3 minute read

Munnleg eksamen

Kva må du vite om eksamen i norsk munnleg?

• Sett deg inn i rammene for munnleg eksamen. Desse kan endre seg fra år til år. Du kan for eksempel få vite kva for fag du kjem opp i, ei stund på førehand, og sjølve oppgåva ei stund etter dette igjen.

I Fagbokforlaget sitt munnlegverktøy på nett er reglane oppdaterte kvart år, også når det gjeld kor lenge sjølve eksamenen varer. • Eksamen vil vere ein samtale mellom deg, faglæraren din og ein ekstern sensor (ein norsklærar frå ein annan skole). • Du skal vise både ei brei og ei djup forståing av faget. • Du skal vise kva munnleg kompetanse du har.

Fagleg breidde

På ein munnleg eksamen skal du vise breidde i faget og at du kan fordjupe deg i eit tema. Bruk det første døgnet til å få oversikt over faget. Slik blir det enklare å få vist brei fagleg kompetanse.

Tips til korleis du kan førebu deg for å vise breidde

Skaff deg oversikt over faget

• Bruk eg-ser-modellen på side 190 til å repetere epokar og litterære tradisjonar. • Bruk innhaldslista i læreboka til å skaffe deg oversikt. Skriv ned minst tre stikkord til kvart kapittel.

• Lag tankekart til kapitla. • Lag eit tokolonneskjema med kjenneteikn på den tradisjonelle og den modernistiske tradisjonen (form og tema, sentrale forfattarar, verk). Slik får du repetert litteraturhistoria. • Skriv stikkord til påstanden «Språket i Noreg er norsk». Slik får du repetert språkhistoria.

• Tenk deg at du skal overtyde nokon om at norsk er det viktigaste faget i verda. Skriv fem argument for denne påstanden. Slik får du aktivert tankar om kva som er viktig i faget. • Les fagrapporten læraren din har skrive. Han skal vere tilgjengeleg for elevar til eksamen og er ei oversikt over tekstane klassen har lese. • Lag post-it-lappar for kvar tekst i fagrapporten: - Ein lapp der du plasserer teksten i ein litterær tradisjon. Eksempel: Sult av Knut Hamsun. Modernistisk tradisjon. - Ein lapp der du skriv kvifor teksten er sentral eller viktig. Eksempel: Første modernistiske roman i Europa. Namnlaus eg-person. Indre følelsar, ikkje samfunnskritikk. - Ein lapp til sentrale sitat eller språklege verkemiddel. Eksempel: «Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania». Blyant, klokke, Ylajali.

Repeter faglege omgrep

• Sorter omgrepa etter kategori: litterær analyse, retorisk analyse, all type tekstanalyse. Omgrep knytt til litteraturhistoria og språkhistoria. • Finn døme på ulike språklege verkemiddel i tekstar.

Rettleiing og samarbeid

• Søk rettleiing hos læraren din. • Samarbeid med ein medelev. Diskuter og hjelp kvarandre med å skaffe oversikt over faget.

Fagleg fordjuping

24 timar før eksamen vil du få ei oppgåve du skal førebu deg på. Dette kan variere frå år til år. Uansett vil oppgåva vere vid, slik at du kan snevre ho inn. Eit døme på ei slik oppgåve kan vere:

Tema: To litterære tradisjonar

Etter 1850 voks det fram to tradisjonar i litteraturen: den tradisjonelle og den modernistiske. I norskfaget har du arbeidd med tekstar frå begge tradisjonane, og lært kva som er likt og ulikt.

Du skal nå avgrense temaet ved å velje to tekstar og lage ei problemstilling.

Tips til korleis du kan førebu deg til fagleg fordjuping

Skaff deg oversikt over rammene for vurderinga

• Kor mykje tid har du? • Skal du lage ein innleiande presentasjon? • Er det reglar for notat/støtteark? • Kva slags vurderingskriterium har vurderinga?

Nærles oppgåva

• Kva er temaet for oppgåva? • Skal du lage ei eiga problemstilling? • Skal du velje tekstar sjølv? • Skal du ta utgangspunkt i tekstar som er lagde ved oppgåva?

Idémyldre og skaff deg oversikt

• Kva kan du om temaet frå før? • Sorter ut relevant fagstoff. • Vel tekstar du vil bruke.

Lag problemstilling

• Bruk tips på side 28

Bruk det som står om presentasjon og fagsamtale i kapittelet her til å førebu deg best mogleg til munnleg eksamen.

Å skrive i ulike sjangre

2