksegilje og sitjenot.

Etter etter eit smakfullt måltid med lokal mat og heimebakt brød går turen vidare med guide til Kleiveland kai og skyssbåten MB "Ospenes" til omvisning på ei av dei nyrestaurerte laksegiljene.

Etter omvisning går turen tilbake til Kleiveland kai.

Kr. 750.- per person Minstepris kr. 4.950.-

Heile opplevinga varer ca. 2 1/2 time. Pakkepris historieforteljing, videovisning, lunchpakke båttur med guide.

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

OSTERØYEVENTYRET
https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no свое 20

Hamre kyrkje

Kyrkja som står på Hamre i dag er eit lafta tømmerbygg frå om lag år 1600. Men kyrkjestaden går tilbake til tidleg mellomalder. I 1024 blei det bestemt på Mostratinget at Hamre skulle vera hovudkyrkje for Nordhordland.

Så det har vore to stavkyrkjer før denne vi har i dag. Den første stod frå tidleg 1000-tal fram til om lag 1160, og den andre fram til etter reformasjonen. Alterstaden har vore den same i alle kyrkjene, og det gamle steinalteret kan vi sjå gjennom ei glasplate som er montert opp. Kyrkja er rik på inventar både frå katolsk tid og seinare.

Vi kan nemna døypefonten i kleberstein frå om lag 1250, eit alterskap laga i Lubeck ca 1490, altertavle frå 1622, preikestol datert 1640. Midt på 1600-hundretalet blei kyrkja dekorert innvendig på vegger og i tak, og ein del av dekoren finns framleis. I våpenhuset heng ein stavkyrkjeplanke med runeinnskrift.

Omvising i kyrkja etter avtale. Prisar kr. 50.- per person minstepris kr. 400.-

Ta kontakt for turopplegg og program.

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

+47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

OSTERØYEVENTYRET
22

Eit imponerande byggverk i stein. Lyser i landskapet som Soria Moria slott i nattemørket, og grå og vakker om dagen. Herlandsfossen kraftverk byr på ei over 100 år gammal eventyrleg krafthistorie.

Tidlegare hadde kraftstasjonane røyrgater utanpå fjellsidene. Som den første kraftstasjon i landet, vart vatnet her ført fram til turbinane gjennom trykksjakter og over ein to kilometer lange trykktunnel.

Arbeidet vart gjort med handamakt – ein utruleg slitsam og farleg jobb - og på det meste var over 400 mann/rallarar i arbeid. Mange kom frå Sverige. Medan guiden serverer fakta, prøv å sjå føre deg arbeidet som desse folka gjorde inne i fjellet. Kanskje kan du i ditt indre øyra fanga opp lyden av taktfaste sleggjeslag på boret?

Kraftstasjonen som stod ferdig i 1919, teikna Arent Greve etter modell av Rosenkrantztårnet i Bergen. Eit arkitektonisk praktstykke, som i kulturvernåret 1992 vart peika ut som kommunen sitt kulturminnebidrag.

Takka vera framsynte og dristige menn som realiserte planane om Herlandsfossen kraftverk, fekk ostringane oppleva krafteventyret tidleg.

Ved sida av, ligg den meir moderne og tidsmessige stasjonen – også den i lokal gråstein. Den stod ferdig i 1995, same året som gamlestasjonen fekk status som museum.

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no +47 56 39 50 90 booking@fjordslottet.no УAловите свое
kraftverk – pionerprosjekt og eventyrleg vannkrafthistorie
Herlandsfossen
Pris med guide frå kr. 60.- per person Minstepris kr. 600.- Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.
OSTERØYEVENTYRET свое 24
Ta kontakt for turopplegg og program.

Osterøy Museum

ei spennande og levande skattkiste

Osterøy Museum er eit friluftsmuseum bygt opp med gamle og nyare hus i eit fint tun.Det eldste huset kan vera frå tida før svartedauden, og det nyaste er ei skulestove frå 1922.

Museet viser levemåten, levande handverkstradisjonar og lokal byggjeskikk på Osterøy og i Nordhordland – kalla for strilelandet.

Eit moderne museumsbygg inneheld samlingar og utstillingar, og vert nytta til foredrag, kåseri og konsertar. Museet gjev innføring og kunnskap i å forstå utviklinga frå tidlegare tider og fram til i dag i vår region nord for Bergen.

Museet sine rike samlingar er grunnlag for samarbeid med forskarar, kunstnarar og designarar.

Spesielle tema:

- tekstil og drakthistorie.

- oppstadveven.

- byggjeskikk og bygningshandverk.

- småindustri (frå handverk til industri

- Osterøy «småindustriens Mekka»)

УAловите свое

УAловите свое

Omvisning - 100.- kr per person med kaffi og stompakake - 150.- kr per person Minstepris kr. 1.000.-

Vi kan lova deg ei eventyrleg oppleving du seint vil gløyme.

OSTERØYEVENTYRET
25
www.fjordslottet.no
booking@fjordslottet.no
Ta kontakt for turopplegg og program.
https://www.fjordslottet.no/
+47 56 39 50 90

NONSMAT (......?) PÅ MUSEET

Besøk Osterøy museum til «Nonsmat» - eit autentisk møte med lokale mattradisjonar.

Langbordet er dekka:

Vi smakar oss gjennom fleire hundre år og et «nonsmat» kring langbordet. Ferskt heimelaga grovbrød med plommesylte, stompekake med sirup, eller geitost gjer dette til eit godt måltid i unike omgjevnadar.

Vi sit tett kring langbordet og deler måltidet slik folk har gjort i mange hundre år. Verten guidar oss gjennom maten og dei ulike smakane. Kanskje deler vi alle forteljingar og opplevingar vi har med oss?

Måltidet er ei historisk vandring gjennom måltidsog mattradisjonar frå Strilelandet. Vi får smake på graut og brød slik det kunne har vore servert til «nonsmat»- måltidet i tidlegare tider og langebrød med sirup, som var vanleg på 1900-talet.

Nysteikt grovbrød og stompekaker, med godt heimelaga pålegg, gjer dette til eit fullverdig måltid.

Praktiske opplysningar: Det er varme i stova. På kalde dagar fyrer vi i vedomnen.

Brødmaten vil innehalde gluten.

Måltidsopplevinga let seg godt kombinere med besøk i museet sine utstillingar, omvising i museumstunet, (billett kjem i tillegg) eller vandring på Kulturstien på Gjerstad (fritt tilgjengeleg).

Pris kr 450.-

Tidspunkt: dagtid måndag til fredag, eller etter avtale.

Min 8 pers. /eller minstepris kr. 3.600.- Maks 22

HISTORISK KULTURVANDRING I KVELDS- OG NATTEMØRKE MED ELLER UTAN MÅNESKIN

I kulturlandskapet på Gjerstad kan vi vandre gjennom fleire tusen år med spor etter levd liv. Langs med dei gamle ferdsleårene er det lagt gravhaugar og gravfelt frå førhistorisk tid, ved kyrkja ligg våre gravminne frå i dag og i museumstunet finn vi spor som fortel om forestillingar om liv og død, og tradisjonar som var ein del av det daglege livet i tidlegare tider.

Vi skal oppleve den trolske stemninga i mørknet langs kulturstien og i museumstunet, helst med måneskin.

Vi kan servere varm drikke og stompakaker ved bålpanna ute langs med stien, eller i museumstunet etter vandringa.

Pris kr 350.- per person

Minstepris kr. 3.500. - inkl varm drikke, stompekaker.

Maks 25 pers.

DEN MAGISKE ULLA –fokus på tekstilsamlingane og bruk av ull. Kan knytast saman med omvisning på museet. Ulla frå den norske spælsauen er ein av dei viktigaste faktorane for at forfedrane våre utvikla livskraftige samfunn i våre deler av verda.

Gjennom fleire tusen år har menneska her bygt kunnskap om korleis dei på best måte kan nytte ulla til vern, varme, eller til store segl på havgåande skip. På museet blir du kjend med nokon av forteljingane om den magiske ulla og den levande kulturarven vi forvaltar.

Ca 1 time med foredrag og vandring i utstillingen. Kan også forlengast med praktisk demonstrasjon, evt workshop.

SKAPANDE KREFTER – levande tradisjonar

Kan knytast saman med omvisning. Fokus på handverkstradisjonar på Osterøy og korleis tradisjonell bruk av lokale materialar har skapt levande handversktradisjonar og lokale uttrykk i tre og tekstil.

Ca 1 time med foredrag og vandring utstillinga. Pris kr 180.- pr. pers/ Minstepris kr. 2.000.Min 10 stk, maks 40

+47 56 39 50 90

booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/

OSTERØYEVENTYRET
www.fjordslottet.no
26

Kva er det som gjer at Askeladden får suksess?

Kva kan vi læra av han? Kva kjenneteikar han?

1. Han har for vane å vera nyssgjerrig.

2. Han har for vane å hjelpa andre.

3. Han vågar prøva på det andre ikkje trur er mogleg

4. Han har eit meget godt sjølvbilete.

5. Han er gjennomgåande positiv.

Enkelt forklart er dette nøkkelen til suksess.

«Lær deg at din suksess er det du som lagar. Lev så som Askeladden, lukkeleg, alle dine dagar.»

Kursavgift kr. 3.500,- pr. person Minstepris kr. 28.000.-

Korleis du har for vane å tenkja og kva du har for vane å gjera er faktisk det som bestemmer kva resultat du får. Det er det som skil dei som får suksess frå dei som strevar med dei same utfordringane, år etter år, og som ikkje oppnår suksess.

«Suksess er 95 % mindset!» - og det kan lærast.

Det gjeld å finna ut kva tankesett ein faktisk har og kva vanar ein treng å leggja til. I løpet av to kursdagar på Fjordslottet (eller på Askeland Gard) får du læra korleis dette heng saman og kva du kan gjera for å endra dine vanar så du kan skapa akkurat det du drøymer om.

Kurset er med inspirasjonsartist og mentor Linda Fosse.

Ho er ei av dei få i landet som er sertifisert konsulent hjå Proctor Gallagher Institute i USA, og har hatt sjølvaste Bob Proctor til mentor.

Bob Proctor (1934 - 2022) vart for mange kjent då filmen «The Secret» gjekk som ein farsott verda over i 2006. Han har via heile sitt vaksne liv på å hjelpa millionar av mennesker over heile verda til å skapa det livet dei drøymer om. No er det din tur.

Ved å ha eit rett tankesett og ei riktig innstilling til livet får du og suksess, - slik som Askeladden.

+47 56 39 50 90

booking@fjordslottet.no

https://www.fjordslottet.no/ www.fjordslottet.no

УAловите свое УAловите свое OSTERØYEVENTYRET 27

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.