3 minute read

Slik lagar du problemstilling

Når du analyserer og tolkar, må du bruke sitat i teksten for å underbygge ein påstand. Dette sitatet må du også kommentere nærmare. Slik kan du flette sitat saman med utfyllande kommentarsetningar:

«Diktet «Jeg ser» handlar om framandfølelse: «Jeg har visst kommet på feil klode / her er så underlig», konkluderer Obstfelder i siste verselinje. Diktar-eg-et omtalar verda som «feil klode» og «underlig». Han kjenner seg altså ikkje heime her. Dei sanseinntrykka han får ved å sjå seg rundt, gir han ein følelse av å stå utanfor fellesskapen. Han berre observerer «de velklædte herrer» og «de smilende damer», men nærmar seg dei ikkje, og oppnår heller ingen kontakt med dei.»

Ei problemstilling er enkelt forklart eit spørsmål du ønskjer å finne svar på.

For at vi skal klare å finne eit svar på problemstillinga, må vi sørge for at ho er konkret og spissa. Derfor må vi snevre inn eit tema til det er konkret nok til at vi kan klare å utforske emnet og komme fram til eit svar. Denne prosessen har tre trinn:

1 Først finn vi eit overordna tema, f.eks. modernismen.

2 Deretter må vi prøve å avgrense. Vil vi fokusere på form eller innhald? Dikt eller prosa? Dersom vi går vidare med innhald, kan vi velje mellom mange ulike emne innanfor modernistisk litteratur: mennesket i møte med natur og kultur, enkeltmennesket i møte med storsamfunnet, det irrasjonelle mennesket, og mennesket og teknologien, for å nemne noko. Vi vel å sjå nærmare på framstillinga av mennesket sitt møte med natur i modernismen.

3 Til sist vel vi ein eller nokre få forfattarar og verk vi vil undersøke, slik at problemstillinga blir enda meir spissa:

Framstillinga av mennesket sitt møte med naturen i nokre sentrale tekstar av Sigbjørn Obstfelder.

Ei problemstilling kan også formulerast som eit spørsmål:

Korleis framstiller Sigbjørn Obstfelder mennesket sitt møte med naturen? Ei utforsking av nokre sentrale tekstar.

Når du formulerer slike spørsmål, må du unngå at det blir eit ja/ neispørsmål.

Problemstilling i fagartiklar

Dersom du har fått i oppgåve å skrive ein fagartikkel, må du også bestemme deg for ei problemstilling. Men i dette tilfellet står du ikkje fritt; du må forhalde deg til den oppgåva du har fått. La oss seie du har fått denne oppgåveformuleringa:

«Skriv ein fagartikkel om modernismen i norsk litteratur der du bruker eksempel frå «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder, «Landskap med gravemaskiner» av Rolf Jacobsen og «Det er ingen hverdag mer» av Gunvor Hofmo.»

Denne fagartikkelen kan legge vekt på ulike sider ved modernismen, og du må velje ut ei problemstilling for din tekst. Dei tre forfattarane skriv i tre ulike periodar. Men kva har dei felles – og kva er ulikt mellom dei? Vi kan sjå for oss to ulike problemstillingar når du skal gå i gang med skrivinga. I innleiinga kan du formulere det slik:

Eksempel med fokus på fellestrekk

Obstfelder, Jacobsen og Hofmo er tre store namn i norsk modernistisk lyrikk. Mens Obstfelder skreiv på 1890talet, debuterte Jacobsen i 1933 og Hofmo i 1946. Noko har dei likevel felles. Skildringa av framandfølelse er eit typisk modernistisk tema, og eit fellestrekk i mange av dikta deira. I denne artikkelen skal eg sjå nærmare på korleis framandfølelsen er framstilt i tre modernistiske dikt. Obstfelder, Jacobsen og Hofmo er tre store namn i norsk modernistisk lyrikk. Mens Obstfelder skreiv på 1890talet, debuterte Jacobsen i 1933 og Hofmo i 1946. Dei tre lyrikarane skriv i ulike tider og skildrar derfor mennesket i møte med ulike omgivnader. I denne artikkelen skal eg fokusere på modernistiske framstillingar av mennesket i møte med byen, teknologien og katastrofen.

Eksempel med fokus på forskjellar