Å vere ein modig maur
Utforsking, leik og samskaping


Å vere ein modig maur
Hege Fimreite, Lillian Pedersen
og Anne Grethe Sønsthagen (red.)
Å vere ein modig maur
Utforsking, leik og samskaping
Copyright © 2026 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved
1. utgave 2026 / 1. opplag 2026
ISBN: 978-82-450-5847-5
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Omslagsdesign: Endre Barstad
Spørsmål om denne boken kan rettes til: Fagbokforlaget
Kanalveien 51
5068 Bergen
Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er vernet etter åndsverkloven. Kopiering og tilgjengeliggjøring er ikke tillatt uten samtykke fra rettighetshaverne, avtale med Kopinor (www.kopinor.no) eller annen forvaltningsorganisasjon, eller hjemmel i lov. Forbudet gjelder også bruk av materialet i kunstig intelligens, inkludert trening av slike systemer. Tekst- og datautvinning er ikke tillatt, i samsvar med reservasjonsretten i digitalmarkedsdirektivet artikkel 4.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkerier.
Forord
Denne boka handlar om utforsking, leik og samskaping i barnehagen. Gjennom heile boka står «den modige mauren» som eit bilete på modige barnehagelærarar og personale som torer å utfordre og stå i det leikande, utforskande og samskapande for å skape ein god barnehagekvardag for barna. Dette viser tilbake til det viktige motet i profesjonen: viljen til å eksperimentere, lære av feil og halde fast ved dei behova barna har i ein kompleks kvardag.
Boka tematiserer samskaping, leik og utforsking som praktiske og teoretiske ressursar for både studentar, nyutdanna og meir erfarne barnehagelærarar.
Boka er meint som ei støtte i den komplekse barnehagekvardagen, eit bidrag til å gjere sentrale pedagogiske idear meir tilgjengelege og handgripne i praksis. Samstundes er boka sjølv eit resultat av leikande utforsking av eiga undervisning og lærarrolle, der vi har samskapt nye forståingar og læringsaktivitetar.
Bokprosjektet har vore samlande for fagmiljøet vårt og har bidrege til å skape ein felles kultur for utvikling og nytenking i barnehagelærarutdanninga (BLU).
Prosjektet starta som eit mindre forskingsprosjekt (LEIKFORSK) blant faglærarane i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Sogndal og har utvikla seg til eit breiare kompetansehevingsprosjekt. Vi har også samskapt utover våre regionale grenser. Kollegaer ved HVL i Bergen og kollegaer ved Universitetet i Tromsø er også bidragsytarar i boka. Boka er forskingsbasert og fagfellevurdert, og vi vonar ho vil vere eit nyttig bidrag til kvalifiseringa av framtidige barnehagelærarar.
Vi som er redaktørar, er knytte til BARNkunne – Senter for barnehageforskning ved Høgskulen på Vestlandet, og vi var alle leiarar av eit delprosjekt i det NFR-finansierte prosjektet Exploration and Pedagogical Innovation Laboratory
(EX-PED-LAB), som handla om utprøving av utforskande og samskapande verkstader i BLU. Med vår bakgrunn som pedagogikklærarar i BLU har det vore viktig å utvikle undervisning som både svarar på samfunnsforventningar og møter behova til barn og studentar.
Vi vil rette ein varm og stor takk til alle forfattarane i boka for ein open, kreativ og fagleg solid prosess og for alltid å ha levert på tid. Takk også til fagfellen for gode og konstruktive tilbakemeldingar som har løfta innhaldet. Og sist, men ikkje minst, ein stor takk til Fagbokforlaget og redaktør Laila Brantenberg for å tru på ideen vår om modige maurar i utforsking, leik og samskaping – og for god støtte og utfordring undervegs.
Høgskulen på Vestlandet, april 2026
Hege Fimreite, Lillian Pedersen og Anne Grethe Sønsthagen
Kapittel
Avsluttande
Kapittel 8
Utforsking og utvikling av fleirkulturell praksis i barnehagen ......................
Merete Nornes-Nymark og Anne Grethe Sønsthagen
Ansvaret barnehagelæraren har for å utvikle ein fleirkulturell praksis
Metodar for utforsking og utvikling av fleirkulturell praksis ................................
til kollektiv kompetanseutvikling


Har du nokon gong tenkt på korleis det er å vere ein modig maur?
Å vere ein modig maur. Utforsking, leik og samskaping set lys på korleis det å samskape om utforsking og leik kan gje deg relevant kunnskap for å handtere den komplekse kvardagen i barnehagen. Boka byggjer på ny forsking og teori om leik, utforsking og samskaping som grunnlag for Boka er skriven for barnehagelærarstudentar. Ho er også relevant for alle som jobbar i barnehagefeltet eller er interesserte i utforsk ing, leik og

Redaktørane Hege Fimreite, Anne Grethe Sønsthagen og Lillian Pedersen.
Dei tre redaktørane har med seg følgjande bidragsytarar: Veronica Bergan, Rakel Elice Huglen, Kjersti Johannessen, Daniel Johnsen, Vilde Strand Kompelien, Magni Hope Lossius, Merete NornesNymark, Jostein Sanderud, Elena Severina, Mona Vee og Astrid Wara.
Desse kjem frå ulike fagfelt og dei fleste jobbar i barnehagelærarutdanninga.

