Skip to main content

Trolltunga – Halvor Folgerø

Page 1

2


H A LVO R F O LG E R Ø

TROLLTUNGA Eit vilt stykke norgeshistorie

Samlaget Oslo 2026


© Det Norske Samlaget 2026 www.samlaget.no Design: Trine + Kim designstudio Skrift: Numera Papir: 120 g Magno Natural Trykkeri: Livonia Print Printed in Latvia Kart: Line Monrad-Hansen Foto framside: Barthold Hagemann / Kraftmuseet Foto bakside: Øvst: Trolltunga Active / Jostein Soldal Midten: Kraftmuseet Nedst: Helge Skodvin Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond. ISBN 978-82-340-1574-8 Denne boka er trykt på miljøvenleg papir. Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova. Det er difor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gi att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgivinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor. Det er forbode å bruke heile eller delar av utgivinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilde, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane. Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.


INNHALD

Forord....................................................................... 6 DEL 1 KAOS OG SUKSESS...........................................10 Kapittel 1: Dei første influensarane...........12 Kapittel 2: Odda og Tyssedal......................17 Kapittel 3: Jomfruturen...............................22 Kapittel 4: Oskeladden og dei gode hjelparane...................30 Kapittel 5: Trolltunga på film og TV............40 Kapittel 6: Ein viktig middag.......................46 Kapittel 7: Luftig scene................................52 Kapittel 8: Kaos, panikk og død..................60 Kapittel 9: Ny veg, ny tid..............................72 Kapittel 10: «Turistsjefen».............................80 Kapittel 11: Fjellvakta......................................86 Kapittel 12: Trengsel i naudbua....................94 Kapittel 13: Stibyggaren................................99 Kapittel 14: Det verste som kan skje.........106 Kapittel 15: Bryllaup på Trolltunga.............110

DEL 2 HISTORIA............................................................116 Kapittel 16: Turistar i tweed.........................118 Kapittel 17: Fossane som forsvann...........130 Kapittel 18: Turistvegen...............................138 Kapittel 19: Vendepunktet...........................142 Kapittel 20: Vilt, bratt og farleg...................146 Kapittel 21: Tyssedal før Trolltunga...........168 DEL 3 RINGEN SLUTTA...............................................178 Kapittel 22: Kjøpte hotellet usett...............180 Kapittel 23: Mot naturen..............................186 Kapittel 24: Stavkyrkje eller «stavkyrkje»........................... 194 Kapittel 25: Vinterheltar i sommarland.....200 Kapittel 26: Celine på brannstasjonen......203 Kapittel 27: Siderrevolusjonen...................208 Kapittel 28: Dei som ikkje orka meir...........214 Kapittel 29: Feilstinget.................................218 Takk.......................................................................225 Kjelder...................................................................226


17. mai-feiring på kanten. Foto: Trolltunga Active / Jostein Soldal 6


FORORD TENK DEG AT du står i ein loddrett fjellvegg i Hardanger. To karabin­ krokar festa til ein wire er det du har å stole på. Under deg har du to hundre meter fritt fall. Føtene skjelv. Du lukkar auga og tenker på rådet frå guiden: «Sjå heller opp enn ned.» Der ser du undersida av skosolane til ho som klatrar først. Og langt der oppe i himmelsynet ser du målet for dagen stikke ut i lause lufta. Slik hugsar eg mitt første møte med Trolltunga. Året var 2014. Eg var på reportasjetur for NRK og testa brattaste veg til topps. Ei via ferrataløype med fastmonterte jarntrinn, rett opp loddrette fjellveggen. Eit tilbod til turistar som ville utfordre høgdeskrekken. Det kan eg skrive under på at klatreturen gjorde. Premien var flott utsikt og den gode kjensla av å ha overlevd. Heilt sidan den dagen har eg tenkt at historia om Trolltunga har noko absurd ved seg. Det er ei forteljing med mange lag som fortener å bli fortald. Heilt sidan isen trekte seg tilbake for 10 000 år sidan, har ho lege der og geipa, 700 meter over Ringedalsvatnet. Der låg ho i fred til godt utpå 2000-talet. På rekordtid gjekk utspringet frå å vere nokså ukjent til å bli ein snakkis og turistmagnet. I 2010 gjekk 800 menneske turen til Trolltunga. I 2018 gjorde 87 000 det same. Resultatet var kaos, leiteaksjonar og forsøpling. Men også optimisme, framtidstru og arbeids­ plassar. Lokalsamfunnet opplevde ei massiv Heilt sidan isen trekte seg forvandling. Berre få år tidlegare hadde turist­magasinet Lonely Planet kåra Odda til tilbake for 10 000 år sidan, har landets styggaste by, ein stad turistar burde ho lege der og geipa, 700 meter over Ringedalsvatnet. styre unna. 7


T R O L LT U N G A

Kva er det med Trolltunga? Korleis kunne steinhella bli så populær på kort tid? Korleis takla samfunnet horden av menneske utan turerfaring? Og kva har den nye turismen gjort med industrisamfunna i Hardanger, på godt og vondt? I denne boka prøver eg å gi nokre svar. Eg har møtt mange menneske som på ulikt vis har hatt turistane tett innpå livet. Røde Kors-folk og fjellvakter, hytteeigarar og guidar, turoperatørar og hotelldirektørar. Eg har også møtt turistar som har fått kjenne på kroppen kor skremmande naturkreftene kan vere 1180 meter over havet. Men det er meir ved Trolltunga enn som så. Fjellområdet rundt tur­ målet var godt besøkt av rike europeiske turistar på slutten av 1800-talet. Så kom industri og kraftutbygging. Trolltunga sitt nabolag blei episenteret for ein dramatisk og spektakulær del av norgeshistoria. Vatnet skulle temmast. Fleire hundre rallarar og anleggsarbeidarar risikerte liv og helse i farleg terreng. Resultatet var spektakulære bygg­ verk og tørrlagde fossefall. Industristadene inst i Sørfjorden har blitt kalla den norske velferdsstatens vogge. Der eg stod i fjellveggen under Trolltunga i 2014, var eg godt sikra og påpassa av ein erfaren guide. Likevel kjende eg meg liten og sårbar. Kva må dei ha kjent på, dei unge mennene som hang i stupet over Tyssedal og monterte røyrgata? I boka prøver eg å gi nokre glimt inn i denne ville delen av norges­ historia. God lesnad!

8


FORORD

Foto: GARCIA Julien / hemis.fr / NTB 9


S ø r fj o

rden

ULLENSVANG KOMMUNE

Mågelitopp Brakufsa Vetlevatn

kar G rytes

Floren Skjeggedal

Naudbu 1

Naudbu 2 Naudbu 3 Trolltunga

Ri ng ed als va tn et Tyssedal Hotell

Tyssedal

net

Odda

av

at

10

n La

g


DEL 1

KAOS OG SUKSESS Korleis kunne Trolltunga bli verdskjend i løpet av få år? Kva for følgjer fekk det når Odda og Tyssedal blei overfløymt av turistar utan fjell-erfaring? Og kva gjorde lokale styresmakter for å skape orden i kaoset?

11


Hobbyfotografen Hagemann hadde lenge vore fascinert av Trolltunga. Foto: Barthold Hagemann / Kraftmuseet 12


KAPITTEL 1

DEI FØRSTE INFLUENSARANE «DU ANDREAS, i dag drar vi til fjells for å få tatt det bildet av Trolltunga, som vi har snakket så mye om. Det er best å få gjort det mens vi ennå er unge.» Haugesunds Avis

Dette sa hobbyfotografen Barthold Hagemann til sin gode ven Andreas Vodahl ein augustdag i 1967. Hagemann var 78 år gammal, Vodahl var 87. Mange år før internett, skapte dei to kameratane det første bildet som gjorde Trolltunga kjend. Ikkje verdskjend som i dag, bildet utløyste på ingen måte noka massevandring. Men det blei sett og beundra av mange nordmenn og pryda postkorthyller i Hardanger og andre stader. Og ikkje minst: Bildet var eit frampeik til eit fenomen som skulle komme femti år seinare. Dette er også ei historie om ven­skap mellom to aldrande menn og kjærl­eik til fjella og fotokunsten. Oslo­mannen Bart­hold Hagemann var opp­måling­singeniør og var ofte å sjå i Skjegge­dalsfjella. Der hadde han oppdrag for AS Tyssefaldene og blei etter kvart lokal­kjend. Det kostbare Leica-kameraet var alltid med i sekken. Andreas Vodahl var bygnings­ ingeniør og tilsett ved Tysse­­faldene. Med unntak av nokre år i USA og 13


T R O L LT U N G A

Finnmark budde han mesteparten av sitt yrkesaktive liv mellom nutane i Sør­fjorden. Og yrkesaktiv var han til han hadde passert 90. Vodahl og Hagemann blei gode vener og delte interessa for foto­grafering. Begge var i god form, og begge likte dei å farte rundt i det ville landskapet som omkransa Ringe­dals­vatnet. Hagemann hadde ein draum. Første gong han fotograferte Trolltunga, var i 1917. Då var han 28 år gammal. Seinare la han turen dit med jamne mellomrom, djupt fascinert av utsikta og omgivnadene. I Trolltunga såg han det perfekte motivet. Problemet var berre at forholda sjeldan var optimale, resultatet blei aldri perfekt. Sola stod anten for høgt eller for lågt, skyer skapte skugge, lufta var for disig, vatnet var for nedtappa. Støtt var det noko som kom i vegen for det bildet han såg for seg. Men han gav aldri opp. Åra gjekk, og det byrja å haste. Draumen om det perfekte bildet delte han med Andreas Vodahl. Saman prøvde dei i 1965 og 1966, men lukkast ikkje med å få komposisjonen slik dei ville. Sommaren etter drog dei to venene til fjells igjen. Og denne augustdagen i 1967 klaffa alt. To dagar før hadde dei reist opp til Reinaskor. Hytta, som Tyssefaldene eigde, låg berre ein halvtimes tur unna Trolltunga. Der var det berre å installere seg og vente på rette augneblinken. Tredje morgonen vakna dei til sol og klårvêr. Augustlufta var så skarp som ho berre kan vere på denne tida av året. Hagemann spratt opp av senga – det var no eller aldri. Etter ein kaffikopp og ein enkel frukost bar det av garde. Då klokka nærma seg ni, var lysforholda «Jeg slo et borestål optimale. 87-åringen Andreas Vodahl fekk jobben som foto­ ned i en sprekk i fjellet. Og festet modell og kleiv ut på Trolltunga. Trass i alderen var han lett i steget og ikkje plaga med høgdeskrekk. Eit lite stykke en kraftledning i frå kanten sette han seg ned. Hagemann hadde den mest borestålet. Så firte nervepirrande jobben. For å få rett vinkel måtte han fire jeg meg ned til jeg seg ned på ei lita hylle under sjølve platået. Han hadde hang i den rette vore der før og sett opp ein wire som han sikra seg i. I ein posisjonen.» reportasje i Haugesunds Avis frå 1971 fortel han: 14


Ein augustdag i 1967 klaffa alt for Barthold Hagemann (78) og hans ven Andreas Vodahl (87), som sit på tuppen. Foto: Barthold Hagemann / Kraftmuseet

«Jeg slo et borestål ned i en sprekk i fjellet. Og festet en «Skal jeg ake meg kraftledning i borestålet. Så firte jeg meg ned til jeg hang i den enda lenger utpå?» rette posisjonen.» Der, fleire hundre meter over stein­ urda, måtte han stole på at wiren heldt medan han stilte inn kameraet. Han ropte over til Vodahl og bad han flytte seg lenger ut mot kanten. Neste gong Hagemann løfta blikket, sat 87-åringen heilt ytst på tungespissen og dingla med beina. Han ropte tilbake til fotografen: «Skal jeg ake meg enda lenger utpå?» Det var slett ikkje nødvendig, forsikra Hagemann. Vodahl blei sitjande i 15 minuttar medan kameraten knipsa, justerte og knipsa igjen. Det perfekte bildet var eit faktum, og draumen gjekk omsider i oppfylling. Sjølv det regulerte Ringedalsvatnet spela på lag og var for ein gongs skuld fylt til randa. Bildet blei trykt som postkort i 12 000 15


T R O L LT U N G A

eksemplar. Det fekk vere nok, meinte Hagemann. Ein viss eksklusivitet måtte det trass alt vere. Som Vodahl sa til NRK: «Den er jo litt enestående, den der Trolltunga.» Det var journalist Jan Gravdal i Haugesunds Avis som først gjorde historia kjend. Han intervjua dei to venene i 1971. Då var Vodahl 91 og framleis i arbeid for Tyssefaldene. Gravdal var fascinert av historia og godt nøgd med reportasjen sin. Så nøgd at han prøvde å få bladet Vi Menn til å trykke han. Men til Gravdals store overrasking takka redaktøren nei. Han var redd for signaleffekten. Kva om folk i hopetal skulle forville seg ut på dette farlege utspringet? Nei, det skulle tatt seg ut. Hagemann og Vodahl hadde nok ikkje trudd at bildet dei jobba så hardt for, skulle bli etterapa av folk frå heile verda. Vodahl døydde i 1974, åtte år seinare gjekk Hagemann ut av tida. Begge lukkeleg uvitande om at dei femti år seinare skulle bli dei første influensarane på Trolltunga. Originalen kan ingen ta frå dei.

16


KAPITTEL 2

ODDA OG TYSSEDAL INST I SØRFJORDEN ligg Odda. Midt mellom Voss og Haugesund ut­gjer småbyen Hardangers sørlege utpost. Denne rivna i landskapet mellom Folgefonna i vest og Hardangervidda i aust var eit ynda turistmål i siste halvdel av 1800-talet. Hit kom europeiske rikfolk, kongelege og keisarar for å oppleve vill og urørt natur. Turismen blømde heilt til kraftut­bygging og industri starta opp i 1906. Støv, larm og rykande piper fekk turistane til å finne seg andre fjordar. I staden kom svenske rallarar og arbeids­folk frå heile landet. Felles for alle var jakta på arbeid. Og inst i Sørfjorden var det oppgåver nok. Naturen skulle temmast. Elvar skulle leggast i røyr, tunellar skulle sprengast, demningar skulle reisast. Alt for å prod­u­sere straum til den store fabrikken som var i ferd med å reise seg i Odda. I løpet av få år blei folketalet mangedobla og staden forandra for alltid. Forfattar Frode Grytten har skildra heimstaden som «feilstinget i hardangersaumen». Som ein røykfylt kontrast til frukt­bløming og bonderomantikk låg Odda der med larmande hallar, bannande svenskar og illeluktande gass. I industriens glansdagar hadde fleire tusen menneske arbeid på fabrikkane. I 1987, for å ta eit tilfeldig valt år, var talet vel 2600. Slik er det ikkje lenger, men byen har framleis eit bein solid planta i industrien. 17


T R O L LT U N G A

Gamlevegen på utsida av tunellane mellom Tyssedal og Stana var skremmande for mange bilistar. Vegen var i bruk til utpå 80-talet. Foto: Helge Sunde

Tyssedal er rå og brutal, men samtidig vakker. Miksen av natur, industri og arkitekt­ur gir plassen ein eigen karakter. 18

Kjem du til Odda gjennom Folgefonn­ tunnelen, er røyken frå det store sin­ k­ verket på Eitrheimsneset det første du ser. I 2026 har verket meir enn 400 til­ sette. Men no er også turismen tilbake. Og det i eit omfang ingen hadde sett for seg for få år sidan. Europeisk adel er bytt ut med ryggsekkturistar frå heile verda. Tweed er bytt ut med goretex. Den viktigaste årsaka heiter Trolltunga. Fjellutspringet med den luftige utsikta har på rekordtid ført Odda tilbake til eliteserien for reisemål. I løpet av ein tiårsperiode eksploderte besøkstalet. Frå heile verda kjem 80 000–90 000 menneske kvart år, alle med same målet for auget: å bli avbilda på Trolltunga. Film- og serieskaparar frå inn- og utland har fått auga opp for den ville naturen i området. Den nye turismen har snudd opp ned på mykje. Det gjeld også i Oddas «veslebror» Tyssedal, nabobygda seks kilometer lenger ute i fjorden. Tyssedal er det smale passet all trafikken må gjennom for å komme opp til Skjeggedal, der turen til Trolltunga startar. Tyssedal er rå og brutal, men samtidig vakker. Miksen av natur, industri og arkitekt­ur gir plassen ein eigen karakter. Tyssedal er ein miniby, pressa inn mellom to tunellar, innramma av steile nutar. Elva Tysso deler staden i to. Røyrgata


Kraftstasjonen Tysso I, det mest ikoniske byggverket i Tyssedal, er freda av Riksantikvaren. Foto: Dag Endre Opedal / Kraftmuseet

som stuper utfor svaberget frå Lilletopp, førte ein gong vatn frå fjellet ned til turbinane i kraftstasjonen ved fjorden. Ein vakker katedral, i skarp kontrast til fabrikkhallane like ved. Arkitekt­ane Torvald Astrup og Victor Nordan henta inspirasjon frå italienske kyrkjer. Arkitekturen gir Tyssedal eit urbant preg. Den klaustrofobiske gamle­vegen på ut­sida av tunellane gjer det stikk motsette. Ei smal asfaltstripe som klamrar seg til ei hylle, utsprengd i stup­bratte fjellveggen. Kikar du over støypekanten, er det mange titals meter ned til fjorden. Vegen var hovudveg heilt fram til tunellar blei sprengde ut i 80-åra. Odda og Tyssedal er forteljinga om hardt arbeid og lunefull natur, opp- og nedgangstider, klasseskilje og kommunisme, rasfare og ras­ande fagforeiningar. I dag er det også forteljinga om framtidstru og nyetable­ r­ingar, innflyttarar, trafik­kaos og villcamping. Det siste heng nært saman med turismen til Trolltunga. 19


Turismen er tilbake for fullt i den gamle industristaden Odda. Foto: Helge Skodvin 20


21


T R O L LT U N G A

Ringedalsvatnet med Folgefonna i bakgrunnen. Foto: Helge Sunde 22


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Trolltunga – Halvor Folgerø by Det Norske Samlaget - Issuu