Skip to main content

Passe happy

Page 1

2


3


Bøker av Kari Stai på Samlaget Jakob og Neikob, 2008 Blodrik og Blodfabrikken, 2010 Jakob og Neikob – Tjuven slår tilbake, 2012 Jakob og Neikob og det tomme rommet, 2014 Jakob og Neikob – Naboen, 2016 Tankespinn, 2017 Jakob og Neikob og Alle Andre, 2018 Jakob og Neikob – Stormen, 2019


K A R I STA I

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Illustrasjonar: Kari Stai Design: Torill Stranger Skrift: Lava Papir: 100 g Munken Premium Cream Trykkeri: ScandBook, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0259-5

<logo> Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


1 Frå pulten sin ser Juri bort på Sofi. Håret hennar er langt og mørkt. Sola kastar glitterstriper i det.

6


Av og til hektar ho håret fast bak øyret med den tynne fingeren sin. Da ser han auga hennar og munnen. Når han ser ho slik, tar det til å svimle inni han. Juri pressar linjalen inn i den harde leirklumpen. Det blir eit djupt hakk midt på. – Bruk vatn, seier Evy. – Da blir leira mjukare. Juri tømmer det lunka vatnet oppi hakket og trykker det inn i leira. Klumpen byrjar å forandre seg. Kva er det som skjer? Hendene styrer nesten seg sjølv, klumpen er ikkje lenger berre ein klump. Han tar form, han blir til noko. Klumpen blir til eit hjarte.

7


Så skjønner Juri det. Han såg jo nettopp på ho. På Sofi. Juri lukkar auga og lèt som leirklumpen hans er Sofi. Han stryk på han så mjukt han kan. I hovudet kan han lage bilde av seg og Sofi, i lag. Evy dultar han i sida. – Hallo! Søv du, eller? – Evy, kviskrar Juri. – Trur du Sofi blir glad om eg gir ho dette hjartet? – Er du forelska, eller? svarer Evy. Det er nettopp det han ikkje veit. Sofi er så pen at han ikkje klarer å konsentrere seg. Dei har hatt blikkontakt fleire gonger. Når ein blir så opptatt av nokon, må ein kanskje gjere noko? Juri veit berre ikkje kva.

8


Brått vrir Sofi på hovudet. Auga hennar festar seg til hans som to kraftige magnetar. Det er akkurat som dei er i eit eige rom plutseleg, berre dei to. Juri blir varm i heile kroppen. Sofi reiser seg og set fram peikefingeren sin – rett mot leirhjartet hans. Ho liker det visst. – Sjå kva Juri har laga! Skal han berre gi ho hjartet med det same? Berre han ikkje mistar pusten. Eller hovudet, eller hendene for den skyld. Ein kjend låt dukkar opp i hovudet. «I wanna give you my heart» … – Juri har laga ei rumpe! Ein latter bryt ut i rommet. Han spreier seg som eit hissig virus.

9


Kva meiner ho? – Det er du som er ei rumpe, Sofi! seier Evy kvast. Læraren kremtar og løftar ein leirfigur i vêret frå bakarste pult. – Her har du fått til noko fint, Hugo! seier han, overdrive høgt. – Du har tydelegvis jobba med leire før du, i New York? Latteren stilnar. Blikka flyttar seg over på den nye guten. Sofi legg hovudet på skakke. – Ååå, så flink du er, Hugo! Korleis har du klart det? seier ho med søt stemme. – Nei, eg berre klemte litt her og trykte litt der, svarer han og smiler. Han verkar både sjenert og sjølvsikker på ein gong.

10


2 Juri og Evy går i lag heim som dei bruker. – Korleis veit ein om ein er forelska? spør Juri. Evy heiser på skuldrene. Dei har ikkje snakka noko særleg om forelsking før. – I oktober får eg …, seier Evy. – Og viss ein er forelska, må ein da prøve å bli kjærast? avbryt Juri. – Kva skal ein eigentleg gjere med ein kjærast? Juri hektar seg på armen hennar, genseren er mjuk og varm. – Eg er veldig spent, seier Evy. – På om eg er forelska? – Nei! Dust, det var ikkje det, seier Evy. Sjølv om Evy smiler, verkar ho plutseleg sur.

11


Juri tar fram tyggis. – Her, berre ta, det er med lakris. Den nye guten set seg inn i ein sølvgrå bil. Han vinkar til dei. Evy og Juri vinkar tilbake. – Han Hugo verkar grei, seier Evy. – Ja, svarer Juri.

12


– Men Sofi er kjip, skjønner du ikkje det? Eg hadde pelma leirklumpen i hovudet på ho! – Ho prøvde nok berre å få kontakt, seier Juri. – Det var sikkert flørting. Evy ser på Juri med store auge. – Du er dust, da! – Takk …, svarer Juri. Dei står ei stund utanfor huset til Evy. Evy er lett å vere saman med. Verda snurrar ikkje så fort rundt når ein er saman med ho. – Ha det, seier Juri. Han blir usikker på om han skal klemme ho. – Ha det, dusting, svarer ho med tøysestemme. – Det eg skulle seie i stad, var at eg får søsken til hausten. – Å! seier Juri. Han veit ikkje heilt kva han skal seie.

13


Det er noko som stikk i magen. Han tenker på faren som flytta ut for snart fire månader sidan. Han tenker på Sofi som gjer han svimmel. Og så dette. Evy som skal bli storesøster. Korfor skal ho det? Ho er jo som ei slags søster for han. Han er som ein bror for ho. Korfor må ho ha nokon andre? Må han dele på ho no? Korfor må alt bli så annleis heile tida? Korfor kan ikkje alt vere som før? – Alle gler seg så veldig, seier Evy. – Gjer ikkje du det? spør Juri. – Veit ikkje heilt. Men du, vi går i lag til treninga, seier Evy i det ho forsvinn inn døra. Juri hadde heilt gløymt treninga. Han blir sur.

14


Han liker ikkje fotball, han har aldri blitt noko god. I friminutta blir han ofte vald sist. Men snart skal han få slutte på treninga. Mora har sagt han må vere med på nokre treningar til først, så skal dei ta ein ny prat. Men Juri kjem ikkje til å ombestemme seg. Faren ville sagt det var greitt å slutte med ein gong, men han bestemmer ikkje så mykje lenger. Han bur for langt unna no. Juri har ikkje blitt vand til det enno. Kanskje han aldri kjem til å bli det heller?

15


3 Etter oppvarminga blir dei delte inn i to lag. Juri er på laget med refleksvestar. Dei har med vestane sjølv. Hans er altfor stor. Evy speler på det andre laget. Ho er einaste jenta. – Hit, Hugo, eg er med! gaular ho på veg fram mot mål. Det er første treninga til den nye guten. Han legg inn, han er flink. Han får ballen til å lande akkurat der han bør, slik at Evy skårar. Han spelte sikkert på det beste laget i New York. Slik kontroll vil aldri Juri få på ein kuleforma dings med sprett i. Bra at Sofi ikkje er og ser på.

18


Da ville ho nok forelska seg i Hugo, så flink som han er. – Du kan få refleksvesten min, seier Juri på veg heim. – Å? seier Evy. – Sikker? – Ja, seier Juri. – Eg har fleire heime. Dessutan skal eg slutte. – Er du sur? Juri svarer ikkje. Han er kanskje litt sur? – Du burde vere gladare, seier Evy. – Poenget i livet er jo å vere glad. – Kor happy må ein gå rundt å vere, da? spør Juri. – Kva gjer deg happy, da? spør Evy. – At ting ikkje er … så stress. – Kva er stress no, da? – Alt! – Kva da? Det er vanskeleg å svare på, synest Juri.

19


Evy bruker å forstå. Men no vil ho visst ikkje det. No pressar ho han. – Gløym det, seier Juri. Det er vanskeleg å forklare korfor det er så stress. Det ligg berre eit heilt tonn med stein og pressar på oppå hjernen. Og ei klo grip han kring halsen iblant så han mest mistar pusten. Evy klemmer han fort og mjukt. Evy er ein god venn. Saman har dei nesten eit eige språk. – God natt, Juri, og takk for vesten. – Han er veldig gul. Natta. Juri blir ståande og sjå Evy krympe til ein liten fullmåne. Det er snart april, men folk går framleis rundt i refleksvestar. Han vil ikkje gå omkring som ein gigantisk sitron.

20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Passe happy by Det Norske Samlaget - Issuu