Page 1


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 3

Daniel Danis

TRE STYKKE Oske av stein Seie-Seiarens song Tungekyssa til steinhundar

Fr책 fransk ved Margunn Vikingstad

Samlaget Oslo 2011 3


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 4

© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Oske av stein Originaltittel: Cendres de cailloux Først utgitt på fransk av Leméac Éditeur © Leméac Éditeur, Montréal, Canada, 2002 Seie-Seiarens song Originaltittel: Le Chant du Dire-Dire © L’Arche Editeur, Paris, 2000 Tungekyssa til steinhundar Originaltittel: Le Langue-à-Langue des chiens de roche © L’Arche Editeur, Paris, 2001 OMSLAG:

Blæst design / Stian Hole Samlaget SKRIFT: Sabon 10,5/13 PAPIR: 90 g Munken Print Cream 1.5 TRYKKERI: AIT Otta AS Printed in Norway FØRTRYKK:

ISBN 978-82-521-7614-8

4


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

Innhald Oske av stein 7 Seie-Seiarens song 167 Tungekyssa til steinhundar 279

11:56

Side 5


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

Oske av stein

21-06-11

11:56

Side 7


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 9

Eg tileignar teksten min eit tre som veks midt i ei elv. Til deg, Jeannine 9


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 11

PERSONAR

i rekkefølgje etter kva tid dei kjem inn på scenen. SHIRLEY,

33 år 29 år CLERMONT, 40 år PASCALE, 18 år COCO,

Når historia begynner, har den tragiske hendinga allereie skjedd.

11


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 13

Dødsdans SHIRLEY

Vi heldt på å grave opp fru Thibodeau. Vi hadde sett fire lykter oppå nokre ølkassar. Eg var full. Ein kan ikkje grave opp eit lik sjølv ikkje av nokon som berre har vore død i seks dagar utan å drikke seg dritings først. Vi fall alltid i transe når vi gjorde ting som var heilt vanvitige. «Dans, gutar, dans.» Det var fem av oss alltid dei same fem. Flagos, Dédé, Grenouille, eg og så han som dansar med den tispa Thibodeau: Coco.

13


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 14

Den helvetes tispa sette ut falske rykte om Flagos og Coco. Hevda at det var dei som selde dop til nevøen hennar. Purken raserte leilegheita. Dei fann litt kokain litt hasj. Etterforsking, rettssak. Midt i fleisen fekk dei ei bot for å ha hatt dop på seg. Smågutane driv ikkje med slikt sal og alt det der. Vi kjøper litt. Vi er heilt vanlege. Vi gjer heller noko ekstra. Som med fru Thibodeau. «Coco, ikkje hald henne så hardt, du blir kvelt.» COCO

Eg heldt den døde i armane mine omtrent slik. «Eg kviskra vers til henne strofer med rim på ’mark’.» Latter.

14


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 15

SHIRLEY

«Flagos, kom og hald hardt rundt meg.» Flagos kom bort til meg. «Eg skal vise deg halve brystet mitt, Flagos. Sjå, det står skrive: Kadaver. Når eg elskar, set eg eit plaster over det. Det er ingen som liker å elske med eit kadaver. Eg viser det til deg Flagos. I kveld er tunga mi brennheit. Bli hos meg til sola står opp. Far min tatoverte ordet på meg her då eg var tre år gammal. Dagen etter gav han meg ein jomfru Maria-medaljong med Josef på baksida. Ein medaljong laga av kopar. Flagos, Flagos, svar meg. Flagos! Eg roper til deg.» Han svarte ikkje. Han var døddrukken. For anledninga. 15


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

COCO

Shirley! Har du sett? Det er lys i huset til Fiset. Dei fekk selt det! Veit du til kven? Det må ha stått tomt i minst sju år det huset der. Framande! SHIRLEY

Eg såg at huset blei lyst opp innvendig midt på natta. Eg sa til meg sjølv: Fuck heile verda!

16

Side 16


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 17

Ei heimehamn CLERMONT

For sju år sidan var eg trettitre år. Miste kona si. Miste vettet. Kona mi hadde dødd i mai. Vi virra rundt i tre månader dotter mi Pascale og eg. Ein heil sommar besøkte vi vakre stader. Køyre, ete, sove. Prøve å gløyme. I tre månader flaut eg rundt i dei same minna. Eg spelte opp igjen heile livet mitt med Eléonore. Vi kunne ikkje svirre rundt i sirkel i det uendelege. Eg sa til meg sjølv: «Det må slutte å blø Pascale må tilbake på skulen eg må slå meg til ro ein stad. Ikkje snakk om å reise tilbake til Montréal.» 17


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 18

Den 18. august vrir eg hjula til høgre og køyrer i retning Saint-Raymond-de-Portneuf like ved Québec. Her får eg sjå igjen det grøne landskapet frå somrane då eg var barn. Starte heilt på nytt på jomfrueleg jord. Den same ettermiddagen går vi ein tur gjennom den vesle byen. Tjuetre tusen innbyggarar. På ein stikkveg, fem minutt frå byen TIL SALS eit hus ei svær tomt med ein liten låve og ein garasje. Framfor huset på den andre sida av grusvegen ei elv Steinelva. På postkassa herr og fru Lorenzo Fiset. På telefonen: «Eg vil gjerne kome og sjå på huset og jorda til Fisets.» Eigedomsmeklaren kom springande.

18


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 19

Vi fekk ei grundig synfaring av eigedommen. «Herr og fru Fiset fekk aldri barn. Dei er på gamleheim,» fortel han meg. Han snakka for mykje, eg sa ikkje eit ord. «Kan du gi oss to minutt åleine?» seier eg til han. «Pascale, dersom eg fiksa på huset låven, jorda ville du ha likt å bu her då?» Eit smil forma som eit ja munnen hennar sleppte ut litt luft. Eg græt aldri framfor henne. Vi treng å halde motet oppe. Det var siste gong vi sov på eit motell. Vi kjøpte eigedommen til Fisets. Vi fór til Québec for å kjøpe nye møblar og nokre raritetar som vi fann på loppemarknad. Klare for innflytting 23. august. Eg lagar til eit bad til meg sjølv. I morgon slår vi oss ned. 19


Tre stykke 3 korr.qxd:Don Carlos

21-06-11

11:56

Side 20

Eg skal jobbe på denne jorda til eg druknar i sveitte. Dagen vi flytta inn var fødselsdagen til Pascale. Elleve år. Den dagen ho blei fødd, tenkte eg: «Eit spedbarn å beskytte frå all fare heilt til ho blir myndig.» Ein kjenner seg usårleg. Det er 23. august, fødselsdagen hennar, i badekaret held eg hendene framfor munnen mens eg skrålar slik at eg ikkje vekker dotter mi.

20

Tre stykke  

Dramatikk, omsett, skodespel