Ny amerikansk poesi

Page 1


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 1


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 3

NY AMERIKANSK POESI Mathias R. Samuelsen og Rune F. Hjemås (red.)

Samlaget Oslo 


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 4


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 5

INNHALD Forord  Monica McClure

Skjermdump

 

Bleik blues  Olivensaft  Jenterom  Beauty School Dropout  Streite fyrar  Eg liker deg ikkje  Bøffing  Klassesong  Frå episk til lyrisk  Danez Smith



Rå  Skuggeaffærer  Sanninga om elegiar  Kortfilm  Corina Copp



Badehyllest  La voix humaine  Brandon Brown



Lana Del Rey, Summertime Sadness  Rihanna m. Mikky Ekko, Stay  Pink m. Lily Allen, True Love 


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 6

Paul Legault



Som ein full send med fraktebåten   Førtitalsfilmar   Ein lærd mann   Scheherazade   Elv   Dødsangst   Sandspann   Ocean Vuong



For evig og alltid  Thanksgiving   Homewrecker  Fordi det er sommar  Inn i brotet  Aubade til ein brennande by  Sara Wintz



Utdrag frå Walking Across a Field We Are Focused on at This Time Now  Kate Colby



Gjennom månelyset  Ei gammal tilnærming uforvarande gjenteken  Første akt i eit utslite drama  Midgardsormslyngje 


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 7

FORORD Trass i at amerikansk populærkultur – musikk, filmar, tv-seriar, merkenamn – i dag er ein så innvoven del av det norske kvardagslivet at han kan vere vanskeleg å få auge på, så har vi ikkje vore bortskjemde med antologiar som presenterer amerikansk samtidspoesi, her i landet. Det siste krafttaket var det Paal-Helge Haugen som stod for, då han i  gav ut Det nye amerikanske huset på Samlaget. Her gjendikta han  amerikanske poetar – eit utval som viste at han hadde svært godt oversyn og teft for kva som rørte seg blant unge lyrikarar i USA på slutten av -talet. Same året stod Haugen saman med Einar Økland bak den noko lausare antologien Bemann barrikadene – fienden har sluppet løs sin pyjamas!, utgitt av Den norske Bokklubben, der dei presenterte det dei kalla «pop-poesi» frå USA og den såkalla Liverpool-scena i England. Her blei det gjort eit forholdsvis stort poeng ut av at skotta mellom høglitterær poesi og kommersiell popmusikk no for alvor var i ferd med å breste, og i utvalet inkluderte dei Jim Morrison, Frank Zappa og Mick Jagger like sjølvsagt som meir tradisjonelt litterært skolerte folk. I vår tid, med tildelinga av Nobelprisen i litteratur til Bob Dylan som den endelege kulminasjonen, er det ikkje lenger oppsiktsvekkande at poesien omgåst populærkulturen like naturleg som han held seg til dei klassiske litterære førelegga. I utvalet vårt er det Brandon Brown som illustrerer dette best. Diktsamlinga Top  (Roof Books, ) tar utgangspunkt i radioprogrammet American Top  og hitlista slik ho låg føre . september . Brown skriv eitt dikt for kvar av dei førti songane. Også Monica McClure er ein forfattar som lar samtida drype inn i dikta sine i form av populærkulturelle impulsar og omfattande referansar til sosiale medium. Dei åtte poetane vi presenterer her, er alle unge og enno i starten av sin forfattarskap. I utveljinga har vi tenkt liknande tankar som dei Paal-Helge Haugen gav uttrykk for i forordet til Det nye amerikanske huset: «… eg har lagt mest vinn på å presentere dei heilt unge, og eg har tatt med poetar som berre har publisert ei eller to bøker, fordi eg trur det er viktigare å kome i kontakt med ’rørslene’ hos dei unge 


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 8

poetane i dag, enn det er å presentere ’store, nye namn’.» Sjølv om det er mogleg å hevde at det finst eit betydeleg etterslep i formidlinga av amerikansk poesi i Noreg etter  – faktisk har heile generasjonar av amerikanske poetar ikkje har vore gjorde tilgjengelege på norsk – har også vi valt å fokusere på dei heilt ferske stemmene. Desse poetane har til felles at dei har vakse opp og hatt sine formative år i eit amerikansk samfunn post . september . I dette politiske klimaet har retorikken stadig hardna til, og frontane ser berre ut til å bli steilare – frå George W. Bush’ «either you’re with us, or you’re with the terrorists» til Donald Trumps sjølvtilfredse «America first». Kven er det no som kan gjere Amerika storslått igjen, kan ein spørje, om ikkje poetane, som tør å løfte fram dei viktige spørsmåla i samtida, som set lys på enkeltskjebnar, og som gjer ærlege forsøk på å finne ei djupare sanning i mylderet av konspirasjonar og påstandar om fake news? Det er ikkje dermed sagt at poesien er tendensiøs, men desse poetane kjenner politikken på kroppen og skriv ut ifrå seg sjølve som borgarar og politiske vesen. Sjølv om denne antologien hovudsakleg konsentrerer seg om forfattarar med band til dei to største poesimiljøa i USA – det i Brooklyn og det i Bay Area – meiner vi at tematikken dei tar opp, er representativ for store delar av generasjonen, uavhengig av geografisk plassering. Vi har ikkje valt nokon av poetane på grunn av samfunnsengasjementet deira, men ut frå litterær kvalitet. Poetane i utvalet speglar tida vi lever i, men tar opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hip hop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om kjønn, rase og identitet, men også om evige tema som kjærleik og sorg. Ein litt påfallande tendens som vi gradvis har blitt klare over, er at mange sterke nye stemmer i amerikansk poesi kjem frå dei skeive miljøa. For LGBTQ-rørsla har poesien blitt den føretrekte kunstforma, og hos både Ocean Vuong og Danez Smith utgjer motiv som kropp, legning og identitet sentrale tematikkar. Vi kan også sjå ei tydelegare intellektualisering hos enkelte av forfattarane. Sara Wintz og Corina Copp skriv til tider nesten akademisk. Denne typen poesi ligg eit godt stykke frå den pratsame poesien som har vore dominerande i tiåra etter stor


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 9

domstida til beatpoesien, med førelegg heilt tilbake til Whitman. Kate Colby, med sin essayistiske poesi, er på si side ein representant for det amerikanarane kallar «new narrative», og som vi kanskje best kan samanlikne med det vi kjenner som punktroman her heime. Paul Legault har ei meir konseptuell tilnærming til poesien når han forsøker å gjenskape John Ashberys berømte diktsamling Self-Portrait in a Convex Mirror ut frå minnet. Fleire av poetane har også som fellestrekk at dei skriv i ein klart uttalt dialog med tidlegare forfattarar og viktige historiske personar. Poesien i USA har over tid vakse fram under tilhøve som til dels skil seg frå den norske poesien. Mens ein poet i Noreg ofte arbeider målretta mot det som til slutt skal bli eit heilskapleg og velkomponert diktverk, skal ein i USA ta omgrepet «diktsamling» meir bokstaveleg. Her er bøkene gjerne nettopp samlingar av dikt som har vore publiserte tidlegare, i magasin, på nettstader eller som separate chapbøker. Ein kan godt verke som poet, og til og med vere høgt akta, utan å publisere i bokform. Derfor er det heller ikkje nok berre å feste blikket på dei tradisjonelle bokutgivingane om ein skal fange opp det som rører seg i ny amerikansk poesi. Ein må òg følgje med på dei uavhengige småforlaga, i bloggar, tidsskrift og podkastar. For oss har forlag som Fence Books, Ugly Duckling Presse, New Direction Publishing og Coffee House Press, i tillegg til magasin som The Paris Review, Orion Magazine, Poetry, n+, Jacket, McSweeney’s The Believer og Iowa Review, vore blant dei viktigaste informasjonskanalane. Det har vore eit viktig poeng for oss som redaktørar å finne fram til gjendiktarar som kan gå i dialog med dikta og tilføre dei noko av sitt eige særpreg. Vi har leita etter norske forfattarar som har noko til felles med sine amerikanske kollegaer, når det gjeld tema, form eller lynne. Her meiner vi i all beskjedenheit at vi har treft godt! Gjendiktarane våre – Kristina Leganger Iversen, Frode Grytten, Linn Strømsborg, Kristin Fridtun, Leif Høghaug, Joanna Rzadkowska og Hilde Susan Jægtnes – har alle på sitt vis gjort dikta til sine eigne, utan at stemma til opphavspoeten har blitt fortrengd eller hòla ut. Nett slik ein god artist gjer ein vellykka coverlåt. Vi skyldar dei ein stor takk for arbeidet!


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 10

Det er vårt håp at lesaren i denne antologien vil finne eit par interessevekkande eksempel på noko av det vi synest er friskt og spennande i amerikansk poesi akkurat no. Boka er ein del av ein større samanheng: Allereie i  presenterte vi eit utval gjendikta poetar i Bokvennen Litterært Magasin (/). Sidan har nokre utdrag av arbeidet vore på trykk undervegs i tidsskriftet Beijing Trondheim, og med utgivinga av Ariana Reines’ Coeur de Lion (gjendikta av Anna Kleiva) i  kom Samlaget inn i biletet. I løpet av  kjem det, i tillegg til denne antologien, ut ytterlegare tre amerikanske diktsamlingar på Samlaget: Nathaniel Farrells Nykommar (gjendikta av Martin Ingebrigtsen), Julian Talamantez Brolaskis Råd til dei elskande (gjendikta av Leif Høghaug) og Claudia Rankines Medborgar (gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof) er alle med på å fylle ut biletet. Og i  gir Samlaget ut diktbøker av Ocean Vuong (Night Sky with Exit Wounds), Thalia Field (Bird Lovers, Backyard) og Ariana Reines (Mercury) i norsk gjendikting. Vi må også nemne eit par utgivingar på andre forlag som høyrer heime i den same utvida konteksten: Boka til Frank av CAConrad, gjendikta av Gunnar Wærness (H//O//F, ) og Argonautene av Maggie Nelson, gjendikta av Anne Arneberg (Pelikanen, ). Med dette håpar vi å gi vårt audmjuke bidrag til å rette litt på omdømmet til denne stolte nasjonen som det siste halvtanna året har rota det så mykje til for seg sjølv. Det er nemleg vår meining at Amerika – dette rike kontinentet som har lokka på oss nordmenn heilt sidan dei store utvandringane på -talet – enno på så mange måtar er great. Det vil det vere så lenge folk held fram med å tenke og uttrykke seg fritt og arbeide vidare med kunst og kultur. Vi trur i så måte på slagordet om at love trumps hate. Og då er poesien blant det som kjem til å bli ståande igjen, triumferande. Trondheim, april  Rune F. Hjemås & Mathias R. Samuelsen


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 11

MONICA MCCLURE [ gjendikta av Linn Strømsborg ]


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 12


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 13

Forfattaren og performancekunstnaren Monica McClure debuterte på stort forlag med diktsamlinga Tender Data (Birds, LLC.), som dikta i dette utvalet er henta frå, i . Boka fekk mykje merksemd og gjorde sitt til at McClure blei peika ut som ei slags poster girl for ei ny retning blant den unge generasjonen av poetar. Felles for desse, kan ein seie, er at dei gjennom å leike med identitetar og grensene mellom det biografiske og det fiktive set lys på problema som omgir internettalderen – ein type poesi ein kalle ein slags ny, digital confessionalism. Med sosiale medium har framstillinga av sjølvet blitt ein meir eller mindre kontinuerleg prosess og ein fulltidsjobb. Fokus på utsjånad, modellert etter sjukelege kroppsideal, gjer at unge i dag opplever eit stort press. «Eg vil vere så tynn at folk spør om eg er døyande», skriv McClure lakonisk. Stilen hennar er skarp, vittig, men òg inderleg og erkjennande. Kjenslene vekslar brått mellom det komiske og det tragiske. Tittelen Tender Data kan nok sjåast som ein referanse til Gertrude Stein og boka Tender Buttons frå , men viser òg til eit dagsaktuelt tema som personvern, der folk som Julian Assange og Edward Snowden, og skandalen med Facebook og Cambridge Analytica, har gjort oss merksame på kor sårbare nettopp data og sensitive opplysningar kan vere i ei digital verd. McClure bur i Crown Heights, Brooklyn, men voks opp på landet i Texas. Frå oppveksten har ho fortalt om eit påtakeleg fråvær av seksualundervisning i skolen, kombinert med ein skremmande valdtektskultur i lokalsamfunnet. I fleire av dikta sine kjem ho tilbake til temaet abort. Dette er, ved sida av våpenlovgiving, eit av dei hardaste og mest kjenslege temaa i striden mellom demokratane og republikanarane i USA, og små framsteg blir nærmast rutinemessig avløyste av tilbakeskritt i neste valperiode. I så måte er dikta til McClure meir politisk spissa enn vi kanskje skjønner her i Noreg. Stemma hennar er svært viktig i ei tid der rettane til kvinner er under stadig press. Tender Data er ei rik bok og eit samtidsdokument, der poeten like gjerne nemner Philip Larkin som Winona Ryder, og der moderne merkenamn opptrer side om 


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 14

side med klassiske og mytologiske element. Gjennom tilsynelatande overflatiske emne som sex og rus greier ho å seie noko om maktstrukturar og klassekamp, om det å vere ung i vår tid. Lena Dunhams rollefigur i TV-serien Girls, Hannah, uttrykte i ei klassisk scene ønsket om å vere «the voice of a generation». Monica McClure er ei slik stemme. Vi gjer alle lurt i å lytte til henne.


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 15

Skjermdump

Fokuser og hald deg levande Men om du ikkje overlever vil folk framleis runke til Facebook-bilda dine medan liket ditt syg til seg svart søle gjennom Geisha-munnen sin Korleis er det å eldast frå seksuell opphissing slikt ein skriv sørstatsgotikk om Ver inspirert av internett eller bli irrelevant over natta Den sleipe månadlege døden Isoporkoppar i New Orleans Eg vil leve eit stille og klamt liv Skjønnheita har vore slem mot meg Innan eg kunne tillate meg forfengelegheit hadde ansiktet mitt blomstra av




Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 16

Bleik blues

Eg vil skrive balladar i dagboka mi om korleis kjærasten forlét meg for ei meir verdsvand kvinne men det har aldri skjedd for inga kvinne er meir verdsleg enn meg berre meir komplementær Min siste abort blødde mørkeret ut av meg Noko med varmen frå lakena på St. Tropez-klinikken og korleis legen lukta av lime verbena Eller var det huda mi etter to dagar i sola




Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 17

Olivensaft

Angrepilla bruste då eg sleppte ho i dirty martinien min Eg trong å slappe av litt på Carlyle etter å ha brote saman på t-banen Då prisen på prevensjon gjekk opp blei eg så gravid eg måtte slutte på Kunstskulen noko som var leitt, sidan eg saug til meg historias skjøre ånd Sonen til ein korrupt gauk av ein kunstsamlarmilliardær sneik rohypnol i ølen min under feiringa av St. Patty’s day i Normal, Illinois No må eg dra til Ibiza for å få jomfruhinna mi fiksa før The Daughters of the Revolution finn ut av det Kirurgar trur aldri på at denne nasen er min eigen fordi han er perfekt anglikansk som hos ein aristokrat Om du er interessert i å le, å lykkast og skape minne med folk som liker å ha det gøy kan du bli med i kva klubb som helst Eg vil ignorere den estetikken som dominerer mi tid, så eg har forsøkt å bu på plassar der berre reklamekampanjar når meg Eg fryktar at eg kjem til å døy ein heilt vanleg død i fylket der eg blei fødd Djuna og Jean levde begge til dei blei  etter tallause hjartesorger i framande byar 


Ny amerikansk poesi ferdig.qxp_A 04.05.2018 09:55 Side 18

Jenterom

Eg har alltid mangla vilje eg kunne aldri velje ein over ein annan Eg har lært meg sjølv å bli likt så eg treng ikkje velje kven eg liker Eg har så mykje kjærleik i meg å gi til den personen eg synest mest synd på Ei kvinne sa ein gong til meg at ho alltid hadde vore urørt Femininiteten hennar var eit perfekt sjøskjel med raude cowgirlboots og ein fjørboa som blei slept langsmed bakken Eg er skeptisk, men utelukkar det ikkje heilt Eg greier ikkje lese skilta raskt nok så eg køyrer ikkje bil sjølv Når eg er med ein mann kjenner eg meg som ein homse Når eg er med ei kvinne kjenner eg meg som ein homse som liker kvinner Og eg kjenner meg berre verkeleg fantastisk i nærleiken av nokon mindre jentete Dette er min flørt med kjønn eg lever han ut i semiotisk overflod over lange sesongar eg driv pantomime og gløymer nokre gonger å komme ut




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.