Prompebroren

Page 1



PROMPEBROREN Av Bente Bratlund Illustrert av Odd Henning Skyllingstad

Samlaget oslo 2016

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 5

04.12.2015 15.46


prompebroren-innmat-9788252188646.indd 6

04.12.2015 15.46


1 «Broren min prompar.» Orda berre sprett ut av munnen min. Brått ser alle på meg. Alltid seier eg ting utan å tenkje meg om. Vi står ute på skuleplassen. Nesten alle i klassen står saman. Eg er ny på skulen. Eg har berre gått her litt over ei veke.

7

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 7

04.12.2015 15.46


8

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 8

04.12.2015 15.46


Pål rynkar panna. «Alle prompar», seier han. «Bror min prompar utan å vilje det», seier eg. Eg stirer han rett inn i auga. «Kan han ikkje styre det?» spør Ida. Ho og Ella står som vanleg arm i arm. «Nei, det kan skje kor som helst», seier eg. «Til dømes i går.» Alle kjem nærare for å høyre. «Fortel», seier Ida. Ho ser ivrig på meg. «Ja, fortel», seier Ella.

9

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 9

04.12.2015 15.46


«Bror min venta på bussen», seier eg. «Han stod fremst i køen. Bak han stod ei fin dame. Bak henne stod ein mann i dress. Bakarst i køen stod ein gammal mann.»

10

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 10

04.12.2015 15.46


Eg merkar at alle følgjer med. Dei står heilt stille og ser på meg. «Så kom bussen», seier eg. «Bussen stogga, og bussdøra gjekk opp. Bror min skulle gå på. Så skjedde det. Prompen kom som frå ein kanon. Det braka og buldra. Det var som torevêr. Den fine dama rygga bakover. Ho fall rett i armane til mannen i dress.

11

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 11

04.12.2015 15.46


Men han sleppte henne, for han måtte halde seg for nasen. Akkurat da kom ein ny promp. Ein skikkeleg saftig ein.»

«Wooow.» Ida står med open munn. «Kva gjorde den gamle mannen», spør Ella. «Å, han tok det roleg. Gamle folk har opplevd så mykje. Det er betre plass ute i den vide verda enn inne i den tronge ræva», sa han. Alle ler. Eg ler, eg også. Eg er utruleg nøgd med at eg fann på dette.

12

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 12

04.12.2015 15.46


13

prompebroren-innmat-9788252188646.indd 13

04.12.2015 15.46


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.