1 minute read

Marit Hegnastykket 11 år Bø

RASESTANDARD

revidert 03.10.21

Advertisement

KROPP OG BEIN Telemarkfeet skal vere ein typisk mjølkerase. Dei skal ikkje ha grov beinbygning eller vere for muskelsette. Dei bør ikkje ha ei levande vekt over 500 kg. Kroppen skal vere langstrakt og smekker med ein lang og smekker hals. Det er ynskelig med høgstilte dyr og god avstand mellom bås og spenespiss. Hovudet velforma og oppvakt. Ryggen skal vere sterkbygd og med ei rett overlinje (1). Krysset (2) skal ha ei breidde og helling som tilseier lette fødslar. Det vil sei at det bør vere bra helling frå toppen av hofteknoken og ned til bekkenet. Avstand frå lårbeinsfeste til hofteknoke og bekken bør vere størst mogleg. Bøgane (4) bør sitte godt inntil kroppen. Føtene skal vere granne og fine, med rette vinklar i kode (5)- og haseledd (6) som tilseier sterke og haldbare føtar. Rova skal vere lang og grann med eit rovefeste (7) som ikkje er for grovt og høgt.

JURET Juret skal vere velforma med godt feste framme og bak. Det skal vere god balanse mellom fram- og bakjur. Spenane skal sitje godt i botnen av juret, dei skal ikkje sprike til sidene eller framover. Spenane skal vere høveleg store til maskinmjølking. Det skal vere tydeleg overgang mellom jur og spene.

FARGE OG TEIKNINGAR Telemarkfeet skal vere raud- eller brannsida. Dei skal ha samanhengande kvit rygg frå rove til hovud. Bringkollen skal vere kvit, det same underdelen av buken, juret, bakføtene og rova. Hovudet bør vere droplete med raud mule, raude kjakar, raude øyro og med ein raud strek eller veng over kvart auga. Der det raude og kvite møtast, bør det vere ei droplerand, utanom på buken der kan det raude og kvite møtast kant i kant.

This article is from: