Skip to main content

Sting

Page 1

Therese Garshol Syversen

Sting Roman

Samlaget Oslo 2022


© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 12,5/17 pkt. Adobe Garamond Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0745-3

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


No – Kan du fortelje meg kor mange dagar det har gått no, Emma? – Elleve dagar, seier eg. – Fint. Og datoen i dag, veit du den? spør Beate. – Tjuefjerde august. – Ja. Og kor langt unna er du no, frå der alt skjedde? – Rundt to timar med bil, seier eg. – Fint. Pause. – Kva ser du rundt deg? Kan du nemne fem ting? – Eg ser ei seng, eg ser eit forheng, ein maskin, slangar, glas. Beate nikkar. – Og kva kan du ta på no? Kan du nemne fire ting? spør ho. – Madrass, bord, dyne, pute. – Fint. Kva med tre ting du kan høyre? – Min eigen pust, maskinen som pip, skritt utanfor døra, seier eg. – Og to ting du kan lukte? spør Beate. Eg lukkar auga. 5


– Antibac, gummihanskar. – Bra. Og kva kan du smake akkurat no? Kan du nemne éin ting? – Gamalt vatn. – Er du trygg her, Emma? – Ja, eg er trygg. – Kvifor er du trygg? spør Beate. – Fordi faren min er død.

6


Vindauga her inne lar seg ikkje opne. Dei har sett alt, og dei veit, dei er ikkje til å rikke, opnar seg ikkje for nokon. Dette er ikkje rommet mitt, dette er ikkje heime, men huset eg vaks opp i, er ein åstad, så eg må vere her no. Sjå, det er sol, seier vindauga. Men verda er ein mørk, mørk stad. Han sa det. Dei fann faren min ute, han hadde opna verandadøra, gått ut på grasplenen då han gjorde det. Mamma og eg låg inne. Eg veit ikkje kvifor han gjekk ut … kvifor han ikkje ville … eller … det at han – Det meste vil kome tilbake. Ikkje foreldra mine, dei er borte for alltid, men minna mine, dei er ikkje tapte, dei skal eg få igjen, det har ho lova meg, Beate. Ho seier at minna ligg lagra i meg som avtrykk, fotografi som eg treng hjelp til å framkalle. Ein dag kan livet bli fint igjen, meiner Beate. Eg kan bevege meg vidare, opp, fram, ut av dette, seier ho. Om vi berre tar eitt skritt om gongen, flyt7


tar den eine foten etter den andre, så er det mogleg å – Nei. Beate har brune auge som er veldig store, dei ligg i eit reir av svarte augevipper. Ho er spesialist i familietraume, eg trur ho meiner eg har opplevd det, eit slikt traume. Så eg burde kanskje seie frå til ho at eg ikkje trur det. Beate seier at traume er som sår, dei kan vekse fram litt etter litt, men òg kome brått og plutseleg. Kroppen reagerer fordi vi har opplevd noko vondt. – Men kva viss eg ikkje hugsar, då er det vel ikkje eit traume? spør eg. – Å jo, Emma, det er det så absolutt, seier ho. Og ho har den stemma som ho alltid har, å jo, som tunge sukk, klokkeslag, ho drar meg tilbake, nærmare hendinga, og eg veit ikkje, veit ikkje om eg kan følgje etter, for Beate var der rett etterpå, ho var den første eg møtte då eg vakna med eit hol i magen. Beate har barn. Eg har ikkje spurt, men ho har den same magen som mamma hadde. Mamma-mage som dissar når ho står på kjøkkenet og skal elte deig, deigmage med strekkmerke, gøymd vekk i ei høg dressbukse. 8


Liker du barnet ditt? vil eg spørje. Passar du på? For at eg ein dag skal bli betre, er det viktig at eg etter kvart hugsar og aksepterer det som skjedde, meiner Beate. Difor spør ho meg om detaljar frå den dagen, om eg kan hugse noko, eit eller anna. Kva med lukt? Kva med smak? Kan du høyre noko no? Eg ristar på hovudet. – Så la oss begynne med det du hugsar, seier ho.

9


Då Fingrane mine var ivrige, etterlét feite avtrykk overalt på det glansa papiret. Til slutt reiv eg det av i ei rask rørsle mens pulsen dunka i kroppen, det var berre så vidt eg registrerte lukta av kaffi og latteren til pappa i bakgrunnen. – Eg kan ta papiret her, Emma, sa mormor. Men eg såg ikkje opp, hadde ikkje tid. Blikket var festa på ei lang eske i tjukk bølgepapp, no strippa for gåvepapir. Eg skauv eska lenger ut på det glatte stuegolvet, prøvde å klippe med saksa langs den brune teipen, men skøytane var klistra saman med metallstiftar, og dei sat hardt i. Så klarte eg endeleg å rive opp den eine sida. Eg skalv på hendene idet eg tok opp gåva, som om det var noko skjørt. Våpenet var kaldt mot kinnet. – Så tungt det er, kviskra eg til meg sjølv. – Er det ei hagle? spurde mormor frå sofaen. Pappa og eg flirte til kvarandre. – Det er ei rifle, sa eg og sikta ut av vindauget. – Ser farleg ut. Du får vere forsiktig, sa mormor. 10


Pappa sette seg ned ved sida av meg på golvet, monterte kikkertsiktet. – Dette vil fungere bra sjølv når det er dårlege lystilhøve, sa han. – Så viss du bommar no, kan du ikkje skulde på våpenet. Eg lukka det venstre auget og kikka inn i siktet. Stemma til mamma bak meg: – Kan bursdagsbarnet sjå hit litt? Vi snudde oss mot ho begge to. Ein knirkete lyd frå kameraet hennar som fokuserte, før blitsen kom og var vekke igjen i løpet av eit millisekund. Mamma såg på resultatet, vurderte det. Tok to nye før ho var nøgd og la det frå seg. – Du må takke pappa ordentleg, Emma, sa ho. – Han har brukt altfor mykje pengar på det. Mormor nikka sakte, tok ein slurk kaffi. – Det er slik det skal vere når ein har bursdag, sa ho og blunka til meg. Nokre kakesmular hadde samla seg på blusen hennar. – Takk, pappa, sa eg og gav han ein rask klem. Pappa tok ein sjokolade frå twistskåla på veg tilbake i sofaen og sette seg inntil mamma. Han krølla det grøne sjokoladepapiret saman mellom fingrane, la det ved sida av dei andre på bordet. Han pla alltid ete opp dei med kokos, mamma ville ha lakrisen. 11


– Så snill du er, sa ho. – Eg må ta vare på jentene mine, sa han lågt og klemte ho nærmare seg. Mamma smilte og fikla med gullkjeda som hang rundt halsen hennar, bevegde den hjarteforma medaljongen frå den eine sida i til den andre, som ein pendel, fram, tilbake, fram.

12


No Bandasjen luggar då eg tar han av, den kvite teipen sit hardt i huda. Eg får ikkje lov til å røre bandasjen eller såret, det er eit eller anna med at det skal få vere i fred og gro, men det er jo kroppen min, eg må sjå, klarer ikkje å ikkje vite korleis såret ser ut. Det er lite blod, men det luktar vondt, gamalt. Blåsvarte stiftar ligg som skeive togskjener frå rett under navlen og opp mot dei nedste ribbeina, og det er noko veldig uryddig med det heile, med såret, med det at eg overlevde, at det er eg som skal leve vidare, eg får det ikkje til å stemme. For det er vel ikkje meininga at det skal vere slik? Det heng liksom ikkje saman … eg er jo ikkje … eller … eg meiner – Det har skjedd ein feil her, det er noko dei ikkje fortel meg, eg kan sjå det i ansikta deira, at dei kanskje framleis – Hald kjeft, tankar! De er berre støy, støy. Støy. Eg opnar munnen, drar i ei snor, kanskje det hjelper å be om eit eller anna, det må vere eit eller anna eg kan be om? 13


Kan eg få eit glas med saft? Kan eg få det? No? Eg treng det. Takk. Men glaset glepp ut av handa mi, sklir ned og treffer bakken. Det gjekk fint, det blei ikkje knust. Stemma til Beate er langt unna, smuldrar opp i lufta mellom oss. Høyr på meg no, Emma. Her er du trygg. Forsøk å puste. – Nei, det går ikkje, det går ikkje meir! Eg blir plutseleg merksam på underarmen min som skjelv, det smittar, kroppen begynner å riste, ein knyttneve slår hjartet mitt lenger inn i brystet, spisse slag, om igjen og om igjen, eg får ikkje luft. La kroppen puste for deg. Kroppen din veit korleis han skal puste. Her. Emma, ta handa mi og klem ho hardt. Kor hardt klarer du å klemme handa mi, Emma? Klem hardare. Du er trygg her. Du treng ikkje vere redd. Klem endå hardare. Pust. – Neste gong det skjer, vil eg at du skal klemme rundt denne, seier Beate etterpå og held fram ein liten grøn sprettball. – Kjenn på han i handa di, kjenner du kor mjuk han er? Eg trur eg nikkar. 14


– Når du er usikker på kor du er, når du blir redd, så vil ballen minne deg på kor du er. At no er du her, og du er trygg, seier Beate. Men ballen sklir ut av handa mi så snart ho har gått. Eg klarer ikkje å halde fast i nokon ting meir.

15


Eg har nådd ein milepæl, meiner Beate. Eg skal flytte. Eg skal ikkje vere her meir. Det er rett utvikling, for eg har ingenting her, og mormor har ledig rom, så eg skal bu der, i eit hus der vindauga lar seg opne. Blir ikkje det bra, då? Eg treng ikkje kome tilbake for å fjerne stinga, dei går i oppløysing av seg sjølv. Det er sjukepleiaren som fortel det til meg, eller så er det eg som fortel det til sjukepleiaren, eg veit ikkje, det er ord som blir sagde høgt, i alle fall. Eg lukkar auga. Ei bildør smell igjen bak meg, og eg hugsar blikket hans på meg i bilspegelen når vi var ute og køyrde kanskje eg visste det allereie då. Kanskje eg visste, eg fortel det til bilruta, ho er kald, og eg dunkar hovudet inn i ho då bilen brått stoppar. Lyden av handbrekket låser alt. Beate snur seg mot meg. 16


– Kva sa du, Emma? Eg opnar munnen, men svarer ikkje. – Sa du noko, Emma? spør ho igjen. Ingenting, mimar eg mot bilruta. Beate legg ei hand på skuldra mi, klemmer ho lett. – Vi er framme no.

17


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook