Skip to main content

Vertskapshåndbok 2017

Page 1

Handbok vertskap Dyrsku’n 2017

Namn: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .


VELKOMEN TIL DYRSKU’N Dyrsku’n er 3 dagars folkefest med fullspekka program, handel og mange både nye og gamle gjester som ynskjer å besøke oss! På Dyrsku’n finn du noko for heile familien og ikkje minst ulike aktivitetar for born. Dyrsku’n set stort fokus på å informere om norsk landbruk- og matproduksjon og vise fram dyr på ulike arenaer. Programmet set i år stort fokus på landbruk og mat i eit helse- og miljøperspektiv. Det er konsertar, NM i graut og heile 740 utstillarar på Dyrskuplassen som er på 165 dekar. Ikkje minst er handelen stor, under Dyrsku’n vert det omsett varer for heile 500 mill kr. Hjarteleg velkomne til ein innhaldsrik Dyrsku’n 2017! I denne boka finn du svar på dei fleste spørsmål gjestene og utstillarane på Dyrsku’n måtte ha. Du som vertskap er ein av dei viktigaste ambassadørane vi har, så set deg godt inn i denne før Dyrsku’n brakar laus! La oss ta fatt på hektiske og morosame dagar, saman skal vi gjere opplevinga for gjesten så bra at han vil bli eit fast andlet på Dyrskuplassen i åra framover! Vi oppmodar alle til å laste ned Dyrskuappen, kor program og utstillarar er lett tilgjengeleg, samt gjere seg kjent med arrangementet på vår nettside www.dyrskun.no Vi ynskjer lukke til med den viktige jobben, og seier tusen takk for innsatsen! Helsing frå Geir Helge Espedalen Dagleg leiar Dyrsku’n Arrangement AS Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord Telefon 35 06 57 70 | e-post: post@dyrskun.no | www.dyrskun.no


INNHALD Dyrsku’n-appen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 4 Når du er på jobb / Generell instruks . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 5–6 Viktige telefonnummer . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7–9 Oppmøte for vakter - kart . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 10–11 Organisasjonskart . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 12–13 Shuttlebuss . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14 Program . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15–24 Storstogo servering . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25 Kart – Dyrsku’n 2017 . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26–27 Utkøyringsplan . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 28–31 Reglar for salsmessa . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 32–34 Brannvern-informasjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 36–37 Beredskapskart . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 38–39 Varselskjema – utstillarar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 40 Registrering av alvorlege hendingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 41 Plass for eigne notater . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 42–43 Opningstider, billettprisar, trådlaust nett m.m. . . . . . . . . . . . . . . Baksida


Send SMS med kodeord

“DYRSKUN APP” til 26112 Unngå kø, kjøp billett i appen! 4


NÅR DU ER PÅ JOBB / GENERELL INSTRUKS Saman skal vi arrangere landets største folkefest. Vi legg stor vekt på at vi alle er ein del av vertskapet og at alle ledd er like viktige. Våre gjester skal bli møtt av eit hjelpande og hyggeleg vertskap anten dei søker informasjon, eller har andre henvendelsar. VERTSKAPSBOK Det er viktig at alle er godt førebudd på oppgåva si og kan gje vidare informasjon til publikum. Som eit hjelpemiddel til dette har vi laga denne vertskapsboka – gjer deg kjent med den og bruk den som eit oppslagsverk. Her er også plass for eigne notat. Vertskapsbok får de i innsjekk-brakka, på vaktkontoret, frå avdelingsleiar eller på Informasjonen. GENERELT Dugnadsmannskap får fri parkering mot å vise vaktliste, på parkeringsfelt blått S1, nedre del av Nilsenjordet, vest for Dyrskuplassen. Parkering på andre parkeringsområde medfører ordinær betaling. Feilparkering kan medføre borttauing. Vakt- og beredskapskontoret er i Raulandshytta, kontoret er bemanna frå torsdag kl. 1600 – sundag kl. 2100. REGISTRERING AV ALLE VAKTER OG DUGNADSPERSONELL Dugnadsmannskap må registrerast når dei kjem på plassen i innsjekksbrakke utanfor Storstogo. Her får de arbeidsinstruksar, vertskapsbok og stempel som gjev tilgang til plassen. Etter registrering, gå til oppmøteplass for vakta de skal ha (sjå arbeidsinstruks).

5


HMS/ INTERNKONTROLL Dyrskuarrangøren har eit etablert HMS- system og alle skader på personell eller utstyr skal rapporterast til HMS- ansvarleg, Unni Eek tlf 970 63 434 / Vakt- og beredskapsleiar Nils Tore Haugland tlf 917 49 088 som registrerar avvik og vil initiere oppfølging som hindrar gjentaking av uheldige tilhøve. Alle leiarar er ansvarleg for å rapportere uhell /-ulykker. Det blir utarbeidd eigne skjema for dette. Oppdagar du andre uregelmessighetar eller uheldige forhold på din arbeidsplass eller på Dyrskuplassen generelt, så må du melde frå om dette til din leiar eller direkte til HMS-ansvarleg MILJØ OG TRIVSEL Det er viktig for oss at våre gjester får ein så god oppleving som mogleg, derfor brukar vi store ressursar på å halde det reint og ryddig på plassen. Det er forventa at du hjelper til med dette og plukkar med deg det du går forbi av rot og søppel. Viss du ikkje har tid der og da, meld frå til renovasjon og reinhald. RO OG ORDEN Er det situasjonar som skaper problem, må de prøve å unngå og trekke opp situasjonen, kontakte din avdelingsleiar, eller vise vedkommande til vaktene. Alle har ansvar for at arrangementet fungerer best mogleg. Ser du personar som treng hjelp eller råd frå sanitet, ver hjelpsam og vis dei til vakt- og beredskapskontoret i Raulandshytta, eventuelt ver behjelpeleg med å kontakte vaktleiar. Informasjonen er møteplass for bortkomne born og foreldre som ikkje finn igjen borna sine. BEREDSKAP OG TRYGGLEIK Alle Dyrskumedarbeidarar er med i beredskapsorganisasjon for Dyrsku’n og vi må alle vere med på å førebygge t.d. ulykker og bidra dersom det skjer alvorlege hendingar. Dyrsku’n har utarbeida ein omfattande beredskapsplan, denne tek for seg og regulerer mange forhold i samband med arrangementet, det er viktig at alle kjenner dokumentet og set seg inn i dei forskjellige kapittel.

6


7

35 06 57 86 – Jane Rue

Informasjonen

Vakt- og Beredskapsansvarleg

HMS-ansvarleg

906 51 011 – Geir Helge Espedalen

970 63 434 – Unni Eek

416 88 180 – Nils Tore Haugland

928 17 501 – Pål Christian Syvertsen

Brannvernleiar

Vakt/beredskapsleiar

02800 Seljord Lensmannskontor: 35 06 56 38 Nødnummer: 112

917 49 088

Politi

Vakt- og beredskapskontoret Raulandshytta - sanitet, lege, brann

Alle Dyrskumedarbeidarar må kjenne til kvar eller korleis ein kjem i kontakt med lege, ambulanse, brann og politi. Dei som har radio melder direkte på denne, andre kan ringe;

VIKTIGE TELEFONAR


8

90 65 10 11 92 45 63 74 91 75 13 90 91 30 33 03 91 31 37 32

Pål Christian Syvertsen Geir Helge Espedalen Yvonne Eilefstjønn Marit Mæland Mikkel Aanderaa Jane Rue

Brannvernleiar ARR. LEIING /STAB Dagleg leiar Sals- og marknadsleiar/ stedfortreder dagleg leiar Prosjektleiar Pressekontakt PUBLIKUMSINFORMASJON Leiar

786

90 65 10 11 91 74 90 88 02800 (35 06 56 38) 92 81 75 01

Geir Helge Espedalen Nils Tore Haugland Politivakt Seljord

Beredskapsansvarleg Vakt og beredskapsleiar Politi

91 74 90 88

Telefon/mobil

Raulandshytta

Internnr.

VAKT- OG BEREDSKAPSKONTOR (sanitet, ambulanse, brann)

Namn

VIKTIGE TELEFONNUMMER

DYRSKUPLASSEN: 35 06 57 70 – (Internnr. 35 06 5X XX )

DP1

X (110)

X (112)

X (113)

Sikr. kanal


9

ØKONOMI – BILLETTKONTOR Leiar SALSMESSA Utstillaransvarleg Laste- og losseteneste HUSFLID/HANDVERK Fagansvarleg KULTUR Operativ kulturleiar Husflidsansvarleg LANDBRUK Husdyrhall-koordinator Programansvarleg Fjosmeister Veterinær - Vakt Ku – geit utstillinga Hesteutstillinga Kjøttfeutstillinga og kjøttfeauksjon DRIFT Driftsleiar Vaktmeister 90 60 78 75 95 28 42 32 48 23 77 09 91 61 98 50 91 62 61 13 95 24 79 40 90 76 92 02 91 37 64 15 90 16 98 15 97 75 35 15 95 10 63 33 90 22 58 11

Eva K. Flatin Lisbeth Syftestad Margit Nordstoga Aasan Sigbjørn Haslemo Turid Stalsberg Ottar Bakken Cecilie Albretsen Njål Vestøl Jorunn Svensson Elisabeth Haugarne Morten Olav Dyrud Thomas Gruss

97 71 11 38 941 44 162

Annette Ajer Halvor Vadder

780

97 06 34 34

Unni Eek

DP1

DP1


OPPMØTE FOR VAKTER

10


11


ORGANISASJONSKART ORGANISASJONSKART ORGANISASJONSK DYRSK STYRELEIAR Aslak Snarteland

STYREL

Aslak Sna

907 63

907 63 452

DAGLEG LEIAR Geir Helge Espedalen

DAGLEG Geir Helge

906 51

906 51 011 SALS- OG MARKNADSLEIAR STEDFORTREDER DAGLEG LEIAR

SALS- OG MARKNADSLEIAR STEDFORTREDER DAGLEG LEIAR

Yvonne Eilefstjønn

Yvonne Eilefstjønn

924 56 374

924 56 374

PROSJEKTLEIAR DYRSKU'N

PROSJEKTLEIA

Marit Mæland

Marit M

917 51 390

E/MEDIA

dsansvarleg

Eilefstjønn

56 374

ekontakt

Aanderaa

03 303

skonsulent

H. Kultan

94 408

PRESSE/MEDIA BEREDSKAP

BEREDSKAP INFORMASJON DRIFT

SALSMESSA HUSFLIDØKONOM HUSFLIDINFORMASJON & & HANDVERK HANDVERK

MarknadsansvarlegDriftsleiar Utstillaransvarleg Økono Leiar Kundeservice Leiar Kundeservice Beredskapsansvarleg Beredskapsansvarleg Driftsleiar billetta Husflidsansvarleg Yvonne Eilefstjønn Jane Rue Annette Ajer Geir Helge EspedalenJane RueMorten DyrudHusflidsansvarleg Geir Helge Espedalen Morten Dyrud 906 51 011 924 56 374 951 06 333 906 51 011 350 65 786 951 06 333 Margit Nordstoga Margit Nordstoga Unn 350 65 786 350 65 780 Aasan Aasan 970 6 913 13 732 913 13 732 977 11 138 482 37 709 482 37 709 Vakt- ogPressekontakt Vaktmeister Vakt- og Vaktmeister beredskapsleiar beredskapsleiar MATLYSTThomas Gruss MATLYST Mikkel Aanderaa OppmålingFagkonsulent Thomas Gruss Fagkonsulent Nils Tore Haugland Nils Tore Haugland DYRSKU'N Lone H. Kultan DYRSKU'N 902 25 811 913 03 303 902 25 811 Eva Flatin Eva Flatin 917 49 088 917 49 088 971 94 408 948 53 699 948 53 699 Margit Nordstoga Margit Nordstoga Marknadskonsulent Brannvernleiar Aasan Brannvernleiar Aasan Lone H. Kultan Truck/traktor Sterke Nils-tunet Sterke Nils-tunet Pål Christian Pål Christian 482 37 709 482 37 709 Halvor VadderHandverk Handverk Syvertsen Syvertsen 971 94 408 941 44 162Øyvind Klausen Øyvind Klausen 928 17 501 928 17 501 Tove Hoppestad Tove Hoppestad 970 69 890 970 69 890 992 96 564 992 96 564

Brann

Brann

110

110

Ambulanse

Ambulanse

113 / 414 49 600

12

DRIFT

917 51

NM i graut Ann-Helen Juve 414 79 320

113 / 414 49 600 Lokalmat-kjøkkenet

Politi

Politi

350 65 638

350 65 638

112/02800

112/02800

NM i graut KULTURAnn-Helen Juve

KULTUR

414 79 320 Kulturansvarleg

Kulturansvarleg

Lisbeth Syftestad Lokalmat-kjøkkenet

Lisbeth Syftestad

Ølsmaking

95 28 42 32Ølsmaking

95 28 42 32

Julie Øyan

Julie Øyan Kulturprogram 994 50 983 Fjosscena

Kulturprogram Fjosscena

994 50 983

Småscener Gongestogo

Småscener Gongestogo


KART KU'N 2017 DYRSKU'N 2017

LEIAR

arteland

3 452

G LEIAR Espedalen

1 011

AR DYRSKU'N

UTSTILLARANSVARLEG Annette Ajer

UTSTILLARANSVARLEG Annette Ajer

977 11 138

977 11 138

Mæland

1 390

SALSMESSA MI & BILLETT

ØKONOMI & BILLETT HUSDYRAVDELING HUSDYRAVDELING SERVERING SERVERING LANDBRUKS PROGRAMMET

omi-Utstillaransvarleg og Økonomi- ogHusdyransvarleg Husdyransvarleg Kjøkkensjef Kjøkkensjef Husdyrhallen ansvarleg billettansvarleg Annette Ajer Anette Øverbø Sigbjørn Haslemo Sigbjørn Haslemo Anette Øverbø Sigbjørn Haslemo ni Eek 350 65 780 901 35 712 Unni Eek 916 19 850 916 19 850 901 35 712 916 19 850 63 434 977 11 138 970 63 434

Servering Seljord IL Oppmåling Tellef Solås Lone H. Kultan 918 96 135 971 94 408

Fjosmeister Fjosmeister Servering Seljord IL Møt Landbruket Ottar BakkenTellef Solås Ottar Bakken Jan Thorsen 952 47 940 918 96 135 952 47 940 976 67 590

Utstillingsveterinær Truck/traktor

Cecilie Albertsen

Halvor Vadder 941 44 162

907 69 202 Ku- og geiteutstillinga Njål Vestøl 913 76 415 Kjøttfeutstillinga Elisabeth Haugarne 977 53 515 Kjøttfeauksjon

Elisabeth Haugarne

Utstillingsveterinær Sterke Nils-staulen Cecilie Albertsen Gunnar Haugo 907 69 202 975 78 643 Ku- og geiteutstillinga Gry Hovland Njål Vestøl 915 55 556 913 76 415 og

Husdyrhallen Sigbjørn Haslemo 916 19 850 Møt Landbruket Jan Thorsen 976 67 590

Sterke Nils-staulen Gunnar Haugo

975 78 643 Gry Hovland 915 55 556 og

Sigrun Lonar Kjøttfeutstillinga 907 22 614 Elisabeth Haugarne 977 53 515 Landbrukshallen

Landbrukshallen

Turid Stalsberg Kjøttfeauksjon

Turid Stalsberg

91626113 Elisabeth Haugarne

977 53 515

Sigrun Lonar 907 22 614

91626113

977 53 515

Skogtunet

Skogtunet

Hesteutstillinga

Vegard Hvamb Hesteutstillinga

Jorunn Svensson

901 38 349 Jorunn Svensson

901 69 815

LANDBRUKS PROGRAMMET

Vegard Hvamb 901 38 349

901 69 815

13


14


PROGRAM OG AKTIVITETAR

Pr. 7. august – med atterhald om endringar. For oppdatert program, sjå app eller www.dyrskun.no HOVUDSCENA I FJOSET Fredag 8. september 09.00 Dømming av ku og geit 10.00 Eksteriørtevling ku v/Norges Bygdeungdomslag 11.00 Husdyrprogram born og ungdom • 11.00 Kalvemønstring • 12.00 Kumønstring for ungdom • 12.30 Geitemønstring for ungdom 13.00 Premieutdeling; • Ku-utstillinga og utdeling av Dyrskuprisen • Geite-utstillinga og utdeling av Seljordprisen • Eksteriørtevling ku • Andre prisar – frå Telemark Landbruksselskap 14.00 Husdyrparade inn på Fjoset 14.15 Opningsprogram • Underhaldning ved Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og SVER – SAS • Politisk duell og debatt – leia av Erik Aasheim • Kokk – matlaging frå scena • Skråblikk og satire • Opningstalar • Kåring av vinnarar i delfinanlen til Det Norske Måltid • Ordførar, styreleiar, gründerar 16.30 Konsert med SAS Utdeling av prisen «Beste stand – Dyrsku’n 2017» • Andre prisutdelingar

15


RIDEBANEN (fredag) 10.00 Eksteriørtevling og dømming av kjøttfe 13.00 Auksjon av kjøttfe, auksjonarius Håkon Marius Kvæken 15.00 Premieutdeling kjøttfe Laurdag 9. september 09.00 Dømming av hopper Tore Fyrand – utegåande reporter på hestedømminga 13.00 Hesteoppvising og anna underhaldning: • «Gutar som rir» v/Wenche Dalen • Dressurriding av dølahestar v/Jan Tage Rustad • Tospann med dølahest v/Berit Morstad • Oppvising med ponnitravgruppa på Klosterskogen Konferansier: Live Ulven 15.00 Premiering av hoppene • Tevling blant dei beste hoppene • Dyrskuprisen til beste hoppe RIDEBANEN (laurdag) 14.00 – 20.00 Ponniriding med Ridegruppa Seljord Idrettslag OMRÅDE V/HUSDYRHALL 10.00 – 12.00 Temmekurs – Norsk Highland Cattle Sundag 10. september 09.00 – 10.50 Dømming av unghest 11.00 – 12.25 Gudsteneste ved sokneprest Dag Harald Undheim 12.30 - 14.15 Framvising og premiering av unghest 14.30 - 15.15 Landsfinale i unghopper Fjordhest 16.00 - 18.00 Familiesundag på Fjoset: konferansier Tom Gulliksen - Buktalar Mogeno - Kalve- og geiteframsyning - Konsert med Lothepus og Katastrofe

16


RIDEBANEN (sundag) 10.00 – 18.00 Ponniriding med Ridegruppa Seljord Idrettslag OMRÅDE V/RIDEBANEN (sundag) 10.00 – 12.00 Temmekurs – Norsk Highland Cattle STERKE NILS-TUNET – Gardsdrift og handverk på gamalt vis Møte med husdyra: Ku, kalv, geit og hest. Demonstrasjonar Bøting av fiskegarn, halmbinding, smiing, knivsmiing, knivsliping, tjørebrenning, hovslaging, gamle motorar og maskiner, skinntrykk, stikking av takspon, spinning, natursløyd, ysting, kinning, braubaking, demonstrasjon av korleis lage ein kubbestol, laging av orv, røyking av fisk og maling av korn. Aktivitetar Smoothiesykkel, kinning av smør, smiing, mjølking av geiter, halmbinding, tinnstøyping, pussing og stell av Fjordhest, steiking av lappar og toving. Dagleg 09.00 Fjøsstell - fôring, mjølking, separering 09.30 Klypp av man på Fjordhest 10.30 Skoing av Fjordhest 13.00 Tidsbilete – «Sterke–Nils i barneåri» 13.30 Påseling og -saling av Fjordhest 15.30 Skoing av Fjordhest 18.00 Fredag / 17.00 Laurdag og sundag Fjøsstell - fôring, mjølking og separering Fredag 8. september 16.00 Grilling av geitekje, Bondelagskokkens Nils Henning Nesje formidlar kokketips om kje-kjøtt

17


Laurdag 9. september 15.00 Bryllaup-smiing i Hymens lenker ved Aasmund Nordstoga og Øivind Klausen 17.00 Grilling av geitekje, Bondelagskokkens Nils Henning Nesje formidlar kokketips om kje-kjøtt Heile dagen: Ølbrygging på gamlemåten Sundag 10. september 10.00 og 14.00 Børsting og stell av Fjordhest 12.00 Grilling av geitekje, Bondelagskokkens Nils Henning Nesje formidlar kokkeketips om kje-kjøtt VESLESTAULEN v/Hovudporten Open i Dyrsku’n si opningstid La borna bli kjent med norske husdyr og lag mat av kortreiste råvarer MØT LANDBRUKET HUSDYRHALLEN 1. etg. - presentasjon av dagens og framtidas husdyrhald. Ta ein prat med fagfolk og få kunnskap om dei ulike produksjonane. Møt studentar og tilsette frå landbruksrelatera studieretningar og delta på quiz om det norske landbruket. Kom og møt alle dyra: Mjølkekyr, seminoksar av mjølkerase, kjøttfe, hest, gris, bier, kaninar, høns, kylling, lama, høglandsfe og sauer. Fredag og laurdag: 11.00 Sædtapping av oksar 14.00 Demonstrasjon av saueklypping 15.30 Sædtapping av oksar 16.00 Mjølking

18


Sundag: 10.30 Sædtapping av oksar 14.00 Demonstrasjon av saueklypping 14.30 Sædtapping av oksar 15.00 Mjølking MØT LANDBRUKET HUSDYRHALLEN 2. etg. - presentasjon av norsk landbruk. MØTEROM 2. ETG.: Kunstutstilling med bilde av Jonny Andvik MØT LANDBRUKET TELTET(utanfor Husdyrhallen) - Fagprogram om norsk landbruksog matproduksjon med fokus på: Mat, helse og miljø - matsvinn, antibiotikaresistens og klimasmart landbruk. Foredrag og debattar: for fullstendig program sjå www.dyrskun.no eller Dyrsku’n appen LANDBRUKSHALLEN Hall C – alle dgar Nortura og Tine presenterer sine varer, med fokus på nye produkt og gamalost frå Vik i Sogn. SKOGTUNET – alle dagar Informasjon om skogbruk, bruk av tre og skogen som klimaregulator og råstoffleverandør. Her møter du aktørar frå skognæringa og utdanningsinstitusjonar som tilbyr naturretta studiar. Nykoka bålkaffi! Aktivitetar: • Heilgrilling av hjort (laurdag) • Køyr ein hogstmaskinsimulator • Naturquiz • Utstyr og køyretøy for skogbrannslokking • Motorsagstafett

19


For borna: • Bygging av plankehytter • Bli skogens brannvoktar MATLYST DYRSKU’N Matkvartalet: Sal av lokalmat-produkt, matservering og aktivitetar Steinovnsbaking Hoppestadtunet, Himla Godt og Rett på fjøla Lokalmat-kjøkken – Opningstid 11-19 (-17 sundag) Årets Dyrskukokk Svein Jæger Hansen, Bondelagskokken og elevar frå kokkelinja på Vest-Telemark Vidaregåande skule tryllar fram smakfulle rettar av produkt frå lokalmat-utstillarar Fredag 11.30 Årets reinskokk Svein Jæger Hansen og forfattaren bak «Den store Kjøttboka» Andreas Viestad kokkelerer med norske grønsaker 13.00 Stemningsrapport frå dømminga av Årets grønt foredla og Årets bakst i den nasjonale delfinalen i Det Norske Måltid 15.30 Geir Skeie – Bocuse d’ Or 2009 lager ein rett frå si siste kokebok «Grøntboka, mine beste tilbehør». Boksignering 17.00 Mat- og landbruksministeren møter lokalmatprodusent og årets Dyrskukokk Laurdag 11.30 Årets gjesteutstillar Hoppestad gård inspirerer med spirer og grønt 13.00 Vinnar av årets Dyrsku-produkt presenterer sitt vinnarprodukt 15.00 Bondelagskokken Nils Henning Nesje om mat og reiseliv 16.30 Kokkeyrket – korleis leve og lykkast som kokk ? Samtale mellom Erik Strøm Lillebø, kokk og drivar av Vaaghals og lærar Kjersti frå kokkelina i Seljord 18.00 Vinnar av NM i graut – Årets Grautgrams presenterer årets vinnargraut 20


Sundag Dagens tema - grønsaker. Kokk Svein Jæger Hansen kjem med tips om korleis bruke meir grønsaker i kvardagen. 13.00 Grønsaksshow for born – lær og leik med grønt Ølsmaking / Øl-teltet Opningstid: 10–20 (11- 17 sundag) Fredag 16.00 Heilnorske tradisjonar og ingrediensar i handverksøl Foredrag om humle og kveik med smaksprøver v/Kåre Froland frå Fletre Humlehage 18.00 Ølsmaking ved Nøgne Ø. Laurdag 14.00 Ølsmaking ved Fjellbryggeriet 16.00 Ølsmaking ved Valdres Gardsbryggeri 18.00 Villmarksakevitt ved Svein Jæger Hansen Sundag 14.00 Norsk malt, humle og urter – Smaken av norsk øl Mette Thomsen frå NIBIO fortel om forskingsprosjektet 15.00 Foredrag: Den Norske Ølbølga med Bryggeri og drikkevareforeningen, ved Hege Ramseng NM I GRAUT-teltet Fredag Informasjon om mjølkeprodukt og oppskrifter, Opplysningskontoret for Meieriprodukter, Mat-quiz, Norges Bygdekvinnelag Informasjon om kornvarer – sunnhet og helse. «Frå lokalprodusert korn til smakfulle produkt» v/Nofima 12.00 Lær å lag kjøleskapsgraut; tips og smaksprøver 13.00 Foredrag: ”Vi har overlevd på bygg-graut i moderne tid” v/Einar Risvik, Nofima 14.00 Ysting av ferskost 18.00 Presentasjon av deltakarar i NM i graut 21


Laurdag 12.00 NM i grautkoking. Konferansier Linda Roaldstad 16.30 Premieutdeling og kåring av Årets grautgrams Sundag 11.00, 12.00, 14.00 og 15.00 Bornas grautverkstad – lær å lage graut GONGESTOGO – alle dagar Utstilling: Kubbestolen – med røter til vikingtid og romerske gravkammer - Vest-Telemark Museum 14.30 Folketonar og soger om bl.a. Hølje Gonge – ved Ragnar Haugstøl og Knut Buen LOFTET – alle dagar Spikkeverkstad – Norges Husflidslag DALANE SKULE – alle dagar Borneaktivitetar – frå sau til ull. Møt sauen i Husdyrhallen, hent ein pose med ull og gå til Dalane skule v/Telemark husflidslag og Norges husflidslag • Karde ull og spinne ulltråd på handtein • Karde ull, tov din eigen bjøllesau Strikkekafé – bli med å strikke på lappeteppe til Seljord omsorgssenter Utstilling av 1000 gryteklutar i ulike teknikkar

22


HUSFLIDSUTSTILLINGA – HALL B – alle dagar • Utstilling av Noregs største premierte husflidstevling innan tekstil, tre, rosemåling, smiing, kniv og sylv • Særutstilling «Ein kubbe til å stole på» - utstilling av kubbestolar • Demonstrasjon av ølhøne-laging – Bærum Husflidslag • Studentutstilling med arbeid av studentar frå HSN, campus Notodden • Tredreie-verkstad – Norges Husflidslag Sundag 15.00 Premieutdeling husflidstevlinga m/musikalske innslag av Knut Buen VIKINGLEIR – område E – alle dagar Aktivitetar og demonstrasjon ved Olavs Menn: Pil og boge, runestasjon, sverdkamp og vikingeleikar KNIV- OG KLOKKETORG – utanfor hall A – alle dagar • Kjøp og sal av gamle klokker og knivar • Demonstrasjon av knivmaking

23


AKTIVITETAR FOR BORN (det kan bli endringar i programmet) 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. 17.

24

Bornepark for dei mellom 2-8 år - ved Informasjonen Ponniriding laurdag kl 14-20, sundag kl 10-18 – bak Husdyrhallen Fjosstell, smoothiesykkel, smiing, toving, mjølking av geiter, halmbinding, tinnstøyping, pussing og stell av Fjordhest, steiking av lappar – Sterke Nils-tunet Plankehyttebygging, Bli skogens brannvoktar Telemarkskogen Tredreieverkstad – Hall B Strikkekafe, hent ull på Husdyrhallen og bli med på å karde ull, tov din eigen bjøllesau eller spinn med handtein - Dalane skule Spikkeverkstad – Loftet Lunds Tivoli – område F Klatreparken Høyt og Lavt – område E Vikingleir med Olavs Menn; Pil og boge, runestasjon, sverdkamp, vikingleikar – område E Dyreutstillingar – Fjoset, Husdyrhallen, Veslestaulen og Sterke Nils-tunet Hesteoppvising laurdag kl 13.00 – Fjoset Kalv/geiteopptog sundag kl. 16.15 - Fjoset Buktalar Erik Mogeno sundag kl 13.00 – Landbruksteltet til Møt Landbruket og på Fjoset kl. – 16.00. Konsert med Lothepus og Katastrofe sundag mellom kl. 16.00-18.00 – Fjoset Veslestaulen: Bli kjent med norske husdyr og lag mat av norske råvarer – ved Hovudporten Grønsaksshow for born; lær og leik med grønt, kurs i grautkoking – Matkvartalet (kun sundag)


STORSTOGO SERVERING

Storstogo servering – ute Fredag 10.00 – 23.00 Laurdag 10.00 – 23.00 Sundag 10.00 – 18.00

Matservering Matservering Matservering

Storstogo servering – utstillarkantine – inne Onsdag 11.00 – 14.00 Lunsj Torsdag 11.00 – 14.00 Lunsj 15.00 – 20.00 Middag Fredag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 23.00 Matservering Laurdag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 23.00 Matservering Sundag 07.00 – 09.00 Frukost 10.00 – 18.00 Matservering Måndag 11.00 – 14.00 Lunsj Lokalmat-kjøkkenet Fredag 11.00 – 19.00 Laurdag 11.00 – 19.00 Sundag 11.00 – 17.00 Velkomen! 25


KART – DYRSKU’N 2017

26


27


UTKØYRINGSPLAN

SUNDAG 10. SEPTEMBER – DYRSKU’N 2017 Vi oppmodar utstillarane til å lese denne planen og studere kartet nøye, slik at alle er kjent med tider og kvar de skal køyre ut av utstillingsområdet sundag kveld. Dersom planen følgjast vil vi få ei rask og effektiv utkøyring frå plassen.

NB! DET ER SAME KØYREMØNSTER SOM I FJOR, SJÅ KART PÅ SIDE 30–31.

HUGS AT UTSTILLINGA ER OPEN FRAM TIL KL 18.00 PÅ SUNDAG OG DET VIL VERA MANGE GJESTER PÅ PLASSEN FRAM TIL KL. 19.00. ALLE SOM SKAL KØYRE PÅ UTSTILLINGSOMRÅDET MÅ VISE OMSYN TIL VÅRE GJESTER. For å få ei best mogleg koordinert utkøyring, vil arrangøren følgje denne planen. Det er viktig at publikum og bilar som allereie er inne på plassen slepp ut fyrst.

28


A PERSON/VAREBILAR INN/UTKØYRINGSPORT NORDGARDEN OPNAR KL. 18.30. Standar må ikkje riggast ned før utstillinga stenger kl. 18.00. Utstillarar som blir registrert i å stenge i opningstid vil få merknadar for eventuell søknad neste år. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl 10.00 og kl 18.30 på sundag. B LASTEBILAR INNKØYRINGSPORT HOVUDPORT OPNAR KL. 19.00. Det vil ikkje vere mogleg å køyre inn på plassen mellom kl 10.00 og kl 19.00 på sundag. PERSONBILAR/VAREVOGNER Personbilar/varevogner vil bli prioritert for innkøyring. LASTEVOGNER Lastevogner må vente til kl 19.00 før dei kjem inn på plassen. Før dette er det så mange folk og småbilar at det ikkje er forsvarleg å køyre med store køyretøy inne på området. Utstillarane oppmodast om å varsle sine lastebilsjåførar om at dei ikkje kjem inn på plassen før tidlegast kl 19.00. Dette for at dei kan lage kaos ved å koma inn tidlegare og/eller kan risikere å bli sendt på runde rundt i Seljord med omegn av politiet. DERSOM ALLE FØLGJER PLANEN, VIL VI FÅ GOD FLYT I TRAFIKKEN PÅ PLASSEN.

29


30


31


REGLAR – DYRSKU’N 2017 Vi ynskjer at Dyrsku’n skal vere eit profesjonelt og føreseieleg arrangement kor utstillarane får vist fram sine tilbod på ein best mogleg måte i hyggelege omgjevnader. Plassen skal være trygg, ryddig og tilgjengeleg. For å oppnå dette har Dyrsku’n Arrangement AS følgjande reglar for utstillarane under DYRSKU’N 2017: Generelt • Kontaktpersonen har ansvar for å informere sine kollegaer/ medarbeidarar på standen om gjeldande reglar. • Vi ynskjer ein god miks og oversikt over aktiviteten og det er av den grunn ikkje høve til framleige eller bytte av stand. • Plassen er disponibel ei veke før arrangementsopning. • Vi ynskjer å bruke alt areal, og plassar som ikkje er teken i bruk innan fredag kl. 09.00, vil såleis bli gitt til andre. • Salsplassane skal halde opent i heile opningstida frå kl. 9–20 på fredag og laurdag, og kl. 9–18 på sundag. Tildelt standskilt skal hengast godt synleg opp på standen. ID-band skal vera festa rundt armen under heile arrangementet frå innsjekk. • Plakatar og annan reklame kan ikkje setjast opp eller distribuerast utanom eigen stand. • Ambulerande sal/marknadsføring er ikkje tillate. • Bruk av dronar må søkast om i kvart einskild tilfelle.

32


Salsplassen • Telt/vogner/biler må få plass til innanfor måla på standen (også drag på vogn/bardunar/ betonglodd til telt). Telt e.l. må være forsvarleg festa med betonglodd e.l. Vi oppmodar til å parkere bilar på parkeringsplassen for utstillarar. • Utstillar disponerer standplass frå vegkant og bakover hovudsakleg til midten av feltet. Ved tvilstilfelle, ta kontakt med Utstillarkontoret for tilvising. • Salsplassen skal til ein kvar tid haldast rein og ryddig fram til midt i vegen. • Ei veke etter utstillinga må alt gods vere fjerna frå utstillingsområdet. Om dette ikkje er skjedd, blir den einskilde utstillar belasta for utgifter med å rydde plassen. • Utstillarar som har særskilte behov for straum, må sjølv ha dette i beredskap i tilfelle straumbrott. • Salsplassane skal ha minimum 1 stk. 6 kg brannslokkingsapparat. • Bruk av stemmeforsterkar/lyd-anlegg er kun tillate på låg styrke. Ta omsyn til dine naboar! • Gjeldande reglar for bruk av verneutstyr i samband med opp-/ nedrigg skal følgast. • Det er ikkje tillate å prøvekøyre utstyr/maskinar under markanden. Dette gjeld og t.d. Segway og elektriske syklar. Gravemaskinskuffer m.a. skal stå på bakken under arrangementet. • Ved evt. oppstart av maskinar, skal dette gjerast under påsyn av utstillar. Nyklar skal fjernast frå maskina etter bruk. Sal • Alle som sel næringsmiddel må vere registrera hos Mattilsynet. • Arrangøren har inngått avtale om sal av serveringsmat på plassen. Det er ikkje tillate å selje serveringsmat utan avtale. • Sal av sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l. er ikkje tillate utan avtale. • Loddsal. Seljar må sjølv ordne med løyve frå politiet. • Ulovlege varer: Sal av softgun, fjær/luftvåpen, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar o.l. er ikkje tillate.

33


Ferdsel • Varetransport må skje før og/eller etter opningstida dei tre Dyrsku’n dagane. Dette gjeld for alle køyretøy, også ATV. Sundag kveld opnar portane for innkøyring til plassen kl. 18.30. • Fartsgrensa for køyring inne på marknadsområdet er maks 20 km/t. Ansvar • Utstillarane skal følgje gjeldande norske lovar og aldersgrenser, og spesielt lovar og reglar for sal jf. m.a. brukthandlar-lova og lov om meirverdiavgift. • Utstillarane er ansvarlege for skader utført i aktløyse som dei, folka deira, produkt, utstyr o.l. påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar. • Alle utstillarane skal ha teikna eigen ansvarsforsikring med ein forsikringssum på minimum kr. 10 millionar pr. skadetilfelle. • Arrangøren dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg (leige, avgifter o.l.) i samband med forhold som ligg utanfor vår kontroll; t.d. vêr, tredjemanns- og leverandørars handlingar, force majeure o.l. I alle høve kan det ikkje krevjast erstatning for indirekte tap. • Arrangøren dekker ikkje tap i samband med tjuveri, skadeverk, sabotasje o.l. Sanksjoner • Ved brot på reglane kan arrangøren vise bort utstillarar frå plassen og avvise framtidige søknader frå utstillarar. • Utstillar som sel ulovlege varer vil bli bortvist frå marknadsplassen og utestengd frå neste års arrangement. Kontakt under arrangementet: Alle spørsmål i samband med reglane rettast til: Utstillaransvarleg / Vakt- og beredskapsleiar

34


35


BRANNVERNREGLAR – FOR UTSTILLARAR Alle må ta ansvar for branntryggleiken på eigen stand og området rundt. Som arrangør har vi ansvar for branntryggleiken på plassen, vi har kompetente brannmannskap med brannbil og brannutstyr. Dyrsku’n er stor, det er mykje utstyr, mange standar og mykje folk, som kan gjera det problematisk ved utrykking inne på plassen. Det er viktig at alle utstillarane fylgjer reglane. Særleg viktig er det å halde seg innan tildelt område slik at evt utrykkingskjøretøy kjem fram. BRANNMANNSKAP Brannvernleiar og brannfolka vil gå brannvernrundar på plassen under rigging av stand og under Dyrsku`n. Alle utstillarar må rette seg etter dei eventuelle pålegg som blir gjeve av desse. Har de spørsmål om bruk eller oppbevaring av brannfarleg utstyr/ materiell – spør brannfolka om faglege råd. RØYK-/GASSVARSLARAR OG SLØKKJEUTSTYR Alle utstillarar må ha godkjent brannslokkar apparat på standen, på pulverapparat er kravet 6 kg ABE, men vurder om skumapparat vil vera betre for dine varer/ stand. Dersom overnatting i campingvogna på standen, tilrår vi sterkt at det er montert røyk- og gassvarslar i vogna. Dette er først og fremst for eigen tryggleik, ein røykvarslar vil varsle deg tidleg nok til at du og naboane kan koma i sikkerheit. BRUK AV OPE ELD Det er ikkje tillate med ope eld på plassen utan godkjenning. Grilling kan bare skje ute og etter at utstillinga er stengt for kvelden. Det skal vera minst 1 meter avstand frå telt campingvogn. Forlat aldri ein glødande grill. Eingongsgrill er ikkje tillatt på plassen. 36


PROPANLEKKASJE Dersom du oppdagar propanlekkasje, skal hovudkrana straks stengast og reguleringsventilen koplast frå flaska. Stans all bruk av open eld. Lokaliser lekkasjen, er den frå flaska, bring straks flaska vekk frå campingvogner - telt. Varsle brannvesenet. VED BRANNTILLØP Alle tilløp til brann må meldast til vaktene. Det er normalt brannvakter på plassen. Vår beredskapstelefon er bemanna og i dirkektekontakt med brannfolk. Opplys namnet ditt, kvar du er – standnamn/ nr. og kva som har hendt. Prøv å slokke og hugs å varsle dei som er truga av brann. BRENNBART AVFALL / PAPP OG PAPIR Det er viktig at det ikkje blir lagra brennbart avfall, spesielt papp og papir, inne på eller rundt standen. Søppelbilen vil samle inn papp, papir og plast kvar kveld. Alt svært brannfarleg materiale må fjernast.

VIKTIGE TELEFONNUMMER i prioritert rekkefølgje (dersom ikkje tilgang til sikringsradio) Brannvernleiar/ Pål Christian Syvertsen Vakt og beredskapsleiar Politi/Lensmannsvakta Kommunal legevakt

92 81 75 01 91 74 90 88 (varslar brannfolk, lege/ambulanse, politi/ordensvakter) 02800 (35 06 56 38) 35 05 00 05

Naudnummer: Brann 110 Politi 112 Ambulanse 113

37


38


39


VARSELSKJEMA – DYRSKU’N Firmanamn:............................................................................................................................. Namn person:....................................................................................................................... Plassnummer: ............................

DE HAR HERMED FÅTT VARSEL FOR: ...................................................................................................................................................... ...................................................................................................................................................... ...................................................................................................................................................... Dersom varselet ikkje blir tatt til følgje og/eller de mottar nytt varsel medfører det BORTVISING FRÅ DYRSKUPLASSEN OG DYRSKU’N. Det kan også medføre utestenging av standplass for seinare år. Dato: .............................................

....................................................................................................................................................... Underskrift vaktmannskap ...................................................................................................................................................... Underskrift utstillar for mottatt varsel 40


REGISTRERINGSSKJEMA I FORBINDELSE MED ALVORLIG HENDING Namn:........................................................................................................................................ Fødselsnummer: ................................................................................................................. Adresse: .................................................................................................................................. Telefon: Privat: .......................................................

Mobil: .......................................................

Eigen klesdrakt:..................................................................................................................... ...................................................................................................................................................... Kven saman med: .............................................................................................................. ...................................................................................................................................................... ...................................................................................................................................................... Spesielle observasjonar: ................................................................................................ ...................................................................................................................................................... ......................................................................................................................................................

41


EIGNE NOTAT

42


EIGNE NOTAT


OPNINGSTIDER Dyrskuplassen

Fredag kl 09.00 – 20.00 Laurdag kl 09.00 – 20.00 Sundag kl 09.00 – 18.00

BILLETTPRISAR

Dagsbillett • Vaksne frå 16 år fred/laurd/sund • Born 6–15 år • Born under 6 år

kr 199,- kr 70,gratis

3-dagar • Vaksne frå 16 år • Born 6–15 år

kr 475,kr 180,-

DYRSKURADIO – Hjalarhornet Radio tlf. 35 05 20 05 MINIBANK – Hall B, Husdyrhallen og på tivoliområdet TRÅDLAUST NETT

På store delar av Dyrskuplassen er det tilgang på trådlaust breiband frå RadioLink Telemark AS. Søk etter nettet ”dyrskun” på utstyret ditt. Så fort du har kobla deg opp på internett og prøvar å gå til ei nettside, vil du kome til påloggingssida. Klikk på linken der for å kjøpe tilgang. Du kan også kjøpe tilgang før du kjem til Dyrskuplassen, tida du har kjøpt blir rekna frå fyrste gong du loggar deg på.

INFORMASJON

Publikumsinformasjon (ved Fjosporten) er merkt med oransje vindpølse. Her er møteplass for dei som har kome bort frå kvarandre. Bortkomne born vert levert og henta her.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Vertskapshåndbok 2017 by Dyrsku'n Arrangement AS - Issuu