G U NNA R MYK L E BU S T
RAGNAR ULSTEIN I KRIG OG FRED
Samlaget Oslo 2017
Innhald Forord 9 Nederlagets andlet 12 Kapittel 1 – Folket på Ulsteinstranda 15 Ragnar heitte ein gut … 16 Familien i Nilsgarden 23 Lengten etter lærdom 32 Debattgleda i Ulstein-tunet 37 Kommunistar mot nazistar 42 Krag’en mot tyske bombefly 47
Kapittel 2 – Til England 57
Rastlaus ventetid 58 Ein trøblete overfart 65 Magisk møte i Norway House 72 Nålestikk i Lofoten 81 Radioskulen 92 På spionoppdrag 98 Sabotørar i kajakk 104 Eit mislykka angrep 114 Den fandenivoldske byen 126 Operasjon Salamander 131 Giftpilla 140
Kapittel 3 – Indre Sogn 147
Nervepirrande i Dombevågen 148 Siskin tar form 157 Ny flukt 165
Gode hjelparar i Fjærland 174 Freden nærmar seg 185 Ragnar kjem heim 192
Kapittel 4 – Rastlause fredsår 205 Trøytte av krigen 206 Eit Tyskland i ruinar 214 Trussel mot moralen 219 Boksjauen over 226 Journalistikken lokkar 235 Spirande familie 244 Avisa i Bergen 248 Dei gløymde krigsveteranane 256 Mislykka flytting 261 Romanane 265 Tilbake til Bergen 275 Kommunistangst 285
Kapittel 5 – Redningsarbeidaren 295 Englandsfarten 296 Heim til Sunnmøre – igjen 308 Sekretæren 313 Svensketrafikken 318 Beskjedne grenselosar 324 Einar Aulie 331 Eksportorganisasjonane 338 Ros frå Hauge 348 Soknepresten og samane 356
Kapittel 6 – Statsstipendiaten 363 Ei ordning med Bondevik 364 Individualisten Ulstein 374 Verdskrigen på Giske 381 Okkupantar og bygdefolk 387 Etterretningstenesta 392 Brotet med Hauge 399 Språkleg frustrasjon 408 Konflikten i xu 416
Kapittel 7 – Ringen slutta 423 Dei norske jødane 424 15 mil i ryggsekk 432 Feldmann-saka 436 Boka om heimbygda 441
Etterord 447 Takk 451 Kjelder 452
Forord Det synest å brenne ein usløkkeleg flamme i Ragnar Ulstein. Han får ikkje fred. Han er redd for at folk skal gløyme kvifor dei kjempa, dei unge mennene som slost mot den tyske okkupasjonen. Kvifor dei var villige til å ofre livet for eit fritt land. Den var ikkje gratis, sigeren i 1945. Og den hadde ingen evig garanti. Fridom kan kome til å kreve at nye generasjonar er villig til å kjempe. Dette er blitt kallet hans, å minne om at fridommen alltid vil vere truga. Derfor har Ragnar Ulstein gjennom sitt lange liv som journalist og forfattar skrive bøker og dokumentert historier som elles ville gått tapt. Den andre verdskrigen har prega både avisarbeidet hans og forfattarskapen. Ingen har lytta til så mange vitnemål frå motstandsfolka som han. Mange av dei var tungt merkte etter krigen, ikkje så få tynnhuda eller nervøse. Sår vart synlege når han oppsøkte dei. Enkelte fekk vanskelege dagar og netter før han kom og etter at han drog. Men både han og dei visste kor viktig det var å snakke. Han var sjølv ein av dei, som medlem av Kompani Linge. Han såg betre enn andre den urettferda som møtte veteranane etter verdskrigen. Med pennen som våpen gjekk han i striden for dei. Og han kjempar framleis for at dei ikkje skal bli gløymde. For å sitere ein journalistkollega: Ragnar Ulstein har levd sitt skrivande liv slik at ein trur det er ei meining med det å vere journalist. 9
Den som har leitt, kan ha funne små glimt av hans eigne krigsminne i det han har skrive. I 3. person i boka om heimbygda under krigen. Som trekk ved ein av hovudpersonane i den første krigsromanen. I eit julehefte om heimestyrkane i Sogn. Men boka om seg sjølv har han aldri prenta. Til mi glede sa han ikkje nei da eg bad om å få skrive den. Teksten er bygd på dei samtalane vi har hatt. Ragnar Ulstein er hovudkjelda gjennom heile historia. Det er hans minne frå barndom til alderdom som ligg til grunn. Det er krigen, yrkeslivet og møta med menneske slik han har opplevd og hugsa dei. Vi har møtst med ujamne mellomrom gjennom tre år. Kvar gong i kjellarkontoret til Ragnar i heimen på Emblem ved Ålesund med klare tidsrammer og ein kronologisk plan. Berre vi to og ei mugge med heimelaga bringebærsaft. Det har vore ei stor gåve å få vere den som har lytta. Sjølv det daglegdagse og trivielle blir spesielt og spennande når det kjem frå Ragnar Ulstein. Han er like rik og poengtert i språket når han snakkar som når han skriv. Det er mitt håp at den inspirerande språkføringa er spegla i boka. Ragnar Ulstein er ein tidvis kvass forteljar. Det er hans versjonar av hendingane og hans inntrykk av folk som har kryssa livs vegen hans, eg formidlar. Av naturlege grunnar har dei det er tale om, ikkje hatt høve til å bidra med sin versjon. Men seier Ragnar Ulstein noko krast om eit menneske, balanserer han det alltid med noko positivt. Dei han har hatt vanskar i møte med, har gjerne andre, framifrå eigenskapar. Røvaren har alltid gode sider. Men Ragnar Ulstein er ikkje redd for å seie at han er ein røvar. Ragnars arkiv, både heime og ved Hjemmefrontmuseet, har vore til stor nytte. Så langt det har vore mogleg, er namn, årstal og fakta i samtalane våre sjekka i skriftlege kjelder. Ragnar har lese utkasta 10
til manus og sjølv kome med innspel og endringar. Men ikkje på noko tidspunkt har han kravd å ha siste ordet. Alle feil og manglar er da også mitt ansvar aleine. Oslo, august 2017 Gunnar Myklebust
Nederlagets andlet I snart ein månad hadde landet vore i frigjeringsrus. Det tunge lokket som hadde lagt eit fem år langt nattemørke over landet, var fjerna. Okkupasjonen var over. Det var forsommar 1945. Krigen var slutt, og dei som hadde tatt dei tyngste taka i kampen mot overgriparane, hadde berre ønske om å legge det heile bak seg. Ragnar Ulstein var mellom dei. Han hadde levd krigsåra som Linge-soldat, delvis i treningsleirar i Storbritannia og delvis på hemmelege oppdrag i fjordane på vestlandskysten. Nå var han ferdig med krigen. Men det var éin ting han måtte gjere først. Fenrik Ragnar Ulstein ville møte den lokale hirdsjefen i indre Sogn. Heile den siste krigsvinteren hadde hirdsjefen leia den vesle ns-hæren sin i hælane på Ulstein og hans Milorg-styrke inst i Sognefjorden og gjort seg medskyldig i at ein god medhjelpar og motstandsmann, Olav Rise, var død. Ulstein hadde bore på sorg etter drapet på Rise – og ein sterk trong til å møte og ta eit oppgjer med denne mannen. Fortelje han at dei hadde hatt ordre om å likvidere han, og at det var det tyske nederlaget som hadde redda han. At han ville ha blitt skoten om krigen hadde halde fram. Det var gått fire veker sidan den tyske kapitulasjonen. Det var den 7. juni, og i hovudstaden steig kong Haakon den same dagen 12
i land etter sitt krigseksil i England og vart møtt av eit jublande menneskehav. Den 25 år gamle Ulstein var også på veg til Oslo og dei store markeringane der. Det passa å legge turen om Høyanger, der hirdsjefen sat i fangenskap. Dei hadde aldri møtst, men var heller a ldri langt unna kvarandre. Lever eg lenge nok, skal vi skyte han – Ragnar Ulstein hadde mint seg på det kvar einaste dag. På vegen til Høyanger hadde Ulstein gjort seg tankar om kva han skulle seie til mannen. Smakt på ord og formuleringar som kunne høve. Han gjekk inn i leiren saman med Linge-kameraten Nils Fjeld, som var sjef for vaktmannskapet. Like innanfor døra til fangebrakka, i vindfanget, låg ein liten familie på ein madrass på golvet. Mann, kvinne og ei ung jente. Dei såg fortapte ut. Andleta var apatiske. Det såg ut som om dei låg og venta på straff. Synet av dei sette han ut. Eit sekund der gjekk det ei iling gjennom kroppen hans. Han kunne ikkje unngå å få medynk med den unge jenta. Han måtte rive seg laus for å gå inn i sjølve brakka og gløymde heilt å spørje om familien. Kvifor låg dei der? Fjeld hadde ansvaret for fangeleiren. Han kommanderte giv akt da dei kom inn i det store rommet. Dei bortimot 30 tidlegare hirdsoldatane spratt ut av køyene og opp i rettstilling, med ein disiplin som berre tyskarane kunne ha trent dei i. Dei stod ranke og alvorlege i to rekker, men Ulstein gjekk forbi dei alle. Han hadde ingenting å seie til dei. Han som han ville snakke med, stod, nærast gøymd, lengst borte i rekke nummer to. Ja, her har du mannen, sa Nils Fjeld. For første gong stod Ulstein overfor fienden. Han kunne naturlegvis ikkje skyte han. Men han hadde eit håp om å drepe han med ord. Han måtte sjå opp for å møte auga på den høge karen. Han vart lamslått. I staden for den arrogante maska han hadde venta, såg han inn i det mest ynkelege av alle taparfjes, forvridd av nederlag, angst 13
og vonløyse. Kroppen skalv, auga var fulle av tårer, og slev og snørr rann frå nase og munn. Det var eit menneskeleg vrak som stod der, ein mann som hadde mista seg sjølv. Alt det hovmodet som han hadde bore med seg der han fór mektig og overmodig gjennom bygdene i krigsåra, var vaska vekk. Her stod ein som venta seg det verste. Og så stotra han: «Eg er uskyldig! Uskyldig!» Plutseleg var alt berre tungt og vondt for han som skulle konfrontere han. Alt det Ulstein hadde budd seg på å seie, var som ved eit trylleslag borte. I staden vart han overmanna av kjensler som var heilt nye, både ei underleg smerte og ei overveldande medkjensle. Den fryktelege krigen. Den pina som hadde herja med folk over heile Europa. Verdas sorg og liding. Forræderiet og valden. I eit kort, lite glimt såg Ragnar Ulstein alt dette. Det var liksom teikna inn i andletet til mannen han stod overfor. Og plutseleg var det hans eigne augo som vart fylt av tårer. Han kunne ikkje anna enn å ha medynk med dette mennesket som hadde svike landet sitt og deretter lide eit slikt uoppretteleg nederlag. To menneske, andlet til andlet. Den eine hadde sigra, den andre tapt. Den eine hadde retten, den andre hadde mista alt. Det vart eit kort møte. All hemnlyst var borte. Ulstein orka ikkje å sjå sorga til mennesket framfor seg. Han var like knust som den andre. Han snudde seg og gjekk. Ut av fangebrakka. Og ut av krigen.
Kapittel 1 Folket pĂĽ Ulsteinstranda
Ragnar heitte ein gut … Det er sagt om forfattaren Ragnar Ulstein at stilen hans er som i dei gamle ættesogene: «Egil heitte ein mann …», slik byrja gjerne historiene frå den norrøne tida. Ein effektiv forteljemåte, der du straks blir presentert for den sentrale personen i historia. Moderne journalistikk nyttar ofte det same grepet: Start med ein namngitt person for å spegle den større forteljinga. Ragnar Ulstein nytta teknikken både som journalist og som krigshistorikar. På den måten drog han lesarane rett inn i handlinga. I dei store verka om englandsfarten og svensketrafikken vart vi – i kapittel etter kapittel – kjente med menneske som braut dramatisk med kvardagen og sette livet på spel for å hjelpe andre. Han møtte dei alle, intervjua meir enn tusen av dei og fortalde historiene deira med korthogde ord. Frå dei første setningane visste vi kven dei var, både grenselosen og rømlingen over Nordsjøen. Slik gjorde Ragnar Ulstein sogene interessante og vekte leselysta. Og lesaren var ikkje i tvil om at dette var fakta og sanning. Teknikken fanga han opp alt da han gjekk i barneskulen. Interessa for bøker kom tidleg. Det som var av litteratur i heimen på Ulsteinstranda, var forutan Bibelen mest av oppbyggeleg, kristent slag og fort ferdiglese for ein bokhungrig gut. Men i Ulsteinvik – Vik på folkemunne – var det bibliotek. Dit gjekk Ragnar ofte, tre 16
kilometer kvar veg. Han hadde smak på historie, og den første boka han lånte, var Snorre, kongesogene. Den hadde han høyrt om. Og i den fann han både spennande handling og mandige krigarar. Gode historier i få, men kraftfulle ord. Kongesogene til Snorre er tung litteratur, bokstavleg talt. Det var ein svær last å ta heim for den grannbygde niåringen. Og Ragnar hadde ikkje med ryggsekk. Så bibliotekaren, læraren i bygda som var frivillig medarbeidar på biblioteket, måtte pakke inn boka og spenne den fast på den spinkle gutekroppen. Slik kom Ragnar heim med Snorre på ryggen. Han vart kolossalt oppslukt av det han las. Handlingsmetta og valdelege historier, edelt mot og råskap. Da Ragnar kom på skulen dagen etter, var han så stolt av den nye historiske innsikta si at han ikkje klarte å halde seg. Han gav til kjenne for læraren at nå las han Snorre. Hm, sa læraren. Nokre dagar etter bad han Ragnar fortelje litt frå boka for klassen. Og Ragnar reiste seg og fortalde. Til stor forundring for læraren. For historiene, slik Ragnar formidla dei, var ordrette frå Snorre. Ragnar hadde denne spesielle gåva, eit slags fotografisk minne av det han hadde lese. Læraren likte det og bad Ragnar tidt fortelje frå Snorre – og etter kvart også frå Njålssoga, der Gunnar frå Lidarende, den sympatiske krigaren som var best i alle idrettar, vart helten hans. Når læraren trong eit lite pusterom eller det var behov for avveksling i undervisninga, bad han Ragnar reise seg og lese etter minnet. Slik vart grunnlaget lagt for den historiske interessa i Ragnar. Utan måtehald kasta guten seg over dei store verka. Med slik glupande appetitt på gamle dagar var det ei gåve å få vekse opp på Ulsteinstranda. Der låg historia i bakken. På markene ved sjøkanten på vestsida av Hareidlandet hadde det budd folk i uminnelege tider. Når ein ser området, forstår ein kvifor. Fine flater heilt inn til fjellfoten. Bygda var sentral. Ulstein var kyrkjestad for eit større område med småøyane ikring, truleg heilt tilbake til 17
den tidlege mellomalderen. På 1870-talet vart kyrkja tatt ned på Ulsteinstranda og sett opp igjen i Vik, planke for planke, stein for stein. Spora etter folk er tydelege på Ulstein. Langs strendene går det nærast eit belte av gravrøyser. Eit par stader er det også reist bauta steinar, så store at det kan verke uforklarleg korleis dei er komne dit. I bakken låg alle dei små minna om dei tidlege generasjonane. Fleire gonger da Ragnar var ute og hjelpte far sin med å bryte jord, fann han spydspissar og delar av ulike andre reiskapar frå hine tider. Å halde det i handa og tenke på at dette hadde nokon stått og kjempa med på same staden for kanskje meir enn tusen år sidan, var svimlande. Som den skikkelege karen Ragnar var, leverte han alt han fann, til Bergens Museum. Namnet Ulstein fortel i seg sjølv om gammalt opphav. Første del kjem av den norrøne guden Ull, ein kløppar i idrett og fosterson til Tor. Og «stein» er det nok av i området. Slektsrøtene gjekk djupt i Ulstein-jorda. Ragnar var nummer fem i ein søskenflokk på åtte i Ulstein-garden, eitt av mange småbruk langs den vestvende stranda. Gardane var delte og oppdelte og utskilde frå kvarandre gjennom generasjonar. Med dei følgde eit virvar av teigar som det først langt ut på 1800-talet vart rydda opp i. Det hadde vore i Ulstein som så mange stader, ikkje minst på NordVestlandet: eit lappeteppe av eigarskap, som Aasmund Olavsson Vinje ironiserte over i sine Ferdaminne i 1860: … for der er det tidt med Aaker og Eng, som den Eine skulde eiga dei raude, den Andre dei blaae, den Tredje dei kvite og den Fjorde dei svarte Rendarne i ein raandutte Vev elder eit annat slikt Stykke Ty. Og so er der Skigardar og Ledgrinder millom kver Stripe. Det er inkje Under, der kann verda Jorddyrkning af ! Og so all den daglege Trætte og Banning og Øydelegging af Skogen til Gjærdi! 18
Om ikkje bruka vart større, vart dei i alle fall meir oversiktlege da det vart slutt på teigblandinga. Far til Ragnar, Johannes Ulstein, var eldst i søskenflokken sin og overtok garden etter sin far Johan. Denne Johan heitte opphavleg Osnes, men tok – som skikken var – namnet til garden da han flytta dit og gifta seg med dottera i huset, Ragnars bestemor Henrikke. Dei var sett på som føregangsfolk. Johannes og den yngre broren Rasmus kvitta seg med skulemålet, som var dansk, og lærte seg å skrive god nynorsk. Dei var med på å skaffe fleirtal for nynorsk i kyrkja. Ragnar fann det første forbildet sitt i generasjonen til foreldra: onkelen Rasmus, som Ragnar vart oppkalla etter, men aldri trefte. Brørne var svært aktive i ungdomsarbeidet i bygda i åra før unionsoppløysinga. Den kristne foreininga Ynglingen var prega av tidsånda med nasjonal reising, vekst og utvikling og stor tru på framtida. Rasmus Ulstein var knappe 20 år da han innleia til diskusjon i Ynglingen om å bygge landet og reise skog. Han åtvara mot å la det bli med feite ord i festtalen. Ragnar har tatt vare på manuskriptet etter Rasmus, skrive på nynorsk: Her er mykje å gjera, her er store uoppdyrka sletter. Lat me tenkja at for kvar stein me bryt opp, for kvar veite me tek, for kvar åker me bryt opp, for kvart lass mold me køyrer, alt som vert gjort for å skaffe meir korn og høy, og for kvart nytt fiskefelt me oppdagar, så bygg me landet. Kom lat oss planta skog og byggja landet! Dermed ville me etterlata oss ein stor arv. Ein god son tek ikkje berre arv etter fedrene, og fedrene hev gjeve oss mykje, og mange gode nyt me som frukt av deira strev og strid, og det er rett å prisa verket deira i song og tale. Men mykje meir rett og mykje meir heider får me om me som gode søner også betalar deira gjeld, opprettar kva dei hev forsømt – så alt det merkast i meir enn i ordi … 19
Dette var «ordi» til ein ungdom som aldri fekk anna enn folkeskule. Ragnar kjente seg i slekt med onkelen på meir enn éin måte. Eit ideal som ville tøye grensene, i positiv forstand. Å gjenreise skogen og dyrke jorda var ei nasjonal sak i tida rundt unionsoppløysinga. Rasmus sitt brennande engasjementet for skogreising smitta over på Ragnar. Han har sagt det sjølv, Ragnar, at han tidvis vart monoman i dette med å plante skog, få skogane tilbake innover fjella. Plante, plante, plante. Rasmus reiste ut. I åra rundt første verdskrigen fiska han på Island, Grønland og i Nord-Amerika og tente gode pengar. Han var musikalsk og kjøpte orgel til heimen. Han hadde betalt billetten heim til Noreg da han vart spurd om han kunne hoppe inn som bas på ein annan båt og ta ein siste ekstra tur. Han sa ja, vart med ut, møtte uvêr – og gjekk ned med båten. Det var eit tungt slag i Ulstein-garden, og spesielt for Ragnars bestemor Henrikke. At Rasmus aldri kom heim, var ei sorg for henne heile livet. Det hadde gått mange liv på sjøen i familien. Henrikkes mor vart enke to gonger etter forlis. Ein son gjekk ned med den siste mannen. Men dette med Rasmus vart ekstra tungt for Henrikke. Ho hadde elles eit lett og lyst lynne og budde på garden til sin siste dag. Ho var ei bestemor av det slaget som var opptatt av kvart enkelt barnebarn. Og det var ein haug av dei. Åtte i huset til Johannes og åtte til på andre sida av tunet, der søstera til Johannes budde. Henrikke var samlingspunktet og gjorde barna i dei to familiane til ein einaste stor søskenflokk. I kårenden av huset hadde ho kjøkken, stove og soverom. Henrikke var positiv og glad, men ikkje redd for å vise gråten. Når familien åt middag, kom ho på sine eldste dagar gjerne inn og sette seg på ein stol ved døra. Der sat ho med si lyse, sprokne stemme og snakka som i gråt. Om Rasmus for det meste. 20