Skip to main content

Team Tuva

Page 1

MARIT EIKEMO Her, no. Møte med unge menneske. Reportasje 2009 Mellom oss sagt. Roman 2006, 2007, 2018 Arbeid pågår. Roman 2009, 2010, 2018 Samtale ventar. Roman 2011, 2012, 2018 Alt inkludert. Roman 2015, 2016, 2018 Samtidsruinar. Essay 2015 (første gong gitt ut på Spartacus forlag i 2008) Gratis og uforpliktande verdivurdering. Roman 2018, 2019 Hardanger. Noveller 2019, 2020


Marit Eikemo

Team Tuva Roman

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Laila Mjøs Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/13,6 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0650-0

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Til barna mine, Alvin, Asta, Vilma og Judit


Johannes

Mor var eit godt menneske. Ho visste ikkje kva godt ho kunne gjere for andre, seier Terje når han kjem inn igjen i stua med den ferdig trakta kaffien i kanna. Johannes nikkar. Eit godt menneske er vel og bra, tenker han, men det blir det ingen tale av. Han lar blikket vandre rundt i stua. Her har det ikkje budd nokon sidan avdøde flytta på pleieheim for tre år sidan. For to dagar sidan sovna ho stilt inn, og så følgde vanleg prosedyre. Han fekk telefon frå gravferdsbyrået om at Astrid Eriksen var død, og på grunn av korona er gravferda sett til fjorten dagar seinare, fredag 26. februar klokka 11 i Førde kyrkje. Framleis heiter det i lovverket at den døde skal gravleggast eller bli kremert seinast ti kvardagar etter døden. Dette heng igjen frå den tida då det ikkje fanst frysemoglegheiter, men også med tanke på sørgeprosessen, sjølvsagt, det skal ikkje gå for lang tid mellom dødsfall og gravferd. I dag blir det stadig oftare gjort unntak frå denne regelen. Og dette er mor di og far din, seier Johannes og peiker på brudebildet, som heng over den store, tunge teakskjenken. Terje nikkar og heller kaffi i koppane. 7


Dei gifta seg i 1969 i kyrkja her. Så fekk dei meg knappe ni månader seinare, seier han og smiler. Dei gifta seg altså det året dei fann olje i Nordsjøen, tenker Johannes. Terje, som sit her, blei fødd inn i den nye tida, sklei ut av mors liv og rett inn oljealderen. Block Watne-huset deira var kanskje eit utslag av rikdom den gongen, men verken huset eller inventaret ber i dag preg av å representere norsk økonomisk gullalder. Terje verkar sjølv framand og malplassert i barndomsheimen sin, slik han ofte ser at pårørande gjer når han er rundt på slike samtalar. Mange vil ikkje eingong møtast i heimen til den døde, men tar kanskje med seg eit foto av han eller henne når han møter dei på meir nøytral grunn. Johannes tar den første slurken av kaffien og ser ned på notata der han har klar dei innleiande setningane i mor til Terje sin minibiografi: Astrid Eriksen sovna stilt inn på Førde sjukeheim 12. februar 2021. Ho blei fødd i 1949 og voks opp med far, mor og fire søsken på familiegarden i Naustdal … Det er alltid like sterkt å høyre dei objektive fakta om eit menneske, sosialhistorie og lokalhistorie presentert gjennom eit liv. I 1969 gifta Astrid seg med Johan, industriarbeidar frå Florø, andre generasjon ved Ankerløkken verft. Ankerløkken verft var starten på Florø som industriby, men på grunn av stor fråflytting frå Førde hadde Distriktenes utbyggingsfond, som det heitte den gong, funne ut at dei skulle satse på Førde, og i 1971 vedtok eigaren Ole Aaserud å bygge ei ny avdeling av Ankerløkken verft på Øyrane i Førde – til sterke protestar frå Florø, der Ankerløkken hadde 8


vore sidan 1949. Ankerløkken Verft i Førde gav på det meste arbeid til over 400 personar og var avgjerande for utviklinga av Førde slik det er i dag. Kommunen fekk i all hast bygd ut store rekkehusfelt og ei stor bustadblokk på Bergum for å ta imot alle innflyttarane, mellom andre Johan og Astrid. Året etter at dei gifta seg, kom deira førstefødde Terje. Huset på Bergum stod klart i 1974. Og du har ei søster? Tuva, ja. Ho er fire år yngre enn meg. Johannes ser seg rundt for å finne spor etter henne og får auge på to konfirmasjonsbilde over spisestuebordet, ein gut og ei jente i kvar sin sunnfjordsbunad, i ein elles tung og mørk åttitalsestetikk. Ho bur i Bergen, seier Terje. Johannes kastar eit blikk på jenta i bunaden igjen. Det hadde sjølvsagt vore best om han fekk snakka med begge to, men det er ikkje alle pårørande som dukkar opp til desse samtalane. Telefonen til Terje ringer, og han ser orsakande på Johannes, seier at det er noko jobbgreier, om det er greitt at han tar den? Johannes nikkar, og Terje går inn på kjøkkenet og lukkar døra bak seg. Frå der han sit, kan han høyre den dumpe lyden av ein samtale. Johannes ser på kaffikoppane, og han blir gripen av ei nesten overveldande kjensle av noko nært. Og så kjem han på det. Dette serviset hadde mor hans også! Det blei sjeldan brukt, fordi det var finserviset og stod i skatollet i stua. Dette er kanskje Astrid sitt finservise også? Etter møblementet elles å dømme er det iallfall lite som tyder på at det var kvardagsserviset. Han lurer 9


på om Astrid ville vore einig i at dette er eit fint nok selskap for å ta det fram: presten og sonen hennar i samtale om hennar eiga gravferd, over ein kopp svart – og litt beisk – kaffi? Johannes kvepp til når han høyrer at nokon låser seg inn ytterdøra. Han reiser seg opp frå sofaen på refleks. Kven kan det vere som låser seg inn her, no? Han står heilt still og høyrer at personen der ute legg nøklane på entrémøbelet, opnar garderobeskapet og hentar ut ein hengar til jakka og spenner av seg skoa. Og så står ho der, i døropninga, så sjølvsagt at ein nesten skulle tru at ho budde her. Det mørke håret er sett opp i ein rotete topp på hovudet, og ho er ungdommeleg kledd i ei litt saggete dongeribukse og strikkegenser. Hei, seier ho og rekker fram handa for ei helsing, før ho tar seg i det og smiler orsakande med hendene framføre seg. Det er ikkje kvar dag eg får helse på presten – eg gløymde heile koronaen. Eg er Tuva, Astrid si dotter. Beklagar at eg er sein. Eg har køyrt frå Bergen, og det var så mykje trafikk på vegane, kjem ikkje farane ovanfrå, så kjem dei rett imot deg. Eg er ikkje så glad i å køyre bil, som du kanskje forstår. Nei, det forstår eg godt. Det er veldig glatt også no, seier Johannes og set seg ned igjen i stolen. Bror din er på kjøkkenet, han skulle berre ta ein telefon. Tuva finn seg ein plass i ein av stolane og ser på bordet. Det er ikkje dekt på til henne. Ho reiser seg straks igjen og hentar ein kopp av det same serviset i skjenken i stua. Ho ser granskande på det, før ho set det ned 10


på bordet, som om det var nytt for henne, eller som om ho ser etter skar, det er ikkje godt å seie. Så fint at du fekk til å komme. Korleis går det med deg, spør Johannes. Tuva smiler og heller i koppen sin. Takk som spør. Vi har venta på det, og det var vel greitt at ho fekk sleppe, seier ho. Johannes nikkar, sånn er det ofte, men det gjer ikkje alltid sorga lettare. Men Tuva verkar lett og munter, på grensa til glad, og sånn er det også ofte. Døden kan komme som ein stor lette for dei pårørande. Frå kjøkkenet kan dei no høyre at telefonsamtalen går mot slutten. Terje opnar døra og kjem inn i stua. Du får berre unnskylde, seier han og bråstoppar midt på golvet då han ser Tuva. Når kom du? No. Eg trudde ikkje du kom. Nei, eg veit at du ikkje trudde det, men så kom eg likevel. Eg tenkte det var greitt at vi begge fekk fortelje om mor, seier ho. Men du hadde no ikkje trunge å ta heile den turen, eg kunne berre tatt meg av det. Eg veit det, men eg ville vere her. Ja, ok, seier han og verkar forvirra og usikker over heile situasjonen. Har du fått kaffi, spør han. Eg henta meg ein kopp. Dette var mor sitt favorittservise, engelsk porselen, ho trudde det var så fornemt, men Figgjo-serviset som står i kjøkkenskapa, er mykje finare. 11


Det er vel ei smakssak kva som er fint og ikkje, seier Terje. Det er det folk seier, men kvalitet er ikkje ei smakssak. Terje drar pusten djupt. Eg vil iallfall ikkje ha noko med det kvardagsserviset å gjere. Viss du ikkje tar det med deg no, kjem eg til å kaste det. Dette er det finaste mor har, seier han og held opp koppen: Og det syntest mor også. Ho ville ikkje likt det om eg dekte på med kvardagsserviset til presten, seier han. Det tikkar inn ei melding på Terje sin telefon, og han sjekkar straks kven den er frå. Han les meldinga med ei rynke mellom auga, og når han legg mobilen tilbake på bordet, verkar det som han har gløymt heile konteksten. Johannes kremtar. Vil nokon av dykk halde minnetalen sjølv i kyrkja? Nei, absolutt ikkje, seier Terje kontant. Johannes blir usikker på kva dette «absolutt ikkje» skal bety, det er stadig meir vanleg at dei pårørande held minnetalen sjølve. Kanskje Terje synest han må understreke det så sterkt fordi han snakkar på vegner av dei begge? Eller er det fordi han vil snakke på vegner av begge? Tuva berre ristar på hovudet. Eg vil uansett ikkje halde nokon minnetale, seier Tuva. Det ville ikkje vore mor sitt ønske, legg Terje til. Det kan så vere, seier Johannes. Ho ville ikkje likt at vi stod der og stotra med orda, ho ville at presten tok seg av det, held Terje fram. Johannes ser frå den eine til den andre av dei. Tuva har no flytta blikket ut vindauget og seier ingenting. 12


Det er ikkje så farleg å stotre litt på ein slik dag, men eg tar meg sjølvsagt av det, om det er det de ønsker, det er derfor eg er her. Dersom de vil, kan de også skrive ein tekst, som eg kan framføre for dykk? Vi vil at du tar deg av alt det som skal seiast, gjentar Terje. Johannes kremtar. Tuva seier framleis ingenting. Noko av poenget med minnetalen er å gi eit godt ettermæle til det livet som mor dykkar har levd, seier Johannes. De kan fortelje meg korleis det har vore. Det er viktig at det som blir sagt, er sant, seier han og legg til: Men vi treng ikkje seie alt. Det blir stilt rundt bordet igjen. Terje heller ny kaffi i koppane og gjentar det han allereie har sagt: Mor var først og fremst eit godt menneske. Johannes følgjer blikket til Tuva ut vindauget, ut i hagen, og ser ei gammal morken huske som heng i treet der. Er det noko du vil legge til det som Terje seier, Tuva? Tuva snur seg sakte mot dei og ser rett på Johannes. Er ikkje det ein heilt uinteressant ting å seie om eit menneske, seier ho. Kva då, seier Terje vaktsamt. At ho var eit godt menneske? Men det er sant, bryt Terje henne av. Kva vil du skal bli sagt om mor di då, Tuva, seier Johannes for å prøve å dempe den noko ampre stemninga. Han har ei kjensle av at det minste skeive ordet kan komme til å utløyse eit ras mellom dei. Kan du ikkje berre seie alt det som de pleier å seie, ei nøktern og objektiv oppsummering: Astrid var fødd 13


slik og slik, dotter av den og den, fekk to barn og så vidare og så vidare. Jo, ei slik oppsummering gir vi alltid, men i tillegg er det fint om vi kan formidle noko av det livet som er blitt levd, som er mor dykkar sitt ettermæle. Eg synest uansett du skal seie at ho var eit godt menneske, ho var god mot alle og ville alle vel, seier Terje. Ho var ikkje god mot pappa, skyt Tuva inn. Far! Terje spyttar ut far sin. Eg trur vi alle skal vere glade for at det ikkje er far som skal halde minnetale over mor, held han fram. Tuva reiser seg frå stolen og går rastlaus fram og tilbake på golvet. Kanskje vi kan begynne med å snakke om ting ho likte å gjere, seier Johannes, til dømes kva mat ho likte å lage. Det er ofte lettare å danne seg eit bilde når vi snakkar om dei kvardagslege tinga. Eg var jo hos henne på sjukeheimen tre dagar i veka dei siste åra, seier Terje. Den måten å snakke på har Johannes høyrt mange gonger, her er det underforstått: Tuva var ikkje hos mor si tre gonger i veka på det siste. Det kan ho ha hatt gode grunnar til eller ikkje. Det er det som gjer desse samtalane så spennande. Ein veit aldri kva ein hamnar oppi. Er det noko du vil framheve frå denne siste tida, spør Johannes. Til dette ristar Terje på hovudet. Ho var ikkje lenger seg sjølv då, seier han stilt. Johannes kviler blikket ved brudebildet over skjen14


ken igjen, eit på alle måtar vanleg brudepar frå den tida. Ei ung, slank og litt blyg kvinne i lang kvit kjole med slør. Han i svart dress, alvorstung i uttrykket, litt eldre enn henne, kanskje er han også litt melankolsk på den store dagen? Terje har allereie antyda at mor hans var gravid før dei gifta seg, at dei kanskje måtte gifte seg, som dei sa den gongen. Det er rart kor vanskeleg nokre pårørande har for å finne ord som kan karakterisere deira nærmaste, enten fordi dei er så nære, dei er som ein del av det biologiske krinsløpet i kroppen deira, eller så er det tvert imot. Dei kjenner ikkje kvarandre og veit ikkje kva dei skal seie. Skal vi kanskje begynne å snakke om dagane hennar, slik de hugsar henne? Ho arbeidde på Samvirket i mange år, gjorde ho ikkje? Terje nikkar. Vi gjekk ofte innom henne på jobb etter skulen, og viss det var få kundar der då, stakk ho alltid til oss noko godt. Ikkje alltid, seier Tuva. Terje ser irritert på henne. Kan vi ikkje berre la det vere med det? Du hugsar sjølv at vi fekk godteri av henne! Kanskje éin gong, ikkje meir. Etter 25 år som kassadame på Samvirket fekk eg noko godt ein einaste gong då eg stakk innom henne på jobb. Eg forstår ikkje kvifor du vil gjere eit nummer av det til minnetalen, seier Tuva. Kan vi la det vere opp til presten kva han vil lage eit nummer av og ikkje, svarer Terje harmdirrande. 15


Unnskyld, men kva skulle vere opp til presten, spør Johannes. Terje og Tuva ser på han i nokre lada, stille sekund. Dei er midt i ei reforhandling av historia, ikkje berre om mor til Terje og Tuva, men også om forholdet mellom bror og søster. Altså 25 år på Samvirket, skundar Johannes seg å seie, så må folk ha kjent henne godt, og ho kjente godt til folk i bygda, alle går jo på samvirket! Ikkje sant! Alle visste kven ho var. Ho hadde alltid eit smil og eit hyggeleg ord til alle, seier Terje. Johannes ser bort på Tuva igjen. Er det eit smil ho prøver å skjule? Kanskje tenker ho det same som han? Det er like mange som synest at mor deira var ei sur kjerring i kassa, det veit han sjølv, han kan ikkje stå der, på vegner av alle, og slå fast at ho var ein solstråle av ei kassadame. Han har absolutt inga interesse av å vere bygdas allvitande forteljar, kvar og ein får snakke for seg. Skal han seie noko slikt, må det vere med referanse til kjeldene, noko slikt som at «eg har høyrt frå dykk at Astrid var godt likt». Og når ho var heime, kva likte ho å gjere? Kva mat likte ho å lage, spør han. Ho laga veldig gode vaflar, seier Tuva. Johannes noterer i den vesle notisboka si: «25 år på Samvirket, veldig gode vaflar.» Han ser opp på Terje og Tuva som sit der tause og ser på når han noterer. Dei kjem visst ikkje på noko meir å seie. Johannes veit han burde hjelpe dei, men han klarer ikkje. Han kjenner seg driven mot å gi opp, overmanna av ei plutseleg hjelpeløyse. Og som så ofte elles når ei slik kjensle kjem over han, går han til salmane. 16


Gravferdsbyrået har sendt meg ei liste med salmar, er det etter dykkar ønske, seier han. Ja, seier Terje. Nei, seier Tuva. Og så blir det stilt igjen. Johannes fomlar litt fram og tilbake med notata sine, før han finn det han skreiv ned etter samtalen med gravferdsbyrået, og kjenner han byrået rett, er det dei som har foreslått salmane, ikkje Terje eller Tuva. Folk i denne generasjonen har som regel ikkje eit sterkt forhold til salmar, bortsett frå dei opplagde. Her står det tre salmar: «Å leva det er å elska», «Nærmere deg, min Gud» og «Deilig er jorden». Eg hadde også nokre ønske om solonummer, seier Terje. Johannes ser på sine eigne notat og veit kva som kjem, og derfor greier han ikkje å møte blikket til Terje når han seier det. For det første vil eg ha «Tir n’a Noir» med Vamp, den var mor så glad i … Tuva himlar med auga, Terje ser det, men overser det og held fram: Og så vil eg ha «Adieu» med Jahn Teigen. Nei, no må du for faen gi deg! roper Tuva. Johannes slår blikket ned, men kjenner ei nesten brusande glede over utfallet hennar. Etter at Jahn Teigen døydde, har denne songen eksplodert i popularitet, og no er den eit av dei mest populære soloinnslaga i gravferder. Det var ikkje akkurat dette alle landets prestar og organistar såg føre seg då dei utdanna seg, at Jahn Teigen skulle ljome ut frå alle landets kyrkjer. Men han 17


får no berre prøve å gjere det beste ut av det og seie noko i gravferda om at «adieu», med den skrivemåten, betyr «til Gud». Det er så typisk deg, roper Terje tilbake til henne. Jahn Teigen er vel ikkje bra nok for deg? Du treng ikkje ta den der kvar gong eg ikkje meiner det same som deg, Terje. Det der er ein elendig song som handlar om kjærleikssorg, eit kjærleiksbrot! Synest du det er så passande i gravferda til mor vår? Det er di tolking, skyt Terje inn. Nei, Terje! Den songen har ikkje noko tolkingsrom. Det er ikkje noko meir ved den songen enn det som står der. Eg kan gi meg på «Tir n’a Noir», men ikkje på «Adieu», seier Terje innbite. Og kven meiner du skal framføre «Adieu»-songen, spør Tuva. Maria Storholmen! Å nei, mumlar Tuva og støttar hovudet i hendene. Ingen syng betre enn Maria Storholmen i heile Førde, og berre det beste er godt nok, slår Terje fast. Du vil ha songen fordi det er ein enkel popsong, kvifor må du då gjere den til så mykje meir enn den er ved å la den lokale operastjerna framføre den? Du kan i det minste spørje ein popsongar? Dette gir eg meg ikkje på, Tuva! Greitt, då vil eg bestemme det andre solonummeret, og det er den kjente folketonen «Eg er framand»! Johannes og Terje ser spørjande på kvarandre. Johannes tyr straks til Google, kva slags song er dette? Og han finn den med ein gong. Den har han ikkje 18


høyrt før! Han ser at det er Arve Moen Bergset som har spelt den inn, og han får ein sterk lengsel etter å høyre stemma hans. Han forstørrar teksten på mobilen og viser den til Terje, som les med ei skeptisk rynke mellom bryna. Mens Terje les teksten, har Tuva reist seg frå stolen og stilt seg ved vindauget. Terje ser opp frå mobilen til Johannes, og med eit nakent blikk stirer han ut i rommet. Er det ikkje litt … ekstremt, seier han. Det er ikkje noko meir ekstremt enn Jahn Teigen, seier Tuva. Men mor elska Jahn Teigen, ho elska ikkje Gud! No offence, presten, seier Terje, men det var ikkje sånn at ho «lengta til Guds stad», som det står i denne teksten. Johannes held hendene avvæpnande framføre seg, for å seie alt i orden, eg blir ikkje fornærma. Det er ein sterk tekst, medgir han. «Jordi eig ei den ro eg søkjer», seier Tuva: Det finst vel knapt ei strofe som seier meir om vår familie. Det har ikkje vore ein roleg augneblink for nokon av oss. Kva seier du? Terje ser sjokkert på henne. Det var ingen som ville ha kvarandre i denne familien! Mor ville ha far, men far ville ikkje ha mor. Du ville ha mor, men mor var berre sint på far. Eg ville til far, men far ville heller døy. Og mens eg prøvde å riste liv i far så lenge han levde, og du prøvde å dempe raseriet til mor, har eg og du skrive kvar vår historie om denne familien. Vi har ikkje lenger den same barndommen, vi har ikkje den same mora eller den same faren, og no forstår vi ikkje kvarandre lenger. Det er ein lengsel i denne songen som iallfall eg finn trøyst i, seier 19


Tuva og gjentar «eg lengtar til Guds stad, der sluttar sorgi, der turkast tåra, der ingen meir vert lagd død på båra». Terje stirer ned i bordet, og Tuva lar fingeren gå rundt og rundt langs kaffikoppen. Johannes tenker at kanskje fekk dei likevel sagt noko vesentleg. Stilla blir avbroten av at Terje får ei ny melding på telefonen. Det er barnehagen, seier han og reiser seg brått frå sofaen. Sonja har falle ned og slått seg. Det er visst ikkje alvorleg, men eg må nesten hente henne, ho har fått seg ein kakk og blør ganske kraftig frå hovudet. Beklagar, seier han til Johannes. Eg er i gang med mitt andre kull, eg hadde heilt gløymt kor mykje styr det er med småbarn, det er alltid noko. Det er så mykje no, og med mor og alt. Eg må berre springe, eg må nesten lukke og låse her … Eg kan låse, seier Tuva. Ja vel? Han ser tvilande frå den eine til den andre, men har ikkje tid til å diskutere. Hugs å sløkke lysa, då, og la ting stå som dei er her inne, ikkje flytt på ting, eller … Nei nei, seier Tuva. Terje er på veg til å ta Johannes i handa før han går, men så kjem han tydelegvis på koronaen og ristar på hovudet. Og vi to er ikkje eingong i kohort, seier han til Tuva som forklaring på at heller ikkje ho får eit handtrykk eller ein klem før han går. Etter at Terje har gått, blir Tuva og Johannes sittande ei stund og snakke om det praktiske. På grunn av 20


situasjonen med korona er det berre tillate med 50 personar i kyrkja, og det synest Tuva er like greitt, for det ville nok uansett ikkje dukka opp så mange fleire. Det er ikkje nødvendig å rigge til med noka digital sending frå kyrkjerommet heller, seier Tuva. Nei? Terje meinte det kunne vere fint å strøyme, slik at folk frå andre delar av landet kunne få moglegheit til å følgje gravferda, kanskje også folk frå andre land. Folk frå andre land, seier Tuva, kven skulle det vere? Det kan ikkje eg svare på, seier Johannes. Når det gjeld minnestunda etterpå, blir det dessverre vanskeleg å gjennomføre no i koronatida. Det er kanskje like greitt, det også, seier Tuva. Minnestunda har ofte ein viktig funksjon i sorga. Eg synest det er leitt at så mange må avlyse minnestundene i år. Kva funksjon då? Sitte og ete saman? Det er her lokalsamfunnet må finne ut korleis dei skal konstituere seg, så å seie, seier Johannes. Konstituere seg? Lokalsamfunnet og dei etterlatne må finne ut korleis dei skal organisere seg framover, kvar forhold dei skal ha til kvarandre i framtida. Har dei framleis eit fellesskap? Kven skal lage maten no, kven skal ta ordet i forsamlingar? Tuva ryddar saman koppane og går ut på kjøkkenet med dei. Då ho kjem tilbake, har ho med seg eit anna servise, eit mykje finare, synest Johannes. Ein klar, blå grunnfarge med ein stor blom, sterk oransje og kvit farge, som dekor. Dette er kvardagsserviset til mamma, seier Tuva og 21


held det fram for han for at han skal sjå og beundre det. Det er veldig vakkert, seier Johannes. Vil du ha det? Nei, men det kan eg ikkje, seier han forfjamsa. Eg er presten, eg kan ikkje ta imot gåver frå pårørande. For noko tull! Du høyrde sjølv kva Terje sa, han kjem til å kaste alt. Men du må jo ha det sjølv! Eg har eit heilt likt heime, eg kjøpte det for mange år sidan. Det er eit av dei fine minna eg har av mamma, når eg og ho sat på kjøkkenet og åt frukost eller kvelds frå dette serviset. Hugsar du kva de snakka om? Vi snakka nesten alltid om Disney-filmar. Det var den store lidenskapen hennar. Å? Ja, ho kunne gått opp i kvitt eller dobbelt i Disney. Johannes må le, folk sluttar aldri å overraske. Tuva sluttar seg til latteren hans, og han kjenner korleis floken frå tidlegare løyser seg opp. Kva var favorittfilmen hennar? Utan tvil Lady og landstrykaren, seier Tuva og tørkar nokre lattertårer. Men du vil ikkje ha det autentiske serviset sjølv, det som du og mor di faktisk åt og drakk av? Nei, det betyr ingenting, seier Tuva. På ein augneblink har ho funne ein pose og pakka alt saman ned, rutinert og effektivt. Åtte koppar, åtte tefat og åtte frukosttallerkar og åtte eggeglas. Figgjo-design av ypparste merke: Daisy. Ver så god! seier ho og rekker posen fram mot han på 22


strake armar. Ho sløkker lysa, sjekkar komfyren og drar ut leidningen til kaffitraktaren. På vegen tar Tuva med seg ei oppsiktsvekkande stor og raud urne som står i gangen. Johannes tenker på det bror hennar sa, om å ikkje røre noko, men det får vere måte på kva han skal legge seg opp i. Vil du sitte på, spør Tuva. Eg kan køyre deg dit du skal. Det er ein fin og klår vinterdag, og ifølgje stegteljaren har han berre gått 6000 steg i dag. Dersom han går heim igjen no, vil han nå målet på 10 000 steg. Takk det vil eg gjerne, seier han. Tuva legg først urna forsiktig inn i baksetet, der ho finn nokre barnejakker og anna tøy som ho pakkar forsiktig rundt den. Så ryddar ho framsetet for rotet som ligg der, veska hennar, nokre flasker med Pepsi Max og ein grå pose, sannsynlegvis med bollar frå bensinstasjonen. Til slutt kostar ho vekk smular frå setet og gjer teikn til at han kan sette seg inn. Bur presten på den gamle skrivargarden framleis, spør Tuva. Nei, det er ei stund sidan. Kvifor har ikkje prestane budd på prestegarden her i Førde? Den blei etter kvart i altfor dårleg stand. Presten flytta over til skrivargarden på syttitalet. Men no vil de ikkje bu der heller? Vil og vil. Buplikta til prestane opphøyrde i 2015. Då var det slutt på tradisjonen med at prestane skulle bu på ein gard ved kyrkja. Kor bur du, då? I ei av dei moderne leilegheitene i sentrum. 23


Du ville ikkje bu i det gamle skrivarhuset? Neeei, åleine i skrivargarden? Det blei litt … rart. Det er jo eit flott hus, seier Tuva. Eg hadde elska å bu der. Ja? seier Johannes. Eg har fått med meg at Den norske kyrkja sel ut mange av dei gamle prestegardane no, held ho fram. Den norske kyrkja sel ikkje noko som helst, men Opplysningsvesenets fond, som er eigedomsforvaltarane, korrigerer Johannes. Ja, nettopp, seier Tuva og strammar grepet rundt rattet, ho verkar usikker på kor ho skal køyre, og han peiker diskré til høgre. Ho smiler takknemleg til han. Det er utruleg mange fine prestegardar! Eg har vore inne på den nettsida og sett på alle saman. Alle prestegardane? Ja, seier Tuva. Er det så rart? Litt rart, seier han, eg har ikkje høyrt om andre som er så interessert i prestegardar. Bur du åleine, spør ho. Ja, dessverre. Han angrar straks han har sagt det. Kvifor kunne han ikkje berre sagt ja, utan den ekstra tilleggsinformasjonen? Kvifor ville han at Tuva skulle vite at han er lei seg for å bu åleine? Og kvifor sit han her, i bilen hennar, snart seksti år, og kjenner på eit slags vemod fordi køyreturen med henne snart er over? Og då ho køyrer bilen heilt fram til huset der han bur, vil han at stunda skal vare. Han har lyst å fortelje henne kvifor han er lei seg for å bu åleine, vil fortelje at ho som han eingong elska, ikkje ville det livet som han hadde vigd seg til. Det var før buplikta opphøyrde, og ho ville ha 24


sitt eige. Ho ville ha eit vanleg liv, ho ville ikkje bu på nokon sorenskrivargard, og ho ville absolutt ikkje bu i Førde. Saknar du familie, spør ho. Kyrkjelyden er familien min, seier han fort, og så får han ein impuls: Vil du ha ein kopp kaffi før du drar? Elles takk, men no har eg fått nok kaffi på ei stund, den var litt beisk, den kaffien til Terje, var den ikkje? Eg må komme meg heim igjen før det blir for mørkt. Ja, det forstår eg. Du må køyre forsiktig, seier han og opnar bildøra. Eg sender deg talen på e-post, så kan du sjå gjennom den. Han strammar grepet om posen då han går ut av bilen, går mot blokka og snur seg då Tuva køyrer ut på hovudvegen. Med ei stor og uforskamma glede ser han fram til å pakke ut serviset på kjøkkenet, dekke det på ein fin duk og la minnet om Tuva og mor hennar bli levande hos han.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Team Tuva by Det Norske Samlaget - Issuu