Overleve 1. Vulkanen vaknar

Page 1





Tor Arve Røssland

Illustrert av Nikolai Lockertsen

Roman

Samlaget Oslo 2022


© Det Norske Samlaget 2022 www.samlaget.no Seriedesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon: Nikolai Lockertsen Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 12,5/16,1 pkt. Adobe Garamond Papir: Munken Premium Cream 100 g Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0393-6

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Om nokre få år er ikkje verda til å kjenne igjen. Havet har stige. Byar og land har forsvunne under overflata. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå maskingevær. Gamle unionar har smuldra vekk. To mektige nasjonar kjempar om makta. Den Kinesiske Staten og Alliansen. Dei våger ikkje å gå til krig mot kvarandre. Kampen om å verne miljøet har vore viktigare. Men har menneska gått for langt i å leike gud? Ein ny trussel er i ferd med å reise seg. Frå ruinane har det amerikanske kontinentet vakna til liv. Nord- og Sør-Amerika har vore prega av krig, fattigdom og epidemiar. No har dei slått seg saman til eitt rike: Americas. Ein gigantisk nasjon der Mexico City er hovudstad. Byen som ingen hav kan sluke.

5


Alle land er ute etter det same. Makt. Og mat. For verda er i ferd med å svelte i hel. Jorda har i tillegg begynt på ei ny tidsrekning. Vi er ikkje lenger mellom to istider. Vi er i starten av ei ny.


Dag 1

Jamal – Eg hatar å fly! seier dama som sit ved sida av meg. Flyet ristar kraftig, ho grip armen min og klemmer til. – Det er sikkert berre turbulens, seier eg, men eg har berre lese om det. Aldri opplevd det på kroppen. Sveitten renn nedover ryggen. Eg klamrar meg til armlena. Vi har akkurat tatt av frå Voss lufthamn, og viss heile turen skal vere slik, kjem eg til å daude. Og plutseleg stuper vi. Rett ned! Eg kikkar forbi dama og ut på motoren som freser i pøsregnet. Det ristar så kraftig at det høyrest ut som flykroppen ramlar frå kvarandre. Dama skvisar armen min og hyler inn i øyra mitt. Eg ser på personalet som sit fremst, begge to tviheld i armlena. Vi daler så bratt at eg føler meg vektlaus i setet. Hadde det ikkje vore for setebeltet, hadde eg svevd opp under taket. 7



Så blir eg plutseleg trykt bakover. Vi daler ikkje lenger, men går oppover. Eg føler meg tung som ein elefant og klarer ikkje røre meg. Endeleg flatar flyet ut, og ristinga sluttar. Dama slepper taket, og eg gnir den vonde armen. Eg kikkar fram på personalet igjen. Dei reiser seg og begynner med arbeidsoppgåvene sine. Kapteinen seier at vi har nådd marsjhøgde, og stemma hennar er roleg. – Vi må ligge over Bergen ei stund til vi får løyve til å fly vidare, fortset kapteinen. – Dette er rutine. Eg pustar letta ut, men er det vanleg med så mykje turbulens? – Då er det verste over, pesar dama ved sida av meg og ordnar håret. Eg senkar skuldrene og kjenner at hjarta roar seg. Munnen min er enno knusktørr, så eg klarer ikkje å svare. Ho ser på armen min og smiler. – Det var ikkje meininga å klemme så hardt, seier ho. Det er noko kjent med denne dama. Eg trur eg har sett henne på nettet. Ho er kanskje rundt seksti år gammal. Men det er veldig vanskeleg å vite akkurat kor gamle folk er. Ho kan ha tatt mange operasjonar for å sjå yngre ut. Eg finn fram drikkeflaska og tar ein stor slurk. 9


Mannen som sit framføre oss, gløttar over setet. – Er alt bra her bak? seier han på engelsk. Ho nikkar og smiler til han. – Alt går fint, Becker, slapp av. Becker sig ned i setet igjen. – Beklagar, seier ho til meg. – Eg er ikkje glad i å fly. Det er sikkert ikkje du heller? – Eg aner ikkje, svarer eg. – Eg har aldri floge før. Ho smiler og ser seg rundt i kabinen. – Reiser du saman med nokon? Eg peiker på eit armband eg har rundt handleddet. «Eg reiser åleine», står det. Ho nikkar. – Ja, noko slikt har eg ikkje sett på lenge. Kva i all verda skal du i Canada? – Eg skal vere med pappa på tokt i Nord-Atlanteren. Han er overstyrmann på eit heilt nytt forskingsskip. Og vi skal leite etter fisk. – Er du ikkje litt ung til det? spør ho. – Burde du ikkje gå på skulen? – Eg er tretten, seier eg og prøver å ikkje høyrast irritert ut. – Og eg veit meir om havforsking enn pappa. Og eg har fått permisjon frå skulen dei siste vekene før sommarferien. Ho ler og presenterer seg. – Kari Volle. – Jamal Farid, seier eg. 10


Det er noko kjent med namnet hennar òg, eg er ganske sikker på at ho har vore politikar. – Eg har lese om toktet du skal på, seier ho. – Det er eit viktig oppdrag. Dersom de ikkje finn ut kor fisken har tatt vegen, kjem mange menneske til å døy av svolt. Eg nikkar og svelgjer tungt. – Eg veit det. – Men eg kan sjå du ikkje er norsk. Kor kjem du frå? «Bergen», har eg lyst å seie. Men eg feigar ut og svarer: – Pappa er frå Egypt, men eg har budd heile livet i Noreg. – Det var det eg tenkte, seier ho og leiter etter noko i veska si. – Kva skal du i Canada, då? spør eg, og synest sjølv eg høyrest høfleg ut. Ho tar på seg leppestift. – Eg kan ikkje seie så mykje om det. Ho ser bort på meg. – Eg er ein slags diplomat, og eg skal prøve å få Canada og amerikanarane til å snakke saman. Ein slags diplomat. Kva betyr det? Anten er du diplomat, eller så er du det ikkje. Kanskje ho trur eg er for ung til forstå. – Er Canada redde for invasjon? spør eg. – Du er ganske nysgjerrig. Men sidan du høyrest ut 11


til å vere oppdatert, så er svaret ja. Canada er redde for invasjon. Americas manglar berre Canada og Grønland, så er Nord- og Sør-Amerika under eitt flagg. – Skal du vidare til Mexico City? seier eg fort og lågt. Ho ser på meg igjen, men svarer ikkje. Ho drar fram databrettet sitt og verkar plutseleg veldig avvisande. Ei flyvertinne dukkar opp ved sida av meg. – Har du lyst å byte til eit sete ved vindauga? Eg nikkar og seier «ha det» til Kari Volle. Ho ser ned på databrettet sitt. Ho bryr seg ikkje. Eg flyttar litt lenger bak i flyet og får eit dobbeltsete for meg sjølv. – Du skal få sleppe å sitje ved sida av henne, kviskrar flyvertinna til meg og blunkar med eine auga. Det var ein merkeleg ting å seie, så eg blir nysgjerrig. Eg tar fram databrettet frå sekken og søker på «Kari Volle» på satnettet. Og ja, ho var politikar, akkurat som eg trudde. Tidlegare leiar i Nasjonspartiet. Ho er fullstendig blåst i hovudet. Ho har komme med rasistiske utsegner i årevis. Ho har sete i regjeringa i Noreg ei stund, og ho skapte overskrifter då ho sa at «alle utlendingar er fulle av virus». Eg finn eit bilde av henne der ho opnar verdas største norske oljeinstallasjon utanfor Svalbard. Ein annan artikkel skriv at ho blei fengsla for å drive med fiskeoppdrett, men slapp 12


unna ei lang fengselsstraff fordi ho var ven med ein mektig dommar. Eg ser bort på henne. Ho ser ikkje opp. Berre stirer på skjermen sin. Ho har verkeleg gjort mykje tvilsamt i livet sitt, men det er vanskeleg å finne ut kva Kari Volle eigentleg jobbar med no. Eg ser framover i kabinen. Flyet har litt over tretti sete, men vi er berre tolv passasjerar om bord. Vanlege folk får berre lov å reise éin gong i året til utlandet, og alltid med tog eller skip. Flyturar er dyre, og billettane er nesten umoglege å få tak i, så dette må vere rikingar, eller folk med viktige jobbar. Vi har fått løyve til å forlate Noreg, og eg snur meg fort mot vindauga og Bergen. Eg ser dei enorme demningane som held havet ute, og som beskyttar bergensbassenget – hamna og fjordane som omgir byen. Eg kan skimte den gamle flyplassen òg. Eg har aldri vore utanfor Bergen før. Turen med lyntoget til Voss er første gongen eg har reist. Det kriblar i heile kroppen berre ved tanken på kva eg kjem til å oppleve. Eg lener meg tilbake i setet og ser ein sesong av ein gammal amerikansk tv-serie. Dei lagar ikkje film og seriar i Americas slik dei gjorde før. I alle fall ikkje slik at vi i Europa får sjå dei. Americas er eit veldig lukka land. Eit diktatur. Det er skummelt å tenkje på at eg skal vere så nær grensa deira. Eg ser på klokka. Vi skal 13


lande i Nova Scotia om ikkje lenge, og Nova Scotia ligg i Canada. Tenk om Americas invaderer akkurat i dag? Eg har lese om mange krigar som starta i den augeblinken diplomatane feila. Det kan godt hende Kari Volle feilar og amerikanarane står klare til krig. Eg grøssar og prøver å tenkje på noko anna. Det blanke Atlanterhavet ligg under meg. Sola skin, og eg ser kvite bølgetoppar langt der nede. Eg gler meg til å vere på havet. Dette blir noko heilt anna enn å putre rundt i bergensbassenget i småbåten vår.


Eira Eg hatar Embret. – Kva sa du? seier eg til han. Han svelgjer nervøst og legg frå seg bestikket. – Vi skal ut på tokt, seier han. – Du skal vere med, og vi legg frå kai i kveld. Eg ser på alle dei fine folka på denne snobbete restauranten som Embret har tatt meg med til. Han har sikkert tenkt at eg ikkje tør å lage oppstyr her. – Så du har lurt meg? seier eg altfor høgt. – Din muterte bøgg! – Ro deg ned, seier han lågt. – Du lokka meg til Canada, spanderte dyre middagar og gav meg masse pengar for å shoppe berre for å finne på noko tull som dette her! Dei andre gjestene på restauranten snur seg forsiktig mot oss, sjølv om dei ikkje skjønar eit ord eg seier. Embret signaliserer til kelneren at han vil ha rekninga. – Er det slik du skal straffe meg! roper eg. Ikkje faen 15


om han skal sleppe unna med dette. Men han svarer ikkje. Han berre reiser seg og seier «sorry» til dei på det næraste bordet. Dei svarer ikkje. Han betaler mens eg kjeftar og freser. Han grip handa mi, men eg røskar henne laus. – Drosjen ventar utanfor, seier han. – Kom når du er klar. Eg står igjen midt på golvet mens hundrevis av store augo stirer på meg. Sjefskelneren kjem bort til meg og følger meg høfleg ut. Eg går inn i drosjen og ser ut på gata. Embret har øydelagt heile sommaren min. Det er ingenting eg kan gjere med det. Bortsett frå å gjere livet surt for han. Det skal eg gjere skikkeleg. Han skal få angre kvart sekund vi er saman. Vi køyrer ikkje til hotellet, men rett til hamna. – Eg treng bagasjen min, seier eg. – Han ligg baki, seier han utan å sjå på meg. – Eg har pakka. Fordømte virussatan. Har han fikla med tinga mine? Sjåføren parkerer på kaien, og eg må bere koffertane mine sjølv. Bluenose. For eit teit namn på ein båt. Embret viser meg inn på rommet mitt. Etter eg har bore koffertane opp tusenvis av trappetrinn. Eg hatar dette skipet og alle om bord. Og her må 16


eg vere i over tre månader. Dette er rett og slett utruleg deprimerande å tenkje på. Eg kan like gjerne kaste meg over bord. Eg oppdagar ein diger skjerm på veggen og slår han fort på. Men berre mediebiblioteket er ope. Nettet er stengt med passord. På hotellet kunne eg i det minste sjå på seriane eg følger med på, sjølv om eg ikkje hadde tilgang til sosiale medium. Det bankar på døra, og Embret stikk hovudet inn. – Går det bra med deg, Eira? seier han med den mjukaste og mest irriterande stemma han har. – Er det berre skjerm her? seier eg og peiker på skjermen. – Ingen hologramprojektor? Embret ristar på hovudet. – Kan du i det minste gi meg passordet til satnettet? Han ristar på hovudet igjen. Då kan han berre drite i at eg er grei med han. Eg legg meg ned i senga og snur ryggen til. – Stikk av, Embret. Han sukkar. – Du veit at du har deg sjølv å takke for dette. Det du gjorde, var utilgiveleg. Vi har oppdratt deg betre enn dette. Kva meiner han med det? Han er aldri heime. Han er borte i månadsvis, der han skvulpar rundt på Nordpolen, eller kor i all verda han er. Mens eg er heime i 17


huset hans i Bergen saman med farmor. Eg koker innvendig, men han skal ikkje få gleda av å sjå meg sint. Han får meg ikkje til å eksplodere slik som på restauranten. Det er ikkje noko poeng når eg ikkje har publikum som gjer han flau. – Jamal kjem snart om bord, seier Embret på ein måte som får det til å høyrast ut som dette er noko eg har gledd meg til. – Blir ikkje det kjekt? Kanskje han kan vise deg rundt? Han veit meir om dette skipet enn meg, sjølv om han aldri har vore om bord. – Drit i Jamal! roper eg. Den handikappa båtflyktningen er full av virus likevel. – Kan du ikkje berre gå, Embret. – Du kjem nok på betre tankar når du blir svolten, seier han irritert. – Og slutt å kalle meg for Embret, eg er far din, for pokker! Han lukkar døra så hardt han klarer. – Og ikkje kom inn igjen, seier eg lågt for meg sjølv. Eg skal ligge her til kapteinen set meg på eit fly heim til Noreg. Eg gir blaffen i kva det kjem til å koste. Eg kan bu hos mamma, sjølv om eg må sove på sofaen i den duftlysstinkande stova hennar, og sjølv om eg må henge med den irriterande typen hennar, Hallvard. Eg skal til og med tolerere å bu med farmor, sjølv om det 18


var tydeleg at ho òg har pusha på for å få seg sommarferie. Eg overhøyrde ein samtale mellom farmor og Embret der ho sa at «det var snart nok no». Og at «ho kunne ikkje vere mor for jentungen, heller». Jentungen! Eg er tretten år og absolutt ingen jentunge. Gammal nok til å bli utvist frå skulen, i alle fall. Utvisinga er uansett berre bullshit. Eg kan ikkje for at lærarane ikkje har sans for humor. Eg vrir meg rundt i senga. Madrassen er altfor hard. Det einaste som manglar, er at eg må dele soverom. Eg får plutseleg lyst til å sjekke mobilen, men den er beslaglagd. Bevismateriale, sa Embret. Politiet tok han. Databrettet òg. Aner ikkje når eg får dei tilbake. Eg set meg i stolen ved det vesle skrivebordet. Kikkar opp på dei tomme bokhyllene. Rommet er som ei lita celle. Som i eit fengsel. Eg skjønar ikkje kvifor politiet måtte involverast. Det var ikkje så alvorleg det eg gjorde. Betty og Jeanette hadde ikkje fått beslaglagt nokon ting. Berre eg. Var det Betty og Jeanette som sladra til politiet? Var det dei som fekk meg i trøbbel? Nei, det kunne det ikkje vere. Sjølv om dei kanskje hadde drepe meg om dei visste at eg reiser utanlands endå ein gong i år, i tillegg til Berlin-turen eg hadde i februar. Men eg trur dei faktisk hadde vore misunnelege på ein fin måte. 19


Dei er lojale og held kjeften. Eg hatar at eg ikkje kan kontakte dei. Blir sprø av det. Eg legg meg ned i senga igjen og prøver å sove. Eg håpar det ikkje blir noko særleg bølger utpå havet. Då spyr eg. Det bankar på døra mi igjen, og eg kjenner at eg nesten koker over. Kan han ikkje berre halde seg unna.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.