Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 1
1
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 3
Jan Roar Leikvoll
SONGFUGLEN Roman
Samlaget Oslo 2013
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 5
Døra slo igjen, og ei stund såg eg ingenting, men etter kvart kom grå prikkar fram i mørket. Sakte flytta dei seg nedover veggen, skapte seg nesten om til strekar, men så til prikkar igjen. Prikkane pressa sterkare og vart langsamt kvite. Kroppen begynte å verke av å stå i ro, men eg bevegde meg ikkje. Kva ville eg merke om eg strekte armane ut eller tok nokre steg fram, kor langt var det før eg tok i noko? Om eg lukka auga, var dette ein draum, eg ville vakne i senga og fortelje mor og tante, eller gå ut i dagen og gløyme den fort som andre draumar. Men kvar gong eg såg etter, stod eg i kjellaren i høgblokka. Eg lukka auga igjen, og snart funkla det i augemørket, prikkane vaks eller minka, glei saman eller forsvann kvar for seg. Eg opna auga, og prikkane låg her og der i rommet og lyste. Éin på kanten av metall, éin på noko kvitt, men framleis kasta dei nesten ikkje skin rundt seg. Eg var engsteleg for å komme borti tante, men tok nokre steg fram, prikkane vart sterkare og begynte å sveve. Lenger framme skein ein på eit jernbein, fleire låg i ei klynge over ei plate høgare oppe, det måtte vere eit bord. Ein braut ut og dreiv langsamt over bordplata, ei 5
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 6
ørlita lysande sky, dreiv snart over ei smal hand, vidare over det tynne armbandet, snart kom ein arm og ei skulder fram ein kort augeblink. Ein annan prikk lyste over leppene som så mange gonger hadde kyssa meg god natt, før den vart tatt opp i ein større prikk. Dei vaks, og det var like før dei vart sprengde, prikkane høgt på veggen kraup mot golvet og lyste opp rommet nedanfrå. Tilgitra gluggar og sprekker sleppte lyset inn, mens sola steig ute. Døra, ein metallvask, eit rør ned frå etasjane over, bylten med kvitt klede og ein krakk i eit hjørne vart synleg. Men plutseleg vart heile rommet kvitt og fekk tante, som låg på bordet, til å lyse, før eg var blenda og såg ingenting. Ei hand greip hardt i skuldra mi og drog meg ut gjennom døra, stengde den med eit smell. Eg sette føtene i golvet og nekta, men då lugga mor meg i flettene. Du har ingenting der inne å gjere, sa ho og slepte meg gjennom kjellaren. Utanfor var morgonlyset skarpt, langs murveggen svevde fleire uklare og store flekkar, svevde stille rundt i det blendande lyset, men vart snart til gamle som stod urørlege og såg på meg, og så snart eg gjekk fint ved sida av mor, gav ho teikn til gamlingane som var komne for å vaske og sveipe tante. Mor sette seg på ein benk, mens eg gjekk rundt hjørnet på blokka, ho og tante og eg hadde budd her heile livet, eg kjente ansikta på mange andre som budde i høgblokkene, kunne namna på dei fleste på min alder og 6
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 7
kallenamna på gatehundane som streifa omkring etter mat. Folk gjekk fram og tilbake og gjorde sine ærend, det som hende mor og meg, hende ikkje dei. Dei fleste visste ikkje kva som hadde hendt med tante, og mange av dei skulle aldri eingong få høyre om det. Og kanskje hadde dei ein gong mista nokon, som verken mor eller eg eller dei andre visste om. Ein visste aldri kva dei ein møtte, bar omkring på. Lenger borte stod høge og tynne tre, teppebankestativ og benkar, klatrestativ der barn leikte, like glade som på andre dagar; ei ung mor ropte eit barn til seg, ei anna jaga rakkarungen sin inn i ei blokk, ein hund løfta beinet mot ei gatelykt, duer endra farge alt etter korleis dei vende på himmelen. Etter ei stund kom dei gamle ut igjen, og mor kalla på vaktene. Dei bar tante liggande på bordplata i skulderhøgd, ho var sveipt i kvitt klede, bort frå høgblokkene og eit stykke inn i Sigersgata, mor og eg gjekk bak rabbinaren som messa, etter oss kom naboar og venner og andre som kjente tante, følgde gangvegen over ein liten voll og bort til gravlunden mellom gamle bøketre, der eit mørkt sår i jorda venta. Vi samla oss rundt grava, vaktene la henne forsiktig over, det vart lagt framand jord under hovudet og potteskår på auga, før tante vart senka ned. Rabbinaren messa med sorgtung stemme. Det kvite kledet fekk tante til å verke lita der ho låg i grava, eit einsamt barn andre stod rundt. Tante likte ikkje å vere aleine, tante 7
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 8
var mørkredd, redd for å bli stengd inne i små rom, tante spurde alltid om når eg eller mor kom tilbake. Ikkje lenger sidan enn i natt låg tante saman med mor og meg, trygg, og no låg ho der og skulle ligge der, aleine, alltid. Bare på loftet, med lys frå den enkle takgluggen, hadde ho vågd å vere aleine med bøkene sine. Mor dunka meg i sida, eg kom fram til kanten og begynte på velsigninga, orda var først korte, så gjekk dei over i lange ord eg nesten song mens dei andre mumla, og då vaktene tok til å spa jorda tilbake, stemde også dei mumlande i song. Dei mørkare stemmene var lange drag under dei lyse, og reine og falske stemmer song saman. Så snart jorda var på plass, reiv mor ei kort flerre i kjolen min, og eg ei i hennar. Ho heldt rundt meg, før vi gjekk bort frå gravlunden. Då det begynte å kvelde, var minnestunda over, og mor og eg følgde trappa heilt opp på blokktaket for å trekke luft etter den underlege dagen. Skymingshimmelens blåfarge hang att her og der, eit tog fløyta på sin veg ut av byen, men mørket la seg fort over. Eg er redd noko skal hende deg, Jakoba, sa mor. Eg har det bra, sa eg. Eg peikte mot dei første stjernene som viste seg, ei, to, tre, mens mor ordna flettene mine. Du har så langt og fint hår, sa ho. Det var ikkje tante, sa eg. 8
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 9
Eg veit det, sa mor. Men det var likevel henne. Taket var lunkent etter ein dag med sol, borte ved kanten kikka eg mot elvefaret langt der nede og mot skogen pü andre sida. Eg var ikkje redd, sjølv ikkje kampesteinane gjorde meg uroleg, dei var bare stein, trea i skogen var bare tre, eg var bare eg og mor og var mor.
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 10
Mor bar vatn frå springen ute i gangen, det kom i rør frå varme kulpar borte på dei svarte berga, ho tømte bøttene i badekaret. Etterpå låste ho døra og skrudde på springen i rommet, vi hadde bare kaldt vatn, ho stakk handa ned og blanda det varme med det kalde. Fuglen etter tante sat på vaglen høgt på veggen, vindauga stod ofte opne på denne tida av året, men den flaug aldri ut. Eg drog av meg buksene og genseren, kippa av skoa og puffa dei bort til resten av kleda, som låg i ein haug, mor plukka opp og la på plass, sette skoa fint under senga, utan å sukke tungt. Det rann framleis kaldt vatn i badekaret, damp steig, og det rista og slo i vassrøret. Trusene stramma, og kantane laga striper og sår mellom beina, men eg måtte alltid ha dei på, og bare klø om ingen såg. Vatnet lukka seg rundt leggane då eg steig oppi, var nesten for varmt, brystkassen small saman då eg sette meg, vatnet klemde rundt halsen, og eg pusta djupt. I vindaugskarmen sat mor og trekte frisk luft og såg ut i mørket. Såg etter kva? Kanskje ingenting. Men auga måtte ha ein stad mens ho tenkte på tante, og ho sat ei stund slik før ho gjekk bort til senga og strauk handa 10
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 11
over putene, framleis tre puter, endå det var fleire dagar sidan gravferda. Ho tok børsten frå nattbordet og sette laust håret sitt, og ei stund var dette alt eg høyrde: kalde dråpar dripla frå springen, langt hår vart børsta. Vindauga stod opne, men framleis lukta det såpe og varmt vatn i rommet. Kva les du, Jakoba? spurde mor. Om blomstrar, sa eg og heldt opp boka. Kva blomster akkurat no? Nattbodberarar. Dei veks alltid i skugge. Om ein ryddar rundt dei slik at dei får sol, dør dei. Derfor er dei nesten bare å finne langt frå der menneske bur. Dei er sikkert lykkelege, sa mor. Veit du, Teibele var så lykkeleg den siste veka ho levde. Kvifor det? Det veit du då. Fordi du vann tevlinga og skal begynne hos Malinovskaja. Å, det. Ikkje gjer deg til. Teibele og eg var så spente då det var din tur til å stå på scena. Og du song så vakkert at vi begge vart rørte. Oi, så vakkert Jakoba syng, sa fleire til oss etterpå. Seinast kvelden før ho døde, fortalde Teibele igjen kor stolt ho var av deg. Eg gjorde bare det eg kan. Ingen av dei andre syng som deg. Du har ei spesiell stemme. Det sa Malinovskaja til meg etterpå. 11
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 12
Kven veit kva slike gamlingar meiner, sa eg og heiste på skuldrene. Ikkje snakk slik. Ho er den beste songlæraren i byen. Eg såg ned i boka. Det eg hugsa best frå den kvelden, tenkte eg, var jenta som var med Malinovskaja. Eg visste ikkje kven ho var, eller kva ho hadde der å gjere, ikkje song ho, men ho hjelpte Malinovskaja med ulike papir og ikkje minst notane den gamle dama brukte då ho akkompagnerte kvar som song, på flygelet. Sidan hadde eg ofte tenkt henne fram, eg ville ikkje gløyme henne. Eg visste ikkje kvifor eller kva eg kjente, eg kom ikkje på eit einaste ord som forklarte, men nokre var bare slik, at ein vart gåande og hugse på dei. Utan å seie meir til mor bladde eg vidare i boka. Det fanst blomstrar som måtte stå under vatn, men akkurat slik at kvar gong dei slo ut i blom, kom krona over vassflata. Om ikkje ville dei drukne. Kanskje var dei redde for å ikkje nå overflata, slik eg kunne vere redd for å ikkje botne. Boka sa ingenting om det. Mor spurde om eg hadde sett kortstokken, eg kasta den slitne eska gjennom rommet, og ho greip den med ei hand. Det vart stille igjen. Kvar gong tante hadde vore på loftet, høyrde vi stega over den vesle leilegheita vår i øvste etasje. No høyrdest latter frå ein vegg, vassrør som rista frå ein annan. Ein radio. Eit barn. Ute ropte ei ugle.
12
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 13
Utpå natta kom dei fjerne brøla nær, annleis enn andre netter, var sterkare, klarare. Eit brøl lokka eit anna til seg, menn samla seg og brølte, krafta sprang ut frå brystkassane, og mennene sprang sterkt og lett på bakken, kom nærare elvefaret gjennom skogen på andre sida, fleire slengde seg frå grein til grein i trea, og deira brøl var høgare, friare, fuglar. Mor gjekk vakt, månen skein i ei rute på golvet, eg var aleine. Fuglen knatra frå vaglen, men flaug ikkje ned på sengegavlen som den brukte. Eg stod opp og gjekk til vindauget, brøla vart høgare, og månen lyste på kampesteinane i elvefaret, vatnet som rann imellom, skuggar sprang her og der, var brått borte. Redd mennene skulle sjå meg, trekte eg meg bort frå vindauget endå vi budde øvst, men sjeldan brølte dei som i natt. Eg stod lent mot veggen der månen ikkje nådde, eg klarte ikkje la vere å kikke, dei kom mot elvefaret og firte seg i store trerøter vatnet grov under kvar gong vårflommen kom, spratt frå stein til stein, ein mista taket og fall ned, vart liggande og skrike. Dei var raske og sterke, sjølv nølte eg med å ta meg frå ein stein til ein annan, dei gongene eg leikte der som liten unge, mens dei vaksne gav strenge beskjedar om å ikkje gå for langt. Mennene kravla raskt over kanten på vår side, hissige grynt gjekk over i brøl dei yngre gutane slutta seg til, fleire måtte vere yngre enn meg, likevel følgde dei med dei vaksne. Dei kikka seg forundra rundt, det var kanskje deira første 13
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 14
plyndring. Vaktene begynte å skyte mot dei, lange striper gneistra i mørket, men mennene skaut så kraftig tilbake at vaktene måtte trekke seg inn i blokkene og bare la dei herje, så lenge dei ikkje tok seg vidare inn i byen. I måneskinet samla mennene seg i ein av gardane mellom høgblokkene, ein ung hoppa bukk over ein gammal, dei skubba kvarandre og leikeslost, endå det iblant var vanskeleg å vite. Dei asa seg opp og sparka inn døra til eit lager, bar snart fleire kassar tilbake mot elvefaret, slengde dei til kvarandre frå stein til stein og fekk tjuvgodset opp på andre sida. Først då kvar mann hadde tatt seg tilbake, kravla over den bratte kanten og forsvunne mellom trea, kom vaktene fram og prata høglydt.
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 15
Morgonen etter fletta mor håret mitt lenger enn vanleg, endå dei andre alt leikte mellom blokkene, fridagen var alltid kort, og eg stod og trippa, genseren og buksa og skoa var alt på, men mor gav seg ikkje. Hendene fletta og løyste og fletta på nytt. Du må passe deg ute, sa ho og stramma håret så det lugga. Eg har sagt at eg klarer meg fint. Høyrde du bråket i natt? Nei, eg sov. Kva hende? Dei braut seg inn i våpenlageret og fekk med seg kassevis med sprengstoff. Vakthaldet må forsterkast. Dei kan lage fleire bomber. Trur du det? Du var liten då bomba utanfor tinghuset gjekk av. Men mange av dei mindre eksplosjonane her og der i byen kan du vel hugse? Ja, sa eg. Eg skal vere forsiktig ute. Kan du gå til Basjele og Veslejenta med mat? Eg vil ikkje til Vesleidioten, sa eg. Veslejenta, retta mor. Du får ikkje bruke slike ord, det 15
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 16
må du lære deg no. Ho pusta tungt. Eg set pris på om du går der med mat. Basjele er visst blitt verre. Ho er alltid dårleg, sa eg. Eg prata med ei vakt som kjenner henne. Vakta tvilte på om ho eigentleg kunne stå på beina. Sist ho vart sett utanfor rommet, hadde ho nærast slept seg etter armane. Og dette var fleire veker sidan. Ho hadde også høyrt at Veslejenta har gått omkring i nabolaget og spelt tiggar. Det kan vi ikkje ha noko av, eg får vondt når eg tenker på dei. Men kvifor kan eg ikkje bare få vere ute med Braha og dei andre? Ikkje før du har vore hos Malinovskaja. Dette har vi prata om. Eg er redd noko skal hende no, sa mor. Men eg er forsiktig. Og no som tante er borte, er det jo bare du og eg som veit. Mor sette seg på senga og la ansiktet i hendene, skuldrene rykte til, eg ville spørje kva det var, men ho begynte å gråte. Tante, sjølvsagt. Vi vakna utpå natta, men tante vakna ikkje. Verken eg eller mor eller naboar som etter kvart kom springande til, fekk vekt henne. Heller ikkje fuglen som hadde lagt seg for vane å vekke oss alle så snart det lysna. Jakoba, sa mor og tørka auga, gjer som eg seier. Og ikkje bli for lenge. Eg gløymer ikkje songtimen. Gå no, sa ho og vifta meg ut. 16
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 17
Eg stansa i døra og süg pü henne. Skulle eg ikkje? Mor reiste seg og fann mat som ho la i eit nett. Eg kikka opp mot vaglen, morgonen spegla seg i fugleauga.
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 18
Ute i gangen snurra eg meg rundt så flettene dissa, luft strøymde inn ventilar i betongveggen og opne småruter, ein stad skein sola gjennom kulehol som hadde vore der så lenge eg hugsa, kanskje ti eller femten hol, og ut frå kvart av dei stakk tynne strålar heilt bort til trappehuset. I trappa høyrdest nabobarna betre, gjennom eit vindauge såg eg fleire turne i stativet borte på den vesle leikvollen, ei jente svinga seg rundt og rundt med strak kropp, mens andre huia henne opp i større fart. Etter mor tok meg ut av skolen, hadde eg møtt dei andre på fridagane, men no var det slutt på det også. Bortanfor blokkene låg gamlebyen med låge hus og raudbrune tak, smale og fine gater, den skinande kuppelen på tinghuset, lenger bak byhøgda med parken der det var forbode å gå, det var nyleg lagt ut miner etter fleire overfall frå menn. Langt borte, på motsett side, låg eit anna område med høgblokker, der Veslejenta og mora budde. Eg sprang ned trappehuset, sikker på at også i dag kom fleire til å huke tak i meg og seie fint om tante, eller om mor og meg som sat igjen, men dei som leikte, var i 18
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 19
leiken, gamlingane var opptatt med å passe dei minste, vaktene hadde nok med å vakte, bare ei brilleklok frå biblioteket kjefta om korleis eg vågde å springe bare ei veke etter, eigde eg ikkje oppdraging eller skam, ho bad meg pelle meg heim og sitte på låg skammel og sørge, og hytta med handa etter meg som hoppa over ein benk og først lenger borte begynte å gå roleg. Ei trapp førte ned på den breie, gamle elvepromenaden, sementen hadde fleire stadar slått sprekker, men eg forstod ikkje kvifor så få gjekk her sjølv om det ikkje var sommar, utsikta var fin, der promenaden følgde den slakke, lange bogen elva gjorde, og vatnet rann roleg her. Landskapet opna seg, og elva vart breiare med sandbankar, borte var kampesteinane, alt var fredeleg. Framleis for tidleg til at sola tok på promenaden, men på den stille og disige skogen på andre sida av elva, fekk skysprekkene trekroner til å gløde eller slokne, sandbankane nedanfor til plutseleg å skine, saman med piletre så tettvaksne at dei var som eit einaste stort tre. Elva var mindre på denne tida av året, men fleire stadar var det mye vatn, det glitra i lyset og mørkna i skuggen, og på sandbotnen heldt elvemuslingane til. Ved eit lite pumpehus sat fleire ungdomar og prata, nokre såg på meg og nikka, før dei snudde seg mot dei andre igjen. På vår side gjekk vakter, men snart ville det regne meir og elva raskt stige nesten opp til promenaden, og vaktene måtte ikkje passe heile strekninga, endå enkelte menn alltid kom seg over. 19
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 20
Elvepromenaden skrådde og vart ujamn, store sementflak var losna, fundament hadde gitt etter, eg gjekk opp ei anna trapp og tok snarvegen over fabrikkområdet, kava meg over eit grustak som hadde rasa ut for lenge sidan, inn mellom stablar av pallar, røyk steig frå høge fabrikkpiper, eg skunda meg gjennom ein stor bakgard og kom tilbake i gatene. Duer kurra frå framstikkande kantar på husveggane i Arbeidargata eg følgde bort mot det største blokkområdet i byen, høgblokkene høge og grå, bak ei rekke stod ei anna rekke, slik fortsette det. I utkanten stod dei skralaste blokkene, utanfor ei kikka eg opp frå baksida, stemmer surra frå opne vindauge, teppe, pledd og puter vart lufta, klede hang til tørk på slakke snorer, balkongar fylte opp av skrot, søppel låg på bakken rundt blokka, og ein stad mellom andre høgblokker, eg visste ikkje kvar, øvde eit lite orkester. Eg hengde nettet over skuldra og tok fatt i takrenna, klatra nokre meter opp, greip rundt rustne jernboltar som knirka, snart var eg fleire etasjar over bakken, vinden kilte nakken og bles gjennom buksene, kjølte det såre skrittet, ikkje minst på den smale kanten utover veggen fem etasjar oppe. Eg plystra fleire gonger så høgt eg kunne, snart stakk eit lite hovud ut frå vindaugsramma lenger borte, ein tjafsete veggblomster, og den smilte. Eg tok eit siste godt tak og svinga meg inn. Endå vinden trekte, bevegde ikkje håret på det trillrunde hovudet seg, heile Veslejenta var ustelt. Kvar gong ho smilte med open munn, slo det 20
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 21
meg kor brei tunga var, kor liten nasen var. Ho vinka endå eg stod like framfor henne, handa brei og kort. Jakoba, sa ho, like glad som sist eg stakk innom. Du må ikkje stå i trekken, sa eg, du er sjuk ofte nok som det er. Eg er heilt frisk, ho-ha, sa Veslejenta. Kom, sa eg og førte henne med innover gangen. Bak dørene kjefta ei, og ei anna kjefta tilbake. Eg var hennar beste venn, endå eg hadde levd dobbelt så lenge. Ho stakk handa si inn i mi, spurde om vi kunne sitte ute. Det er for kaldt, sa eg. Vi gjekk gangen til endes og inn der ho og Basjele budde, det var stille og tomt i det store rommet. To slitne pinnestolar i ein krok, og ei lita seng Veslejenta sov i. Gjennom den halvopne døra inn til det mindre rommet såg eg to føter stikke ut av teppet. I dette lyset såg dei ut som føtene på ei bare nokre få år eldre enn meg. Mamma søv, kviskra Veslejenta og smilte, som om det var morosamt. Midt på dagen? spurde eg, men fekk ikkje svar. Kva har du i posen? I nettet har eg noko til deg, sa eg. Kva då? spurde ho ivrig. Eg drog opp maten mor hadde sendt med, litt brød og ost, men Veslejenta drog bare ostebiten ut av handa mi og sette den mot munnen, ikkje ulikt ei husmus. Har du ikkje fått frukost av Tekla? 21
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 22
Eg måtte gjenta spørsmålet. Musa rista på hovudet mens ho smatta og togg. Du får spare litt til mor di, sa eg, men ho høyrde det ikkje og åt med slik ei lyst at eg braut litt brød og sjølv gjekk inn på det andre rommet. Det var sørvendt og fekk eit mjukare skin på veggane, Basjele låg på sida med ansiktet mot meg og pusta tungt med slapp munn. Eg antok at ho ikkje hadde høyrt oss komme. Det var vanskeleg å forstå at det var kusina til mor og tante som låg der, ho var så annleis enn mor, så annleis enn det tante hadde vore. Eg la brødet på ein tallerken som stod på nattbordet, den klirra mot eit glas, men Basjele vakna ikkje. Solstrålar skein i det halvfulle glaset, spreidde flekkar på ansiktet og hendene hennar. Plutseleg slo ho auga opp, kvapp utan å bevege på kroppen. Eg peikte på maten, men ho såg bare på meg. Tekla hadde vel sagt det til henne, ho gjekk omkring og visste om det meste, men likevel sa eg det, endå mor hadde bedt oss begge la vere. Tante er død. Basjele grynta litt. Teibele, sa eg og høyrde henne hikste, men framleis utan at kroppen bevegde seg. Ho såg ei stund på meg, stengde så auga og føltest langt borte, eg venta på at ho skulle opne dei att, men nei. Stille gjekk eg ut av rommet og stengde døra. Kan vi svinge tau? spurde Veslejenta så snart ho såg meg. 22
Songfuglen ferdig_A 20.08.13 08.50 Side 23
Ikkje i dag, sa eg. Kvifor ikkje? Tante er død, sa eg. Eg må heim til mor. Veslejenta stansa å tygge, såg lenge på meg, tenkte og tenkte, så togg ho att. Kanskje i morgon? Vi får sjå, sa eg. Ho følgde meg ut i gangen og bort til trappene, eg såg at ho stod og kikka over rekkverket etter meg då eg gjekk, og for kvar avsats vart ho mindre og mindre.