Mørke.indd 1
20.12.2018 14.31.31
Mørke.indd 2
20.12.2018 14.31.31
SIGRI SANDBERG
MØRKE STJERNER, REDSEL OG FEM NETTER PÅ FINSE
Samlaget Oslo 2019
Mørke.indd 3
20.12.2018 14.31.31
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Førtrykk: akzidenz as | Dag Brekke Skrift: Garamond 11,5/15 Trykkeri: Specialtrykkeriet Arco Printed in Denmark ISBN 978-82-521-9791-4 Forfattaren har motteke støtte frå Det faglitterære fond.
Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.
Mørke.indd 4
20.12.2018 14.31.31
«Kanskje kommer ikke solen tilbake i det hele tatt. Kanskje er det mørkt i hele verden.» Christiane Ritter
Mørke.indd 5
20.12.2018 14.31.31
Mørke.indd 6
20.12.2018 14.31.31
Til Vinjar, Styrk og Steinar
Mørke.indd 7
20.12.2018 14.31.31
Mørke.indd 8
20.12.2018 14.31.31
Innhald FORORD 11 DAG 1 – MÅNDAG 15 DAG 2 – TYSDAG 47 DAG 3 – ONSDAG 91 DAG 4 – TORSDAG 125 DAG 5 – FREDAG 135 EPILOG 143 KJELDER 147 TAKK 156
Mørke.indd 9
20.12.2018 14.31.31
Mørke.indd 10
20.12.2018 14.31.31
FORORD Sjå på eit satellittbilete av jorda. Der ho før var nattsvart, gløder ho som ei blinkande julekule. Zoomar du inn på ein by, ser du flaum- og neonlys, lys frå bilar og gatelykter. Zoomar du endå meir inn, til ditt eige soverom, finn du kanskje lamper, tv-, nettbrett- og mobilskjermar. Bur du i ein by og ser ut av vindauget, ligg det eit grågult slør mellom deg og Mjølkevegen. Sjølv om det er natt. Sjølv om det er vinter. I sjølvaste Noreg, mørketidslandet. Menneska har kjempa mot mørket til alle tider – men er det snart lyst nok? Kva gjer alt dette lyset med oss og alt som lever? Eg har høyrt om legar som bruker oransje briller både på seg sjølve og pasientane, for å verne seg mot kunstig lys. Andre kjempar mot global lysforureining og meiner at det er ein menneskerett å få oppleve ein tent stjernehimmel. På høgfjellet på Finse er det framleis mørkt og stjerner. Særskilt fint er det no, på svartaste tida av året. Eg vil dit. Oppsøkje det naturlege mørket, kunnskap og natte himmel – og sjå kor lenge eg torer å bli. For paradokset er 11
Mørke.indd 11
20.12.2018 14.31.31
at eg er dobbelt redd. Både for at det skal bli for lyst, og for mørket. Og den mørkeredselen er så altoppslukande, iallfall når eg er heilt aleine. Det går ikkje bilveg til Finse, eg kjøper ein togbillett.
Mørke.indd 12
20.12.2018 14.31.31
Mørke.indd 13
20.12.2018 14.31.31
14
Mørke.indd 14
20.12.2018 14.31.31
DAG 1
måndag
15
Mørke.indd 15
20.12.2018 14.31.31
Mørke.indd 16
20.12.2018 14.31.31
T
oget dunkar ut frå byen no, tidleg måndag morgon. Byen blinkar og blunkar og badar framleis i kunstig nattlys. Eg har ein stor, blå sekk som eg plasserer i lag med koffertar og bagar i enden av vogn 4, og finn plassen min, nummer 36. Som oftast bur eg i denne byen, i ei høg blokk med utsikt ut overalt. Eg ser heilt til fjorden og fleire tusen hustak, eg ser litt skog. Men om natta blir alt forvandla til sprakande og lysande bråk. Ei sterk summing avbroten av bråare lydar. Det kunstige lyset ligg over alle dei store byane om natta. Lyset frå Oslo rekk 15–20 mil ut av byen i alle retningar. Det er vanskeleg å sjå stjernehimmelen ordentleg her. Det er umogleg å sjå Mjølkevegen. Toget dunkar vidare, og etter kvart kjem formiddagen med dagslyset sitt. I vogn 4 surrar det av preik og skritt, låg musikk, kaffislurping og ein konduktør med hatt som hostar lett og spør etter billetten. Eg har med meg datamaskin og fleire bøker. Ei av dei handlar om ei dame som i 1934 var på veg ut av ein annan by. Christiane Ritter skulle langt nordover, heilt til Svalbard. Skulle til eit mørke og ein vinter ho ikkje visste noko om. For kor mørkt blir det eigentleg så nær på Nordpolen? Vil ho klare det? 17
Mørke.indd 17
20.12.2018 14.31.31
Christiane Christiane var overklassefrue frå Böhmen, som på denne tida høyrde til staten Tsjekkoslovakia. Mannen hennar, Hermann Ritter, var fangstmann på Svalbard, øygruppa som ligg midt mellom Nordpolen og Fastlands-Noreg. Han prøvde å lokke ho nordover til Gråhuken nord på Spitsbergen, som er den største øya. Eigentleg ville ho ikkje, ho hadde det fint med kunstmålinga si, med dottera på fire år og venene sine, men mannen skreiv eitt og to og tre brev, han skreiv: «Forlat alt der hjemme og kom til meg i Arktis!» Han skreiv at det var umogleg for han å klare å skildre alt. Det evige lyset om sommaren. Det lange mørket om vinteren. Ho måtte kome for å sjå alt dette sjølv. Til slutt lét ho seg overtale, pakka sekken og drog av stad sommaren 1934. Ho hadde med seg bibel, kamelhårsundertøy, tørka persille og målarsaker. Ho steig om bord i ein båt som tok ho stadig lenger nordover og oppover kysten av Noreg. Til eit landskap som vart stadig meir nakent, einsamt. Ho passerer det nordlegaste punktet på fastlandet, seglar forbi Bjørnøya, men når dei andre passasjerane får vite kor ho har tenkt seg, blir dei forferda: «Så. Nå, det kan De bare slå ut av hodet. På den øya fryser De i hjel. Det passer ikke for Dem, lille dukke. Og skjørbuk kan De også få.» På nordvestkysten av Svalbard, i Ny-Ålesund, treffer ho mannen sin, og dei seglar vidare med ein mindre båt. 18
Mørke.indd 18
20.12.2018 14.31.31
Her kjenner mange øygruppa, dei skryter høglydt, og ein nordmann snakkar om våren som den finaste tida. Christiane trur ikkje ho vil kjenne det slik, ho seier trassig at ho ikkje vil bli fanga, slik dei er blitt. «Å, De vil også bli fanget», seier nordmannen stille, men bestemt. Etter kvart får Christiane endeleg sjå Gråhuken, ei aud, grå, langstrekt kyststripe i det fjerne. Ho får også auge på hytta. Ho synest den ser ut som ei bitte lita kasse som er skyld i land. Og her skal ho altså bu. I lag med mannen sin – og ein fangstmann til. I eitt år. I ein vitlaus, lang vinter. Ingen om bord i båten seier noko, berre ein eldre herre som snakkar tysk, slepper ut nokre ord: «Nei, nådige frue, der kan De umulig bli over vinteren. Det vil være en bunnløs lettsindighet!» Alt er grått og regn. Og Christiane tenkjer at det er eit gyseleg land. «Ikke annet enn vann, tåke og regn. Det omtåker menneskene til de mister forstanden. Hva har menneskene egentlig å gjøre på denne øya? Hvor mange håp, hvor mange stolte planer er ikke her blitt tilintetgjort, hvor mange foretak har ikke lidt skibbrudd, og ikke minst: Hvor mange menneskeliv har ikke landet krevd?» Dei lastar i land bagasjen, og ho undersøkjer den vesle fangsthytta. Ho er 7,42 x 1,28 meter, til saman under 10 kvadratmeter. Og ho ligg 250 kilometer frå næraste by, Longyearbyen. Når båten dreg, er det heilt uvisst når dei får sjå andre menneske att. Fangstfolka har ingen
19
Mørke.indd 19
20.12.2018 14.31.31
satellittelefon, det finst inga redningsteneste eller noko helikopter som kan redde dei om noko skjer. Omnen verkar slett ikkje, og tåka ligg tett. Christiane snur seg mot mannen sin: «Hvor er egentlig mitt dame kabinett, som du har lovet meg i dine brev?» spør ho. Det er august og sommar, lyst døgeret rundt. Grått døgeret rundt.
Eg går av på Finse, 1222 moh. Eg er født i august og liker den tida på året. Liker lange, lyse kveldar når fjorden er varm. Kanskje ikkje så rart, for vi menneske er konstruerte for å klare oss utan dunjakke og ullundertøy på ei varmare breiddegrad. Genane i kroppen er frå urtida innstilte på at det er lyst om dagen, og at det så skymrar og blir mørkt om natta. Likevel har eg altså budd åtte år på Svalbard og alltid vore på Finse. Så eg har snurpa saman hetta, teke stormbrillene på og kava meg fram i vind og mørke i over førti år. Og det kjennest som om snø og storm og sørpe og skareføre, at alt det også er blitt ein del av meg. At eg er avhengig av å få puste der oppe innimellom, for å bruke litt store ord. Av og til må ein det. Dessutan er Finse den finaste plassen eg veit å kike på stjernehimmelen. Men eg har ikkje vore der mykje aleine. Eg liker ikkje å vere aleine, ikkje så lenge om gongen iallfall, nokre timar 20
Mørke.indd 20
20.12.2018 14.31.31
er greitt. Eg har sove litt ute, på fjell og i snøholer og i telt i minus førti effektive kuldegrader, ja da, men det har alltid vore saman med nokon. Med ein mann, med ungane, vener. Sjølv om eg ikkje liker det, må eg likevel klare det: å vere aleine på fjellet når det blir mørkt. Eg må øve meg, for eg vil vere der. Eg har flytta mykje i mitt liv, men Finse har eg alltid kome tilbake til. Hytta og denne staden er noko av det mest stabile eg har, så der må eg klare å vere utan at nokon treng halde rundt meg når skumringa kjem. Der må eg kunne sitje og skrive, for eg er journalist og skriv reportasjar og bøker, om natur og nord og menneske – og korleis alt heng i hop i denne vaklande verda. Det står jo ikkje nett bra til. Så kanskje er denne turen ein del av eit større prosjekt, eller kanskje er han ikkje det. Kanskje er det berre dumskap, kanskje snur eg i hyttedøra. Eg ser ut av togvindauget på alt som fyk forbi, trea blir færre og mindre, og til slutt forsvinn dei. Eg tenkjer på ungane og på mannen min som er att i byen, eg saknar dei allereie. Etter fire og ein halv time går eg av toget. På Finse stasjon, 1222 moh., Nord-Europas høgastliggjande jernbanestasjon. Finse er kalla det sørlegaste Arktis: Temperaturar og landskap liknar. Vinden og vintrane liknar. Her er ingen tre. Middeltemperaturen gjennom året er under null. Hit kom dei gamle heltane for å trene før dei la ut på dei lange, harde polarferdene sine. Roald Amundsen var her. Fridtjof Nansen var her. Ernest Shackleton var her. Staden har ei 21
Mørke.indd 21
20.12.2018 14.31.31
nokså ny historie, litt som Svalbard. Finse vart først eit lite samfunn under bygginga av Bergensbanen, som opna i 1909. Rallarar kom vandrande opp frå låglandet, søkte arbeid og budde i små brakker på høgfjellet for å jobbe på den 492 kilometer lange toglina frå aust til vest. Inni s vartaste fjellet bora og sprengde dei tunellar, med dynamitt og berre nevane. Prosjektet var heilt på grensa av det som var mogleg når det kjem til kunnskap og teknologi på den tida, og det var hardt arbeid. I støv og skit og mørke, i snø og stormar og pisseregn. Bergensbanen vart kalla eit dristig, krevjande og storslagent prosjekt – og kosta eit heilt statsbudsjett på den tida: 52,5 millionar kroner. «... vor tids Storverk», sa kong Haakon då han opna banen i november 1909. No kunne ein kome seg mellom Oslo og Bergen på 15 timar. Eller gå av på høgfjellet. Ta inn på fint hotell. Det er berre eg som går av no. Ved togstasjonen er det framleis eit fint hotell. Og nokre hundre meter unna også ei stor turisthytte. Alt er stengt no. Det er ikkje sesong. Det blæs.
Eg fyrer i omnen og gruar meg Eg tek på meg skia og stormbrillene og går mot hytta. Eg dreg pulken etter meg. Han inneheld nok mat og det eg elles treng for å kunne vere her nokre dagar aleine. Det går ikkje bilveg til Finse, næraste butikk er milevis unna. Eg 22
Mørke.indd 22
20.12.2018 14.31.31
går knappe tre kilometer i nysnø, kvitt landskap og lett vind, ser hytta på god avstand. Set nøkkelen i låsen. Eg pakkar ut, hytta er kald, og eg sprengfyrer i omnen. Eg ser ut på vidde og islagt vatn og lett vind. No nærmar klokka seg tre. Det er ein liten time att no til det mørknar. Hytta er både betre og større enn Christiane Ritter si, rundt fem gonger så stor som hennar. Også omnen er betre: Han har til og med glasdør, så eg kan sjå flammane, dei gir eit godt, gult lys. Eg veit ikkje om eg angrar. Jo, eg angrar. For sjølv om eg har oppsøkt dette av eiga fri vilje, gruar eg meg no sånn til det blir mørkt, at eg kan kjenne det langt inn mot hjartet og ned i føtene. Det gjer vondt. Eg veit at mørket kjem til å pakke meg inn, ikkje mjukt, men hardt. Eg veit at dei store vindaugsflatene skal bli svarte, at landskapet skal forsvinne, og eg veit at eg blir tyngre då. Eg kjenner det på meg, og eg kjenner meg sjølv. Så eg gjer det til eit ritual allereie no, første kvelden. Å sitje og la det kome. La kroppen falle til ro, sitje frå skumringa, hekle, sjå ut, la den blå timen omfamne meg. Ikkje tenne eller skru på meir lys enn det omnen gir, for då blir det berre endå svartare ute. Kanskje det er eit forsøk på å ønskje mørket velkomen, så det ikkje skal ta så hardt i meg. Eg veit at det verste kjem når eg etter kvart skal lukke auga for å sove. Når eg må sleppe all kontroll. Eg er ikkje
23
Mørke.indd 23
20.12.2018 14.31.31
redd for ulv eller skrømt eller isbjørn. Så kva er eg redd for? Eg vil skrive til deg om mørket. Eg har vore redd for mørket sidan eg var lita jente, ei storesyster ofte med ansvar for ein skokk med småsysken. – Hugs å låse begge dørene, sa eg til foreldra mine etter at ein av dei hadde sunge godnattsongen til meg. Kvar kveld sa eg at dei måtte hugse å låse dørene. Så ingen kom. Inn frå mørket.
Ordet mørke og den kulturelle todelinga For meg gir ordet mørke eit slags søkk. Eit djupt søkk lengst inne. Det er knytt til sorg og sjukdom og natt og fargen svart – og min eigen mørkeredsel. Og også generelt er mørke eit negativt ord, eit ord som er tungt og trist og også dreg andre ord med seg ned: mørkemenn. Ein mørk periode i livet, historia. Mørketal. Mørk fortid og framtid. Mentalt mørke. Mørkt raseri. Mørk mellomalder. Det må ofte tennast lys for at alt skal bli bra, både i dikt og songar og i skjønnlitteraturen og livet generelt. Eg hadde ofte døra på gløtt ut til gangen, der lyset stod på om natta. Til alle tider har menneska kjempa både mot det indre og det ytre mørket i verda. Mørket var ein fiende, som kulden, noko utrygt – og lyset var per definisjon godt. I gresk 24
Mørke.indd 24
20.12.2018 14.31.31
mytologi er det sagt at elden vart stolen frå gudane. Etter at dyra i skapinga hadde fått alle dei gode eigenskapane, stal guden Prometevs elden og gav han til menneska som trøyst. Guden over alle gudar, Zevs, vart rasande og skapte kvinna for å straffe menneska. Og sidan har menneska jobba for å skaffe seg meir lys. I vestleg tenking vart lyset sett i samband med sanning, kunnskap og det å kunne sjå. Lyset står for livet og det gode, mørket for døden og det vonde. I religiøse skrifter frå fleire tusen år før Kristus finn vi solgudar – og eit mørkt og kaldt dødsrike. Todelinga i den lyse himmelen og det mørke helvete har halde fram, i både subkultur og populærkultur. Lys er tryggleik, i lyset mistar dei mørke maktene krafta – og trolla sprekk og blir til stein. Har denne kulturelle todelinga hindra oss frå å sjå at mørket også kan vere mjukt, kan vere bra? For berre no, i dei aller siste sekunda av mennesket si historie, har nokon ymta om at, kremt, kanskje mørket også er viktig. Kanskje litt. Viktig. For ganske mykje. Eg vart født i 1975, så både min generasjon og den før har vakse opp i og med elektrisk lys. I mi levetid har det ikkje blitt ordentleg mørkt nokon stad anna enn langt utanfor byen og bygda. Kanskje er det difor eg er redd for mørket? Kanskje er det difor eg ikkje har teke innover meg kva vi er i ferd med å miste?
25
Mørke.indd 25
20.12.2018 14.31.31