INGELIN RØSSLAND PÅ SAMLAGET Viss du vil. Ungdomsroman. 1998 Kunsten å inhalera. Ungdomsroman. 2001 Flyt. Ungdomsroman. 2002 Handgranateple. Ungdomsroman. 2006, 2007 Monstertanta. Barnebok. 2007, 2008 Englefjes. Ungdomsroman. 2008, 2010 Englejakt. Ungdomsroman. 2009, 2010 Kunsten å inhalera / Flyt (eittbindsutgåve). 2009 Engleslakt. Ungdomsroman. 2010 Kirsebærsnø. Roman. 2012, 2013
Ingelin Røssland
OMG Roman
Samlaget Oslo 2019
© Det Norske Samlaget 2019 www.samlaget.no Omslag: Trine + Kim Design Studio Førtrykk: Type-it AS, Trondheim 2019 Skrift: Adobe Garamond 13/16 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9745-7
Utgitt i samarbeid med Leser søker bok
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Fredag 13. desember:
Klokka 21.05 Dette var min idé. Alle bak meg berre ventar på at eg skal ringa på hos Hanna. Vi har vore ubedte gjester før, men då har eg berre dilta med. – Kom igjen då, baby, seier Domenic. Han stikk hovudet opp frå gøymestaden ved sida av trappa. – Hysj, gøym deg, svarer eg. Eg kan ikkje la vera å smila, eg elskar at det er meg han kallar baby no. Han er den alle vil ha, men i det siste er det meg han har kalla baby. Regnet piskar meg på ryggen. Eg høyrer fnising frå dei som har gøymt seg bak ei stor gran pynta med lys. 5
Desember skulle lagt kvite koseteppe på bakken, men har berre gitt oss høljeregn og søle på skoa. Eg drar fingeren under eine auget for å tørka bort væte og sminke som renn. – Feigar du ut eller, Maria? spør Elliot. – Aldri, seier eg. Elliot gir meg fingeren, før han igjen dukkar ned ved Domenic. Nisseluvene deira stikk så vidt opp, eg freser at dei må gøyma seg betre. Vi har akkurat komme frå vorspiel hos Elliot, alle er dassblaute av regnet og vil inn i huset til Hanna. Spenninga får pulsen til å dunka heilt ut i fingertuppen som eg pressar mot knappen på ringeklokka. – Hei, Maria, seier Hanna då ho opnar døra. Eg er visst like velkommen som ei som sel toalettpapir til klassetur. – Er det her det er fest? spør eg. – Fest? seier Hanna. – Nei, vi sit berre og ser film. – Ikkje no lenger, seier eg. Eg legg aksla mot døra, snart er eg halvt inne i gangen. – PARTY! roper gjengen bak meg og sprett fram frå gøymestadene. 6
– Nei, nei, nei … Stemma til Hanna er pipete og desperat. Ho er kvit i trynet og prøver å lukka døra. Domenic og Elliot pressar på bak meg. Hanna har like stor sjanse som ei mus mot ein flokk bøflar. Ho slepper taket i døra. Eg stuper framover, men er kjapt på beina igjen. – Elliot er med, med litt flaks får du klint, seier eg til Hanna. – Mamma og pappa … begynner ho. – Dei er på julebord. Har du gløymt at mamma også jobbar på sjukeheimen? – Ver så snill … Hanna ser på meg med bønn i blikket. – Eg er kjempesnill! Sjå, eg har med sprit. Eg drar fram ei flaske frå sekken min. Gangen er liten, og det er mange som vil inn. Eg får ein olboge i ryggen. – Slapp av, freser eg. – Men flytt deg, då, seier Julie. Eg kjenner lukta av parfymen hennar. Ho bruker sjasmin og luktar som ein sommardag. Eg hugsar at eg fekk prøva han ein gong. Vi var på rommet hennar, såg på sminkevideoar. Rota gjennom parfyme og sminke. 7
Prøvde å sminka oss som på videoane. Eg lukta på parfymeflaskene. Julie spraya sjasmin på handledda mine, men på meg stinka han kattepiss. Vi lo så vi skreik av det. Dette var i vår, før Domenic og gjengen. Før alle festar. I vår sat vi inne på fredagskveldane, såg film, sminka oss for ingen og lengta etter alt. Og når vi prata om gutar, syntest vi begge at Domenic var digg. Julie dyttar meg innover gangen. – Eg må jo for helvete ta av meg skoa, seier eg. – Drit i skoa, det regnar som faen, og sminka renn, seier Julie. – Berre regnet hadde vaska bort litt av parfymen din, du luktar som ei hore, seier eg og ler. Eg ler sjølv om eg ser korleis ho støkk til, orda mine slo hardare enn eg hadde tenkt. – Hore kan du vera sjølv, Maria. – Toler du ikkje ein spøk? spør eg. Er det mogleg å vera så hårsår, tenker eg. – Maria, er du forelska i Domenic, eller vil du berre ha han fordi alle andre vil ha han? – Fordi du vil ha han, meiner du vel? 8
– Nei, eg vil ikkje ha han. – Du er jævlig dårleg til å lyga, veit du det? Julie tar etter meg, men eg vrir meg unna. Fuck Julie! Fuck alle dei andre. Eg let skoa vera på. Festen kan begynna. – Du tar deg av Hanna, seier eg til Elliot og dyttar han mot henne. Ho blir raud som nasen til Rudolf reinsdyr og stiller seg med ryggen mot veggen. – Oh-la-la, for ein søt nissegenser du har, kan eg stikka handa innunder? seier Elliot. Han slikkar seg rundt munnen og pressar seg inntil Hanna. Eg røskar tak i Domenic og drar han med inn i stova. Dei seier at kjærleiken er lett, boblande og flagrande, men det eg kjenner, er mørkt, ulmande og med lange negler. Spenninga gneistrar i brystet. Er eg forelska? Klart det! Julie er berre sjalu. – Kom, så dansar vi. I sideblikket ser eg Julie rista på hovudet. – Yes, baby! Domenic ser berre på meg. 9
Eg kjenner ei hand på aksla mi. – Maria, eg må visa deg noko. Julie står med mobilen i handa. At ho ikkje kan gi seg? – Eg har ikkje tid til filmklipp av søte kattungar. – Det er ikkje det … – Slepp meg! Julie slepper taket i meg. Igjen ristar ho på hovudet. Ho ser lei seg ut. Greitt at ho er kåt på Domenic, men det får då vera måte på? Trur ho det går å sutra seg til å få han, eller? Det er meg han vil ha. Det må ho godta om vi framleis skal vera venner.
Klokka 21.33 – Ei flaske sprit til paret som dansar mest sexy! Eg held flaska opp i lufta så alle kan sjå henne. Nyt blikka eg får. – Seriøst? Det er mi spritflaske du loddar ut, seier Domenic. – Du får berre vinna henne tilbake, ertar eg. Domenic flirer. Han svingar meg rundt så eg nesten ramlar inn i tv-en, før han hoppar opp på stovebordet. – Kom igjen! brøler han og begynner å kneppa opp skjorta si. Blikket hans er festa på meg. Han tar av seg skjorta berre for meg. Eg tar sats og hoppar opp på bordet til han. Domenic tar tak i hoftene mine og drar meg inntil seg. – Dans, Maria, elles skuldar du meg ei flaske sprit! Musikken er høg og himmelsk. Eg smiler som om eg har ete bananar på tvers i ei veke. Å vera med Domenic er ein fest. Han får meg til å fly og bordet til å rista. Me rockar denne festen! Eg hoppar opp og ned. Domenic ser på meg og flirer. 11
Bordet svarer med liksom å svaia under oss. Det gir frå seg ein høg, klagande lyd. Eg klamrar meg fast til Domenic i det bordet kollapsar. Eg ramlar bakover med Dominic over meg. Han er så tung at eg nesten mistar pusten. Men det gjer ikkje noko. Eg vil at vi skal smelta fast i kvarandre. Det er som om eg ikkje kjenner armar og bein, mens magen og hoftene dirrar mot hans kropp. Domenic må kjenna at i kveld er eg klar for alt. Kroppen min er som ein hungrande ulv. Eg vil setja tennene i han og kjenna smaken av han. Rundt oss høyrer eg latter, stemmer og musikk som i ei smørje. Det snurrar framfor auga, men eg ser at Elliot filmar oss. Blitslampa på mobilen lyser sterkt. – Er du ok? spør Domenic og går opp på kne. Eg kjenner at eg blir skuffa. Eg ville at han skulle kyssa meg. Ikkje komma med tomt preik. Julie står med hendene i sida og himlar med auga. Synet av henne fyrer meg opp. 12
– Drit i det, svarer eg. Eg reiser meg halvt opp frå golvet og stryk eine handa over brystet til Domenic. Det er ikkje så glatt som det ser ut. Små stikkande hår mot fingertuppane, som sender elingar opp langs underarmane. Barberer han brystkassen? Han smiler mot meg så eg gløymer alle spørsmål. – Ja, drit i alt og alle, flirer han. – Og vi vann tilbake den spritflaska!
Klokka 21.55 – Kom igjen, seier Domenic. Han drar meg opp frå golvet og kastar meg over skuldra si. – Kva skal me? – Knulla før eg blir for full. Eg berre ler. Typisk Domenic å seia slikt. Men tenk om han meiner det? Julie står midt på golvet og måper. 1–0 til meg, tenker eg. – Maria, eg MÅ snakka med deg, seier ho. Ho har altså ikkje tenkt å gi seg. Eg svarer henne ikkje, berre kysser Domenic for å visa at han er min. Domenic ber meg innover ein mørk gang. Han knuffar opp ei dør som står på gløtt. Eg høyrer stemma til Elliot. – Kom igjen, di luremus. Eg kjenner at du vil. – Nei, det gjer vondt, høyrer eg ei anna stemme. Eg vrir meg ut av grepet til Domenic og ned på golvet. – Slapp av, vi finn eit eige rom, seier han. Eg har ikkje tid til å svara. Eg kastar meg mot Elliot og slår han i ryggen med knytt neve. 14
Han reagerer knapt. Den jævla pervoen har pressa handa ned i buksa til Hanna. Ho prøver desperat å riva seg laus. – Din jævla kødd, seier eg. – Maria, ikkje bry deg, seier Domenic bak meg. – Ta bort handa di, seier eg til Elliot. Han snur seg mot meg med eit flir om munnen, og det klikkar for meg. – Faen ta deg! Eg set eit kne i skrittet hans. – Kom deg til helvete bort frå han fyren! Han er ikkje bra for deg. Eg drar Hanna med meg ut i gangen. Ho tørkar seg i ansiktet med ermet. Ansiktet hennar er raudt av gråt. Ho er usminka, og det får henne til å sjå yngre ut enn ho er. Eit par hender smyg seg under armane mine, før dei grabbar tak i puppane. Det er Domenic. Han pressar hoftene sine mot rumpa mi, og eg kjenner at han framleis er sugen på meg. – Faen, så kåt eg blir når du er sint, kviskrar han og bit meg i øyret. 15
Hanna ser forvirra ut. Nok ein gong tørkar ho seg over ansiktet, før ho knepper buksa og rettar på kleda. Julie dukkar opp bak Hanna. – Kva er det som skjer? undrar ho. Sidan ho spør, kan ho få ta hand om Hanna. – Elliot har oppført seg som ein idiot. Eg skyv Hanna mot Julie. Eg veit at ho eigentleg ikkje bryr seg. Ho vil berre ha Domenic. Venninner skal vel ikkje slåst om same type? Ho sa først at Domenic var kjekk, men eg fekk oss med i gjengen hans. No går vi på dei rette festane og er dei kulaste i klassen. Eg har fortent Domenic. Domenic tar handa mi. – Kom igjen, Maria, eg vil ha deg! – Hæ? seier eg. Sjølv om eg høyrde han godt. – Eg vil ha deg! roper han. Eg ser på Julie. No må ho vel ha skjøna det? Det er meg han vil ha. MEG.
16
Klokka 22.30 Vi overtar soverommet etter Elliot og Hanna. Domenic smeller døra igjen etter oss. Han snøvlar i øyret mitt at han skal ta meg hardt. Neglene hans riv mot huda mi då han skrellar av meg toppen og BH-en i ei rørsle. Han slenger meg bakover på senga. – Eg skal ta deg til du skrik! Vil du det, baby? Eg svarer ikkje. Det går for fort, men det er for seint å stoppa. Eg har lagt opp til dette i fleire veker. Vore stor i kjeften. Prata pervo. No må eg visa at det ikkje berre var snakk. Han opnar beltet og kastar det frå seg. Eg knip auga igjen. – Får eg komma på puppane dine? Han kjem varmt og klissete før eg får svart. Eg grabbar det første eg finn, for å tørka av meg. – Ein bamse, flirer Domenic. Han drar opp buksa si igjen og lukkar beltet. Eg blir liggande i senga. – Skal eg gjera det godt for deg? spør han. 17
Eg vil eigentleg at han berre skal gå, men eg føler eg må spela med vidare. For kva om han ikkje vil ha meg meir? – Kan du gi meg toppen min? – Kom igjen, då. Eller er du lesbisk? Orda treffer meg i trynet saman med toppen han slenger til meg. Sjølvsagt veit han det, han også, mamma er jo så open og fri. Eg er ikkje lesbisk, sjølv om mamma er det. Har han ikkje fått bevis nok? Domenic berre flirer og ristar på hovudet. Faen også! Eg spreier låra mot han, mens eg tar på meg topp og BH. Døra blir slengd opp. – Festen er over! Ei kvinnestemme skjer inn i rommet. Eg drar dyna over oss i full fart. Først trur eg det er mor til Hanna, men så ser eg uniforma. – Shit, politiet, seier Domenic. Han sprett opp frå senga og stiller seg framfor politikvinna. Eg blir liggande under dyna. Hjartet mitt dunkar heilt opp i halsen. Domenic er over tjue, eg er ikkje seksten år eingong. Shit, kan han komma i fengsel for det? 18
– Kva skjer her? spør politikvinna. – Ingenting, seier Domenic og drar handa gjennom luggen. – Er alt i orden med deg? spør politikvinna. Ho går fram til senga og bøyer seg ned mot meg. Eg tviheld dyna opp under haka og er heilt tørr i kjeften. – Ja, svarer eg, mens Domenic snik seg ut bak henne.