Papelina

Page 1



Samlaget Oslo 2017

M_Papelina.indd 1

18/08/17 16:32


M_Papelina.indd 2

18/08/17 16:32


«Ikkje så fort!» roper Papelina andpustent. «Vent på meg!» Ho hastar etter Vesle-Papo, broren er rask til å vere så liten. Då ho endeleg tar han igjen, er dei framme ved elva. «Kom, no snur vi», seier ho. «Kvifor det?» spør Vesle-Papo. «Fordi vi ikkje har lov til å fly lenger enn hit.» «Kvifor ikkje?» «Fordi mamma og pappa har sagt det», seier Papelina. «Og no kjente eg ein regndrope. Kom, vi flyr heim.»

M_Papelina.indd 3

18/08/17 16:32


Det regnar, men Papa Gøye sit likevel utanfor huset og hermer etter dyra på bakken. Som vanleg. «Æsj, eg er våt», høyrer Papelina ein tiger brumme. «Æsj, eg er våååt som ein velta båååt!» roper Papa Gøye tilbake. Så ler han så fjørene ristar. Vesle-Papo ler òg. Papelina skjøner ikkje at han kan synast faren er morosam. Sjølv blir ho berre flau. «Klapp att!» roper tigeren grettent.

fnaaatt!

«Klapp aaaatt før eg får » hermer Papa Gøye. Papelina skundar seg mot døra og håper tigeren ikkje får auge på henne. «Når skal du bli vaksen, pappa?» spør ho på veg inn. «Når skal du, kjære dotter, skjøne at livet er ein karamell?» seier Papa Gøye. «Ein festkaramell! Med smell!»

Papelina lukkar døra hardt igjen etter seg.

M_Papelina.indd 4

18/08/17 16:32


M_Papelina.indd 5

18/08/17 16:32


Mens dei sit og et frøbrødskiver, bankar nokon på vindauget. Utanfor står ein klissvåt fugl. «Post», seier han surt. Papa Gøye hoppar opp av stolen. «Ring

med gongongen, kanskje det

er brev frå kongen!» jublar han. Papelina sluttar å tygge. Ho seier ingenting, men kjenner sommarfuglar i magen. Kan det vere det ho ønsker seg mest av alt? Postfuglen slepper brevet ned på bordet, og Mama Gøye tar forsiktig ut arket frå den våte konvolutten. «Kva står det, mamma?» spør Papelina så roleg ho klarer.

M_Papelina.indd 6

18/08/17 16:32


Mora brettar arket saman igjen og ser på Papa Gøye. «Ingenting spennande», seier ho.

«Å», seier Papelina skuffa, sjølv om ho veit ho ikkje burde vere det. Det er ikkje kven som helst som får invitasjon til karnevalet på slottet. «Kanskje du kan ta Vesle-Papo med deg ut igjen etter maten?» spør Mama Gøye. «I regnet?» spør Papelina. Mora veit godt at ho hatar å bli våt. «Ja, kjempelurt, så slepp de å dusje seinare!» seier Papa Gøye.

M_Papelina.indd 7

18/08/17 16:33


Dei held seg i ly under dei store palmeblada. DerfrĂĽ kan dei sjĂĽ utover heile jungelen.

M_Papelina.indd 8

18/08/17 16:33


Plutseleg brakar det og eit kort blaff av lys fargar dei mørkegrå skyene oransje. Vesle-Papo skvett slik at han dett ned frå greina. «Var det lynet?» spør han og stiller seg tett inntil Papelina. «Eg veit ikkje», svarer ho lågt.

Sjølv om det regnar, ser det ut som det kjem røyk opp frå det grøne på andre sida av elva. «Skal vi fly bort og sjå kva det er?» spør Vesle-Papo. «Nei», seier Papelina. «Vi går inn.»

M_Papelina.indd 9

18/08/17 16:33


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.