Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 1
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 3
Nathaniel Farrell
NYKOMMAR Gjendikta av Martin Ingebrigtsen
Samlaget Oslo
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 4
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 5
Det einaste bonden vil finne etter oss på den plassen er den minste anda den som dykkar og gøymer seg. Alt anna ete eller tatt, til og med skunkkålen knust, stinkande ved bekken. Noko av borken på trea sliten vekk av ting vi knytte til dei. Bitar av spindelvev på kinnet mitt.
5
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 6
Silkeurt omkring postkassa og masse post kvar veke. Alle ventar på betre vêr. Fukta i jorda i kulda på jordet gjer den hard. Klesklypene i korga på terrassen blir grå av kulda. Om morgonen plogskjera dekte av frost så tjukk at du kan skrive i den – eit vindauge, eit namn. Eg drar skjorteermet ned over handleddet mitt.
6
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 7
Sola styrtar ned mellom trestammane på veg heim til der søvnen spikkar ein arm ned til fingerstorleik på veg heim til der eg høyrer far min snu trekubbar på stabben for å hogge på tvers av ringane. Søstera mi er i vindauget på olbogen sin og drøymer om ein ponni føler seg liten og knortete som ein ponni – hjartet mitt opnar seg som ei furukongle. Eg ser ut av huset ho ser ut av inn i det gule graset ho ser på, steinane som små tenner der borte.
7
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 8
Crissy den yngste et havre med mjølk og honning frå låglandet. Hagl skrallar i setet ved sida av meg når eg drar forbi. Alle krokar som ikkje får fisk går i hjartet. Og eg tenker på kor lite ein heim kan halde på ein mann utan armar omkring seg. Eg lurar på om andre som har dratt også har tenkt dette, eller om dei drog fordi dei håpa noko betre ville vente når dei kom heim att.
8
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 9
Hestar bevegar seg mellom rifler og skuldrer og usende brev. Vi drar forbi ein stad der ein vassmasse møter ein annan vassmasse. Nedanfor krøllar brenninga seg som ein hårlokk vrir seg opp og ned langs kysten. Vi stoppar, og eg lurar på korleis ein mann kan ete med tårer i auga, korleis ein annan mann kan ete med sveitte over sine, korleis eg kan ete ved synet av så mykje vatn.
9
Nykommar ferdig.qxp_A 12.02.2018 11:14 Side 10
Då eg var liten, balanserte eg på ein stokk i regnet, frå inni huset vårt følgde alle med på kva eg gjorde. Innimellom ropte dei til meg at det var på tide å komme inn. Kvar gong dei sa det måtte eg dreie armane mine rundt igjen. Av og til kom mor mi og henta meg drog meg inn etter handa dit sjølv treverket i golvet rørte seg i lyden av vinden utanfor mens ho gnei føtene og armane mine, prøvde å få varmen i meg igjen.
10