Skip to main content

Orkanen

Page 1

ODDGEIR

BRUASET

Første nyttårsdag 1992. Menneska som vart ramma, og korleis det gjekk med dei

25

ÅR ETTER

Foto: Tor Sivertstøl

Samlaget Oslo


INNHALD

Føreord.............................................................................................................. 8

Kari Warholm, Ulsteinvik:

Nyttårsorkanen 1992. Verst av alle uvêr............................................13

«Styrken min er at eg vågar å fortelje kor svak eg er.».................179

Godt, nytt år ….............................................................................................19

Sande i Botnane: «Noko slikt vil vi aldri meir få oppleve»...........183

Katastrofedagen...........................................................................................23

Helle og Christine på Haramsøya:

Ouverture: nyttårsnatt i matbua...........................................................23

Dei som blir fødde under ein orkan, blir sterke................................189

På alle fire i nattskjorta..........................................................................24

Lade på Rovde: Orkanoffer for tredje gong.......................................195

Gjennom Ulvesundet på rein intuisjon.................................................26

Kitty Sandanger, Gjerdsvika: Skuterattet.........................................201

«Vi har ikkje fleire å misse!»...................................................................28

Jan Hjelset, Bremsnes: Fangar på grunnstøytt skute...................207

Fødsel i skinet frå ein juledekorasjon..................................................37

Riise, Gjerdsvika: Orgelet fauk, men juletreet stod........................213

Båten søkk under føtene hans...............................................................54

John Arne Selnak, Molde: Trygg på havet – redd på land............217

Helikopteret snur......................................................................................66

Thorleif Bakken, Verdal: Det kan komme noko godt av ein orkan...221

Ein mann driv i land..................................................................................81

Sandblåst, Farstad: Ein stormfull start på livet som bonde........225

Fjøset på dørhella....................................................................................95

Kristian Ludvigsen, Kvisvik: Tøffing utan nasetipp.........................231

Sea King og Super Puma i aksjon.........................................................99

Ørsjødal Nilsen, Storfosna: To av dei hardast råka........................235

Heimedåp..................................................................................................104

Turid og Ståle Sagmo, Skage i Namdalen: Du heng godt der!.....241

Toget blæs vekk......................................................................................107

Tre lagnader.................................................................................................247

Julegrana i Herøy...................................................................................113

Familien Urnes Sæther, Flora: Kampen for ei betre framtid........249

Epilog: Ein mann i snøen.......................................................................120

Laila Vik Myrvold, Tomrefjord:

Samfunn i krise...........................................................................................125

«Eg har lært å skilje det viktige frå det uvesentlege»..................257

Mørklagd by.............................................................................................125

Peder Vatten, Straumsnes: «Det blir alltid ei råd».........................261

Elektrisiteten – livsnerven som vart broten....................................129

«Et forfærdeligt Guds Vejr».

Eit mildare samfunn. Då hjelpsemda vende tilbake.......................135

Nokre av dei verste storstormane gjennom tidene...................267

Monark i gummistøvlar.........................................................................139

Galnemåndagen......................................................................................268

Orkanoffera. Korleis gjekk det med dei?............................................147

Storm og fiske i Lofoten........................................................................268

Agnes Lillestøl, Nordfjordeid: Tøff, men omsorgsfull ...................149

Gravfølgjet vart borte............................................................................269

Nyheim på Flatraket: Den innvendige skaden.................................157

Titran.........................................................................................................270

Frank Trøger, Balsfjord: Med båra i blodet.......................................161

Dagmar......................................................................................................271

Solgunn Vik Sundal, Rovde: «Orkanen korta livet deira»..............169

Tor med hammaren og Åsgardsreia hans..........................................274

Aslaug Kvellestad, Byrkjelo:

Storstormar og menneskeskapte klimaendringar..........................276

«Men eg reiser ikkje når det er meldt dårleg vêr»..........................175

Namneregister............................................................................................280


Hav i opprør. FOTO: HELGE SUNDE, SCANPIX/SAMFOTO

6


7


FØREORD For 25 år sidan vart landet råka av den største naturkatastrofen vi veit av, målt i materielle verdiar. I løpet av ti–tolv timar gjorde orkanen skade for meir enn to milliardar kroner. Landskapet mellom Sognefjorden og Helgeland likna eit krigsherja område. Meteoro­ logane omtala uvêret som ein tohundreårsorkan, og det skapte den største krisa landet har opplevd i fredstid. Utover vinteren 1992 skreiv eg ei bok om det som hende. Orkandagen vart skildra time for time, gjennom auga til dei som var hardast ute, dei som miste hus og heim, og dei som levde i livsfare. Samstundes retta boka søkjelyset mot den rolla samfunnet spelte under og etter katastrofedagen. Kvifor skulle det no vere behov for ei ny utgåve av boka? Dagen representerte ikkje berre eit årsskifte, men eit tidsskifte. Gjennom dei 25 år som har gått, har ein ny generasjon vakse opp, ein generasjon som kanskje

8

har høyrt om denne vanvettige dagen, men som ønskjer å få vite meir om det som skjedde. Dei som derimot hugsar godt det som hende, har gjerne behov for å få vite korleis det gjekk med dei som var hardast råka, korleis slike traume påverkar menneske­sinnet. Boka prøver å oppfylle begge desse ønska. I hov­ud­­­­­­­ kapittelet i boka frå 1992 blir det fortalt om ­korleis orkanen breidde seg frå sør til nord, minutt for minutt. Dette kapittelet er også med no, om enn noko nedkorta og justert. Lenger ute i denne nye utgåva møter vi att nokre av dei som hadde dei mest ­traumatiske opplevingane, for å høyre korleis det gjekk med dei. Kom dei fort til hektene att, eller var trauma så sterke at dei vart merkte for livet? Ein del av dei det vart fortalt om i den første boka, har gått bort. For å få vite korleis livet etter orkanen arta seg, har eg vendt meg til vener og nære slektningar av dei. Dei fleste orkanoffera er derimot ­oppegåande og


har velvillig fortalt historia si. Men det finst òg nokre som er så prega av det dei var igjennom at dei ikkje maktar å snakke. Det lyt vi respektere. Den første boka var illustrert med bilete som presse­ fotografar, naturfotografar og frilansarar tok medan uvêret stod på som verst. Ein god del av desse bileta er også med i denne boka. I tillegg har vi fått tilgang til private bilete frå mange av dei som vart hardast råka. Vidare har vi henta inn ein god del andre bilete frå orkandagen, og frå seinare orkanar, som også blir omtala. Dei menneska vi har møtt igjen 25 år etter, er

blitt fotograferte på nytt, og mannen bak desse bileta er Tor Sivertstøl. Eg takkar alle som har hjelpt til med denne nye utgåva av Orkanen, både dei som har fortalt historia si, sjølv om eg veit det har kosta, og dei som har late oss få lov til å bruke bileta deira. Så vonar eg at vi ved å møte att orkanoffera 25 år etter har sett naturkatastrofen i eit nytt perspektiv. Ålesund, juli 2016 Oddgeir Bruaset


Eit typisk motiv frå ei midtnorsk grend vinteren 1992. Biletet er frå Bådalen på Averøya, der tre gardstun på rekkje og rad vart sterkt ramponerte. Nyttårsorkanen gjorde skade på 5500 gardstun mellom Sognefjorden i sør og grensa mot Nordland i nord. FOTO: THOR NIELSEN, NTB SCANPIX

10


11


12


NYTTÅRSORKANEN 1992 VERST AV ALLE UVÊR

«Det verste i manns minne», seier vi. Som oftast er ikkje orda anna enn ein talemåte, eit uttrykk for at noko uvanleg har skjedd. Men ein sjeldan gong har omgrepet meining, det uttrykkjer noko som er sant. Orda vart brukte i samband med nyttårsorkanen òg, og då var dei på sin plass. Nyttårsorkanen 1992 var den sterkaste orkanen som har råka det norske fastlandet – i manns minne – og lenger endå. Han var i alle fall den kraftigaste sidan 1867. Det var det året dei meteorologiske målingane tok til her til lands. Og orkanen råka oss hardt. Landet har ikkje vore utsett for ein verre naturkatastrofe, om vi legg materielle øydeleggingar til grunn. Heller ikkje har ein orkan breidd seg over eit større område, så langt vi veit. Men andre uvêr har teke langt fleire liv. Det var ikkje nødvendigvis fordi stormane var så uvanleg sterke, men fordi folket ikkje fekk varsel om det som skulle komme.

I ettertid omtalar meteorologane uvêret nyttårsdagen som ein tohundreårsorkan. Det vil seie at det i gjennomsnitt går eit par hundre år mellom kvar gong landet opplever eit slikt uvêr. Men kva tid det skjer, veit ingen. Det kan gå fem hundre år til neste gong – eller det kan gå eitt. Orkanen oppstod i Nord-Atlanteren, aust for New­ foundland. Eitt døgn seinare trefte senteret norskekysten i området kring Stad. Då var klokka fire om morgonen. Uvêret kom inn frå nordvest, men gjekk meir over på vest etter kvart som han breidde seg innover land, og trengde inn gjennom fjordane, ja, heilt inn i fjellheimen. Ei grein, ein «giftig hale», som det heiter i den meteorologiske terminologien, skilde lag og gjekk med stor kraft mot sør. Heile området frå Hardanger til Helgeland fekk til fulle kjenne på naturkreftene denne dagen. Lengst i sør og lengst i nord bles det sterk storm, men mellom Stad og Vikna

13


i Nord-Trøndelag var stormen i fleire timar oppe i orkans styrke, ja, jamvel langt over orkangrensa. Kor sterkt det bles, er det vanskeleg å fastslå, for i dei hardaste kasta vart målarane sprengde og sette ut av spel. Men ut frå reknemodellar og prognosesystem meiner meteorologane at middelvinden på dei mest utsette stasjonane, Svinøy fyr på sunnmørskysten og Skalmen fyr på nordmørskysten, var oppe i 46 m/s, medan grensa for orkan er 32,6. Og dette er den gjennomsnittlege vindstyrken over ein periode på 10 minutt. I hardaste kasta var farten langt større. På begge fyra vart dei sterkaste stormkasta stipulerte til 62 m/s, eller 223 km/t. Nyttårsorkanen er den einaste på det norske fastlandet som har mint om tropiske orkanar, seier meteorologane. Då uvêret forlét landet i kveldinga og gjekk i oppløysing djupt inne i dei svenske skogane aust for Helgeland, låg området mellom Sognefjorden og den sørlege grensa til Nordland att i ruin. Det likna eit krigsherja område, vart det sagt, og det var ikkje å ta for hardt i. Mellom 50 000 og 60 000 bygningar var skadde, mange av dei jamna med jorda. Rundt 30 000 husstandar fekk skade på hus og eigedom. Tre mil­ lionar kubikkmeter skog vart lagde i bakken. Verdien av skogen, då han stod på rot, var 250 millionar kroner. Mengder av meir enn hundre år gamle furutre låg samanvasa, rotvelter og brotne stomnar om einannan. Ei rad oppdrettsanlegg havarerte, og laksen rømde. Mange kulturminne vart øydelagde, som gamle naust og sjøbuer, vakre museumsbygningar og minnesmerke i staselege parkanlegg. Til dei siste høyrde Konge­bjørka i Molde. Det var oppunder den kongen

14

og kronprisen søkte ly ein av dei siste aprildagane i 1940 medan tyske bombefly la byen i ruin. Journalist Per Bratland eviggjorde scena med dei kongelege under bjørkekrona, og Nordahl Grieg lét seg inspirere til å skrive det monumentale diktet «Kongen». Etter krigen vart bjørka ståande som eit nasjonalsymbol, men nyttårsorkanen sparte heller ikkje den. Det meste av infrastrukturen var sett ut av spel. Tre, stolpar og leidningar fall over vegbanen, steinar vart slengde opp frå strendene, og asfalten vart skrella av vegen i hardaste kasta. Bruer vart stengde, hamner og kaier vart raserte, store og små båtar sokk eller vart kasta på land. Ferjene var sette ut av drift, og flyplassane var stengde. Kraftnettet og telenettet brotna saman av tre som fall over leidningane, og master som vart knekte. Straumen var borte, telefonen var død, maskinane i fabrikkane stod, og bensinpumpene hadde ikkje ein drope å tilby. Bankar og bedrifter, butikkar og kontor var stengde. Når straumen blir borte, sluttar samfunnet å verke. Nokre stader, til dømes i Kristiansund, kom det ikkje lys i lampene og varme i omnane før det var gått fem døgn. Folk frå Sivilforsvaret og Raudekrossen, utstyrte med hjelm og lykt, banka på dørene og tilbaud ved og varm mat. Nokre av dei gamle vart redde og trudde krigen var kommen tilbake. Ein verre krise­ situasjon har ikkje landet opplevd sidan krigsåra. I det halve døgnet nyttårsorkanen gjesta oss, gjorde han skade for meir enn to milliardar kroner. Då var ikkje eigendelane under erstatningsoppgjera rekna med, heller ikkje dei tapa næringslivet lei medan maskinane stod.


Midt i galskapen utspelte det seg også scener som i det minste i ettertid fekk eit komisk skjer over seg, som då eit orkankast tok tak i den parkerte bilen til ein lensmann, løfte han i vêret og sette han ned – på ein stor stein. I ei stove sat eit aldrande par og såg eit uthus fyke forbi. «Var ikkje det uthuset vårt?» spurde kona. «Nei, det hadde feil farge», svara mannen. Etter nokre minutt kom eit nytt uthus fykande. «Det hadde rette fargen», kommenterte mannen. Eller kva skal vi seie om redningsskøyta «Hjalmar Bjørge» som var ute på oppdrag på Raudeberg i Vågsøy? Ho vart treft av den store, gulmåla Bertabuda som kom «veltande nedetter sjøen og trefte baugen så flisene fauk», for å bruke orda til skipper Magne Sætren. «Det var godt vi hadde stålbåt», la han til. «Det er berre stålet som duger når storevêret går på!» Men det aller meste som hende denne meiningslause dagen, var slett ikkje til å le av. Folk låg samankropne i krokar og krær medan tak og loft bles vekk over dei. Nokre kraup mellom husa for å hjelpe dei hjelpetrengjande, samstundes som plater og materialar flagra gjennom lufta. Livredde krøter stod på båsane under open himmel medan regnet rann og stormen slo. Somme var fangar på grunnstøytte skuter, samstundes som brottsjøane slo over, og då ein trålar sokk under beina til einaste mann om bord, la 25-åringen Frank Trøger seg ut i bårehavet og lét seg drive med vind og vêr. Det mest utrulege av alt var at ikkje mange liv gjekk tapt denne dagen. Éin einaste døydde som følgje av orkanen. Han budde åleine i ei hytte innanfor Kristiansund, og truleg fekk han panikk og rømde.

Han vart funnen død ikkje langt frå hytta, og han var lettkledd. Kanskje var det hjartet som svikta. I dagane etter orkanen miste seks menneske livet i arbeidet med å rydde i stormherja skog. Når det ikkje gjekk fleire liv, var tidspunktet avgjerande. Då orkanen trefte land, låg dei aller fleste og sov, og medan det stod på som verst, våga få seg ut. Kva ville ha skjedd om uvêret slo til ein kvardag, på den tida borna var på heimveg frå skulen, og dei vaksne hasta heim frå arbeidet sitt? På den andre sida vart dei materielle skadane truleg større ved at orkanen herja då han gjorde. I timane før uvêret sette inn, var det høgtidskveld i landet, og dei feststemde rundt om i stovene høyrde lite på alvorsorda ein stivpynta meteorolog på fjernsynsskjermen hadde å seie. Folket var ikkje førebudd på overfallet frå vêrgudane. Få hadde tanke for å sikre det som låg laust i tun og hage, og som fort kunne finne vegen til glasrutene. Desse erfaringane gjorde at Meteorologisk institutt innførte ein ny rutine etter nyttårsorkanen: Dei begynte å varsle ekstremvêr. Slike varsel skulle dei sende ut når vêrutsiktene var så dårlege at det kunne vere fare for liv og eigedom. Og det var ikkje berre i samband med storm slike varsel skulle gjevast. Like gjerne kunne det vere når flaum, stormflod eller snøskred truga. Tre år seinare gjekk meteorologane eit steg vidare ved å gje ekstremvêra namn. Somme fekk jentenamn, andre gutenamn, og dei følgde alfabetet. Når siste bokstav var oppbrukt, starta dei på nytt. Tanken bak var at namngjevinga skulle gjere det lettare å skilje dei ulike ekstremvêra frå kvarandre. Sidan denne

15


varslingsforma vart teken i bruk, er i underkant av 60 uvêr rekna innunder kategorien ekstremvêr. Det blir rundt tre i året. Dei fleste er storstormar. Først ut var Agnar, som slo innover Nordmøre og Trøndelag ein oktoberdag i 1995, og den hittil siste er Tor, som i slutten av januar 2016 dundra innover land i området rundt Stad med ein større vindstyrke enn det som nokon gong tidlegare er målt. Heldigvis spakna han raskare enn fleire av forgjengarane. Etter nyttårsorkanen vart søkjelyset også sett på den sivile beredskapen. Katastrofen avslørte at samfunnet ikkje var godt nok budd til å handtere krisa på ein effektiv måte. Vel hadde tidspunktet, nyttårsfeiringa, sitt å seie, og dessutan var omfanget av orkanen så mykje større enn av andre storstormar at det var vanskeleg å førestille seg det som skulle skje. Ikkje dess mindre vart det i tida etter arbeidd mykje med å organisere beredskapen, slik at hjelpeapparatet skulle vere best mogleg rusta neste gong ein naturkatastrofe råka. I tillegg til at kommunane og fylkeskommunane utarbeidde beredskapsplanar, gjorde ulike etatar sitt for å vere betre budde på neste storstorm. Til dømes gjekk elektrisitetsselskapa i gang med å

gjere kraftgatene breiare for å hindre at tre skulle falle ned over leidningsnettet. Og ikkje minst var det viktig å gjere kvar og ein av oss medviten om naturkreftene og få oss til å sikre eigedelar som kunne valde skade. Mange bygningar vart lagde i grus, og ifølgje takstmennene vart skadane ofte større enn dei trong bli. Noko skuldast byggjeskikken, store takutspring og svære balkongar høver dårleg i eit stormfullt landskap. Noko skuldast byggjeteknikken. Bruk kraftigare dimensjonar og meir spikar, sa dei som hadde greie på det. Nye standardar for bygningar i stormutsette strok av landet vart vedtekne, slik at husa skulle tole storstormane betre. Dessutan vart søkjelyset retta mot plasseringa av husa i terrenget. Mange ønskjer utsiktstomt og byggjer heimane oppe i åsane. Men der tek vinden kraftigare enn nede i låglandet. Lær av dei gamle, dei visste kvar dei skulle byggje, lydde oppmodinga. Og noko var det i det. Medan mange nye hus gjekk over ende, vart dei gamle som oftast ståande. Vi har mykje å lære av det som hende uhyggjesdagen 1. januar 1992.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Orkanen by Det Norske Samlaget - Issuu