Skip to main content

Velkommen til Vårmarknad og Dyrskuplassen

Page 1

www.dyrskun/vaarmarknad

VÃ…RMARKNAD I SELJORD, DYRSKUPLASSEN og andre opplevingar i Midt- og Vest-Telemark

SESONGEN 2018 1


www.dyrskun/vaarmarknad

VELKOMMEN TIL DYRSKUPLASSEN I TELEMARK! I samband med Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord 25.-26. mai, ynskjer vi å invitere dykk til Telemark for marknadsliv, kulturelle opplevingar, fantastisk natur og ein sosial happening.

Vårmarknaden i Seljord er ein marknad med fokus på bil, motor, brukt/del og retro. Her er mange salsutstillarar, aktivitetar for små og store, matservering og eit yrande liv. Vi har òg ein eigen marknadscamping der mange kjem for å nyte Dyrskuplassens trivelege atmosfære.

Kombinasjonen av nytt, brukt og gamalt er i tida, og arrangørane ynskjer å oppmode dei besøkande til å bruke tinga sine om att. Det vil vere ein handarbeidshall der gjenbruk og gamle mønster er fokus. Her vil det vere ein strikkekafé, dyktige representantar frå lokale husflidslag til å vise og rettleie i gamle, snart gløymde teknikkar. I tillegg vil det vere fleire utstillingar og lokale leverandørar som har ullprodukt og –garn i prima, norsk kvalitet til sals.

Vi kan tilby hyggelege gruppeprisar (min. 15 personar) til vårt arrangement. Ta kontakt med oss på førehand for å booke.

AKTIVITETSKALENDER PÅ DYRSKUPLASSEN SESONGEN 2018

2


www.dyrskun/vaarmarknad

Telemark har mykje å by på, og vi vil kome med nokre forslag til kva de kan oppleve medan de er her!

Om det kanskje er litt tidleg på sesongen for eit bad, så har i alle fall Seljordsvatnet fleire fine strendar og badeplassar. Telnessanden på vestsida av vatnet blir rekna som ein av fylkets flottaste strender. De bør sjølvsagt stoppe langs vatnet og sjå etter sjøormen. Vi har òg eit prisvinnande sjøormtårn i Seljord, der de har god utsikt over vatnet og kor sjøormen, som har fått namnet Selma, har blitt observera ved fleire høve. Det er gjort mange observasjonar av ormen opp gjennom åra, og det finns historier kring dette sjømonsteret heilt tilbake til 1700-talet.

Vrådal Golfpark er ein 9-hulls golfbane vakkert plassera på ei øy i innsjøen Nisser. Banen er open for drop-in kvar dag. (ca. 1. mai - 15. oktober). 3


www.dyrskun/vaarmarknad

Telemarkskanalen er ei oppleving. Kanalbåtane Victoria og Henrik Ibsen går dagleg mellom Skien og Dalen. Vi kan anbefale å ta turen mellom Kviteseid og Lunde. Ta båten den eine vegen og buss tilbake til utgangspunktet. Telemarkskanalen sto ferdig i 1892. Den blei ute i Europa karakterisera som eit «åttande underverk». Kanalen har 18 slusekammer og ein høgdeforskjell på 72 meter. Vatnvegen frå Skien til Dalen er totalt på 105 kilometer. Sjå meir på www.kanalbaatene.no

4


www.dyrskun/vaarmarknad

Ta turen til foten av Gaustatoppen via Tuddal, og ta Gaustabanen til toppen der du kan sjå 1/6 av Noreg på ein fin dag. Sjå: www.gaustabanen.no

Når de er i Tinn, er det fleire ting ein bør få med seg. Vemork industriarbeidermuseum er verdt eit besøk. Dei forvaltar lokalsamfunnet på Rjukan si historie, og aksjonane mot tungtvatns-anlegget til Norsk Hydro under 2. verdskrig er godt dokumentera. www.visitvemork.no

På veg opp til museet kan de freiste skjebnen med eit strikkhopp frå Vemorkbrua om det er noko de drøymer om Sjå meir om strikkhopping her.

Sabotørstien og Krossobanen er òg attraksjonar de finn i området. Les meir om byen på UNESCOs verdsarv-liste her www.visitrjukan.no

5


www.dyrskun/vaarmarknad

Når de nærmar dykk Notodden vil de sjå Heddal stavkyrkje som ligg nær E134. Dette er Noregs største i sitt slag og har historie tilbake til mellomalderen. I Cafè Olea kan de ta ein pust i bakken. Her serverar dei varme og kalde rettar, salatar, kaffi og kaker. Sjå www.heddalstavkirke.no

Notodden-Rjukan industriarv kom i 2015 på UNESCOs verdsarvliste. Gründeren Sam Eydes visjon om å «sette fossen til å gjere nyttig arbeid for menneska», var starten på det som skulle bli Hydro og eit industrieventyr Noreg ikkje har sett maken til. Notodden var startstaden for verdas fyrste vellukka industrielle produksjon av gjødsel. Sjå meir på www.industriarven.no

OVERNATTING Delar av Dyrskuplassen blir under dei fleste arrangementa våre omgjort til en campingplass, med god infrastruktur og moderne sanitærtilhøve og fornuftige prisar.

Ynskjer du meir komfort? Vi kan anbefale desse hotella i nærområdet: Seljord Hotell (tlf 35 06 40 00), eit hyggelig historisk hotell som ligg i gangavstand til Dyrskuplassen. Quality Straand Hotell i Vrådal (tlf 35 06 90 00) 30 minutt frå Dyrskuplassen. Bø hotell i Bø (tlf. 35 06 08 00) 30 minutt frå Dyrskuplassen.

6


www.dyrskun/vaarmarknad

Vi håpar at dette kan vere til inspirasjon for ein tur til Seljord og kringliggande kommunar. Om de ynskjer litt meir hjelp til å legge opp ei rute, vil vi sjølvsagt hjelpe deg med det! Kontakt oss på tlf. 35 06 57 70 eller post@dyrskun.no

VELKOMMEN TIL SELJORD OG DYRSKUPLASSEN!

7


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Velkommen til Vårmarknad og Dyrskuplassen by Dyrsku'n Arrangement AS - Issuu