super-
SMART Av Dan Hรถjer Illustrert av Per Demervall Frรฅ svensk ved Ole Jan Borgund
Samlaget oslo 2017
Det finst folk som straks kan seie kva 18 pluss 36 minus 28 pluss 96 blir. Dei kan rekne det ut i hovudet. SUPERSMART!
6
Andre treng litt hjelp … Å… EH … DET VAR LITT VANSKELEG, DETTE …
DET GÅR BETRE OM DU IKKJE HELD KALKULATOREN OPP NED.
7
Somme er ekspertar p책 책 flykte fr책 fiendar. Ikkje eingong ti tigrar kan f책 tak i dei. SUPERSMART!
8
Andre ville blitt tigermat pĂĽ nokre fĂĽ sekund.
9
Men kva meiner vi eigentleg nĂĽr vi seier at nokon er smart? Og korleis blir ein eit geni?
10
Ingen veit nøyaktig kva det vil seie å ha høg intelligens, altså å vere smart. Somme trur at ein blir fødd smart. At vi arvar intelligensen frå foreldra våre.
D IP LO M
til den e sm ar ta st eleven p å skulen
DA BURDE EG VERE SUPERSMART.
Andre trur ein blir smart om ein et mykje fisk.
11
SMARTE FOLK Den svenske naturforskaren Carl von Linné blir rekna som eit geni. Han levde på 1700-talet. Carl gav plantene namn og delte dei inn i familiar. Det gjorde han verdskjend. OG DU ER SØTAST AV ALLE, SÅ DU SKAL HEITE LINNEA.
Men det heiter seg at Carl ikkje hadde det så lett på skulen. 12
Carl likte seg betre i naturen enn på skulebenken. Der vandra han rundt blant bestevenene sine, blomstrane og trea.
FLYTT DEG, CARL! DETTE TREET SKAL BLI EIN FIN STOL.
ALDRI I LIVET! DET ER VENNEN MIN!
Linné gav namn til 8 551 planter. Han ville at alle levande vesen skulle ha eit namn på latin. Da kunne forskarar i heile verda forstå kvarandre, same kva språk dei snakka.
13
Albert Einstein er ein av verdas mest kjende vitskapsmenn. Albert hadde vanskar med ĂĽ lese og skrive. Men han var likevel sĂĽ smart at han fekk nobelprisen i fysikk som vaksen.
Da Einstein var død, opererte legar hjernen hans ut av hovudet. Dei ville undersøkje om det fanst noko spesielt der inne som gjorde Albert så smart. Men enno har ingen heilt forstått korleis nokon blir så smart. HALLO! ER DET NOKON DER?
Oppfinnaren Alfred Nobel var veldig rik da han døydde. I testamentet sitt skreiv han at nobelprisen skal delast ut til menneske som har kome på smarte ting innan fysikk, kjemi, medisin, litteratur og fredsarbeid. Nobelprisen er blitt delt ut i over 100 år.
15