Page 1


Ingunn Røyset og Annlaug Auestad

Prins Storm

Samlaget Oslo 2012


– Prinsen min, seier mamma og stryk Storm over håret. Storm ser seg i spegelen. Han har fint hår. Og stort. – Håret ditt står rett opp, seier storesøster. – Og så har du ei antenne. – Kva planet kjem du frå eigentleg?


Storm suser mot storesøster med håret først. Ho har ikkje peiling. Marsbuarar har antenner på hovudet. – Der er du, seier pappa. Han står med hårbørsten i handa. – Inn i badekaret med deg, din røvar. – Vi må få røska litt opp i flokane dine. – Hjelp! Mamma! Storm roper. Han vil ikkje gå planken. Men mamma høyrer ikkje. Ho dekker bordet med gullkoppane. Ho ser ikkje heller. Storm kaprar kakespaden. Pappa løfter Storm og baksar han inn på badet. Det skvulpar langs skutesida der inne.


Så kjem dunket. Sjørøvaren har hoppa i havet. Storm kjem plaskande inn i stova med kakespaden mellom tennene. Der sit farmor. – Vesle kavaler, kaklar ho. – Kom, skal eg kjemme sideskil. Du vil vel vere galant, no når du får besøk. – Slik som eg, seier ho og kneisar med fjørhatten.


Storm vil ikkje vere kavaler. Han stormar sofaen og erobrar hårpryden til farmor i farten. Med hatten på snei balanserer han på sofaryggen. Den modige musketeren svingar på sabelen. – Jaså, så draken er her alt. Det er bestefar som trampar inn i stova. Farmor berre blæs i naseborene. Bestefar set seg så langt bort frå henne han kan kome. – Skal de ikkje få svidd av sveisen på gutungen snart, brummar bestefar bak avisa.


Riddaren kjenner at svovelen ligg tjukk i stova. Han hevar sverdet og stuper frå sofaen og over i godstolen.

Krasj, seier det då Storm landar på avisa. – Din vesle apekatt, skrattar bestefar.

Storm kjenner eit brøl i brystet. Han skal vise dei.


Prins Storm  

Sjarmerande biletbok

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you