Skip to main content

Storegut

Page 1

innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.02 Side 1


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.02 Side 3

A A S M U N D O L AV S S O N V I N J E

STOREGUT Tresnitt av Harald Kihle Teikningar av Henrik Sørensen

Det Norske Samlaget Oslo 2000


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.02 Side 2


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.02 Side 5

I

INNHALD

FØREORD …………………………………………………

7

ÅSULV EDLAND: STOREGUT

– kjempekaren som ikkje ville døy ……………………………

9

A.O. VINJE: INNLEIDING …………………………………

17

STOREGUT ……………………………………………… 21 DEI OLAVANE …………………………………………….

23

OLAV SJØLV ………………………………………………

25

Då Olav lærde lesa ……………………………………… 26 Olav vert hermann ……………………………………… 29 Olav fær prøva mangt …………………………………… 32 Olav må elska …………………………………………… 35 Olav høyrer musikk og song i byen ……………………… 38 Det gjeng godt fyr'n Olav………………………………… 39 Det gjeng'n Olav både godt og vondt …………………… 42 STOREGUT…………………………………………………

47

Uppvokstren hans………………………………………… 47 Storegut vert bergteken…………………………………… 56 Storegut tek imot sine herklæde ………………………… 60 Storegut i si nye uniform ………………………………… 62 Dragsmålet ……………………………………………… 63 Eivind Ålandsli…………………………………………… 65 Det stend age av kongens umbodsmenner ……………… 69 Storegut er med til kongen ……………………………… 71 Storegut er landlyst ……………………………………… 74 Storegut med far sin vert fredlyst…………………………. 76 Storegut med seks brøder gjeng i krig …………………… 78


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.02 Side 6

Storegut på marknaden…………………………………… 82 Det syng fyr Storegut …………………………………… 84 Storegut er med som skattegravar ………………………… 86 Storegut på tinget………………………………………… 91 Storegut er med til Røldalsmessa ………………………… 93 Song um Jotunheim …………………………………… 95 Gunnstein Grytebekk’ …………………………………… 99 Storegut fell i giftetankar ………………………………… 103 Storegut er bukjær ………………………………………. 105 Storegut vert vitja av huldri eller Rove-Guro …………… 108 Storegut gjeng med otte ………………………………… 109 Grytebekken er ute og skyt ……………………………… 111 Storegut vert atterfunnen ………………………………… 120 Gaml’ Olav på legd ……………………………………… 123 Ordtydingar ……………………………………………… 127

RIKARD BERGES KOMMENTARAR TIL Storegut ……….……………………………………… 129 Storegut-soga ……………………………………………. 131 Ættetavler………………………………………………… 154


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 17

A

A.O. VINJE – INNLEIDING

Det er ei sann soga det som stend i denne boki, so nær som det at navnet på ein og annan mannen og garden er umbytte; for det liver enno nærskyldingar av sume av desse folk, og det trengst ikkje um å såra desse uskuldige. Derimot er Storegut og far hans sette som dei var til, med rette navnet og alt; og far min kunde minnast dei båe tvo. Mangt er elles forgylt og gjort større eller mindre enn det var. Det er noko idealisera; men tilmålet og samhøvet eller proporsjonane er det stræva etter, liksom når målaren gjerer mannen større eller mindre enn han er skapt. Dette at soga er sann i sine store drag, er det som etter mi meining må gjeva diktet sitt meste verd; for smak og stil skifta um, men historiske grunnevne vara. Dette som eg med eit kunstord vil kalla den etnografiske beingrind, må kvar dikting og då mest den sokalla «folkelege» hava, um ho skal liva lenger enn den ofte falske tidarsmak som skapte den. Det er denne folkelege eller historiske beinbygning som me finna i alle poetiske verk som liver lenge, alt frå Homer og våre gamle sogor ned til Walter Scott. Det er den som stend att, når alt det andre er døytt burt. Det er av livet sjølv me må få våre grunndrag; det er det som lyt dikta fyr oss, og ålmugen heve difyr i grunnen rett når han segjer um ei soga eller eit dikt: «Ja, ja, det kann vera godt og væl alt saman, men det er ikkje sant; ho lyg den boki og fer med fantesi.» – At eg elles ikkje tek denne synsmåten reint på ordet må ganga fram av det som her uppe er sagt. Det er no elles ikkje verdt å gilda seg meir av si historiske

17


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 18

sanning enn godt gjerer; for det er ikkje sagt at eg skirt og klårt kann setja fram dette folkeliv, med alt det at eg er uppfødd i det og høyrde det utmåla av far min og andre gamle folk; men at den utvortes historie er sann, det veit eg. Ja, slik var livet uppe i Telemorki og våre fleste fjelldalar alt til 1814. Det var i grunnen ei nevarettens tid, og difyr var styrke og mannemod det som stod i største pris. Det menneskelege samfund er so klokt at det alltid ærar mest det som det heve størst bruk fyr. Med vårt nye riksstell kom betre rettargong, og ved ein større lesnad og alt kom ein annan tenkjemåte inn i samfundet. Dette gamle døyr meir og meir ut. Me kunna ynskja at den gamle visedikting f. eks. livde enno; men det er rådlaust med det. Og her er byt for det. Det er liksom med månen: han nører seg i den andre enden, når han sloknar i hin. Menner som no er uppe i tanken av si tid, dei setja i likning med guden Tor i enden av hornet i dette folkehav og sløkkja torsten sin etter eit meir folkelegt mål og eit sterkare og meir poetisk liv i det heile. Eg var frå fyrst av meint på å hanka mange songar inn på sambandstråden i denne soga; men eg vart under verket rædd fyr at den «episke» samanheng ved dette skulde slakna væl mykje; og det er ikkje fritt fyr at han heve gjort det òg i fyrste halvparten av diktet. Men ser eg at eg kunde hava gjort meir av dette, so skal eg sidan gjera det; for det vilde vera likso historisk sant som høvelegt fyr meg å leggja mange visor og stev i munnen på han «Olav sjølv», som etter alt det eg høyrde gjete og kjenner, var ein av dei siste kringfarande visediktarar og songarar i det viserike Telemork. Eg må tru at det er sume av hans visor i Landstads og Bugges samlingar, og der er likeins ei um då huldri kom til Storegut på felægret; men den er visst av ein annan; truleg av ein skulemeistar i den seinare tid.

18


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 19

Fyrste halvpart og der utyver av denne Storeguten kom ut i «Dølen»; men eit og anna av dette er umgjort og umsett og javna til ein betre samanheng. Eg torde ikkje anna enn setja sume ordtydingar her sist i boki. Eg heve so vidt mogeleg gjenge av vegen for ord og talemåtar som kunde vera mindre kjende i by og på flatbygd; men det var rådlaust alle stader å gjera dette, helst når det måtte koma fram navn på landelægje (geografiske «benevnelser»), so som i «Jotunheimen». Det heve lagt mange bond på meg dette å gjera målet tydelegt, og det heve ofte òg teke burt det mest sermerkte eller karakteristiske ved tanken. Men, me «målmenner» må fara smått fram enno tidleg dags. Det er med oss som med organisten, når han i sitt fyrespil eller preludium spilar med fåe «stemmer». Folk etter oss fær fyrst den lukka å kunna draga ut alle «stemmer» og spila med fullt verk. Christiania i desbr. 1866. I dette andre upplaget, som no her kjem ut, er eit og anna smått umskipa og tilsett og fråteke. Christiania i september 1868.


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 20


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 21

STOREGUT


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 22


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 23

D

– DEI OLAVANE – Og Olav het son, og Olav het far. Det Olav på Olav var, so lenge som det var spurt til mann som eigar av Nordigard. Det er som med lauvet du ser i skog: Det rotnar i flo på flo, um våren grønt og um hausten gult, og svart under kvite snjo. Og Olav var stor og Olav var sterk, Og Olav var spræker kar. Men endå so vart det alltid sagt at betre var gamle far. Det myrknar ikring deg, når so du kjem frametter imot di grav; og difyr so hava dei gamle fyr tru at folket det minkar av. Men det er med mannen og mannaætt som grønska på skog og jord: Det er liksom lauv og gras i år er grønare enn i fjor.

23


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 24

Slik var det med desse Olavar: der døydde ‘kje styrken ut; for av denne store Olavs-ætt den siste var «Storegut». Ja, det var med detta som når du rett vil ut yver sjøen sjå: Den store bylgja kjem alltid fram som fødd av dei mange små. Men sist av den største bylgja vert fødd frå rulling so breid og rund den brotsjø som velter med kvite foss og slær seg på sanden sund. Og likeins du ut på den opne sjø det vanlege synet fær frå slikt eit fyssande bylgjedrag, at sunder seg sjølv det slær. Då vert det som stilt der båra brast, med bylgjor so små i kross, til dess det seg lyfter eit bylgjedrag, som vekser seg til ein foss. Og difyr kjem fader til Storegut på tale so mang ein gong. Ja, han vert den mannen i denne segn som synger den heile song.

24


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 25

O

– OLAV SJØLV – D’er Olav som ut denne bodi ber; d’er han som fortel denne soga her. Han diktar og kved desse visor ut, frå fyrst um seg sjølv, so um Storegut.

25


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 26

D

– D A O L AV L Æ R D E L E S A – Dei segja at livet det lid og det skrid og fram mot eit betre seg søker. Min ungdom fall inn i den underleg’ tid, då fyrst upp til oss det kom bøker. Då vart det for lite at mannen var klok, og tankar i mengd kunde hava. Nei, visdomen måtte han finna i bok, og folk skulde læra å stava. Ei bok var ei æra: eg minnest det tidt, i høgsætet sat ho som gjesten. For det var med lærdomen kome so vidt at folk skulde ganga fyr presten.

26


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 27

Eg lærde å lesa. Eg fekk meg ei bok. Og raude bokstavar var dygdi. For endefram var det, han laut vera klok, ein son av dei beste i bygdi. Men so sagde far: «Det er alt utan naud! Vert lik meg og fylg meg på ferdom! Kast boki, min gut; eg gjev presten ein saud: so slepp du frå all denne lærdom.» «Eg leser um kvelden,» eg sagde til far, «so fer eg um dagen på ferdom.» Av presten eg «spurningar» fekk fyr mitt svar so no skal du sjå her vert lærdom. «So fær han ein bukk denne mann som er halt, eg meinar,» sa’ far, «denne Gunnar. So gjev han deg lærdom: han kjenner til alt og stødt kjem or bøker med grunnar.» Ja, Gunnar var klok, um han endå var halt. Og Gunnar var komen frå Froland. Han lærde meg mykje og lærde meg alt og Goliat, Samson og Roland. «Og sjøen,» sa Gunnar, «er fælande stor, so Bandak ein dam er imot ‘n. Og kongerik’ store her finst på vår jord, tenk Russland og Halland og Toten!

27


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 28

Og langt imot sud der ei slett er so vid, – so sant som ei bøkene ljuge – at der du kann sjå yver kongerik’ ni, og kyrkjor so mange som tjuge. Her heime er smått: det er alt som ei mus mot fælaste uksen som olmar; for dyr er å finna so store som hus, og fiskar so store som holmar. Og Mimring var slik han var større enn tri, og stor som ei tunna var hatten. Seks alner var Goliat, Nimrod var ni, og Viderik Verlandsson atten. I hornet bles Roland der såra han låg, so hardt at det huska i haugom. Og mannen som Muhammed sagde han såg, var tusund av mil millom augom. Frå Serkland til Valland sprang Rolv i eit laup med tusund av stridsmenn på skjoldet. «Um Gauksto var graut og um Tinnsjø var saup, eg åt meg ‘kje mett,» sagde trollet. Med staven sin Gunnar ein aftan oss slo. Eg spurning og svar lyt fortelja: Han spurde um me av dei vegjene tvo den breide ell’ smale byr velja?

28


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 29

«Me unge og spræke, i varmt som i kaldt, kann ganga den smale og leide. Men du, stakars krok, som er gamal og halt, byr vandra den gode og breide.» Småguten er gapen; men der leikar liv; og gamlen er glad i den unge. Han biter ifrå seg som kvassaste kniv, og vit sprakar lett frå hans tunge. Um Gunnar var gamall, han endå var glad og snildaste mannen eg kjende. Han lærde oss lesa, og visor han kvad, og rispor han fann utan ende. Kvar bok las eg ut. Eg i boki var glad, med gladare endå i hesten. Og når me kom upp og vart stelde i rad, so vart eg den fremste fyr presten.

O

– O L AV V E RT H E R M A N N – Ved tjug’ års aldren var det eg vart skriven

og vart til det me kallar «kongens kar». D’er hardt, når slik du frå din heim vert driven. Men glad eg gjekk i far mins fotafar; og då eg kjende at ein mann eg var,

29


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 30

når ut mot fienden eg skulde fara, og slik med hond og foten vera snar som når du eld og glod vil av deg kara: Det er fyr land og folk og konge du skal svara. Til «Kongens København» det måtte bera; for tvo og sytti tumar var eg håg. Og slike stormenn laut kring kongen vera; og so eg årevis der nede låg. Og mange store, gjæve ting eg såg, som ikkje her so rett eg um kann syngja. Men kongen såg eg og hans son og måg. Det er eit syn som gamlen upp kann yngja. Og der eg prøva gamalt sverd og hjelm og brynja. Og ned til Holstein òg eg måtte draga; for krig mot russen var det meint å få. Men annarleides skulde det seg laga, og andre karar var det eg fekk slå. Eg syntest enno digre tysken sjå, som tidt eg smurde upp på dansesalar; men mest den fleskesluggen rømde frå, med alt det store skryt og kyt han pralar og med sitt skum i munn og grautemæle talar. Den snilde dansken ingen mann skal vraka. Men munnen hans er full av vrid og vrål. Og heile tylvter danskar skal eg taka; – det gjeng som når du bryter grøne kål –. Du kjenner dansken på hans mjuke mål

30


innmat del 1 Vinje Storegut_Vinje innmat DEL 1.qxd 23.01.18 13.03 Side 31

med ord og ordalag som silkeklutar. Ja, der er lite av det norske stål med all den sprett og spenn i norske gutar. Her dansar ord som bekkjabond frå fjell og nutar. Men endå likar eg den gode dansken; for betre hjartalag eg sjeldan fann; og aldri skal du sjå eg kastar hansken til strid på odd og egg med denne mann. Og slike fagre døtter eiger han! Du veit at Hermod Åland tok ho Mette. Den blomen i sitt gardeliv han vann. Han elska mange; men ho var den rette. I fjor ho atter fekk ein son, – det var den sette. Me arme menn um fagre gjentor drøyma; og denne draumen varer mange år. So mange slike minne på meg strøyma at tidt eg gjeng som eg var sjuk og sår. Ja, når i hug me koma elsken vår, so er det so i merg og bein det silar. Som svarte skuggen kring du går og går; du lengtar, trur og trur, og so du tvilar, og liksom orren blundande på leiken spilar.

31


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Storegut by Det Norske Samlaget - Issuu