Skip to main content

Vaim Hotell

Page 1

65652 Vaim Hotell – s. 1

26.06.2026 13:41


ANDRE PROSABØKER AV JON FOSSE Raudt, svart. Roman 1983, 2023 Stengd gitar. Roman 1985, 1993, 2021, 2023 Blod. Steinen er. Forteljing 1987, 2024 Naustet. Roman 1989, 1991, 1998, 2001, 2016, 2023 Flaskesamlaren. Roman 1991, 2024 Bly og vatn. Roman 1992, 2003, 2024 To forteljingar. 1993, 2023 Prosa frå ein oppvekst. Kortprosa 1994, 2023 Melancholia I. Roman 1995 Melancholia II. Roman 1996 Melancholia I–II. Roman 1997, 1999, 2016, 2023, 2026 Eldre kortare prosa. 1998 Morgon og kveld. Roman 2000, 2001, 2016, 2023, 2026 Det er Ales. Roman 2004, 2005, 2016, 2023 Andvake. Forteljing 2007, 2008 Kortare prosa. 2011 Olavs draumar. Forteljing 2012, 2013 Kveldsvævd. Forteljing 2014 Trilogien. Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd. Roman 2014, 2015, 2023 (pocket), 2023 (ib.), 2026 Levande stein. Kortare prosa 2015, 2024 Det andre namnet. Septologien I–II. Roman 2019, 2020 Eg er ein annan. Septologien III–V. Roman 2020, 2021 Eit nytt namn. Septologien VI–VII. Roman 2021, 2022 Septologien. Roman 2022, 2026 Kvitleik. Forteljing 2023, 2024 Vaim. Roman 2025, 2026 Jon Fosse har også skrive skodespel, dikt, essay, barnebøker og omsett skjønnlitteratur. Sjå www.samlaget.no

65652 Vaim Hotell – s. 2

26.06.2026 13:41


Jon Fosse

Vaim Hotell Roman

Samlaget Oslo 2026

65652 Vaim Hotell – s. 3

26.06.2026 13:41


© Det Norske Samlaget 2026 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 12/17 pkt. Adobe Garamond Papir: 100 g Munken Premium Cream Trykkeri: Livonia Print Printed in Latvia ISBN 978-82-340-1251-8

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir. Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er difor ikkje tillate å kopiera, avfotografera eller på andre måtar gje att eller overføra heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor. Det er forbode å bruka heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skapa tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane. Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føra til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

65652 Vaim Hotell – s. 4

26.06.2026 13:41


I

65652 Vaim Hotell – s. 5

26.06.2026 13:41


65652 Vaim Hotell – s. 6

26.06.2026 13:41


Nett kvifor eg drog til Vaim og la meg inn på Vaim Hotell, nei det visste eg ikkje, eg hadde berre teke skulderveska i lêr med meg, sett dei to koffertane inn i bagasjerommet på bilen, ei brun stasjonsvogn som eg hadde kjøpt meg seinast i går, og køyrt av garde, kvar eg skulle det visste eg ikkje, men det fekk visa seg, tenkte eg der eg køyrde av stad og lét vegen føra meg dit vegen ville føra meg, og då eg etter å ha køyrt nokre timar såg skiltet Vaim attmed vegen kjendest det som om eg hadde køyrt langt nok og sette meg føre å stogga der, i alle fall ta ein pause frå bilkøyringa, for Vaim, ja eg hadde jo høyrt det namnet, men det eg kunne minnast hadde eg aldri vore i Vaim, og om det 7

65652 Vaim Hotell – s. 7

26.06.2026 13:41


fanst eit hotell, ja så ville eg leggja meg inn der, tenkte eg og då eg såg skiltet Vaim Handelsbu på ein husvegg svinga eg ned mot butikken og framom meg såg eg ein kai, og der til venstre, ja der stod det på eit kvitt gammalt hus med svarte bokstavar måla Vaim Hotell, så om det hotellet framleis var ope og i drift kunne eg få meg rom for natta der, men sjansen var vel stor for at hotellet var stengt, det stod jo slike gamle hotell både her og der kringom i landet som hadde hatt si tid og no var stengde, og der, ved enden av huset, der stod det òg eit skilt, med liknande svarte bokstavar, berre mindre, og der stod det Vaim Kafé og kanskje han til og med var open, men det var vel lite sannsynleg, for ein del år sidan var det slike kaféar mange stader land og strand ikring, no var vel lønsemda for lita til at nokon såg seg mon i å driva dei, i alle fall var dei fleste no lagde ned og stod der aude og forlatne, men kven veit, kanskje er kaféen likevel open, tenkte eg og eg svinga opp mot hotellet, stogga bilen, vart sit8

65652 Vaim Hotell – s. 8

26.06.2026 13:41


jande litt og tenkja på om eg fyrst skulle gå opp og kjenna på inngangsdøra til hotellet, om ho var open eller låst, men det var jo lys frå vindaugo på begge sider av døra, så eg kunne like godt ta sjansen på at hotellet var ope og ta dei to koffertane med meg, tenkte eg, gjekk ut or bilen, hengde på meg skulderveska, opna luka til bagasjerommet og tok ut dei to koffertane, og tunge var dei, tyngre enn eg hugsa dei som, og den korte troppa opp til hotellet kjendest heller lang, så det gjorde godt å setja koffertane frå seg framom døra, og då eg trykte ned dørklinka og pressa døra innetter, ja då opna ho seg, så jammen santen var Vaim Hotell sanneleg ope, og eg tok opp koffertane og gjekk inn i det som var resepsjonen og i den stod det ei som kunne vera på min alder og ho såg imot meg Velkomen skal du vera, sa ho endå eg ikkje for vel var komen innom døra sa ho det Jau takk, sa eg 9

65652 Vaim Hotell – s. 9

26.06.2026 13:41


Nei er det den karen, sa ho og eg tenkte at kva kunne ho no meina med å seia det, kjende vi kvarandre, eller hadde ho sett bilete av meg ein eller annan stad i ei eller anna avis, men det var jo så lenge sidan og eg såg jo heilt annleis ut enn eg gjorde den gongen, då hadde eg både skjegg og langt hår, likevel kunne det jo henda at ho hadde så godt minne at ho hugsa andletsdraga og kjende meg att, og det var ein fæl tanke, tenkte eg, men å seia nei er det den karen var vel berre ein seiemåte, tenkte eg og eg lét døra att bak meg, tok koffertane opp att og gjekk bort til resepsjonen, sette koffertane frå meg på golvet og eg såg at ho som stod framom meg og såg mot meg alt stod og heldt ein stor nykel i handa og på nykelringen hang det òg ein avlang trebit, ein gong i tida hadde han nok vore trekvit, men no var han så brun og skiten vorten at det mesta var uråd å lesa at det stod 407 på trebiten, men det gjorde det, og brent inn i treet var nummeret, så då laut eg altså drassa dei to koffer10

65652 Vaim Hotell – s. 10

26.06.2026 13:41


tane med meg opp tre tropper til fjerde høgd, for nokon heis fanst det sjølvsagt ikkje på Vaim Hotell, det var altfor gammalt til det Du fall visst i tankar, seier ho som står i resepsjonen og eg ser mot handa som held nykelen, og så mot henne Godt å sjå deg, seier ho og eg tenkjer at var no det noko å seia, og kva kunne ho vel meina med det, einaste eg kunne koma på var at ho med det meinte at det ikkje var for mange uventa gjester som kom til Vaim Hotell, noko slikt, og av ein eller annan grunn svara eg takk det same Du vil vel leiga deg eit rom ja, sa ho og eg tenkte at det måtte vel sjå slik ut ja, og eg tenkte at det var best å ikkje seia noko Og eg har rom til deg, ja nøgda med rom, sa ho så Då får eg vel leiga eit då, sa eg Ver velkomen, hjartans velkomen, sa ho Det er ikkje fullt nei, sa eg 11

65652 Vaim Hotell – s. 11

26.06.2026 13:41


Så langt ifrå, sa ho Kor lenge har du tenkt å verta buande, spurde ho Det er litt uvisst, svara eg Du, sa ho Du, for langtidsgjester har vi gode tilbod, verkeleg gode, sa ho Det er noko uvisst kor lenge eg vert verande, svara eg Men om du vert ei tid, ja så sei ifrå, sa ho Ja, sa eg Og frukosten den får du servert når du ynskjer, sa ho Og du kan få han levert på døra, sa ho Berre sei til om når du vil ha frukost, ja så kjem eg med han på timen, sa ho Ja på minuttet, meiner eg, la ho til og eg svara ingenting Men det kan vi jo koma attende til, sa ho No må du jo fyrst få koma deg på rommet ditt, sa ho Koma deg i orden, sa ho 12

65652 Vaim Hotell – s. 12

26.06.2026 13:41


Og så kan vi snakkast om frukosten seinare, sa ho Men eg går ut frå at du gjerne vil ha egg og bacon, sa ho Ja takk, gjerne, sa eg Då skal det verta det, ja så lenge du bur på Vaim Hotell, la ho til Og om du skulle vilja ha noko anna, ja så må du berre seia ifrå, ja sjølvsagt, sa ho Takk takk, sa eg Takk sjølv, sa ho og eg stod der og lurde på om ho ikkje snart hadde tenkt å gje meg nykelen ho liksom stod og tviheldt på, ho stod jo der framleis og gneid han mellom fingrane utan å rekkja han til meg Og så la du vel merke til skiltet der det stod Vaim Kafé, ja der på hjørnet, sa ho og eg nikka Ja altså, frå klokka elleve om føremiddagen og til klokka elleve om kvelden er Vaim Kafé open, og om det ikkje står nokon bak disken så står det ei bjølle der, ja på disken, lett å sjå, om sant skal 13

65652 Vaim Hotell – s. 13

26.06.2026 13:41


seiast er det ei gammal sauebjølle, i resepsjonen er det ei kubjølle, ja ho står der sa ho og peika, og i kaféen er der altså ei sauebjølle, og då er det berre å lyfta den og rista henne ein gong eller to så kan du vera sikker på at einkvan kjem for å servera deg, om det kanskje skulle ta litt tid, ver sikker, nokon kjem, og av menyen som heng på veggen der bak disken kan du sjå at du på Vaim Kafé kan få kjøpt deg solid norsk kost, sa ho Takk takk, sa eg og eg tenkte på om eg laut spørja om å få nykelen, for det såg ikkje ut til at ho hadde tenkt å gje han til meg, at ho ikkje hadde kome på den tanken ja, at ho berre ville verta ståande der med nykelen i handa Er ikkje rommet mitt klart enno, sa eg Å jau visst, å jau då, sa ho Visst er det klart, sa ho Rommet står klart og ventar berre på nett deg, sa ho og ho snudde seg og såg mot veggen bak seg og der hang det nyklar på rekkje og rad på ei 14

65652 Vaim Hotell – s. 14

26.06.2026 13:41


slags tavle med fastskrudde krokar, om lag tretti eller noko slikt såg det ut til å vera, og alle omframt éin såg ut til å hanga der, og det såg ut som om ho skulle henta ein nykel, men ho stod jo der alt med ein nykel i handa og ho såg mot meg Ja velkomen skal du vera, sa ho Takk takk, sa eg Og då vonar eg du vert buande lenge på Vaim Hotell, vi har gode prisar for dei langtidsbuande ja, sa ho og eg såg mot nykelen og så gjorde ho det òg, og kom liksom på at ho hadde nykelen i handa Ja her har du nykelen, sa ho og ho rekte meg nykelen og eg såg igjen at det stod 407 på han og eg putta nykelen i lomma på dressjakka, såg mot dei to koffertane og dei såg så tunge ut der dei stod Ja for å koma deg til fjerde høgda tek du troppa der borte, sa Vertinna og ho peika til venstre, som om eg ikkje kunne sjå at det der var ei tropp, og så sa ho at for å koma til 407 måtte eg ta til høgre når eg var 15

65652 Vaim Hotell – s. 15

26.06.2026 13:41


opp troppene til fjerde høgda komen og då låg 407 på høgre side når eg var om lag midtveges inn i gangen komen, og det var eit gildt rom, sa Vertinna, eit rom med utsyn til plassen framom hotellet, og mot fjorden, mot Vaimsfjorden, ein fjordarm av sjølve Sygnefjorden, sa ho og eg sa takk takk og så tok eg tak i kvar av dei to koffertane, og jammen var det god tyngd i dei, tenkte eg, nett som eg hadde tenkt kvar gong eg hadde lyft dei, og eg tenkte at det var merkeleg at dei skulle vera så tunge, eg hadde jo berre teke med meg det mest naudsynte, men eg hadde vel teke med meg for mange bøker, ja som om eg hadde tenkt å vera lenge borte, og det var nok bøkene som tyngde, men sjølvsagt greidde eg fint å bera koffertane, likevel hadde det ikkje vore meg imot om det hadde vore ein heis å ta, men å sjå føre seg heis i eit slikt gammalt hotell, nei det var sjølvsagt berre tull, tenkte eg der eg var i ferd med å ta meg opp troppa og eg merka vel at Vertinna såg etter meg, men skulle eg sjå attende? var ikkje det noko frekt? og så kika eg 16

65652 Vaim Hotell – s. 16

26.06.2026 13:41


meg over skuldra og eg såg Vertinna stå der i resepsjonen sin og sjå mot meg og ho nikka stutt til meg og så nikka eg stutt til henne og så ropte ho nesten til meg at ho forresten heitte Brita og eg berre nikka og tenkte at du heiter Brita du ja, og var no det noko å gaula slik for og om, og eg såg at det til sides for ytterdøra var eit lite rom, ein salong med sofa og salongbord det låg aviser på og ein lenestol og så eit mindre bord, og eg ser fram att og eg stegar på oppover troppa og eg tenkte at kvifor måtte ho gje meg rom i fjerde høgda, det såg då ut til å vera så mange ledige rom på hotellet, og eg stega vidare, fyrste høgd, andre høgd, tredje høgd og så var eg opp i fjerde høgda komen og eg tok til høgre som Vertinna, altså Brita, hadde sagt og eg kika mot nummera på dørene, det var kvite dører, solide tredører, og nummera på dørene var av fastskrudde siffer i det som såg ut til å vera messing, men som var så brun vorten at dei helst såg ut til å vera laga av kopar, og det var jo siffera for alt det eg visste, tenkte eg og der, ja der stod det 407 på 17

65652 Vaim Hotell – s. 17

26.06.2026 13:41


ei dør, til høgre berre nokre meter framom meg, og eg gjekk til døra, sette koffertane frå meg, tok i dørklinka, også den av messing, og også den så brun at ein kunne trudd det var kopar, og døra opna seg ikkje, sjølvsagt var ho låst ja, tenkte eg, tok fram nykelen, sette han i døra og vreid om, opna døra, og eg såg inn i eit mørkt rom, og eg la høgre handa inn mot veggen ved sida av døra der lysbrytaren plar vera, famla litt, og der var lysbrytaren, nett der han skulle vera, til høgre der, og eg slo på lyset og eg såg inn i eit rom med gardinene dregne føre, dei var lysbrune med falma mønster av løvetenner, måtte det vel vera, blomar med krone i ein blass gulfarge, bleikte av sollys og elde, og langs veggen til venstre stod eit bord og på det stod ein telefon og låg ein telefonkatalog, og framom bordet stod det ein pinnestol, langs veggen på høgre sida stod ei seng, med høge stolpar både ved fotenden og ved hovudenden, senga var mørkbrun, og det var også nattbordet som stod attmed senga, og på det stod der ei lampe med det 18

65652 Vaim Hotell – s. 18

26.06.2026 13:41


som ein gong i tida hadde vore ein gul skjerm, no hadde han den same skitengule fargen som blomane på gardinene, men det som meir enn noko anna gav rommet preg og dåm var eit gammalt åkle som låg på senga, med eit uutgrundeleg mønster, eller rettare sagt med eit mangfald av uutgrundelege mønster, men hovudfargane var gul og brun, og med ein blass raudfarge i mønstera, det var tydeleg nok, og åkleet var heilt og så gammalt det vel måtte vera, tenkte eg og eg sette koffertane frå meg midt på golvet, sette skulderveska attmed dei, drog av meg frakken og slengde han over koffertane og så sette eg meg noko bums ned på senga, og så var eg altså på Vaim Hotell, tenkte eg, men kva hadde eg no der å gjera, nei seie det, tenkte eg og såg mot taklampa, ei lyspære dekt av ein kvit rund kvelva kuppel, som berre til dels lyste opp rommet, men det såg rett og slett ikkje så ille ut, det såg nesten heimleg ut, tenkte eg, ja eg kjende meg som heime på rom nummer 407, og no hadde det gjort godt å leggja seg nedpå litt, 19

65652 Vaim Hotell – s. 19

26.06.2026 13:41


tenkte eg og la meg rett oppå det gamle åkleet og eg freista anda jamt og roleg, men eg fann ikkje ro og eg såg pinnestolen som stod inntil bordet, og eg gjekk bort, drog pinnestolen ut og sette meg ned på han, og eg såg dei to koffertane stå der midt på golvet, med frakken over seg, og eg såg mot åkleet som låg der på senga, og det var stort til åkle å vera, men vakkert det var det, med mønster og fargar umogelege å skildra, for å skildra slike syn med ord, nei det gjekk ikkje, då måtte eg kan henda seia at åkleet song raudleg og brunt og trygt og godt frå farne dagar, frå ein gong langt attende i tid, men framleis, etter alle desse år, song det framleis, eller kanskje var det på grunn av alle desse farne år at åkleet no song så vakkert som det gjorde, noko bleike eller blasse hadde fargane vorte gjennom åra, men det gjorde berre at åkleet song meir dempa og roande, og sikkert nok òg vakrare enn det gjorde då det var nytt, og truleg hadde ho som laga åkleet sjølv farga ulla, og så hadde ho truleg sete der og funne fram til fargane som skulle nyttast 20

65652 Vaim Hotell – s. 20

26.06.2026 13:41


til just dette åkleet og tenkt på kva mønster som skulle nyttast, eller mest truleg hadde mønsteret vorte som det vart medan ho sat der og vov og at ho då òg avgjorde kva fargar ho skulle bruka, og sete der og vove det hadde ho truleg gjort i ei stove einkvan staden i Vaim, og kanskje visste Brita jamvel nett kva hus åkleet hadde vorte vove i, og kanskje jamvel av kven, og om lag når, kanskje, og eg reiste meg og gjekk og la meg ned på senga, oppå åkleet, men det var jo reine heilagbrotet å berre leggja seg ned på eit slikt åkle, og jamvel med skorne på, skamma meg skulle eg, og det gjorde eg då òg, men som alltid og ufråvikeleg, gjort var gjort og kunne aldri som alltid gjerast om att, tenkte eg, einast Gud, eller kanskje ikkje eingong han, kunne gjera gjort til ugjort, men han kunne i alle fall gjennom sin nåde fjerna alt det som måtte vera att etter ugjerninga, eller tolma deg no, tenkte eg, for nett noka ugjerning kunne det vel ikkje vera at ein noko reisetrøytt mann la seg ned på eit åkle med skorne på, eller ikkje berre med skorne på, også 21

65652 Vaim Hotell – s. 21

26.06.2026 13:41


dressjakka mi hadde eg på meg, og eg reiste meg og gjekk til pinnestolen og sette meg igjen ned på han og eg tenkte at eg ikkje eingong hadde teke av meg dressjakka, men frakken, ja frakken hadde eg i alle fall teke av meg, sjølv om eg ikkje hadde hengt han opp men berre hadde lagt, eller rettare sagt slengt han over koffertane mine, nei sjølvsagt kunne det ikkje vera orden på alt enno, eg var då nettopp komen inn på rommet så å seia, ja eg var nettopp komen til Vaim Hotell, og eg hadde enno ikkje fått områ meg, nei sjølvsagt ikkje, korleis skulle eg no hatt tid til det, tenkte eg, og eg såg atter mot åkleet ja det var eit makelaust åkle, og det var mesta skam at det låg på senga som sengeteppe, endå det no eingong var det eit åkle var laga for å gjera, men så fint var åkleet at det burde ha hange prydeleg på ein vegg, jau visst kravde åkleet sin veggplass, men der, ja der på veggen senga stod stødd inntil, ja der måtte det vera plass nok til åkleet, for høgt under taket var det i dette hotellrommet eg hadde vorte tildelt, det var no eingong slik 22

65652 Vaim Hotell – s. 22

26.06.2026 13:41


før i tida at dei gjerne ville ha det høgt under taket, tenkte eg, og Vaim Hotell var eit gammalt hotell, eit gammalt kvitt og lite hotell, men du så fine åkle dei vov før i tida, og ulla ho kom nok frå eigne sauer på garden der ei kvinne vov åkleet, ja det fekk ein tru, på garden klypte dei sauene, sorterte ulla, det gjekk eg i alle fall ut frå, og så karda dei ulla og spann henne til tråd på ein rokk, og der, i Salongen ved resepsjonen stod det jo ein gammal gjæv rokk, ja den hadde eg sett då eg sjekka inn, ja eg såg jo rokken, men eg la ikkje særskilt merke til han, eller tenkte over han, men det kunne jo godt vera at ulltråden det vakre åkleet var vove av var spunnen på nett den rokken som no stod til prydnad i Salongen ved resepsjonen, det laut eg beintfram spørja Brita om, alt slikt det visste ho sikkert og visst, for i si tid farga dei altså den spunne tråden sjølve, og korleis dei det gjorde, nei neimen om eg visste, så det var endå ein ting eg kunne finna ut av om eg ville, det kunne jo vera interessant å vita, og Vertinna visste jamvel kanskje kven som i si tid 23

65652 Vaim Hotell – s. 23

26.06.2026 13:41


hadde vove åkleet, og på kva gard det var, mykje truleg visste ho det, men no var det vel tid for å pakka ut, ikkje at eg hadde så mykje av korkje det eine eller det andre, tja, eg hadde jo to koffertar fulle, pluss skulderveska, så det var no ein del, men trong eg pakka ut alt, det kom jo an på kor lenge eg hadde tenkt å verta buande på Vaim Hotell, men det visste eg jo ikkje, det kunne verta kort tid, ein dag eller to, eller det kunne verta temmeleg lenge, kanskje vart eg på Vaim Hotell så lenge at eg i alle fall burde pakka ut alt eg hadde i koffertane mine, det kunne jo vera, tenkte eg og sukka men der, der banka det jo på døra, skulle ein ha høyrt, og det, kven i all verda kunne det vel vera, eg var då ikkje for vel komen inn på rommet, det kunne vel ikkje vera nokon annan enn Vertinna, enn Brita ja, og eg sa kom inn og det tok i døra, men jammen måtte eg ha vride om nykelen, for dørklinka gjekk ned og døra vart pressa innetter, men ho opna seg ikkje, ja då hadde eg vel låst døra slik i farten, utan at eg hugsa det så nøye 24

65652 Vaim Hotell – s. 24

26.06.2026 13:41


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Vaim Hotell by Det Norske Samlaget - Issuu