Rangsøles. Litofaniar

Page 1



Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 1

Sindre Ekrheim

Rangsøles Litofaniar

Samlaget Oslo 


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 2


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 3

Tida


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 4


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 5

Snøfjonet kvervlar. Det har enno ikkje nådd bakken. Eg går i same fart som snøen. Lyden av ein skrensande bil fell ned i togna.

5


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 6

Eg ser inn vindauget Eg fĂĽr ikkje noko ut av det der inne liksom ein sterk vind freista utvinne spor av fingrar i ei oske

6


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 7

Eg pustar inn hjullastaren støvet, hydraulikkolja ospene, takpannene på bustadfeltet, fuglane blandar seg inn med sine kråker. Eg pustar inn vengjespissane deira, rørsla i kråkestjertfjøra. Fordi fuglesongen stig pustar eg heile bær på busken, ein hjort eg ikkje ser pustar inn i meg, inni meg.

7


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 8


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 9

Sanden


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 10


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 11

silar ein sand frå ei framand strand på bredda av den svarte sjøen vinden har ikkje pust ei rugde flyg vengjene vert nært av den staden den dagen dei stoggar svive sanden eg silar dekkjer andletet sanden er andletet no

11


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 12

er det beina mine eg vassar i rekved plastkanner, blåser, garna beina spinn i og viklar or utdøydde taskekrabbar frå den gong og ned til hit ei slintre, ein filet losnar frå eit kjevebein ein gjelleboge silar plankton

12


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 13

eit fjell forürsakar ei osp ein vind ei bjørk ei flyttblokk ei fattigeng tilverkar eit gras ein veps lagar ein brodd ei elv arbeider fram ein vasstraum ein fisk produserer ein finne ein unge tilverkar ei symjing ein fugl fabrikkerer ei flyging eit tre set fram ein stamme, ei grein byggjer eit reir ein fugl formar eit egg

dagen arbeider der borte

13


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 14

sanden fortĂŚrer synene horisontane vert lagde ned skurar att og fram under augeloka

eg dreg beina mine over stranda som om dei var hestar, muldyr piskar eg dei puttar smĂĽsteinar i naseborene filar steinane ned til sanden kroppen min er eit sĂĽr ein brann

no køyrer maskinar hit bulldosar, skovlar, dumpar, hjullastar, traktor dreg lausmassar, stag, h-bjelkar, netting, betongelement

14


Rangsøles ferdig_A 15.06.17 10:42 Side 15

eg er kome under dumparhjula det svarte auget spinn meg rundt eg vert dregen fram or hjulets raske spinning skuggane torturerer lemmane mine driv vasshjulet skyv eikene små gniss kjem attende til eit tre utelampa lyste ikkje då eg vart fødd hundane gøydde tårene kjem ikkje til å mangle grunnar for å falle

sanden eg i det uendelege har silt mellom fingrane gjer at eg ikkje har hender attende i det uendelege

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.