Å studere adaptasjonar (9788245037470)

Page 1


Å studere

adaptasjonar

Å studere adaptasjonar

Copyright © 2025 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved

1. utgåve 2025 / 1. opplag 2025

ISBN: 978-82-450-3747-0

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen

Design: Bøk Oslo AS Sats: Merkur Grafisk AS, Hanne Sjøtrø

Framsidefoto: thanasus /iStock

Forfattarfoto: Vegard Watten

Spørsmål om denne boka kan rettast til:

Fagbokforlaget

Kanalveien 51 5068 Bergen

Tlf.: 55 38 88 00

e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova.

Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produserte i miljøsertifiserte trykkeri.

Føreord

Ambisjonen med denne boka er å gje ei fyrste teoretisk og praktisk innføring i å studere adaptasjonar. Adaptasjonsstudiar er eit samansett felt som trekker på mange fagdisiplinar, og det kan vere utfordrande å orientere seg i det. For den som skal prøve å gje ei pedagogisk framstilling av feltet, er god hjelp og støtte uvurderleg.

Den fyrste og største takken går til redaktør May Helene Solberg, som hausten 2020 inviterte meg til å bidra med eit sjølvvalt tema i Å studere-serien – og som entusiastisk takka ja til ei bok om adaptasjonsstudiar. May Helene har vore ein stødig og konstruktiv rettleiar gjennom heile prosessen frå idé til ferdig produkt.

Vidare har eg hatt stor nytte av hjelp frå kompetente kollegaer. Ein hjarteleg takk går til Silje Haugen Warberg, Christopher Messelt, Sofija

Svendsen og Alyssa Magee Lowery, som las og gav innsiktsfulle kommentarar til enkeltkapittel. Likeins skuldar eg Anne Gjelsvik stor takk for at ho i sluttfasen tok for seg heile manuskriptet og gav innspel og råd som både skjerpa samanhengen i teksta og auka breidda og djupna i teori og eksempel. Alle gjenståande feil og manglar tek eg sjølv det fulle og heile ansvaret for.

Ein siste stor takk går til Vegard Watten, for godt selskap framfor TV-skjermen og kinolerretet.

Skaret, april 2025

Per Esben Svelstad

Merknad om kjeldeføring

Boka tek opp ei rekke eksempel på filmar og litterære verk. Publikasjonsåret blir oppgjeve i parentes etter fyrste omtale. Titlar på skandinaviske språk og engelsk blir refererte på originalspråket.

1

2

3

4

5

Avrunding:

Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium.

Mange av filmane, seriane, bøkene og skodespela vi elskar, bygger på forteljingar som har vorte formidla i andre format før – dei er adaptasjonar. Ringenes herre er basert på romanane av Tolkien, og Batman-filmane bygger på teikneseriar. Adaptasjonar er kring oss overalt.

Denne boka gjev ei innføring i analyse, fortolking og vurdering av adaptasjonar. Ho presenterer ei rekke analyseverktøy og viser korleis vi kan bruke dei. Å studere adaptasjonar av ulike slag er ei populær

oppgåve i skule og høgre utdanning, som kan stimulere fortolkingskompetanse og kritisk tenking. Dimed gjev boka inspirasjon til både studentar og lærarar.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.