Sprint

Page 1


sprint-innmat-9788252188608.indd 3

04.12.2015 15.52


SPRINT Av TRINE A NDERSEN Illustrert av M A DS THEMBERG Fr책 dansk ved OLE JA N BORGUND

Samlaget oslo 2016

sprint-innmat-9788252188608.indd 5

04.12.2015 15.52


6

sprint-innmat-9788252188608.indd 6

04.12.2015 15.52


k apit tel

1

«Det kan ikkje vere sant!» «Trur du vi lyg?» «Ja. Faktisk.» «Du kan jo ta tida sjølv.» Anna tok stoppeklokka frå Ester og rekte henne til Vegard. Så gjekk ho tilbake til startlinja og bøygde seg ned. Dei hadde idrettsdag på skulen. Det var berre eit par veker sidan sommarferien var slutt, og sola steikte frå ein skyfri himmel. Lyset glitra i dei kvite strekane som nettopp var blitt teikna opp i den raude grusen. Ho lente seg framover og la vekta på fingertuppane. Gummisolane skrapa mot bakken.

7

sprint-innmat-9788252188608.indd 7

04.12.2015 15.52


8

sprint-innmat-9788252188608.indd 8

04.12.2015 15.52


9

sprint-innmat-9788252188608.indd 9

04.12.2015 15.52


Det var sant. Ho sprang sekstimeteren på tolv blank. Det var enda raskare enn Rasmus. Vegard blei ståande lenge og stire på klokka, som om han ikkje kunne tru på det han såg. «Tolv», sa han. «Det er heilt sinnssjukt.» Anna trekte på skuldrene. Kven var sinnssjuk? Ho var berre veldig god til å springe. Men han godtok det ikkje, sidan ho var jente. Han visste ikkje at jenter på hennar alder har perfekt fysikk til sprint. Og Anna berre sprang. Idet startsignalet gjekk, sette ho av stad nesten utan å tenkje over det. Ho skaut gjennom lufta som ei pil. Somme gonger verka det som om føtene hennar ikkje tok ned i bakken eingong. Kroppen gjorde jobben av seg sjølv, og hovudet hennar var heilt tomt. Tomt for alt anna enn vinden som suste i øyra, og hjarteslaga som hamra framfor henne. «Rasmus!» ropte Vegard. Men Anna ville ikkje konkurrere med Rasmus. Ho gjekk raskt over til høgdehopp saman med Ester. Alle elevane hadde ein lapp hengande om halsen. På den kunne dei krysse av for kvar idrettsgrein: løp, hopp og kast. Men det var 10

sprint-innmat-9788252188608.indd 10

04.12.2015 15.52


eigentleg ikkje nokon som kontrollerte om dei verkeleg gjennomførte alt saman. Lærarane hadde vakt ved dei forskjellige apparata, også dei lærarane som ikkje hadde idrett til vanleg. Matematikklæraren til Anna, Jesper, var i gang med å flytte høgdehoppstonga fem centimeter opp, til éin meter og tjue. Anna sette seg ned i graset saman med Ester. Det var nokon av dei store frå sjette klasse som skulle til å hoppe. Ei lita stund blei ho sitjande og myse med auga og sjå på at stonga blei riven ned gong på gong. Stonga hang ein augeblink dirrande i lufta som om ho fryda seg over fridommen, før ho deisa ned på den grøne madrassen. «Drit!» «Så, så.» Anna la seg bakover. Det sterke lyset gjorde henne søvnig. Ho lukka auga. Rundt seg kunne ho høyre utropa. «Såg du det?» «Overtramp! Jo, det var det!» Nede i graset blei alt fjernt. Her var det ei anna verd som ikkje brydde seg om menneske og rekordar. Det knitra mellom stråa.

11

sprint-innmat-9788252188608.indd 11

04.12.2015 15.52


12

sprint-innmat-9788252188608.indd 12

04.12.2015 15.52


«Anna!» Det var nokon som ruska i henne. «Du må kome, Anna!» Anna sette seg opp. Kvar var ho? Hadde ho sovna? Så merka ho regnet mot dei nakne armane. Ho rista på hovudet og kikka opp. Himmelen var nesten svart og hang tung og truande over idrettsplassen. Dropane var store og harde og small mot madrassen. «Blås i det!» ropte Jesper. «Litt vatn kan vel ikkje skade.» Men det var ingen som var einige med han. Alle barn og vaksne hadde lagt på sprang for å kome i ly under halvtaka ved skura. Gutane frå sjette sprang skrikande bortover sandgrava ved lengdehoppbanen. Anna var enno ikkje heilt vaken. Ho reiste seg opp, men visste ikkje heilt kvar ho skulle gjere av seg. Regnet piska ned. Ho såg over graset og ut på vegen som gjekk langs ballbanane. Der gjekk Balder. Ute på den andre sida av gjerdet. Kva gjorde han her? I det same skar ein skarp sikksakkstrek ned over himmelen. Eit sekund blei alt kvitt:

13

sprint-innmat-9788252188608.indd 13

04.12.2015 15.52


gjerdet, graset, ansiktet til Balder. Lyset blenda henne. Da ho igjen var i stand til 책 sj책 noko, var han borte.

14

sprint-innmat-9788252188608.indd 14

04.12.2015 15.52


15

sprint-innmat-9788252188608.indd 15

04.12.2015 15.52


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.