Skip to main content

Varmá

Page 1

Varmรก ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 1


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 3

Mette Karlsvik

Varmá Roman

Samlaget Oslo 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 5

Frå Atlanterhavets rygg står flammar opp. Overalt er han spektakulær, den gedigne flammeknoppen. Men særskilt er det, lengst i nord; når flammane bryt is, er kontrasten stor. I skåret syner kloden sin heite kropp. Over isen over vatnet, over eit vatn i isbreen, over ein tung gass, blir han forma: grunn alabast. Over det store kvite, det svarte vesle, flyg fuglen. Han driv med luftas vilje: med iskulda. Kulde er tungt, og trekker hætta mot seg. Ho er sjølv ei kraft, kulda: er som gravitasjon, som får luft til å søkke. Svartfugl søkk med han. Han gløymer heilt kor han skulle trekke, og trekker ned, mot breen. Fuglen flaksar så, og skrid opp. Han flyt med ei varm å: Ei elv av varme gjennom luftas landskap. Gjennom hav av iskrystallar, høgare over jökull, heilt til jökull ikkje berre er jökull, men ei øy av kvitt i eit land av svart. Sentralt i det kvite er eit hol av vatn: eit mørkt blikk av brusande klodeblod. Blodet brusar, auga stirar, svartfugl krinsar rundt jordbobler. Smellande svovel, svingande vengar, var på stoff i endring. Lava blir gass blir alabast abstrakt: Kokar, kokar botn mjuk. Kokar, kokar, jökull ryk! Svart, ei kvit, ei øy på øy i eyjar is! Æveleg bål blafrar fluor bris. Han hardnar folk, hardnar fugl, denne eldgeotermikk, denne naturlege kraftfabrikk. Hole bein gir eit fleksibelt skjelett. Slik fer fuglen vår lett, så lett! Vidare vest, over vandringskvinner: Kra, kra, over 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 6

frakkekledd flokk av søstrer benediktinarinner. Vestur er vinir og vinkonur, følgjer fugl fatal til Ramnkjells dal. Ein dal for lengst forlaten. Berre mosegrodd tuft står att. Dei følgjer Ramnkjells fljót til den varme å sin dal. I dal av røyk står ås, står fjell, står teikn i stein. Står ásatrú står det til liv å lage for nonnene austfrå farne. Stein på stein blir heim for søstrer av Benedikt. Over laug ligg klaustur godt: granitt kring heitt, basalt kring vått. Kring kokande kjelde er ramn og tjeld. Kring vekst av urt, kring kvann for kraft, kamille for fred. Over klaustur skrid svartfuglen: opp med varmlufta. Han møter kalde drag frå Ramnkjells dal, og søkk. Sirklar seg inn over nonnekrafta. Smellande myrra, sjåande gull: Perleauga hans spottar klausturskattar. Sirkle, sirkle seg inn på ein ring: Svartfugl byter ei av fjørene med ring frå klausturs bør. Fjør gjer søster skrivefør: Svartfuglpennen slepper skrifta hennar fri. Faktisk forteljing blir til dikteri: Søster skriv ned Ramnkjells saga. Lagar bilde og moral, menning og guðlegur magi. Etter ein slutt med meining legg søster pennen sin ned. Blekkauget roar seg. Så blenkjer det til søster. I koppen av svart teiknar nye teikn seg: ein ring, og ein til: ringar i svart, nett som den der øya av gass alabast. Djupt nedanfrå høyrest ein dur, ei langstrekt å. Den svarte fuglen sit på røykdalsklippe, og fangar opp klodeteikn: smellande svovel, ser framandt stoff sveve over vatn og jorde, giftgul over kvit vassgass. Skjelv gjennom 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 7

jord, planter, forplantar seg i svartfuglens klør. Klaustur trugar med å breste. Svartfuglen forsøkjer å lette. Men kring beinet hans er nonnas ring. Metalltung fell fuglen til dalbotnen. Fuglen rullar med stein og ring til den varme åa. Svartfugl får ikkje fare. Ikkje får han flyte. Og døy kan han ikkje, som er forbanna av stole gull. Fisk døyr. Fe døyr. Svartfugl et både fisk og fe. Alt som endar i Varmá, får draugefuglen i seg. Breen smeltar og sender kaldt vatn til den varme åa. Draugefuglen kjenner det som friske blaff, blest frå ein alv. Elvefuglen blir sjølv forklart som uforklarleg: han, som dei rare stryk av varmt over kald is. Skredet ryddar klosteret vekk. Alt som kristna var renn ned i vatnet. Naturen er igjen berre natur, er som ein ny dal. Nytt veks opp. Oppkomme av vatn der det før ikkje var vatn. Elveløp der det før var tørt, og tørt der det før var elv. I vatnet i dalens djup, løynd av myr og mose, ligg den einaste rest av det som livet var før klausturskredet. Fuglen blir verande i lauget, og før seg på offer av skredet. Han veks og ventar: ventar på ferskt kjøt, nytt kveg, kanskje folk. Lokkar med varm kjelde og fruktbare breidder. Laugarfuglen veks av varmen. Fljoten blir heitare, laugarfuglen feitare. Thermofil, som algane han et, toler han temperaturauken godt. Omkring han døyr fisk og vekstar, overoppheta, ute av balanse. Dei et han også, fuglen, og blir lang som vatnet.


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 8

Under Vatnajökull ulmar klodeglør. Ishanda løftar seg og slepper luft til. Det fatar i. Isen liknar eit bål. Over breen stig varm luft opp. Svartfuglen stig med, høgare enn nokon svartfugl har vore. Over Island, så høgt at han ser heilt til eit anna land. Svartfuglen ser landet som ei uroleg stripe, ein guddommeleg nervetråd. Brå fjell, plutselege dalsøkk får horisonten til å dirre. Dei skjuler bygda bak. Inst i Telemark er folk tvinga saman i ein djup dal. Her er søster di, seier Arnar til Ingólv: Ta vare på henne. Arnar legg spedbarnet i armane til sonen sin. Ingólv er berre sju somrar, men veks, i det sekundet, til ein stor kar, ein stolt kar, ein alvorleg kar. Søster si, det er hans ansvar. Ingólv lærer søster si alt han sjølv lærer, medan han lærer det. Tolke skrift, fiske, forteljing og kvad, og det gjævaste av alt: få det til å grø frå jorda. Det veks i Ingólv når han ser søster si bløme. Han ser søster si bli den vakraste jenta i denne bygda og nabobygda. Ein dag bankar det på døra. Kva vil du? seier Ingólv. Vi vil inn, seier ei grov røyst. Gøym deg, kviskrar Ingólv. Kor? kviskrar søstera. Der du brukte å gøyme deg, seier broren. I skåpet! Men søstera er for brei over hoftene no. Ho kjem seg ikkje inn i eit skåp. Det bankar heilt gjennom døra. Eit økseblad står mellom fjølene. Ingólv dreg kniven frå slira, 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 9

opnar døra, og stikk kniven mellom auga på ein kar. Ein annan kar kjem mot Ingólv. Ingólv dreg øksa frå døra og treffer karen i tinningen. Det siste han hugsar, er overraskinga over det varme blodet. Varmare enn Ingólvs hud. Heitare enn hans eige blod. Eg ville vel, seier han til søster si før han spring frå bygda.


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 10

Viddene er opne, men ekrene tette av korn. Ingólv vassar gjennom dei. Han er tung av tankar, av å forlate søster si i Telemark. Men han får ikkje kvile før han har komme seg til skyldfolk, folk som kan ta imot han. No skal han berre springe. Han kan ikkje kjenne trøytte, ikkje hunger. Blodet ber adrenalin rundt i kroppen hans. Ingólv tenkjer klårare, ser betre. Han ser Rivedal, ser ei li som er fager, og finn ro her. Her finn Ingólv ei stove med lys bak glasa. Hallveig, seier jenta som opnar. Ho ser på han med spreke auge. Krafta i blikket hennar smittar. Ingólv får ein siste dytt, den som han treng til å krevje det han må ha: Kan eg få bu her. Om ikkje anna for ei natt? Hallveig hentar far sin. Frode, seier han, og ser på skoa til Ingólv. Dei er berre filler av lêr. Frode slepper Ingólv inn. Du hadde ein gong gjæve sko, seier Frode. Tynt, godt lêr, seier Frode, og får mat sett på bordet: tørr fisk frå førsommaren. Frukt frå hausten som er, og mjød søta av mørk honning. Ingólvs kropp er ikkje vand til så mykje mat. Han nyttiggjer seg ikkje alt. Næringa festar seg ikkje, men går ut att. Det er eit driv i kroppen, enno. Det er eit driv i naturen han har komme til. Fjorden slepper Rivedalsstrøndi, og trekker vestover. Ingólv lar fjorden gå. Tidevatn går alltid sin veg, men kjem alltid tilbake. Som Ingólv ein gong viste søster si, lærer han no Hallveig å dyrke jord og kveding, å fortelje og å tyde teikn. Saman dekker dei Frodes åkrar med kvist og lauv. Hallveig og 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 11

Frode ser korleis dei får det til å gro så gildt i Telemark: Det gjeld å så allereie no, seier Ingólv, og gjer det: stikk både potet og frø i våt jord, før dei dekker med kvist og lauv. Så legg snøen handa si over jorda, og gir henne ro, til våren. Væta, jorda, tida gjer frøa mjuke. I mai kjem dei første spirene opp. Ingólv giftar seg med Hallveig, og bygger hus på Frodes tomt. Ingólv står på steinen sin og ser over Rivedalen og vika nedanfor. Tidevatnet er til å lite på. Dalsfjorden er hjarteslag gjennom dagane hans. Dei fortel han når han skal ete, når sove. Håpet er det som drar havet til seg og frå seg. Snælandet er teikna slik, noko levande som pustar kulde inn, prustar damp. Endeleg kjem regnet. Store, varme sommarbyer, som skyl over Ingólv og huset, over lia. Ingólv samlar himmelferskt vatn og laugar. Han skrubbar seg særleg rein i dag. Doggfrisk, som graset. Fjorden er grøn som lia. Lia er fager, det er ikkje det. Men fjorden skal vere fjord. Sjøen er flytande myr. Ingólv har aldri sett vatnet slik. Sjøen, sommaren, myra er vanskeleg å skjønne seg på. Eit havsterkt skip kjem inn hit, til tronge, fredelege fjorden. Kan han komme med sladder om mannedrap i Telemark? Ingólv blir ståande og ser skipet an. Grannen tar imot dei. Dei set ein hund i land. Så siglar dei ut att. Ikkje eit ord om drap i Telemark. Treu heiter hunden som blir sett att i Rivedal. Ein hund forlaten av flokken, familien han hadde. Hunden kjem tilbake og tilbake til hamna, til punktet båten forlét. Der sit han til svolten tar han til folk. Først til ein gard, der Treu set seg ved bonden som et. Treu ser på maten med bøn i blik


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 12

ket. Men han er for svolten til å ta bondens mat. Bonden har ikkje noko til overs til hunden. Sit ikkje der og gjer deg søt, seier bonden. Ta maten eller gå, seier bonden. Hundens hunger tar til slutt overhand. Desperat av svolt luktar han seg fram til stabburet og tar seg til rette der inne. Husbonden får ikkje meir til overs for hunden då, og kjeppjagar han frå tomta. Ein jeger tar Treu til jakthund. Men Treu er redd for hjort. Jegeren gir Treu til grannen, som er sauebonde og treng sauehund. Treu er redd for sau også, og må vidare. No går reisa til Ingólvs gard. Kva skal vi med hund? spør Hallveig. Men Ingólv ber for hunden og seier: Han skal vere minstejentas hund. Ho blir jo passa på av den nest eldste, som blir passa på av den eldste. Dei eldste lærer seg å ta vare på det som levande er, seier Ingólv, og treng ikkje seie meir. Hallveig skjønner, og er samd: Veslejenta skal ha ansvar for Treus oppseding. Men Treu er for gammal. Han har blitt kva han vil bli, og er vanskeleg å endre. Treu blir den som tar vare på, og veslejenta tatt vare på. Dei einaste han lyder, heilt og fullt, er dei eldste i flokken, Hallveig og Ingólv. Ingólv har ei stemning omkring seg som hunden trivst i. Hunden følgjer Ingólv kor han går. Ingen kjenner Ingólv som Treu. Treu aner at noko stort er i emning. Treu fangar opp eit skifte i Ingólv. Luktar kanskje annleis: Luktar av ein ny fart, eit mål, for han: meining. Ingólv gjer ikkje mykje annleis, er berre oftare ved den store båten. Båten som på havet kan gå. Det er havbåten, ikkje fjordingen, som Ingólv no steller med. Ein kveld drar Ingólv reisekista fram. Treu spring bort til bonden og legg seg i vegen mellom Ingólv og kista. Ingólv tar av seg kleda for kvelden og går til sengs. Treu legg seg over skoa, kleda, og søv med eitt auge ope. Om morgonen nektar Treu å flytte 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 13

seg frå kleda. Treu ser på Ingólv med store, mørke auge. Ingólv kjenner det heilt i magen. Jau, seier han til Treu. Han går attende til senga, held omkring Hallveig, og kviskrar til henne det som Treu har skjønt: Eg vil til Island. Det er ikkje å reise frå deg. Det er det motsette. Blir eg her, må eg ut på tokt. Eg er trøytt av dette maset. Vi skal bu der det roleg er. Du dyrkar det å dyrke jorda. Men bonde, seier Hallveig: I snølandet? Det kjem, om sommaren, der, som her. Alt tar tid, der som her. Her er vi berre fleire om fisken i havet og den gode jorda. Folk er laga for å gå vidare, finne på nytt. Det er å drive slekta vidare. Våtmarka er rausare, graset saftigare, sauene på sprang. Skogen angar. Bæra er unge. Bæra er sure. Kalvane blir unge, og er litt kalv, litt vaksne. Dei angar bittersøtt. Rivedal skrur på sjarmen fordi eg fer, seier Ingólv. Rivedal gjer ingenting, seier Hallveig. Du ser Rivedal annleis no som du skal fare. Eg ser kva eg ser, seier Ingólv. Han ser ikkje ei krusing på yta. Floda kjem elegant til skjers. Det stig i Ingólv. Fjorden set ein frist. Før sommaren er over, skal Ingólv ha sigla frå landet. Havet er ein bodbringar. Bodet er om noko friskt og rett, ein heilt ny start, seier Ingólv. Fjord er berre fjord, seier Hallveig. Ingólv tel dagar og veker, og kjem til at han var like mange timar i skip som i hus dei siste somrane. Så kryssar han fjorden, så lett, og legg båten ved Dalekaia. Han klatrar rett opp i brattaste lia. Treu kjem etter. Blikket mot eigaren retta. Berre stundom distrahert av ei lukt som sig forbi. Men elles med merksemda på Ingólv. Hunden kryssar Ingólvs beine bane. Spora hans er som sting på tvers av Ingólvs rette tråd. Ingólv går rett fram, og blir verken stoppa av ur eller klipper. Ingólv tar tak i seige seljestammar og drar seg opp. Frå Dalsåsen ser han over Dalebygdi, over fjorden, 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 14

og heile sitt Askvoll. Han ser taket på garden ovanfrå. Garden blir ei forlenging av den fagre lia. Ingólv ser leikeplassen som ungane trur er løynt for dei vaksne, og stranda, mellom berga, som tilhøyrer han og Hallveig. Han tenkjer: Eg vil at dette skal vare. Eg vil ikkje dra. Men tar eg ikkje den store reisa, må eg reise om og om att. Der ute er det krigar og uro, folk som blir brukt, og folk som vil bruke. Oskoreia rasar over åsen og roar seg brått, som vêrar ho noko, endrar brannens veg. Ho fer mot sletta, over steinane, bålplassen, der rasar Oskoreia. Under henne ligg Ingólv: no flatt ned med armane til kvar side – som slikka han flammar, som tilbad han bakken, som var han sjølv ein kross. Kvelden byrjar tidleg, og natta går brått over til flammande lys. Over åsen står sola atter opp. Oskoreia rullar inn frå dalane innanfor, frå Telemark, over fjellet, over fjorden, riv med seg gardar, tre, tørre torvland i det same. Eld fer over viddene, isbreen, isslottet innanfor. Får som næring frå kulda og snøen, denne krafta, som ikkje gir seg før landet er rydda, grunnen klar for folk å flytte til, busetje seg, starte gardsdrift og nye liv, nye slekter. Ingólv spør reia, spør elden: Kjem dei etter meg frå Telemark? Ingólv ber reisekista si til skipet, og fyller det med øl, brød, tyttebær og ein av Frodes karlar, ein som lyder namnet Karle. Gardsfolket kjem ned frå garden og tunet, frå skogen og elva. Ingólv smiler til dei. Især til Hallveig. Ho spør kvifor han smiler. Sisteinntrykk er viktigare enn førsteinntrykk. Fjorden legg att eit blanda inntrykk. Men Dale er livleg, Askvoll reint, og spelet i lufta dramatisk. Det blæs der ute ved ope hav. Ingólv vender skipet mot vinden, ror og stre


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 15

ver og tenkjer på historier om ein stad der brannar smeltar isen, og lagar heitvatn sutlaust. Skipet skil vatnet og glir gjennom renna det lagar. Den høge kjølen held skipet støtt. Flau vind blir til vind, blir til liten bris. Rysjedalsvika visest. Skyer ligg langt der borte. Byene er eit mål. Må ro, vil ro, rytmen og drivet, sveitten og kjensla av å bruke kroppen, vere karar: Karle og vennene veit òg at det ventar brød, øl, tyttebær. Vikingkroppane varmar seg sjølv opp. Horisonten gløder. Godvêrsskyer legg seg over sola. Gult blir raudt, raudt blir grått, grått svart. Så er det natt. Halve mannskapet drar årene inn, og rullar seg inn i skinn. Ingólv er av dei som held fram. Han drar årene inn mot kroppen. Han drar dei inn mot vasstunge klede. Musklar arbeider. Varmt blod fløymer hjarte, vener, væta i kleda. Ingólvs rop rykker i karane, dyttar trøytten bort. Ingólv kjenner trøytten. Sola står opp. Ingólv står opp, og står i båten, står for dette valet: havet, klinkbåten, iskald vind, vêr, vestvegen, framfor å vere heime hos Hallveig, Frode. Held fram. Held varmen. Ror. Rykk i båten. Nokon er ute av rytme. Ingólv spenner frå og står imot dei uvanlege rørslene. Vinden stryk varmt over kinnet. Ein roar, Karle, knyter neven om lufta, drar varmen inn til seg. Skal vi halde fram? Ingólv tel merke i stolpen sin: fem dagar, fem netter. Dei kan vere der, snart. Ingólv står stilt. Endeleg er det varmt nok til å senke skuldrene. Nakkehuda synest. Pulsen søkk. Båten søkk. Båten stig. Ingólv held pusten. Innlandet kviskrar. Det har ein annan puls enn sjøen. Karle merkar også endringa i lufta. Han legg ned årene og er varm sjølv utan kroppsarbeid. Musklane ristar. No kan vi drikke, seier Ingólv, og hentar ølet. Drikka er kaldare enn is, men ikkje frosen. Ho er honningsøt. Heimesmaken. 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 16

Ingólv drikk seg kald og tung. Han ser ut i lufta, lyttar, luktar. Å slappe av kjennest farleg, først. Etter kvart uunngåeleg. Humøra blir løfta. Munnviker, hår på armane: alt, sett bort frå skuldrer, løftar seg. Ein svart, stor fugl sig over båten. Fuglen blir løfta av varm luft. Ramnen endrar farge frå svart til grå. Så søkk han igjen, og legg seg på vengane framfor langskipet. Ramnen lear ikkje på ein veng. Beina hans er hole. Lufta har masse. Ho dyttar på ramnen, drar han vidare inn i landet. Fuglen flyg sakte. Roarane følgjer. Dei store vengane løftar seg, senkar seg. Den svarte fuglen fer inn i tåka, og blir gråfugl, før det berre er kvitt. Han er heimfarinn, seier Ingólv, og held stø kurs. Kursen er etter ramnen. Han kjenner lukta av menneske. Det luktar sterkt, som om dei nærmar seg ein kropp større enn Odin. Ingólv vil inn på den kroppen, og ror på. Straumen går mot vinden. Det er frålandsvind, pålandsstraum. Karle og dei andre roarane har ein lett jobb. Men Ingólv stoggar dei. Det brenn, seier han. Er det slag, på land? Skipet sig inn mellom skjer. Det er som å sigle rett inn i ein guds tanngard. Ein svart tanngard, ein ustelt, som luktar ròte. Det er nokon her. Strandlina er krona av krigarar: Ein hær står langs stranda. Dei har kvasse, kantete våpen. Roarane ror dei attover: sakte, stille. Krigarane på land rører seg ikkje, ikkje ein lyd. Klinkbåten legg seg bak eit lågt skjer. Ingólv stirar. Auga blir såre. Bitar av landskap set seg på auga. Bergbitar mindre enn mygg. Det er irriterande. Men krigarane på ströndi er stø og stille som stein. Dei viser tolmod. Om det skal endring til, må nokon byrje. Ingólv kastar ei skei mot land. Skeia landar i vatnet berre meter frå landskipet. Ingólv tar då ein stolpe som han har dratt med og kastar han frå båten. Ingólv bruker all krafta han har, og siktar mot land. Stolpen landar i vatnet, driv med straumen, treffer 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 17

land ein stad. Hæren står like stilt. Då er det berre å setje bu, seier Ingólv, og ror inn. Dei ser at krigarane berre er steinformasjonar. Svarte som oske. Svartsteinen får snøen til å sjå særleg kvit ut. Mosen dekker hraun og stein mot is og elvebreidd. Han er jamt fjalergrøn, brått rondanekvit. Mellom berg boblar vatn. Eit stykke is ramlar i havet. Karane i båten trekker årene heilt inn. Islandet trekker vêret. Det andar ut att. Svaberga er svarte lår i grunn sjø. Alt er betydeleg og viktig. Drapet i Telemark kjennest ikkje så stort lenger. Noko stryk over kinnet til Ingólv igjen. Han kjenner Hallveigs hand i si. Disen endrar farge frå grå til kvit, til han berre er luft. Karle og Ingólv held hungeren unna: Auga får så mykje godt: klåre fargar, stort lys, matt mørker. Dei går av båten og set føtene på lune steinar. Som om heile øya var ein steinomn, slik kjennest heita. Heilt gjennom lêret i skoa. Ein varm velkomst. Ingólv balanserer på krasse steinryggar. Dei klør fotblada, gjennom mjuke lêrsolar. Dei et saftig havrebrød, og tørka, salta kjøt. Tømmer i seg heile koppar med tyting. Bær gjer dei også tørste. Dei drikk heile bøtter med mjød, og blir kåte og glade. Eg hentar Hallveig i morgon, eg lova henne, av heile mitt hjarte. Du har eit lite hjarte på tunga, Ingólv, nokre gonger er du som ein unge: For god, seier Karle. Et no, så ser vi, når kroppen er roleg og hovudet fungerer. Dei et med fingrane. Flatt brød blir flatare då. Kaldt kjøt blir lunka etter ei stund i store mannehender. Ølet lagar bobler i kroppane. Under isen boblar smelta vatn. Elden mjukgjer breen. Han kalvar medan dei ser på. Kaldvatnet klårnar skallane. Landets isse 


Varmá ferdig_Layout 1 01.11.16 09:08 Side 18

er blank. Omkring er jord fri frå tele. Tåka rullar inn frå havet igjen: Disen følgjer ingen mønster. Med vinden går rykte austover, til austmenn, om roa Ingólv finn i vest: nok varme, nok fisk, og gryter som kokar heilt av seg sjølv.




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Varmá by Det Norske Samlaget - Issuu