Naturfag for 5. trinn All kunnskap vi har i dag, kjem av at nokon har stilt spørsmål og undra seg over verda rundt seg. I Undrelaboratoriet snur vi kompetansemåla i læreplanen til forskarspørsmål. Her får du bruke nysgjerrigheita di som ei drivkraft til å finne ny kunnskap, med utgangspunkt i forskingsspørsmål som angår deg.
I Undrelaboratoriet oppmuntrar vi deg til å ta vare på nysgjerrigheita di og halde fram med å stille spørsmål om verda rundt deg.
UNDRELABORATORIET
Har du nokon gong lurt på kva som eigentleg skjer i kroppen din når du blir sint? Eller kva papirfly som flyg lengst? Kanskje du har undra deg over korleis det ville vere å bu på Mars? I denne boka skal du mellom anna få lære kva forsking er, og korleis det er å jobbe som ein forskar. Og ikkje minst: Du får undre deg og undersøkje problemstillingar saman med andre.
Boka er utarbeidd i samarbeid med Nysgjerrigper, Noregs Forskingsråd sitt tiltak for barn og unge.
Nynorsk
ISBN: 978-82-11-04527-0
Nynorsk
UNDRELABORATORIET
Birthe Hodnekvam • Knut Herland • Ingvild Christine Lysen
eoar, id v t n e im r e p s k e k Utfors imasjonar n a g o r a lm fi r a k s for toriet a r o b la e r d n U i a til emn no. på nysgjerrigper.