SVAR – slik løyser du på oppgåver i rettslære er ein del av læreverket for rettslærefaget i vidaregåande skule. For å oppnå gode resultat i faget må fagkunnskapen materialisere seg i gode oppgåvesvar. SVAR viser korleis du kan svare på oppgåver ved bruk av juridisk metode, og inneheld mange oppgåver med kommenterte løysingsforslag. Boka har tre delar:
DEL II er ein fagspesifikk del med råd og tips til dei enkelte rettsområda. Denne delen inneheld oppgåver med løysingsforslag som tek føre seg typiske problemstillingar innanfor kjøpsrett, avtalerett, erstatningsrett, forvaltningsrett, menneskerettar, arverett, arbeids- og diskrimineringsrett og strafferett. DEL III handlar om både munnleg og skriftleg eksamen. Her finn du fleire døme på munnlege oppgåver med løysingsforslag, og du får løysingsforslag til skriftlege oppgåvesett. Læreverket for rettslære omfattar elles desse delane: • • • •
Rettslære 1 Rettslære 2 Nettressursar for elev og lærar Lovsamling
HASSE BERGSTRØM SVAR
DEL I er ein generell del om metode. Her blir det presentert ein grunnmodell for å svare på både praktiske og teoretiske oppgåver.
HASSE BERGSTRØM
SVAR Slik løyser du oppgåver i rettslære
NYNORSK
ISBN 978-82-11-04249-1
,!7II2B1-aecejb!
NN
HASSE BERGSTRØM
SVAR Slik løyser du oppgåver i rettslære
Copyright © 2020 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve / 1. opplag 2020 ISBN: 978-82-11-04249-1 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland Omslagsdesign ved forlaget
Spørsmål om denne boka kan du rette til Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00. Faks: 55 38 88 01 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
5
INNHALD
Slik brukar du boka ............................................................................... 9 Del I Generell del om metode 1 Grunnmodell for oppgåvesvar...................................................... 13 1.1 1.2 1.3 1.4
Problem ............................................................................................. 13 Drøfting ............................................................................................. 14 Konklusjon ......................................................................................... 18 Kort fortalt ........................................................................................ 19
Del II Spesiell del om dei ulike rettsområda 2 Kjøpsrettslege oppgåver ............................................................... 23 2.1 2.2 2.3 2.4
Typiske rettsspørsmål i kjøpsrettslege oppgåver ................................... 23 Sal av piano – lovval, mangel, heving, erstatning ..................................... 25 Lege kjøper TV – lovval, mangel på levering, risikoovergang...................... 33 Kjole rivna i saumen – mangel, heving og hevingsoppgjer ........................ 38
3 Avtalerettslege oppgåver .............................................................. 42 3.1 Typiske rettsspørsmål i avtalerettslege oppgåver .................................. 42
6
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
3.2 Kjøp av kontorstolar – bindande avtale.................................................. 44 3.3 Kjøp av hus – fullmakt, instruks ............................................................ 49 3.4 Sal av veteranbil – ugyldig avtale........................................................... 55
4 Erstatningsrettslege oppgåver .................................................... 60 4.1 Typiske rettsspørsmål i erstatningsrettslege oppgåver .......................... 61 4.2 Barn som skadevaldar – ansvaret til barn, ansvaret til foreldre, medverknad, lemping ............................................................................ 66 4.3 Skade under byggjearbeid – arbeidsgjevaransvar, ansvaret til arbeidstakaren, solidaransvar, medverknad, lemping ........................................... 73 4.4 Bil og barn gjer skade – ansvaret til barn, ansvaret til foreldre, bilansvar ... 82
5 Forvaltningsrettslege oppgåver ................................................... 88 5.1 Typiske rettsspørsmål i forvaltningsrettslege oppgåver ......................... 88 5.2 Avslag på søknad om å byggje vass-sportsenter – innsynsrett, klagerett, ugyldig vedtak, inhabilitet ..................................................................... 95 5.3 Avslag på søknad om bygging av ballbinge – inhabilitet, ugyldig vedtak.. 105
6 Menneskerettslege oppgåver .................................................... 113 6.1 Typiske spørsmål i menneskerettslege oppgåver ................................. 114 6.2 Kameraovervaking på skule – personopplysningar, menneskerettar ........ 116 6.3 Skule forbyr ansiktstildekking – menneskerettar, religionsutøving, heimelstolking.................................................................................... 121
7 Familierettslege oppgåver .......................................................... 126 7.1 7.2 7.3 7.4
Typiske rettsspørsmål i familierettslege oppgåver ............................... 126 Ektefelle arvar – felleseige, eineeige, sameige, gjeldsansvar ..................... 128 Deling av formue ved skilsmisse – likedeling, skeivdeling ...................... 132 Mindreårig som avtalepart – sjølvtente midlar, midlar til fritt rådvelde, legitimasjonsregelen, oppgjer ............................................................... 138
Innhald
8 Arverettslege oppgåver ............................................................... 143 8.1 Typiske spørsmål i arverettslege oppgåver.......................................... 143 8.2 Testamentet til Ole Vik – arveoppgjer med og utan testament, pliktdelar, minstearv til ektefellen, uskifte ............................................................ 146
9 Arbeids- og diskrimineringsrettslege oppgåver .................... 152 9.1 Typiske rettsspørsmål i arbeids- og diskrimineringsrettslege oppgåver 152 9.2 Tap av førarkort – oppseiing, avskil ..................................................... 155 9.3 Lesbisk jobbsøkjar – diskriminering, ulovlege spørsmål, oppreisning, erstatning ......................................................................................... 158 9.4 35-årsgrense på utestad – aldersdiskriminering, oppreisning, erstatning, straff ................................................................................................ 162
10 Strafferettslege oppgåver ......................................................... 166 10.1 Typiske spørsmål i strafferettslege oppgåver ...................................... 166 10.2 Ran av storkiosk – medverknad, forsøk, drap, forsett, naudverje.............. 172 10.3 Tjuveri av attgløymd jakke – tjuveri, hittegods, okkupasjon, heleri, forsett, aktløyse ................................................................................. 177 10.4 Slåstkamp med døden til følgje – drap, kroppskrenking, naudverje, tilrekneleg gjerningsperson, forsett ....................................................... 182
Del III Eksamensoppgåver 11 Om munnleg eksamen ................................................................ 189 11.1 Forskrifter om munnleg eksamen i vidaregåande skule ....................... 189 11.2 Utforming av tema/problemstilling ................................................... 190 11.3 Gjennomføring av munnleg eksamen ................................................. 191
12 Munnlege eksamensoppgåver ................................................. 192 12.1 Oppgåve A (rettslære 2) – mangel, retting, erstatning ........................... 193 12.2 Oppgåve B (rettslære 2) – erstatning, kontrollansvar, part i forvaltningssak, fullmakt, instruks ........................................................................ 198
7
8
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
12.3 Oppgåve C (rettslære 2) – stillingsfullmakt, inhabilitet.......................... 206 12.4 Oppgåve D (rettslære 1) – drap, kroppsskade, naudverje, tilrekneleg gjerningsperson, forsett, likedeling, skeivdeling, arv på grunnlag av ekteskap, uskifte ................................................................................ 213 12.5 Oppgåve E (rettslære 1) – forsøk på drap, kroppskrenking, kroppsskade, straffevilkåra, arveoppgjer, uskifte, testament, pliktdel, oppseiing, avskil... 218 12.6 Oppgåve F (rettslære 1) – arverett, uskifte, testament, verjemål, råderett, legitimasjonsregelen, kroppskrenking, kroppsskade, naudverje, forsett....... 226
13 Skriftleg eksamen........................................................................ 235 13.1 Eksamen våren 2017 – forbrukarkjøp, risikoovergang, erstatningsansvar, bilansvar, fullmakt, instruks, ugyldig avtale, heving av sivilt kjøp, mangel . 236 13.2 Eksamen vår 2019 – forbrukarkjøp, angrerett, erstatningsansvar, solidaransvar, lemping, medverknad, fri ferdsel, innmark, utmark, forureining, forsøpling......................................................................... 254
Vedlegg: Kjenneteikn på måloppnåing ........................................ 274 Stikkord ................................................................................................ 277
DEL I
GENERELL DEL O M Â M E TO D E
Denne delen inneheld generelle råd om oppgåveskriving. Alle juridiske utgreiingar byggjer på den same grunnmodellen: problem – drøfting – konklusjon. Først reiser du eit problem, så går du over i ei drøfting, og så endar du med ei form for konklusjon. Dette gjeld anten problemet er omfattande og generelt, eller avgrensa til eit krav eller ein påstand i ei konkret sak. Problemet i ei konkret sak lèt seg som regel formulere kort, ofte berre i éi setning: «Peder Ås er tiltalt for drap», «Kan Marte heve kjøpet?», «Er Ole erstatningsansvarleg?». Du gjer i prinsippet det same når du svarar på generelle, teoretiske oppgåver. Svaret skal starte med å forklare ei problemstilling, men her kan det vere nødvendig med ein del presiseringar og avgrensingar. Dersom du til dømes skal skrive ei utgreiing om arveretten til ektefellar, kan du velje å avgrense framstillinga mot arveretten til sambuarar, og mot reglane om skifte. Mykje av det same gjeld for ei teoretisk oppgåve om naudrett i strafferetten. Svaret på ei slik oppgåve bør ein innleie med å presisere og avgrense naudrett som eitt problem blant fleire straffridomsgrunnar. Drøftinga er alt du skriv mellom problemet og konklusjonen. Dersom du til dømes skal drøfte om Peder Ås skal straffast for drap, vil drøftinga innebere at du problematiserer alle vilkår som må vere oppfylte for eit slikt straffansvar. Du må kanskje stille spørsmål, drøfte og konkludere om naudverje, tilrekneleg sinnstilstand og forsett. Kvart av desse underproblema blir løyste etter same grunnmodell som hovudproblemet: problem – drøfting – konklusjon. Konklusjonen er svaret på problemet. I svar på praktiske oppgåver vil han vere svært kort: «Peder er skuldig i drap», «Kjøpet kan hevast», «Ole er erstatningsansvarleg». Ved svar på teoretiske oppgåver vil konklusjonen vere å slå fast kva reglar som gjeld for det problemet ein står overfor. Dette krev som regel meir enn ei setning eller to.
DEL II
SPESIELL DEL OM DEI U L I K E R E T TS O M RÃ… DA
Denne delen behandlar svar på oppgåver innanfor dei ulike rettsområda i læreplanen. Det kan vere store skilnader i kva som er typiske rettsspørsmål innanfor dei ulike rettsområda. Rettskjeldene ein må bruke i svara, varierer også noko frå rettsområde til rettsområde. I erstatningsretten kan rettspraksis og førearbeid spele ei større rolle for svaret, men på dei fleste andre rettsområda er lovteksten den viktigaste rettskjelda. Det er stort sett evna til å lese og tolke lovteksten som avgjer karakteren. Kvart rettsområde har ei innleiing om typiske rettsspørsmål i oppgåvene. Deretter viser vi eksempeloppgåver med kommentarar og løysingsforslag. Ver klar over at SVAR ikkje er ei vanleg lærebok som forklarer alt. Dersom omgrep og uttrykk ikkje har gode nok forklaringar, må du lese meir om dei i lærebøkene Rettslære 1 eller Rettslære 2. Kvart døme startar med «Identifikasjon av rettsspørsmåla i oppgåva». Dette er tankar og assosiasjonar som oppgåveteksten kan gje grunnlag for med sikte på å identifisere rettsspørsmåla. Føremålet med desse avsnitta er å leie deg gjennom den første gjennomlesinga av oppgåvene og kome fram til ein disposisjon for svaret. Marker gjerne med understreking eller markeringspenn der du får assosiasjonar til eit rettsproblem, eller set eit stikkord i margen (sjå dømet på side 27). Løysingsforslaga er nettopp det ordet fortel, nemleg forslag. Det er viktig at du er klar over at forslaget ikkje gjer krav på å vere den einaste sanninga. Det er ofte rom for anna vektlegging av argumenta og andre konklusjonar. Løysingsforslaga har kommentarar i margen. Dei gjev informasjon om kva forhold formuleringane har til grunnmodellen problem – drøfting – konklusjon, og forholdet til rettskjeldene. Det kan bli kommentert at noko bør vere med i svaret for ikkje å svekkje det, eller omvendt, at det ikkje nødvendigvis tel negativt at noko ikkje er med. Føremålet med kommentarane er at du skal kunne kjenne att bruken av juridisk metode i løysingsforslaga.
23
2 KJ Ø P S R E T TS L EG E O P P GÅV E R
Kjøpsrettslege oppgåver omfattar oppgåver som hovudsakleg føreset bruk av kjøpslova, forbrukarkjøpslova og angrerettlova. Det hender av og til at dei er kombinerte med avtalerett.
2.1
Typiske rettsspørsmål i kjøpsrettslege oppgåver
Kjøpsoppgåver inneheld som regel ein konflikt mellom ein kjøpar og ein seljar. Studer oppgåva nøye og finn formuleringar som viser krav og påstandar frå partane. Ofte står det klart og tydeleg at kjøparen til dømes vil heve kjøpet. I mange tilfelle krev kjøparen erstatning for meirutgifter ved kjøp av erstatningsvare hos ein annan seljar eller erstatning for reparasjonsutgifter. Oppgåva di er å identifisere desse krava og drøfte dei i tur og orden. Nokre oppgåver har ikkje formuleringar som klart og tydeleg skildrar det rettslege kravet. Det står til dømes at Peder Ås vil ha pengane tilbake. Utfordringa di er i så fall å sjå kva slags krav det dreier seg om. Er det eit krav om heving? Er det krav om prisavslag? Erstatning? I nokre tilfelle kan eit krav om pengar tilbake byggje på angrerett. Sjølv om oppgåva ikkje uttrykkjeleg seier at kjøparen ønskjer å nytte angreretten, er dette noko du likevel bør vurdere i lys av fakta i oppgåva. I mange tilfelle er angrerett
24
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
heilt uaktuelt, til dømes fordi vara er kjøpt på ein måte som ikkje gjev angrerett. Dersom du då nemner angrerett som ei problemstilling, bør du raskt avvise det. Bruk ikkje tid på problem som ikkje er reiste i oppgåva. Angrerett drøftar du berre dersom det kan ha noko føre seg.
Kjøpsrettslege oppgåver
2.3 Lege kjøper TV – lovval, mangel på levering, risikoovergang Denne oppgåva viser kva utfordringar det kan vere å identifisere rettsspørsmål. Ho er inspirert av ei eksamensoppgåve frå Universitetet i Oslo.
Oppgåve Eva er lege og driv privat praksis i Oslo. Ho bur i Ski sentrum. Ein dag besøkjer ho Elektrogiganten AS, som sel elektrovarer i Askim. Dei har eit utruleg gunstig tilbod på TV-apparat. Eva bestiller to apparat. Det eine kosta kr 12 000, og det andre kosta kr 8000. Det dyraste apparatet skulle ho bruke heime. Det andre skulle stå på venterommet i Oslo, der ho driv legepraksis. Apparata skulle etter avtalen bli leverte i løpet av 5 dagar. Sidan Elektrogiganten AS vanlegvis ikkje køyrer ut varer så langt som til Ski og Oslo, blei dei einige om at firmaet skulle sende varene med ein bodbil. Elektrogiganten AS tok derfor kontakt med Transportkjappen AS og avtalte med dei at TV-apparata skulle hentast på lageret i Askim og deretter transporterast til Ski og Oslo. Eva skulle dekkje transportkostnadene. På vegen blei bodbilen påkøyrd av ein buss, og varene blei totalskadde. Eva fekk melding om ulykka frå Elektrogiganten AS og samtidig ei rekning på kr 20 000. Eva nekta å betale rekninga fordi varene aldri blei leverte. Seljaren avviste denne motsegna og stod fast på kravet om at Eva hadde plikt til å betale rekninga. Eva sa ho ville heve kjøpet og truga med å kjøpe tilsvarande apparat hos Elkjøp ved Vinterbrosenteret i Ås, og at ho ville krevje at eventuelle meirutgifter blei erstatta. Elektrogiganten AS avviste også dette. • Drøft og løys dei rettsspørsmåla som er reiste i tvisten mellom Eva og Elektrogiganten AS. Ein eventuell tvist mellom ein av desse partane og bodfirmaet skal ikkje drøftast.
33
34
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
Identifikasjon av rettsspørsmåla i oppgåva Oppgåva opplyser at Eva er ein lege med privat praksis. Ho kjøper to TV-apparat. Det eine skal brukast heime, det andre på venterommet. Det er lett å sjå at vi er i kjøpsretten, men gjeld avtalen eit forbrukarkjøp eller eit næringskjøp? Eller er det begge delar? Førebels gjeld det berre å sjå eit problem. Vi skal ta stilling til det seinare. I andre til fjerde avsnitt får vi vite at varene blir sende med bodbil, etter avtale mellom seljaren og kjøparen. Bodbilen blir utsett for ei trafikkulykke, og varene blir totalskadde. Eva ville ikkje betale rekninga. Dette er altså eit spørsmål om Eva eller seljaren skal ha risikoen for varene då ulykka skjedde. I femte avsnitt sett Eva fram krav. Ho vil heve kjøpet og trugar med å kjøpe tilsvarande varer hos ein annan leverandør. Er dette eit hevingskrav på grunn av forseinka eller manglande levering, eller er det heving på grunn av mangel? Det rette blir å identifisere dette som eit spørsmål om manglande levering. Spørsmålet om kjøp hos ein annan leverandør er eit spørsmål om erstatning på grunn av den manglande leveringa.
Disposisjon Denne disposisjonen kan gje grunnlag for svaret: 1 Lovvalet Eitt forbrukarkjøp av to apparat, eller eitt forbrukarkjøp og eitt næringskjøp? 2 Eitt forbrukarkjøp • Hevingskravet • Erstatningskravet 3 To kjøp • Hevingskravet • Erstatningskravet
Kjøpsrettslege oppgåver
Løysingsforslag med kommentarar Problem
Lovvalet
Skal kjøpsavtalen reknast som eitt eller to kjøp? Begge løysingane er akseptable, og begge vil bli drøfta.
Det første spørsmålet gjeld lovvalet. Seljaren er næringsdrivande, men spørsmålet er om Eva er forbrukar etter forbrukarkjøpslova § 1. Ein forbrukar er etter lova ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd. Eva er rett nok ein fysisk person, men har ho «hovudsakleg» handla i næringsverksemd eller som privatperson?
Problemet blir presisert.
Kjøpsavtalen gjeld to TV-apparat. Det eine skal brukast privat, og det andre skal brukast i næring. Spørsmålet blir om dette er eitt eller to kjøp.
Drøfting
Ser vi dette som eitt kjøp av to apparat, handlar ho ikkje hovudsakleg som ledd i næringsverksemd, fordi verdien av det private føremålet er større enn verdien av næringsføremålet. Konsekvensen blir i så fall at begge apparata er kjøpte innanfor ein forbrukarkjøpsavtale, og at eventuelle tvistar skal løysast etter forbrukarkjøpslova, uansett kva apparat tvisten gjeld.
Då ei tilsvarande oppgåve blei gjeven til eksamen ved UiO, blei begge løysingane aksepterte av sensorane.
Ser vi det derimot som to kjøp, eitt forbrukarkjøp og eitt næringskjøp, blir lovvalet avhengig av kva apparat det blir reklamert på. Dersom det blir reklamert på begge kjøpa, slik som i dette tilfellet, kan løysingane bli ulike for dei to kjøpa. Den same gjenstanden kan bli kjøpt til delte føremål, til dømes når ein drosjeeigar kjøper ein bil som dels skal brukast privat og dels til drosjekøyring. Liknande døme kan vi konstruere for andre produkt, til dømes ved kjøp av mobiltelefon. Det er den hovudsaklege bruken som avgjer om kjøp av gjenstandar med delt føremål skal reknast som forbrukarkjøp eller næringskjøp.
35
36
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
Det same bør gjelde når fleire gjenstandar med kvart sitt føremål er kjøpte innanfor den same avtalen. Eg går ut frå at Eva hovudsakleg har handla som forbrukar og ikkje som næringsdrivande, fordi det apparatet som skulle brukast privat, hadde høgast pris. Kjøpet Konklusjon
som heilskap er derfor eit forbrukarkjøp der tvistar skal løysast på grunnlag av forbrukarkjøpslova. Eitt forbrukarkjøp Vi går ut frå at det er snakk om eitt forbrukarkjøp av to TV-apparat. Hevingskravet
Problem – formulerer det som eit spørsmål om risikoovergang. Det er ingen grunn her til å gå inn på § 23 (hevingsregelen) og spørsmål om rimeleg tilleggsfrist.
Eva har heva kjøpet på grunn av manglande levering. Det er ein
Drøfting
§ 7, altså når forbrukaren tek over vara. Det er likevel unntak for
Her ligg kjernespørsmålet i oppgåva. Ver grundig i dei viktigaste spørsmåla.
visse sendekjøp etter § 14(4) andre setning. Dersom forbrukaren
føresetnad for kravet at seljaren hadde risikoen då ulykka skjedde. Dette blir derfor eit spørsmål om risikoovergang. Risikoen er regulert i forbrukarkjøpslova § 14. Risikoen går etter hovudregelen over til forbrukaren når vara er levert i samsvar med
har gjeve fraktføraren transportoppdraget, kan risikoen gå over ved levering til fraktføraren. I vårt tilfelle var det seljaren som gav fraktføraren transportoppdraget, og då gjeld hovudregelen. Risikoen går over når forbrukaren har fått vara fysisk, jf. § 14(4) første setning. Det har ikkje skjedd, og risikoen for vara skal derfor plasserast hos seljaren.
Konklusjon
Eva kan heve kjøpet.
Kjøpsrettslege oppgåver
Problem
Erstatningskravet Neste spørsmål blir om Eva kan krevje erstatning for meirutgifter til dekningskjøp etter at kjøpet er heva.
Drøfting
Erstatningsansvaret til seljaren byggjer på § 24. Etter denne føresegna har han kontrollansvar. Årsaka til forseinkinga er uhellet med bodbilen. Sjølve årsaka er utanfor seljaren sin kontroll, men han kan ikkje fritakast for ansvaret dersom han kan overvinne følgjene av forseinkinga. Det kan seljaren lett gjere ved å sende nye apparat. Sidan seljaren nektar å levere på nytt, får han erstatningsansvar. Kva som skal erstattast, går fram av §§ 52–54. Erstatninga skal etter § 52 omfatte tapet til Eva, og det er prisskilnaden mellom avtalt pris og det ho blir nøydd til å betale for tilsvarande apparat frå ein annan leverandør. Sidan Eva endå ikkje har gjort eit dekningskjøp, skal tapet reknast ut etter § 53(2). Tapet er differansen mellom «gjengs pris» på tilsvarande apparat og den avtalte prisen. Som
Konklusjon
gjengs pris kan ein bruke vanleg marknadspris. Eva får medhald i erstatningskravet.
Dette er ei subsidiær drøfting. Den prinsipale drøftinga ovanfor føresette eitt kjøp.
To kjøp Dersom vi går ut frå at Eva har inngått to avtalar, ligg det føre eitt forbrukarkjøp og eitt næringskjøp for det billegaste apparatet. Næringskjøpet skal løysast etter kjøpslova av 1988. Etter § 13 i denne lova går risikoen over ved levering til fraktføraren. Uhellet skjedde derfor etter at kjøparen tok over risikoen for det billegaste apparatet. Eva må derfor betale kjøpesummen, kr 8000. Eva kan heve forbrukarkjøpet. Forpliktinga til å betale kjøpesummen på kr 12 000 fell bort. Ho kan krevje erstatning for meirutgifter til dekningskjøp for dette apparatet.
37
Menneskerettslege oppgåver
6.3 Skule forbyr ansiktstildekking – menneskerettar, religionsutøving, heimelstolking Det er så langt ikkje gjeve eksamensoppgåver med dette som tema, men problemstillinga har fått rettsleg interesse fordi opplæringslova har fått ei ny føresegn i § 9-7 med forbod mot klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet. Ei oppgåve om dette kan til dømes vere utforma slik:
Oppgåve Ein skule vedtek ein ny regel i skulereglementet som der det blir fastsett forbod mot tildekkjande religiøse plagg: Det er forbode for elevane å bruke religiøse klesplagg som nikab, burka, hijab og turban i skuletida. Skulen meiner å ha rett til dette etter at opplæringslova av 17.7.1998 fekk denne føresegna med verknad frå 1. august 2018: § 9-7 Forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet Elevar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet a) i undervisninga og vurderingssituasjonar … Fleire elevar, mellom andre Astrid Ås, som brukar hijab, og Lars Holm, som brukar turban, protesterer mot det nye skulereglementet. Dei hevdar at skulereglementet ikkje er gyldig fordi det ikkje har heimel i opplæringslova § 9-7. Dei hevdar også at både skulereglementet og opplæringslova § 9-7 strir mot fundamentale menneskerettar. • Drøft og avgjer om skulereglementet er i strid med menneskerettane. • Drøft og avgjer om det nye skulereglementet har heimel i opplæringslova § 9-7.
121
DEL III
E KS A M E N S O P P GÃ…V E R
Eksamensforma i rettslære 2 er anten skriftleg eller munnleg. I rettslære 1 er eksamensforma berre munnleg. I denne delen av boka finn du generell informasjon og tips til både munnleg og skriftleg eksamen. Vi viser seks døme på førebuingsdokument til munnleg eksamen der vi skildrar innhald i presentasjonar og gjev nokre døme på aktuelle oppfølgingsspørsmål. Døma er valde slik at dei demonstrerer variasjonar i form og innhald. Under dei skriftlege oppgåvene er det valt ut to eksamensoppgåvesett. Desse har gjennomgang av førebuingsdokumenta og konkrete løysingsforslag med kommentarar.
Munnlege eksamensoppgåver
12.1 Oppgåve A (rettslære 2) – mangel, retting, erstatning Dette oppgåvesettet inneheld ei større praktisk oppgåve som er henta frå ein sentralt gjeven skriftleg eksamen. Det kan vere ei utfordring å avgrense presentasjonen til berre 10 minutt. I tillegg til presentasjonen blir det gjeve ei teoretisk oppgåve om erstatningsansvaret til barn og foreldre. Denne oppgåva er gjeven for at ramma for eksaminasjonen ikkje skal bli for smal i forhold til kravet i læreplanen om å dekkje så mange kompetansemål som mogleg.
Oppgåve • Du skal presentere eit løysingsforslag til den praktiske oppgåva nedanfor. Presentasjonen skal ikkje vare i meir enn 10 minutt. • Etter presentasjonen blir du stilt spørsmål med utgangspunkt i presentasjonen og oppgåva elles. • I tillegg blir du stilt spørsmål om erstatningsansvaret til barn og foreldre. • Om nødvendig kan du bli stilt kva spørsmål som helst innanfor læreplanen.
Praktisk oppgåve: Line kjøper eit akvarium frå Akvariespesialisten AS 14. april. To veker seinare oppdagar Line at akvariet må ha ein lekkasje. På bordet der akvariet står, har det samla seg vatn på storleik ein tikroning, så lekkasjen er tydelegvis ikkje stor. Ho undersøkjer akvariet og oppdagar at det er ein liten lekkasje i skøyten i det eine hjørnet. Neste dag dreg ho til Akvariespesialisten og får snakke med butikksjefen. Ho fortel om lekkasjen. Butikksjefen beklagar dette. Han sørgjer for at lekkasjen blir reparert seinare på dagen. Måndag 12. september kjem Line heim etter ei langhelg i Stockholm. Ho oppdagar at det igjen har samla seg vatn på akvariebordet. Ho dreg til Akvariespesialisten same dag og fortel at akvariet har begynt å leke igjen. Butikksjefen beklagar det som har skjedd, og seier at lekkasjen skal bli reparert med ein gong. Han lovar at ho ikkje skal få fleire problem med akvariet. 15. januar 2012 oppdagar Line at akvariet nok ein gong har begynt å leke. Ho kontaktar butikksjefen i Akvariespesialisten med ein gong og fortel om
193
194
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
lekkasjen. Line seier at ho vil ha tilbake pengane ho har betalt for akvariet og fiskane. Butikksjefen avviser dette. Han meiner at feilen er så bagatellmessig at han ikkje kan gje grunnlag for kravet om å få pengane tilbake. Uansett har ho ikkje krav på å få tilbake pengane for dei fire fiskane, for dei er det ikkje noko gale med. Han hevdar at han framleis har rett til å reparere lekkasjen. Butikksjefen seier også at han nyleg har vore på eit kurs om forbrukarrettar. Der lærte han at dersom det oppstår ein mangel seinare enn seks månader etter at risikoen for ei vare gjekk over frå seljaren til kjøpar, er det kunden sitt problem. Kravet frå Line er derfor uaktuelt også av denne grunnen. • Drøft dei rettslege problema oppgåva reiser.
Disposisjon Det er viktig at løysingsforslaget blir presentert ryddig og oversiktleg. Lag først ein stikkorddisposisjon for løysinga, til dømes slik: 1 Lovvalet – Seljaren opptrer i næringsverksemd. – Line er forbrukar. 2 Krav om heving – Sein reklamasjon? § 27 – Heving pga. mangel, § 32 • To rettingsforsøk, § 29(3) • Mangel etter § 16, jf. § 15(2) bokstav b • Mangel til stades ved kjøpet, § 18 – seksmånadersfristen • Ikkje uvesentleg mangel, § 32 3 Konklusjon – Medhald – Med eller utan fisk?
Munnlege eksamensoppgåver
Presentasjon Denne presentasjonen kan ta utgangspunkt i tre lysbilete, eitt for kvart hovudpunkt, dersom du vel lysbiletpresentasjon. Du kan også velje ei enkel munnleg utgreiing utan elektroniske hjelpemiddel. Vis lysbilete nr. 1 og forklar problemet: forbrukarkjøp eller sivilt kjøp. Vis til rettsgrunnlaget i forbrukarkjøpslova § 1 og fortel kvifor det ikkje er tvil om at kjøpet er eit forbrukarkjøp. Konstater at seljaren opptrer i næringsverksemd, og at kjøparen er forbrukar. Ha forbrukarkjøpslova oppslått på pulten, og fortel kva paragrafar du brukar. Du vil derfor løyse oppgåva på grunnlag av forbrukarkjøpslova. Ikkje bruk lang tid på dette, fordi dette er enkle og klare problemstillingar. Vis lysbilete nr. 2 og forklar at spørsmålet om heving kan drøftast på to ulike rettsgrunnlag: sein reklamasjon etter § 27 eller mangel på grunnlag av § 32. Oppgåva har nokre opplysningar som kan tyde på at seljaren meiner det var for seint å reklamere i januar når kjøpet fann stad i april året før. Det har jo gått over ni månader frå kjøpet fann stad, til hevingskravet blei sett fram. Det blei likevel reklamert nøytralt i rimeleg tid kvar gong feilen blei oppdaga. Dessutan er det truleg ei absolutt reklamasjonstid på fem år her. Forklar kvifor. Konstater at det er reklamert i tide etter § 27. Gå vidare til rettsgrunnlaget for heving, § 32. Seljaren kan avverje hevingskrav ved å tilby retting, jf. § 29(3). Seljaren har hatt to rettingsforsøk. Det følgjer då av § 30(2) at retting som hovudregel ikkje lenger kan avverje heving. Det ligg ikkje føre nokon «særlige grunner» for fleire rettingsforsøk. No er det tid for å drøfte hevingskravet. Heving krev at det finst ein mangel etter § 16, jf. § 15(2) bokstav b. Vis til desse paragrafane og fortel at forbrukaren må kunne forvente at eit nytt akvarium er vasstett. Akvariet har utan tvil ein mangel, og det er heller ikkje tvil om at mangelen er «ikke uvesentlig». Utsegna frå seljaren om at mangelen oppstod etter at det hadde gått seks månader, bør kommenterast. I dette tilfellet er det klart at mangelen første gong viste seg eit par veker etter kjøpet. Forklar at seljaren, som har gått på kurs, har misforstått § 18. Vis lysbilete nr. 3 og konkluder med at Line kan heve kjøpet. Problemet no er om hevingskravet også skal omfatte fiskane. Det viktigaste er at du reiser problemet. Det kan vere delte meiningar om løysinga. Dersom du legg vekt på at alt blei kjøpt samtidig, kan ein hevde at begge partane såg fiskane som ein del av akvariet. Alt
195
196
SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære
blei kjøpt innanfor den same kjøpsavtalen, og fiskane vil døy dersom dei ikkje har eit akvarium å symje i.
Munnleg høyring Du er i mål med presentasjonen. Det er no opp til sensorane korleis dei vil stille spørsmål som tek utgangspunkt i presentasjonen. Kanskje vil dei spørje om Line kunne levert akvariet til ein verkstad og deretter kravd erstatning for reparasjonsutgiftene? Utfordringa di blir i så fall å finne fram til forbrukarkjøpslova § 33 og fortelje at ho har ein regel om objektivt seljaransvar. Reparasjonsutgifter kan vere eit tap som forbrukaren er påført som følgje av at tingen hadde ein mangel (som seljaren ikkje klarte å reparere på to forsøk). Lekkasjen kan også ha ført til andre skadar, til dømes på bord eller golv, som sensoren ønskjer å høyre noko om. Tida går. For at du skal kunne vise kompetanse i fleire kompetansemål, vil sensorane også høyre noko om andre spørsmål. Oppgåva har stilt spørsmål om erstatningsansvaret til barn og foreldre. Grip lovsamlinga og finn raskt fram til skadeserstatningslova § 1-1 og § 1-2. Det sentrale er å seie noko om ansvaret til barn. Kva skal til for skuldansvar? Her er det mogleg å vise til litt rettspraksis, til dømes Skøytebanedommen og Sykkeldommen, og konstatere at det skal mykje til for at små barn kan få erstatningsansvar. Skadeserstatningslova § 1-1 stiller vilkår om skuld (aktløyse eller forsett) og om rimeleg erstatningsansvar. Klarer du å få fram skilnaden? Sjølv om ein mindreårig har gjort ei aktlaus handling, kan erstatningsansvar likevel vere urimeleg. Ein kan berre bli dømd til erstatningsansvar «for så vidt» det er rimeleg. Resultatet kan derfor bli frifinning, eller erstatningsansvar for ein del av tapet til den skadelidne. Vilkåret om rimeleg erstatningsansvar er eigentleg ein regel om lemping av ansvaret, der ein mellom anna skal ta omsyn til økonomien til skadevaldaren. Sidan mindreårige personar vanlegvis ikkje har mykje pengar, tilseier økonomien deira at det ikkje kan bli noko stort økonomisk ansvar. Berre når det er snakk om særs grove handlingar, er det rimeleg at mindreårige personar under 8–12 år får ansvar. Du kan bruke Skøytebanedommen som døme. Det er også viktig å vise at du forstår samanhengen mellom § 1-1 og § 1-2 nr. 2. Objektivt foreldreansvar krev at barnet eller ungdommen har utvist skuld ut frå § 1-1. Utan at barnet har utvist skuld, ligg det heller ikkje føre objektivt foreldreansvar.
Munnlege eksamensoppgåver
Du bør også bruke litt tid på skuldansvaret til foreldre etter § 1-2 nr. 1. Dei fleste eksaminatorar prøver å formulere spørsmåla så ope som mogleg. Du får høve til å greie fritt ut om temaet. Først når du ikkje har så mykje meir på hjartet, kjem eksaminatoren, og eventuelt den eksterne sensoren, med oppfølgingsspørsmål. Du bør gripe sjansen til å fortelje fritt om reglane. Dersom sensorane må hale og dra ord ut av deg, skaper du inntrykk av manglande kunnskap. Ein halv time går fort. I svært mange tilfelle går ein litt over tida. Det skjer ofte at eksaminasjonen glir så lett, eller så tungt, at sensorane bryt av før heile oppgåva er gjennomgått. Sensorane er pålagde å ikkje gå over dei 30 minutta i stor grad. Store overskridingar har i nokre tilfelle ført til klage og at eksamensresultatet har blitt kjent ugyldig. Når halvtimen er ute, må sensorane klare seg med det vurderingsgrunnlaget dei har klart å få ut av eleven.
197
SVAR – slik løyser du på oppgåver i rettslære er ein del av læreverket for rettslærefaget i vidaregåande skule. For å oppnå gode resultat i faget må fagkunnskapen materialisere seg i gode oppgåvesvar. SVAR viser korleis du kan svare på oppgåver ved bruk av juridisk metode, og inneheld mange oppgåver med kommenterte løysingsforslag. Boka har tre delar:
DEL II er ein fagspesifikk del med råd og tips til dei enkelte rettsområda. Denne delen inneheld oppgåver med løysingsforslag som tek føre seg typiske problemstillingar innanfor kjøpsrett, avtalerett, erstatningsrett, forvaltningsrett, menneskerettar, arverett, arbeids- og diskrimineringsrett og strafferett. DEL III handlar om både munnleg og skriftleg eksamen. Her finn du fleire døme på munnlege oppgåver med løysingsforslag, og du får løysingsforslag til skriftlege oppgåvesett. Læreverket for rettslære omfattar elles desse delane: • • • •
Rettslære 1 Rettslære 2 Nettressursar for elev og lærar Lovsamling
HASSE BERGSTRØM SVAR
DEL I er ein generell del om metode. Her blir det presentert ein grunnmodell for å svare på både praktiske og teoretiske oppgåver.
HASSE BERGSTRØM
SVAR Slik løyser du oppgåver i rettslære
NYNORSK
ISBN 978-82-11-04249-1
,!7II2B1-aecejb!
NN