Issuu on Google+

m o s U D r e t De . . . r e m m e best Tankar og fakta om Internett og personvern for deg fr책 9-13 책r


Heftet er utgjeve av Senter for IKT i utdanninga,  Teknologirådet og Datatilsynet, april 2009 ISBN 978-82-92447-34-5 1. opplag: 15 000 2. opplag: 10 000 3. opplag: 9 000 Ansvarleg redaktør: Torbjørn D. Moe, Senter for IKT i utdanninga Prosjektleiar: Karoline Tømte, Senter for IKT i utdanninga Journalist: Inger Lise Welhaven Design: Haugvar Kommunikasjon & Design Illustrasjonar: Mikrofilm AS Trykk: BK Grafisk For meir informasjon: www.dubestemmer.no Datatilsynet Postboks 8177 Dep NO-0034 Oslo Telefon: 22 39 69 00 www.datatilsynet.no

Senter for IKT i utdanninga Postboks 530 9256 Tromsø Telefon: 854 19 000 www.iktsenteret.no

Teknologirådet Postboks 522 Sentrum NO-0105 Oslo Telefon: 23 31 83 00 www.teknologiradet.no


Ditt val Dette heftet handlar om deg. Det handlar om Internett. Det handlar om alt det morosame og fine du kan bruke Internett til – og litt om kva som kan gå gale. Dette heftet handlar om å ha respekt for andre. Det handlar om å ha respekt for seg sjølv. Det handlar om korleis du kan ta vare på deg sjølv og vere trygg – også når du er på nett. Noko i dette heftet veit du sikkert frå før. Noko vil vere nytt. Vi håpar arbeidet med heftet vil gje gode diskusjonar om korleis du kan bruke Internett på ein god måte. Då blir det enklare å gjere val som er rette for deg. Det er du som bestemmer.

3


… var det du som sende den dritkjipe meldinga? Du gjorde det kanskje på moro – men kor morosamt var det eigentleg? Meldinga spreidde seg til litt fleire enn du ville, ikkje sant? Og plutseleg er det di skuld at ein i klassa ikkje torer å gå på skulen. Var det verkeleg verdt det, eller skulle du ønskje du hadde tenkt deg om?

Tenk deg om – ikkje alt kan gjerast godt igjen.

5


HALLO…..ER DET NOKON DER..??? Ja! Hundrevis! Tusenvis!! Millionar!!! På Internett kan du nå heile verda om du vil. Og av og til også når du ikkje vil.

Det er mange som ser DEG! Internett er artig. Du kan snakke med venner på MSN, sjå filmar på YouTube, laste ned musikk, besøkje heimesidene til vennene dine og dele bileta dine. På Internett er det utruleg mange måtar å bli sett og høyrt på. Det var annleis då foreldra dine var unge. Dei måtte helst vere verdas beste fotballspelar eller vinne Nobels fredspris for å bli lagt merke til ute i den store verda. No kan bileta du legg ut på Flickr, eller videoen din på YouTube, sjåast av millionar av menneske – både bestemor på Kløfta, ein rørleggjar i Brasil og den du skal bli kjærast med om nokre år.

Jorda rundt Kanskje har du ei side på Nettby, Facebook, Piczo eller eit anna nettsamfunn, eller ein blogg der du har lagt ut bilete og fortalt litt om deg sjølv? Då har du kanskje også tenkt over om det er greitt at naboen eller foreldra dine ser det du legg ut. For det kan det godt hende dei gjer … I nokre nettsamfunn kan du bestemme kven som ser kva på

profilen din. Men tagging, klipping og liming er lett på nett. Det er fort gjort at noko som berre var meint for vennene dine, hamnar hos andre. Og det som er lagt ut, kan vere vanskeleg å få vekk.

Ditt eige arkiv Er du med i eit idrettslag? Då kan det hende dei har lagt ut bilete av deg på heimesida si. Kanskje du til og med er så god at du har blitt intervjua i avisa, og artikkelen ligg ute på nettet. Er du med i skulemusikken, kan det hende du finn nokre fine bilete av deg sjølv frå 17.-maitoget. Det som ligg ute om deg på Internett kan lastast ned av andre og lagrast ulike stader. Viss nokon søkjer på namnet ditt på søkjemotorar som Kvasir eller Google, kan dei få mange treff og danne seg eit bilete av korleis du er som person. På ein måte får alle menneske etter kvart sitt eige arkiv på Internett. Det er du som bestemmer korleis ditt arkiv på Internett skal sjå ut.

6

Kva meine r

du

? Du kjenner si kkert mange m enneske. For alt du meiner tel du og synest til al le, eller er det du fortel meir nokon til enn andre? Kva fortel du og kvifor? til kven – Har du noko n gong lagt ut  nok Internett som du har angra på o om deg sjølv på ? Har nokon la gt ut bilete av deg på Intern Syntest du de ett? t var greitt? Va rt du spurd fø rst?

O p pg å v e r

:

Søk på namne t til fire kjen disar på Intern finn heimesid ett og ene deira. Står det ting der, el det bilete der ler ligg som du synest dei ikkje burd Fekk de man e lagt ut? ge treff på kv ar av dei? Trur kjendisane sjøl de at ve har laga el ler godkjent al og bileta? le sidene «Personvern»  er noko som er spesielt vikt Internett. Slå ig på opp ordet og fin n ut kva det be tyr.


Ordboka blogg = litt som ei dagbok på nett der den som eig bloggen, kan leggje ut bilete og innlegg. nettsamfunn = samlingsstad på Internett der du kan møte og snakke med andre. profil = informasjon og bilete av deg på eit nettsamfunn. søkjemotor = ei teneste på nett der du kan søkje etter informasjon. tagging = kjem frå det engelske verbet «to tag» og betyr at du skriv namnet til den som er på biletet, og linkar til profilen til denne personen. arkiv = samling av informasjon, bilete, tekst og anna. privat = noko som er personleg, som berre gjeld deg.

Passordet ditt er DITT Du skal aldri gje det bort til nokon andre.

Kjendis på YouTube

Få det vekk! Ligg det informasjon om deg på nettet som du vil ha fjerna? 1. Snakk med den som har lagt det ut. Be om at opplysningane blir fjerna raskt. 2. Be internettleverandøren fjerne informasjonen/bileta. Du finn leverandøren ved å kontakte eigaren av nettsida, for eksempel online.no eller nettby.no. Dei ulike eigarane finn du på norid.no. 3. Kontakt politiet der du bur dersom du meiner at det som er lagt ut, er så alvorleg at det må fjernast med ein gong. 4. Kontakt Datatilsynet for å få råd og hjelp.

Vise alt? Meir enn 120 millionar menneske rundt om i verda loggar seg på Facebook med jamne mellomrom for å oppdatere, leggje ut bilete og sjekke nytt frå venner. Somme legg ut alt frå telefonnummer og musikksmak, til om dei har kjærast eller ikkje. Andre vel å ikkje fortelje så mykje. Du bestemmer sjølv kor mykje informasjon du vil leggje ut.

Norske Lasse Gjertsen har blitt kjendis på grunn av filmsnuttar han har lagt ut på YouTube. Filmane er sett over 25 millionar gonger! – MTV vil ha meg til å lage åtte videoar for dei. Eg trur eg kjem til å takke ja, for då blir det litt pengar, seier han. For dei åtte videoane får han 1000 dollar per minutt ferdig film. Kjelde: Dagbladet/NRK

Tullebilete vart alvor Kristine og Synne sit på jenterommet og drøymer om å bli modellar. Dei to 13-åringane knipsar bilete av kvarandre, tullar og fniser. På dei siste bileta dei tek, står dei i berre stringtruse. Etterpå legg dei bileta ut på si private Piczo-side. Bileta er meint berre for dei to, og for å kunne sjå bileta må du ha passordet. Etter eit par år gløymer dei heile sida. Heilt til nokon brått sender Synne eitt av bileta på MSN. Nokon har også skrive ut bileta og hengt dei opp på den gamle skulen hennar. Synne torer ikkje å gå ut på ei heil veke! I dag er ho framleis redd for at bileta skal dukke opp. Ho trudde ikkje at noko sånt kunne skje då ho stod på det rosa jenterommet og fniste framfor kameraet. Kjelde: VG

Nettsamfunn er også bra Forskarar i California har funne ut at bruk av nettsamfunn som Facebook, onlinespel og videonettstader som YouTube er viktig for ungdomar si utvikling. Nettet blir først og fremst brukt til å halde kontakten med venner frå den verkelege verda, men også til å komme i kontakt med andre som har same interesser som dei sjølve. Og ofte er unge meir motiverte til å lære av andre på same alder enn av vaksne. Kjelde: The Digital Youth Project

7


Er det så nøye, då? Det var jo berre på moro!! Eg meinte det ikkje. Trudde aldri at du skulle ta det på alvor. Dessutan sende eg det berre til kameraten min. Ingen andre fekk sjå det. Æresord!

Det handlar om RESPEKT! Har du lyst til å leggje ut bilete av vennene dine på Internett, må du spørje først. Har du eit bilete av ein annan på mobilen som du har lyst til å sende til andre, må du òg spørje først. For sjølv om du synest biletet er morosamt, er det ikkje sikkert kameraten din er einig.

Lett å misforstå Framfor PC-en heime på rommet verkar alt litt mindre farleg enn ute i den «verkelege» verda. Det kan vere lett å seie ting du ikkje ville sagt om de sat ansikt til ansikt. Det kan òg vere lett å misforstå kvarandre. Når du snakkar ved hjelp av tastaturet, ser du ikkje reaksjonane til den du snakkar med. Du høyrer ikkje stemma og ser ikkje ansiktet og kroppsspråket. Difor kan det vere vanskeleg å vite korleis den andre reagerer på det du skriv. Internett og mobiltelefon gjer det lett å snakke med venner om alt som skjer, dele bilete og kanskje fortelje kvarandre hemmelege ting. Dessverre blir det også lett å øydeleggje for andre. Nokre opplever at bestevennen vidaresender eit bilete som det ikkje var

Kva meiner du ?

meininga at andre skulle sjå. Somme opplever at elevar på skulen skriv stygge ting om dei på Internett. Somme finn dumme bilete av seg sjølve på heimesidene til andre.

Same reglane Vi må respektere kva andre meiner og føler, anten vi er saman i skulegarden, sender meldingar på mobilen eller sit framfor PC-en. Og dei same reglane gjeld overalt – også på Internett. Det er til dømes ikkje OK å skrive noko om andre som ikkje er sant. Det er heller ikkje lov å mobbe nokon. Det er du som har ansvaret for alt du legg ut på nettet, både bilete og tekst. Det er du som har ansvaret for meldingane du sender frå mobilen din. Det er du som har ansvaret for å tenkje deg ekstra godt om før du trykkjer enter eller send. Du har ansvaret for den du er og det du gjer – også på nett.

8

Tøff ved tastaturet Blir du litt tøffare når du skriv på tastaturet enn når du snakkar direkte med andre personar? Kvifor / kvifor ikkje? Mobbing eller tøysing? Er det forskjell på mobbing og tøysing? Har du eller nokon du kjenner blitt tøysa med eller mobba på Internett eller mobilen? Kva skjed de? Fortalde du det til ein vaksen? Kan du tenkje deg tilfelle som gjer at nokon ikkje vil eller ikkje bør få lagt ut bilete eller andre opply sningar om seg sjølv på Internett? Les «Redd for å gå i dusjen» på mots tåande side. Lensmannen føreslår å forby mobilar i skule n. Kva synest du?

Oppgåver: I Noreg har vi det vi kallar ytringsfri dom. Bruk Internett til å finne ut kva ordet betyr. Har du lov til å seie og skrive akkurat kva du vil sidan vi har ytringsfridom? Nokre opplever å bli mobba av andre elevar på skulen. Det kan vere mobbing på nettet, på mobi len eller ansikt til ansikt. Korleis kan kvar enkelt i klassa hjelp e til for å unngå mobbing på skulen? Lag forslag til regla r for korleis elevane skal oppføre seg mot kvarandre, også når de er på Internett eller brukar mobilen. Er det nokon stader eller situasjonar der menneske har rett til å få vere i fred og ikkje bli tekne film eller bilete av? Gå saman i grupper og lag reglar for kva de kan ta bilete og film av, og kva det er greitt å bruke slikt til.


Slutt på Nettby og Facebook På Forsand skule opplevde fleire elevar å bli mobba på Facebook og Nettby. Skulen har no stengt tilgangen til Facebook og Nettby frå maskinene på skulen. Kjelde: nrk.no

Redd for å gå i dusjen

Eit skikkeleg JA! Kvar gong nokon legg ut bilete av deg på nettet, må dei spørje deg om lov først. Du skal berre seie JA viss du synest det er greitt. Angrar du etterpå, må du gje beskjed. Då skal dei som har lagt ut biletet, fjerne det med ein gong.

Ordboka anonym = la vere å opplyse kven ein er.

Falsk avsendar Meldingar du får på mobilen, treng ikkje komme frå den du trur. På Internett finst det nemleg tenester som gjer at kven som helst kan sende meldingar med kva som helst nummer som avsendar.

Snakk med nokon Viss du opplever å bli mobba, anten det er gjennom mobilen, Internett eller i skulegarden, er det viktig at du tek kontakt med nokon som kan hjelpe deg. Det kan vere foreldre, lærarar eller helsesyster. Viss du synest det er vanskeleg å ta kontakt med ein vaksen i nærleiken, kan du ringje Røde Kors-telefonen for barn og ungdom på 800 333 21 eller gå inn på www.korspahalsen.no og sende dei ei melding. Begge tenestene er gratis, og du er heilt anonym.

9

I Saltdal er det fleire elevar som ikkje dusjar etter gym eller symjing fordi dei er redde for at nokon skal ta bilete av dei. Mange opplever også å bli trua eller mobba på mobil eller Internett. Dette har ført til at nokre elevar har vore mykje borte frå skulen, og det har blitt fleire konfliktar. Lensmannen i Saltdal vil difor ha eit totalforbod mot mobiltelefon i skulen. Kjelde: Saltenposten.no

«Klar Melding» På skulen i dag gav ein i klassa meg mobilen sin for å vise meg eit bilete. På biletet såg eg XX som stod framfor spegelen med mobilen frå livet og opp, utan noko som helst på seg. Så kom læraren vår, og ho òg fekk sjå biletet. I motsetning til alle dei andre vart læraren vår berre stille og såg litt trist ut. Og då sa ho at XX ikkje hadde det så lett, og når ein ikkje har det så lett, kan ein gjere dei raraste ting utan at folk forstår kvifor! Alle elevane meiner at «Det var jo ho som la opp til det, då.» Og sjølv om ein annan skulle ha rappa mobilen og sendt det, så er det hennar feil at ho i det heile teke tok bileta med mobilen. Unnskyld meg? Viss eg tek bilete med mobilen, er det då min eigen feil viss eit rasshol kjem og snokar på han utan lov, og sender biletet til alle slags folk? Alle dei som spreier dette ryktet og viser biletet til folk – dei er mobbarar! Helsing jente 14 år Kjelde: barneombudet.no


… vart du forelska i VESLEbroren din??? Det er litt flaut, ikkje sant? At drøymetypen som du chatta med i fleire veker, eigentleg var veslebroren din som tulla med deg. Kanskje er du litt skuffa også, for du vart litt forelska? Det er ikkje kult å drite seg ut, men korleis kan du eigentleg vite kven du chattar med på nett?

Tenk deg om – når det er lett å lure, er det også lett å bli lurt! 11


I går, ein tøffing på 17: HALLA! SKJER A? Eg er Ronny. Diggar heavy metal og jenter med store puppar! Er du med, eller… :D i dag, Ei søt jente på 11: Hei, eg heiter Line og blir snart 12 år. Eg elskar High School Musical og er kjempeglad i hestar. Kanskje vi kan treffast ein dag?

Kven snakkar du med - EIGENTLEG? Har du eit kallenamn på nett? Då kjenner sikkert vennene dine kallenamnet ditt, men andre veit ikkje kven som skjuler seg bak det – verken namnet ditt, kor gammal du er, eller om du er jente eller gut. På Facebook og somme andre nettstader er det vanleg å bruke fullt namn og kanskje også annan personleg informasjon. Andre stader er det greitt å vere anonym, eller bruke eit kallenamn.

Sant, eller … Det kan vere spennande å dikte seg opp ein heilt ny identitet der du sjølv kan velje kjønn, alder, nasjonalitet, interesser og hårfarge. Det er kjekt å vere 20 år gammal og superstjerne for ein kveld! Men det er ikkje berre du som kan opprette ein liksomprofil. Den kjempesøte jenta du har blitt kjent med på Nettby, heiter kanskje ikkje Emilie likevel. Og kanskje er ho ikkje 12 år. Kanskje heiter Emilie eigentleg Gunnar og er 47 år gammal?! På Internett kan du treffe mange spennande menneske. Dei aller fleste du treffer, er hyggelege og greie. Dessverre er det enkelte

som opplever å møte nokon som ikkje er ærlege om kven dei er og kva dei vil. Heldigvis er det få som opplever fæle ting, men likevel er det viktig å vere klar over at det kan skje. Mykje er både greitt og trygt å dele med andre på bloggen, Nettby eller Facebook. Noko er det betre og tryggare å dele direkte med ein nær venn, ansikt til ansikt. Det er du som bestemmer kva du vil dele med kven.

du ? Kva meiner ubehageleg på nett – du får

a ever noko ei ekkel side – kv Dersom du oppl r eller kjem inn på ta en ed m m m ko du r g ka yg ein st eller snak det for deg sjølv, gjer du? Held du er på nokon om det? kon du ikkje kjenn ng snakka med no n go na n an ko og no te du le r bi Ha greitt å sende er t de du st t? ne Internett? Sy du møter på nette asjon til framande personleg inform

O p pg å v e r :

ge der dei brukar ei  har nettprofilar sa r as na kl i sjo ua ge sit an er m Kor namn? Diskut lle ka r ha ge e an uk m best å br sitt namn, og kor mn, og når det er na lle ka e uk br å det er lurt n. eige namn. mn og eige nam r bruk av kallena  fo ar gl re til g Lag forsla

12


Ordboka identitet = korleis ein oppfattar seg sjølv, og korleis ein vil bli oppfatta av andre. overgrep = å bli tvungen til noko ein ikkje vil. Eit overgrep kan vere fysisk, følelsesmessig eller seksuelt.

Må vite kven det er – Om eg godtek å bruke kamera, kjem heilt an på kven eg pratar med. Viss nokon spør meg om å bruke det første gongen vi pratar på MSN, seier eg ja berre dersom eg kjenner vedkommande. Viss nokon seier at dei går på naboskulen, og ber meg om å sende eit bilete av ei venninne, til dømes, seier eg nei. Eg kan ikkje sende deg bilete av venner, eg veit ikkje om du er den du gjev deg ut for å vere, seier ein 13-åring til Aftenposten. Klassekameraten meiner ein aldri kan vere sikker på kven ein snakkar med. – Det kan vere ein 60 år gammal mann som vil utnytte oss, seier han. Gutane meiner likevel at ein fort skjønar om folk ikkje er den dei gjev seg ut for å vere. Då er det verre med alle historiene om folk som har tabba seg ut med kamera. Dei innrømmer at dei har vore uforsiktige sjølve. Det er ikkje alt som er kult at kameratar får sjå.

Raud knapp På fleire chattesider kan du sjå ein raud knapp merkt med POLITI. Viss det skjer noko ulovleg som kan føre til overgrep, må du seie frå til ein vaksen du stolar på. De kan klikke på den raude knappen. Då kjem de direkte til politiet sitt tipsmottak og kan leggje inn opplysningar om kva du har opplevd. Denne knappen skal berre brukast når du oppfattar noko som alvorleg. Blir du erta eller opplever andre ting som er leie, er det best å snakke med ein vaksen eller kontakte Røde Kors på www.korspahalsen.no eller telefon 800 333 21. Begge tenestene er gratis, og du er heilt anonym.

Tenkje sjølv …

Kjelde: Aftenposten

Mange opplever å få tilsendt lenkjer til nettstader dei ikkje kjenner. Nettsidene er ikkje alltid sider ein ville besøkt om ein på førehand hadde visst kva dei inneheldt. I ei undersøking gjort mellom barn i alderen 8 til 18 år svarte 42 prosent at dei hadde komme inn på sider med støytande, valdeleg materiale utan å ønskje det sjølve. Nesten halvparten av dei spurte hadde ufrivillig komme inn på pornografiske sider. Det kan vere lurt å sjå på nettadressa eller undersøkje nærmare kva slag side det er før du trykkjer på lenkja – eller vel å la vere. . Kjelde: Trygg bruk-undersøkinga 2008 (Medietilsynet)

Ekkelt på nett Når du søkjer på Internett, kan du komme inn på sider som du synest er ekle og helst ikkje vil sjå. Det finst massevis av sider med både vald og nakne menneske. Det er ingenting gale med å vere naken, men enkelte ting er det kanskje greitt å sleppe å sjå? Viss du opplever noko som du føler er ekkelt, er det viktig å snakke med ein av foreldra dine, læraren din eller ein annan vaksen du stolar på.

13

Ville ha hemn 13 år gamle Megan i USA chatta med 16 år gamle Josh Evans på MySpace. Megan syntest Josh var kjekk, og dei prata mykje saman på nettet. Etter kvart vart Josh mindre hyggeleg. Han skreiv at han hadde høyrt at ho ikkje var grei mot vennene sine, og at alle på skulen visste korleis ho var. Til slutt sa han at alle hata ho, og at verda ville vore betre utan ho. Same dagen tok Megan sitt eige liv. I etterkant viste det seg at det ikkje fanst nokon Josh, men at det var mora til ei tidlegare venninne av Megan som hadde oppretta profilen. Gjennom chattinga ville ho finne ut kva Megan meinte om dottera, og om ho hadde spreidd rykte om ho. Kjelde: The New York Times


NO ER DET NOK! Døra fyk opp, og inn stormar ei illsint mamma. Bak ho kjem ein nesten like sint pappa. At sonen har sete fire timar framfor PC-en utan å gje lyd frå seg, utan å klage over lekser eller krangle med veslesyster, er tydelegvis IKKJE nok.

KVEN skal bestemme? Det kan vere mange grunnar til at foreldra til guten reagerer. Sit han alltid åleine og spelar på nettet bak ei lukka dør på rommet sitt, blir dei kanskje redde for at han ikkje har nokon venner. Kanskje har dei ein avtale om at han ikkje får bruke PCen meir enn ein time om dagen, og no har han sete altfor lenge. Det kan òg hende at dei har sjekka loggen og oppdaga at han har vore inne på nettsider han eigentleg ikkje har lov å besøkje.

Greitt å sjekke? Somme barn opplever at foreldra sjekkar loggen eller historikken på PC-en dei brukar, for å sjå kva sider dei har vore inne på. Nokre ber også om å få sjå på mobilen for å lese meldingar som barna har sendt og fått. Mange foreldre seier dei gjer det for å verne barna mot å oppleve ting som kan vere vondt eller leitt. Andre synest ikkje det er rett å sjekke verken PC‑en eller mobilen til barna sine. Dei fleste skular har reglar for bruk av Internett, PC og mobil. Mange familiar har òg slike reglar. Andre har ingen reglar i det heile

teke. Nokre vil meine at reglane dei må halde seg til, er altfor strenge, og misunner vennene som får lov til så mykje meir. Men kanskje dei som får lov til alt, eigentleg skulle ønskje at det var nokon som sette litt grenser likevel? Grenser for kor mange timar dei får lov til å sitje framfor skjermen, kva nettsider dei skal halde seg unna, og kva slag spel dei får spele på Internett? Av og til er det greitt med reglar. Du kan vere med på å bestemme kva reglar som skal gjelde for deg.

Kva meiner du ?

Har du reglar for ko rleis du kan bruke mo bilen og PC-en? Fekk vere med å bestemm du e reglane? Er du einig i dei reglane som gje for deg? ld Kva trur du er grunn en til at mange foreld re sjekkar loggen på PC-en og meldingan e på mobilen til barna ? Har foreldra dine re tt til å vite alt du gje r? Kven du er saman kva de snakkar om og med, kva de gjer når de er saman? Har du rett til vite alt dei vaksne gje å r? Nokre foreldre leg g ut bilete av barna sine på Facebook ell andre nettsamfunn for er å vise fram familien sin. Er det OK? Bør ba bli spurde først? Er de rna t greitt å leggje ut bil ete av ein som er så at han eller ho ikkje ung kan bestemme sjølv?

Oppgåver:

Enkelte nettstader har aldersgrense f or dei som ønskjer å komme inn på siden e deira. Finn ut kva ald ersgrensa er på Face Habbo og andre netts book, amfunn. Kvifor trur de dei har sett desse aldersgrensene? På kino respekterer dei fleste den aldersgrens er sett. Har du like sto a som r respekt for aldersgre nser på nettet? Kvifo kvifor ikkje? r/ Er det viktig å ha re glar for bruk av Intern ett og mobil heime og på skulen? Kvifor? Dis kuter i grupper, og lag nye reglar slik de syn dei bør vere. Bør dei est same reglane gjelde heime og på skulen, bør det vere ulike reg eller lar? Diskuter reglane med læraren og foreld dine. ra

14


Kva har skulen lov til å sjekke? I utgangspunktet har ikkje skulen lov til å overvake Internettbruken til elevane. Dersom det har skjedd noko ulovleg, kan politiet bruke informasjonen i loggen på skuleserveren til å finne ut kven som står bak. Datatilsynet tilrår at skular avgrensar overvakinga av elevane, og dei skal informere om kva som blir registrert og kvifor.

Ordboka logg = oversikt over nettaktivitet, til dømes kva sider du har besøkt eller samtaler på MSN. filter = program som stengjer tilgangen til uønskte nettsider. nettlesar = program nytta til å syne innhald frå Internett (til dømes Internet Explorer eller Safari).

Du har rett til å bli høyrd FN har ei lov om barn sine rettar som mellom anna seier:

■■ Barnet skal ikkje utsetjast for tilfeldig eller ulovleg innblanding i privatlivet sitt. Det skal vernast mot ulovleg inngrep mot ære og omdøme.

Men FN sin barnekonvensjon seier òg: «Begge foreldra har eit hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet etter kva som er best for barnet.» Foreldra dine skal altså verne deg viss dei meiner at noko er skadeleg for deg. Har dei mistanke om at du gjer noko på nettet som er skadeleg eller farleg for deg eller andre, kan dei derfor setje grenser for kva du får gjere når du er på Internett.

Eg er far til ein 13-åring. Eg vil i utgangspunktet at ho skal ha det så fritt som eg sjølv ville ha det då eg var ung. Det er FEIL at foreldre skal overkontrollere. Vis respekt, og du får respekt tilbake. Eg har stor forståing for at det er ting det er vanskeleg og feil å spørje foreldre om. Eg er òg redd for at ho skal hamne i bråk, og set grenser, men inntil ho hamnar på ville vegar, er ho «fri». Pappaen

«Klar Melding»

■■ Barnet har rett til å seie si meining i alt som gjeld det. Meiningane til barnet skal telje.

I Noreg har vi også ein barnelov som seier at barnet har rett til å bestemme meir dess eldre det blir. Barneombodet tilrår at foreldra tek barnet på alvor, og at dei høyrer på kva barnet meiner når dei ønskjer å leggje ut informasjon og bilete av barnet på nettet. Det betyr at meininga di tel, sjølv om du er barn.

Lesarinnlegg på ung.no

Som ei opa dagbok Andre kan sjå kva nettadresser du har besøkt ved å bruke historikken. I dei fleste nettlesarar kan logg og historikk slettast ved hjelp av «verktøy»-menyen. Viss du ikkje sjølv fjernar loggen, kan andre snoke i nettbesøka dine.

15

Mamma og pappa lagrar loggen på msn-en min! Det er ganske ubehageleg!! :-S For når eg snakkar med gutar og håpar det blir noko av det, så torer eg eigentleg ikkje å skrive at eg likar den guten, for då kan mamma og pappa sjå at eg og den guten flørtar. Det blir veldig flautt viss mamma og pappa skal sitje og lese «ÅÅÅ eg elskar deg SÅÅÅ» eller «You’re hot and I’m not». Det er ganske flautt. Synest de det er greitt at foreldra mine lagrar loggen på msn-en min? Helsing Jente 12 Kjelde: barneombudet.no


… skreiv du stil om den hesten DER??? Du var litt fornøgd med deg sjølv, ikkje sant? Fann akkurat det du trengde til stilen din på første forsøk. Du gløymde kanskje å sjekke kven som hadde lagt det ut, og vips så hadde du levert inn noko som var heilt på trynet? Kanskje ikkje så rart at dei andre lo av deg, men kva kan du eigentleg gjere for å sleppe det neste gong?

Tenk deg om – på nettet er det du som må skilje fleip frå fakta! 17


DET ER HEILT SANT! I Australia renn vatnet oppover elva i staden for nedover. Fordi det ligg på andre sida av Ekvator. Skjønar du? Eg sat og surfa på nettet i går. Det var der det stod.

Kven kan du STOLE på? Somme tider er ein påstand opplagt feil, andre gonger kan det vere vanskeleg å vite kva som er sant. Når du ser nyheiter på TV eller les noko i avisa, reknar du sikkert med at det dei skriv eller seier, ikkje er løgn eller tull. Viss du er på Internett, reknar du kanskje òg med at du kan stole på den informasjonen som ligg der. Men sånn er det ikkje alltid. Alle aviser og TV-kanalar har ansvar for at det dei trykkjer og sender, er rett. Dersom dei med vilje fortel noko dei veit er feil, kan dei bli straffa. På Internett er det annleis. Her kan alle, både aviser, stats­ ministeren, idrettslaget, naboen og du, leggje ut faktainformasjon og meiningar om alt mellom himmel og jord.

Fritt fram? Då foreldra dine skulle skrive skuleoppgåver om Beatles, måtte dei gå på biblioteket for å leite etter informasjon. Tenk så mykje lettare du har det! Berre ved å trykkje på nokre tastar får du tilgang til vanvittige mengder informasjon frå heile verda. I tillegg kan du sjølv legge ut

informasjon til dømes på Wikipedia. Då kan andre lære av deg. Internett er supert for å finne og dele bilete, musikk og informasjon. Men det er ikkje alt ein kan bruke fritt. Det er ikkje lov å laste ned eller bruke musikk, bilete eller film utan at det er godkjent av den som har laga det. Når du skriv om ein tekst du finn på nettet, må du opplyse kvar teksten er henta frå.

Sikker kjelde? Du har sikkert søkt på Kvasir eller Google for å hente opplysningar til skulearbeidet. Kanskje fekk du hundrevis eller tusenvis av treff på søkjeordet du brukte. Då er det jammen ikkje godt å vite kva sider du skal gå inn på for å finne rett informasjon! Kva er ei påliteleg kjelde? Kven er det som har lagt ut informasjonen? Når vart han lagt ut? Kan det vere gammal informasjon som ikkje er rett lenger? Ver kritisk til det du les og ser. Ikkje alt er rett.

18

Kva meine r

du

? Har du noko n gong funne informasjon på Internett som var feil? Veit du kven som stod informasjonen? bak Når du ser et ter fakta på In tern lurt å sjekke kv en som er avse ett, kan det vere ndar. Kva slag avsendarar trur du mest på? Trur du at al t som står i bø kene på skuleb teket, stemmer iblio­ ? Trur du læra ren din veit fa svaret på alt? sit­Korleis veit du kva informasjo kan stole på? n du Har du noko n gong lasta ned musikk el Internett? Beta ler film frå lte du for det du lasta ned? musikken elle Delte du r filmen med no kon etterpå?

O p pg å v e r

:

Korleis bruk ar de informas jon som de fin Internett i ei sk n på uleoppgåve? Sj ekk om skulen reglar for korle har is de skal bruk e slik informas Set opp eigne jon. forslag til regl ar. Finn ut kva or det «opphavsre tt» betyr.


Rett i fengsel I 2007 vart ein 45-åring dømd til 15 dagar i fengsel for å ha lagt ut filmen «Pitbullterje» på Internett. I tillegg måtte han betale 50 000 kroner i erstatning til eigarane av filmen. Kjelde: dagsavisen.no

Tenkje sjølv … Nokre lærarar brukar eit program der dei kan sjekke det du skriv, mot det som ligg på Internett. Då kan dei oppdage om du har kopiert ein tekst rett frå nettet, eller om du har brukt dine eigne ord.

Lèt Google gjere leksene

Kvar fann du det? Når du hentar informasjon frå nettet eller andre stader og til dømes brukar det i ei skuleoppgåve, må du alltid opplyse kvar du fann informasjonen. Mange set opp Google som kjeldetilvising, men Google er ein søkjemotor som berre hentar fram informasjon frå andre kjelder. Derfor må du trykkje deg eit hakk vidare for å finne den eigentlege kjelda.

Gratis!? Det finst fleire nettstader der ein kan dele musikk, film eller bilete. Det er ikkje ulovleg dersom den som har laga musikken eller filmen, har sagt at det er greitt, men mykje av innhaldet på slike nettstader er lagt ut utan at dei som eig det, har blitt spurt. Det kostar pengar å lage musikk og film, og dei som driv med det, vil gjerne ha betaling for arbeidet sitt. Treng du musikk eller lydeffektar til ein film du har laga sjølv, eller til eit skuleprosjekt? Sjølv om du har kjøpt ein CD, har du ikkje lov til å bruke musikken i filmen din og så leggje det ut på for eksempel YouTube. Men på Internett finst det massevis av musikk som det er lov å bruke! Du kan finne det ved å søkje etter for eksempel Creative commons music eller Royalty-free music. Treng du bilete og vil halde deg på rett side av lova, kan du søkje etter Creative commons pictures.

19

Elevar fuskar seg til betre karakterar ved å kopiere tekstar frå nettet. Alle ungdomsskulane Aftenposten var i kontakt med, hadde opplevd at elevar leverte inn skulearbeid som dei hadde kopiert delvis eller heilt frå Internett. Mange elevar er ikkje klar over at kopiering er fusk. Kjelde: Aftenposten

«Klar Melding»

Ordboka kjeldetilvising = å opplyse kvar du har henta informasjonen frå. kritisk = stille spørsmål ved noko, sjekke om det er kva det gjev seg ut for å vere.

For lenge sidan la eg ut ein video med musikk og bilete av Eminem. No fekk eg beskjed om at nokon sa at dei hadde rettane til videoen. Og så stod det at videoen vart sletta. Eg får vel ikkje bot i tillegg for dette? Er litt redd for nettopp det, og at foreldra mine blir skuffa over meg. Helsing Gutt 15 år. Kjelde: barneombudet.no


DU KAN VINNE EIN iPod! Bokstavane i den gule firkanten kjem nærmast hoppande mot deg: Klikk her og bli med i konkurransen om ein splitter ny iPod! Ingenting meir. Berre det. Og då er det vel berre å klikke, då. Og sjå kva som skjer …

Lèt DU deg lure? Ja, kva er det eigentleg som skjer viss du klikkar på reklamen som stadig poppar opp når du sit framfor PC-en og spelar yndlingsspelet ditt? Ein ting er i alle fall sikkert: Sjansen for at du vinn ein iPod, er veldig liten. Men sjansen for at dei som står bak reklamen, registrerer adressa til PC-en din og legg igjen ein informasjonskapsel så dei kan tilpasse reklamen sin til akkurat deg, er desto større.

Lure knep Reklamen er rundt oss på alle kantar og finst i mange former. Ofte er han klar og tydeleg, som når han kjem som reklamebanner eller popup-vindauge når du er på Internett. Då forstår du kva det blir reklamert for. Nokre gonger kan reklamen sjå ut som ein vanleg artikkel. Då må du vere kritisk og sjå nøye etter for å forstå at det eigentleg er reklame. Andre gonger er reklamen utforma som ei artig nettside med spel. Då tenkjer du kanskje ikkje over at spelet eigentleg er meint som reklame. Gratis program der du får spele, teikne eller gjere noko anna moro-

samt, kan av og til innehalde spionprogram eller virus som skader PC-en din. Kanskje blir han treg, eller kanskje får andre tilgang til passorda dine eller kontroll over webkameraet. Slike program kan det vere vanskeleg å oppdage og å bli kvitt.

Gratis? Kanskje har du eller nokon av vennene dine vore med på avrøystingar ved å bruke mobiltelefonen, eller takka ja til å få nye ringjetonar på mobilen? Mange seier ja til noko som ser ut til å vere gratis. Når telefonrekninga etter ei stund dumpar ned i postkassa til mamma eller pappa, viser det seg at det likevel kosta pengar. Ofte betyr eit ja langt meir enn du trur, for eksempel at du har sagt ja til å kjøpe fleire ringjetonar fast kvar månad sjølv om du trudde du berre kjøpte éin. Då blir kontantkortet fort tomt. Det er du som bestemmer kva du skal bruke di tid og dine pengar på.

20

Kva meiner du ?

Har du opplevd at det kjem opp reklame som forstyrrar deg i det du held på med når du sit ved PC-en? Kvifor trur du reklam e blir brukt på denne måten? Veit du om nettsider med spel laga av selskap som ønskjer å selje eit produkt? Kva for nokre? Har du nokon gong kjøpt noko eller betalt for noko ved hjelp av mobilen? Fekk du det du trudde du skulle få? Mange reklamerer for at du kan betale for det du kjøper ved hjelp av mobile n eller over Internett. Trur du det gjer at ein kjøper meir enn om ein hadde betalt med kon tantar?

Oppgåver:

Gå inn på dei tre nettstaden e som de i klassa brukar mest på fritida. Finn de reklame på desse? Plukk ut tre reklamar frå nettstadene og diskuter innhaldet. Kva ver kemiddel har dei brukt? Var det tydeleg at dette var reklame? Gav reklamen god informasjon om produktet?


Ordboka informasjonskapsel (cookie) = sjå «ein liten spion» nedanfor. brannmur = hindrar uønskt trafikk til ei datamaskin, til dømes at nokon utanfrå prøver å logge seg på systemet. antivirusprogram = program på datamaskina som finn og fjernar virus.

Ikkje lov Det er ikkje lov å reklamere med at noko er gratis utan at det er det. Det er heller ikkje lov å få deg til å bestille ei fast teneste eller eit abonnement utan å opplyse tydeleg om kva du eigentleg takkar ja til.

Tenkje sjølv … Du har makt Barn og ungdom brukar mykje pengar på mobilar og Internett. Nokre selskap blir så ivrige etter å selje ting til deg og vennene dine at dei ikkje alltid held seg til reglane. Har du tenkt på at du kan vere med og påverke, for eksempel ved å la vere å kjøpe varer og tenester frå selskap som opptrer uærleg eller har dårlege produkt?

Dei fleste PC-ar har både brannmur og antivirusprogram som skal verne datamaskina. Men: det aller viktigaste filteret er den kritiske sansen du sjølv har i hovudet! Vil du unngå problem på PC-en, er det lurt å la vere å klikke på popup-vindauge eller lenkjer til ting du ikkje veit kva er, eller å svare på meldingar som seier at du har vunne ein premie. Då bør «filteret» i hovudet ditt slå inn. Still deg sjølv spørsmål som «Kvifor?» og «Kven står bak?».

Ein liten spion Mange nettsider er interesserte i å vite kven som besøkjer dei. Derfor lagrar dei ei lita fil (informasjonskapsel eller cookie) på maskina di. Når du besøkjer ein nettstad, sjekkar dei om du har informasjonskapselen deira. På denne måten kan dei kjenne deg igjen frå besøk til besøk. Då kan dei lage ein profil av deg ut frå kva sider du besøkjer, og kva du søkjer etter på den nettstaden. På den måten kan dei tilpasse reklamen betre til nettopp deg. Du kan slette informasjonskapslar under verktøymenyen i nettlesaren din.

Lure-quiz På TV vart det annonsert for Quiz på SMS, med fine premiar og latterleg enkle spørsmål. For kvar melding du fekk, måtte du betale 15 kroner. Du kunne få opp mot 333 meldingar i månaden. I verste fall vart det ein kostnad på 4 995 kroner kvar månad. Kven vann? Kjelde: mobilen.no

Spel fulle av reklame Du blir ikkje valdelig av å spele dataspel. Kanskje ikkje spesielt smart heller. Men du blir påverka. Og nokre spel påverkar deg meir enn andre. I spelet Anarchy Online blir du oppfordra til å drikke Coca-Cola og køyre Toyota. Funcom, som har laga spelet, får godt betalt av store selskap for å bruke merkevarene deira i spelet sitt. Kjelde: Forbrukerportalen.no

Brukte 6 000 kroner på Habbo Foreldra fekk sjokk då dei oppdaga at den 12 år gamle sonen hadde innreidd eit rom for 6 000 kroner på nettstaden Habbo. Pengane hadde han kjøpt med mobiltelefonen. – Desse TV-ane kosta 30 Habbo-myntar per stykk. Desse krokodillene kosta 20. Eg tenkte ikkje over at eg brukte så mykje pengar, seier guten mens han peiker på skjermen for å vise kva han har kjøpt. Habbo hotell er eit nettsamfunn med over 75 millionar brukarar i heile verda. Det er gratis å bli medlem, men det er mogeleg å bruke tusenvis av kroner når ein først er inne. Med nokre tastetrykk kan du kjøpe Habbo-pengar med mobilen. Seks Habbomyntar kostar 15 kroner. Kjelde: VG

21


ALLE norske barn bruker PC. Tre av fire bruker Internett kvar dag. Trenden er klar: Internett er den mediekanalen barn mellom 8 og 18 år bruker desidert mest. Og det meste av bruken går føre seg heime.

Her kjem litt KJEDELEG men nyttig informasjon til alle føresette For mange føresette er Internett framleis ei litt ukjend verd, mens det for dei fleste barn er ein naturleg del av kvardagen. Mobiltelefonen blir ein del av klesdrakta – og det er like vanleg å snakke saman på MSN som ansikt til ansikt. Det er viktig å anerkjenne dei nye mediekanalane som ein arena der det er nødvendig med reglar, grensesetjing, privatliv, rom for kreativitet og kommunikasjon. Utfordringa er å finne ein god balanse mellom alle desse omsyna. Dette heftet er laga for diskusjon i klassa. Vi oppfordrar deg likevel til å ta ein titt og diskutere Oppgåver: temaa som er tekne opp i heftet, med barnet ditt. Har du lagt ut bilete  av barna dine på Akkurat som i det verkeInternett? Spurde du om lov først? lege livet er det viktig at Kor mykje skal du  som føresett kontroll barna føler seg trygge ere kva barna held på med? Er det ok å lese dagb på nettet og behandoka til barnet? Nettloggen frå MSN og Internett lar seg sjølve og andre ? Mobilmeldingar? Ba rnekonvensjonen slå med respekt. Føresette r fast at barn har rett til å vere i fred. Samtidig er de som viser interesse for t av omsyn til tryggleiken deira nødvendig at for og deltek i nettbruken eldra involverer seg. Dilem ma står i kø. Kvar gå til barna, er viktige for r grensa? å oppnå dette. Kvar står PC-en som barna bruker heime? Kan de t vere ein fordel å ha Saman kan de PC-en i eit rom som bli r bru kt av andre, som stova ell bestemme korleis er kjøkkenet? de vil ha det.

22

Trygg på nett Lurer du på korleis du best kan rettleie barnet ditt i nettverda? Korleis de skal stille dykk til chatting? Korleis de kan opprette sikre passord? Korleis de skal reagere ved nettmobbing? Medie­ tilsynet sin Trygg bruk-pakke gjev mange gode innspel. Pakken inneheld fem delar, og du kan laste ned heile pakken på www.tryggbruk.no. På denne heimesida finn du dessutan mykje anna aktuelt stoff om barn og Internett.

Mobiltips ■■ Vel abonnement med definerte økonomiske rammer som kontantkort eller faste månadsbeløp. ■■ Registrer barnet som brukar av abonnementet. Då er det vanskelegare å laste ned vakseninnhald på telefonen. ■■ Gje operatøren beskjed om at barnet ikkje skal førast opp i telefonkatalogen, for å hindre at uvedkommande tek kontakt. ■■ Reserver deg. Dei fleste operatørar gjev deg høve til å skjerme abonnementet mot nettsurfing, innhaldstenester som ringjetonar, skjermbilete og tilgang til teletorgtenester. ■■ Får barnet uønskt reklame-SMS? Send STOPP til nummeret meldinga kjem frå. Kjelde: BarneVakten


Vil du vite meir? Då kan du gå inn på www.dubestemmer.no. Her finn du lenkjer til filmar og nyttig informasjon. Du finn også fleire tema og diskusjonsoppgåver.



DuB_NYNORSK_Revidert2012