Ellen Kristvik
Notat ved avgrunnen Ei mors forteljing
Samlaget Oslo 2020
© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Omslag: Johanne Hjorthol Foto framside: privat Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 11/15 Minion Pro Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-521-9904-8 Utgitt med støtte frå Det faglitterære fond og Fritt Ord. Ellen Kristvik gav i 2014 ut boka I kreft og kjærleik på Det Norske Samlaget.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
N OK R E O RD OM T E K ST E N Eg har skrive mine notat ved avgrunnen. Gjennom orda har eg klort meg fast. Notata er brotstykke frå ei sundriven forteljing, ei forteljing som vart smadra då eg mista ankerfestet i livet mitt – dottera mi, Johanna. Ei smadra historie må setjast saman på nytt. Det er det desse notata handlar om. Dette er ei mors forteljing. Ho handlar om mi historie med Johanna. Andre kunne ha skrive andre historier om henne. Dei tre søskena, far hennar og kona hans var også ein del av Johannas liv, men det er ikkje den delen det handlar om her. Eg har mange å takke. Den klokskapen og raustleiken eg har blitt møtt med frå familie, venner og arbeidsstad, har vore til uvurderleg hjelp. Johanna hadde også ein utruleg vennekrins. Eg har ikkje oversikt over dei alle. Men nokre av dei har kome meg nær på avgjerande og berande vis i denne heilt spesielle tida: Atma Andersson, Dåra, Frida Neander Rømo, Ingrid Andrea Holland, Jon Kvanum, Julie Mehlum, Kepo Giæver Sundøy, Maja Gjellan Müller, Pernille Cornelia Iversen, Rein Ravnsbror, Rita Paramalingam og Åsne Rosseland. Utan dykk ville denne forteljinga sett annleis ut. Denne boka tileignar eg dykk.
Ein hustrig dag i byrjinga av september 2018 blir eit sett med ruter teikna opp på asfalten bak tigerstatuen på Jernbanetorget. Ei mengde gravlys, eitt til kvar rute, står oppstabla ved sida av rutefeltet. Eg står i flokken av dei som har kome saman denne kvelden, og ventar på å få utdelt eit lys. Det er verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Vi har 614 ruter framfor oss. Ei rute for kvar av dei som døydde i sjølvmord i 2016. Det er ikkje lenger regn i lufta, slik det var før på dagen. Men det blæs friskt. Ein etter ein går vi fram med kvart vårt tente gravlys og prøver å hindre flammen i å slokne på vegen. Det er ikkje alltid det går. Sjølv om gravlysa har hette på toppen og hendene våre gjer det dei kan for å gi vern mot vindkasta, er det mange som sloknar før dei når fram til ruta si. Vi gir oss ikkje. Vi prøver på nytt. 614 tente gravlys står til slutt i rekkje på rekkje framfor jernbanestasjonen, der folk strøymer forbi på veg heim frå jobb. Eitt lys for kvart menneske som tok livet sitt i 2016. Tala for 2017 er enno ikkje klare. Når dei ligg føre, vil Johanna, dottera mi, bli ein del av denne statistikken.
7
Du var like ved å kvelast då du var på veg inn i denne verda. Det var inga lykkje der då, men du hadde navlestrengen to gonger kring halsen, og det var det ingen som oppdaga, trass mengda av overvakingsinstrument eg var tilkopla der eg låg. Du var veik, blå i ansiktet då dei halte deg ut. Det fekk eg ikkje sjå. Dei styrta ut med deg, og eg låg der berre. Glad du var ute, og i tiltru til at du skulle klare deg. Og det gjorde du jo. Eg uroa meg ikkje då dei kom trillande med kuvøsa, så eg kunne vinke til deg der inne. Etter nokre timar vart eg sjølv trilla ned dit du var, og fekk lagt deg ved brystet. Vi fomla ikkje mykje då. Du drakk. Og etter endå nokre timar kom den svenske barnelegen inn og sa at han syntest vi skulle få vere i lag. Dei hjelpte meg med å setje senga inntil veggen så du kunne liggje hos meg om natta. Så lukkeleg eg var. Det var byrjinga på eit heilt nytt kapittel i livet mitt. Byrjinga på eit fantastisk kapittel. Eg trudde det skulle vare lenger.
Seint i oktober to veker før den dagen vi skulle feire at det var 25 år sidan ho kom til verda eit halvt år før avsluttande eksamen på sjukepleiarskulen to månader før ho skulle reise som utvekslingsstudent til Sør-Afrika fire dagar etter at ho hadde dansa på scena som dj på jubileumskonserten til RadiOrakel og to dagar etter at ho hadde tatt T-banen ut til Ellingsrud hengde Johanna seg i eit tre i skogen på Mariholtet 8
Eg brukte ü spørje henne om ho visste kva som var det mjukaste mjuke i verda Sjølv visste eg iallfall svaret Det var kinnet hennar
Eg hadde vore igjennom mange kapittel før Johanna kom inn i livshistoria mi. Eg hadde vore på lange reiser, først i Europa, sidan i Asia. Eg hadde budd i økumenisk kloster og i bufellesskap med psykisk utviklingshemma i Frankrike, og hadde sett korleis grasrotarbeidarar i India kombinerte praktisk helsehjelp til dei som ingenting hadde, med langsiktig kamp for større rettferd. Eg hadde vore blant sjamanar og tuberkulosepasientar i fjella i Nepal, og høyrt korleis gatejenter i nepalske byar tolka og framstilte sin eigen situasjon. Lenge var eg heller skeptisk til formell utdanning og overtydd om at det måtte vere nok å lære av livet sjølv, men reisene motiverte meg først til sjukepleiarskulen og sidan til antropologistudium ved universitetet. På heile denne mangslungne vegen var eg på intens leit etter retning og meining, og tanken på å få barn var lenge heller fjern. Eg var livredd for den børa eg kunne kome til å leggje på eit barn som risikerte å kome i vegen for det eg skulle, og tenkte ikkje på det å bli mor som noko som lét seg kombinere med det livet eg hadde. Men livet skjer på sitt eige vis. Johanna kom til – og det midt oppi eit oppbrot mellom far hennar og meg. Vi flytta frå kvarandre før ho vart fødd. Lite låg til rette, slik ein tenkjer seg 10
at det skal liggje til rette for eit barn som kjem til verda. Det var mildt sagt kaotisk, i og ikring meg, då eg forstod at ho var på veg. Eg var rådvill, men det varte ikkje lenge. Og etter at avgjerda om å ta imot henne først var tatt, var eg aldri i nærleiken av å angre. Noko vart forunderleg enkelt etter det. Noko vart definitivt overordna, viktigare enn alt anna.
Kva var det med deg som gjorde meg så merkverdig trygg, heilt ifrå første start? Eg som alltid hadde kjent meg inderleg utilstrekkeleg og usikker på alt eg hadde føre – noko eg også gjorde som gravid: Korleis skulle eg greie dette? Kva hadde eg å stille opp med overfor slik ei svimlande oppgåve? Og så var du der og slo kontant beina under alle førestillingar om at det å ta imot deg skulle handle om ferdigheit og prestasjon. For det handla om deg – den særmerkte personen du var, og ikkje noko eg skulle få til.
Eg har fått oppleve kjærleiken. Det er meg gitt. Det har eg å ta vare på. Ho lærte meg å elske det eg ikkje eigde. Det er ikkje mi formulering, men den går rett heim i meg. Det var det som skjedde. Ho lærte meg å elske det eg ikkje eig.
Ho byrja i løynd, slik alle barn gjer. Det tok tid før ho gav seg til kjenne med dumpe spark og press mot magen min. Endå lengre tid tok det før den veksande magen vart synleg for omverda, og sjølv då var det knapt til å fatte at ho var til. Og like fullt låg ho der og vaks på innsida av meg; ein overveldande realitet som ein dag skulle kome ut og møte blikket mitt. Ein morgon frå den første tida står meisla i minnet mitt. Ho kan ha vore nokre veker gamal den dagen, som byrja med at ho låg og smågret i korga inne på det mørke soverommet. Eg bar korga inn i stova, der sollyset fløymde inn i rommet, og gjekk inn på kjøkkenet etter eit glas vatn. Eg var på veg til korga for å ta henne opp då eg såg kva som hende. Gråten var stilna. Ho hadde løfta hendene mot lyset, intenst opptatt av lysstrålane og hendene som bevega seg i det. Eg vart ståande stille og sjå. Ho hadde byrja si eiga oppdagingsferd ut i verda. Tett innpå meg, men like fullt klart åtskild.
12
Ho fekk namnet Johanna. Eg syntest det var eit vakkert namn, og var ikkje så opptatt av kvar det kom frå, og kva det betydde. Men eg kunne knappast ha funne eit namn som stod meir i samsvar med det ho kom til å bli for meg og gi til livet mitt. Namnet Johanna peikar på det som er gratis, det som blir gitt utan forteneste og utan krav om vederlag. Eg hadde vore utmeld frå kyrkja i elleve år då ho vart fødd. Eg har enno ikkje meldt meg inn att. Men Johanna har blitt eit erfaringsnært namn.
Rebell: (frå lat. ‘opprørsk’ av re og bellum ‘krig’) Opprørar. Radikal: (nyl av lat. radix ‘rot’, eigl ‘som når til røtene’, som vrakar og vil endre det systemet som er el. det synet som rår) Grundig, djuptgåande; gjennomgripande Johanna: (Fem. form av Johannes, ei gamal latinsk form av det greske namnet Ioannnes) Gud er nådig Alt dette samtidig Alt dette ho var Og er
13
Keep Thy mind in hell and despair not. Å gå inn dit ho var – og bli verande der – utan å verje seg mot det?
Det som bergar oss, er ikkje det som vernar oss. Fattar eg kva det betyr?
Sie ist geborgen im Geheimnis Gottes Slik står det på eit kort eg får etter gravferda: Ho er varetatt, skjult i Guds løyndom no.
14
Den dagen Johanna går inn i skogen, har eg ein samtale med ei som har mista eit barn i dødfødsel, eit drygt år etter tapet. Den erfaringa har gjort henne meir i stand til å forstå, og kjenne medkjensle med, andre som har mista, seier ho og fortel om ein kollega som også mista eit barn. Det handla om ei dotter i tjueåra – eit stort tap. Men, held ho fram, den kvinna hadde hatt tjuefem år med ei dotter som var i live. Det fekk ikkje eg. Det fekk ikkje ho. Men det fekk eg, Johanna. Tjuefem år. Eg takkar for kvart minutt.
Ei lysning i skogkanten Ei raud lita stove og to uthus på ein husmannsplass Ein stad for draumar om ei anna verd Stengt er det no Skodder for vindauga Sperringar for døra
15
Det var ikkje ein stall Med varme frå okse og esel Men eit tomt skur, ope mot skogen Under kolsvart himmel Då regnet var på det kraftigaste Då det var som kaldast Då låg du der I bekmørket Herre, miskunne deg Herre, miskunne deg Miskunne deg
Den måndagen ho forsvann, hadde ho fullført dagen på sjukepleiarskulen. Etter forelesing i auditoriet hadde ho sjekka flyreiser til Sør-Afrika for komande praksisperiode saman med ein av dei ho skulle reise med, og overført pengar for billettane. Men vi har sett historikken på nettet no. Sett at det første ho gjorde då ho vakna den morgonen, var å søkje på nettet etter tau. Og på vegen mellom skulen og T-banen var ho på Jernia. Fekk med seg eit stykke tau, ein kniv og ein rull gaffatape. Bar det med seg i sekken saman med notatboka og artiklane om helsehjelp til neglisjerte transpersonar og redde barn. Notata og artiklane ligg der framleis då eg får sekken utlevert frå politiet. Dei er søkkvåte, men har ikkje gått i oppløysing. Det store nøkkelknippet ligg der også. I nøkkelringen, festa til den vesle posen med munnbeskyttelse for gjenopplivingsforsøk, er også nøklane til huset mitt i hagebyen. 16
Ein okergul lapp med barnleg skrift i svart tusj dukkar brått opp i ein bunke papir. Blac bird singing in the ded of nite Take dis browken wings and larn to flay Ol yere life you whre only weiting for dis moment to bi yrs Black bird fly – ho kan ikkje ha vore veldig gamal då ho vart innhenta av den songen. Take these broken wings and learn to fly Var det vengestekt ho vart?
Minnest ein overnattingstur til Nøklevann. Ho må ha vore kring ni år då. Vi padla ut til Haraholmen i strålande kveldssol. Telta på holmen og kokte havregraut på bål til frukost. Vi var på veg til å bade då Johanna fann ein død fuglunge i vasskanten. Han var vikla inn i eit snøre, det såg ut som han var bunden fast. Det sette ein støkk i oss. Hugsar alvoret hennar då vi grov ei grav på stranda. Ho laga ein kross av to pinnar, knytt saman med ein bit av snøret. 17
Det var det året då det som vart kalla Operation Enduring Freedom, vart sett i verk og dei amerikanske bombene regna over Afghanistan som innleiing til den såkalla krigen mot terror. Ho må ha fått med seg noko av bilda av flokkane av menneske på flukt gjennom ørkenen. Det ho då gjorde, var å ta fram brevposten sin, der arka var pynta med rekkjer av markblomstrar i kantane, og skreiv Til en eller aen Det har vært krig Det var i et land der de ikke kan smile. Ho la brevet i den konvolutten som høyrde til. Men ho klistra ikkje igjen.
Terapeuten min ber meg teikne ein representasjon av Johanna. Kan det vere ein båt? Ja, det kan det. Eg ser den enkle, opne robåten for meg. Johanna som romma og romma, raust og ubeskytta. Frakta dei som trong det, over utrygge og farefulle farvatn, til det vart altfor mykje for den vesle farkosten. Teiknar båten. Målar den, blodraud og sliten. Johanna, Johanna min.
18
Noko vart alt altfor mykje. Noko som ikkje var til å romme, og som ho måtte få ein ende på.
Ho var tolv år då det som hadde vore eit ordinært asylmottak på Trandum, vart gjort om til Politiets utlendingsinternat, eit lukka forvaringssenter for avviste asylsøkjarar. Der, i ein nedlagd militærkaserne rett ved flyplassen på Gardermoen, skulle menneske ein frykta ville rømme før uttransporten, bli haldne i ein fengselsliknande institusjon. Skaka sat ho då framfor tv-skjermen og tok til seg bilda av romma der folk sat innesperra medan dei venta på å bli sende ut av riket. Etterpå sette ho seg ned og skreiv til Raudekrossen for å be om vaskejobb i interneringsleiren.
Hugsar henne som sekstenåring i Theresienstadt. Saman med den nære venninna Frida og mor hennar hadde vi reist til Praha for å vere der nokre dagar i sommarferien. Vi hadde gått over dei gamle bruene der hengelåsar til teikn på evig truskap heng tett i tett. Hadde drukke kaffi i små kafear med plysjdekte møblar og barokkmusikk. Gått oss vill på Kafka-museet og sett Don Giovanni som dokketeaterframsyning. Leikne og lattermilde hadde vi sprunge gjennom brusteinslagde gater i gamlebyen, søkkvåte av høljeregnet som brått kom på.
19
Theresienstadt, ein av dei stadene der jødar vart sende i hopetal under krigen, ligg drygt seks mil utanfor Praha. Det var mitt forslag at vi skulle reise dit. Eg syntest det høyrde med, når vi først var så nær. Theresienstadt var ikkje ein utryddingsleir i seg sjølv. Det var ein getto, ein samlings- og transittleir for deportasjonar vidare til utryddingsleirane Auschwitz, Sobibor, Belzec og Treblinka. Det spesielle med leiren i Theresienstadt var at han vart oppretta som eit utstillingsvindauge, konstruert for å få omverda til å tru at jødane levde eit godt liv, og for å motbevise rykta om massedrap. Mitt kjennskap til staden kom først og fremst frå arbeidet til den franske regissøren Claude Lanzmann. Det er han som i den særeigne dokumentaren Shoah har intervjua overlevande frå utryddingsleirane, og naboane deira som i første omgang prøver seie at dei ingenting visste og ingenting forstod. I dokumentaren Un vivant qui passe (Ein levande går forbi) intervjuar han representanten for Raudekrossen som vart send på inspeksjon til Theresienstadt sommaren 1944, og som rapporterte at alt var i orden, rett før den siste, intensive fasen av nazistanes tilinkjesgjeringsprosjekt. Som den drivne intervjuaren han er, trengjer Lanzmann forbi dei tomme frasane han først får lagt fram for seg, og får fram at han som var på besøk, såg det han var innstilt på å sjå, og lét auga att for det som ikkje passa inn. Bygningane i Theresienstadt står der enno. Nokre av dei er på veg til å bli gjorde om til museum. Elles står mykje tomt, og ein del er tatt i bruk av fattigfolk med få alternativ for husvære. Synet av dei var det første som møtte oss då vi kom inn på området: Slitne menneske i 20
slitne klede som sat på plassen mellom husrekkjene og åt rett frå hermetikkboksen. Museumsutstillinga var nøkternt arrangert. Den bestod av ei mengde plansjar som hang på rad og rekkje, spekka med informasjon. Oversiktskart viste det nettverket av konsentrasjonsleirar som Theresienstadt gjekk inn i, knytte saman med jernbaneliner på kryss og tvers gjennom Europa. Der det i utgangspunktet var 7000 menneske som heldt til, var det på det meste meir enn 50 000 som vart stuva saman. Om lag 144 000 jødar vart sende til Theresienstadt under andre verdskrigen. Av desse var det ca. ein fjerdedel, 33 000, som døydde av sjukdom og svolt inne i leiren. 88 000 vart sende til Auschwitz og andre utryddingsleirar. På slutten av krigen var det 19 000 overlevande att i Theresienstadt. Mange av dei som vart sende til Theresienstadt, var såkalla «prominente» jødar: kunstnarar, musikarar og artistar. I tillegg til all faktakunnskapen inneheldt utstillinga ei mengde teikningar av livet til fangane. Mange av dei var laga av barn. Det tok tid å kome igjennom utstillinga. Tause gjekk jentene frå plansje til plansje. Det var langt på dag då vi kom ut. Vi hadde reist eit godt stykke i forkant, og det var lenge sidan frukost. Vi vaksne såg etter ein stad der vi kunne få noko å ete. Jentene hadde ikkje tanke for mat. Dei sette seg rett ned i det tørre graset og strigret. Gret over dei ufattelege misgjerningane dei hadde fått ramsa opp for seg. Og gret over dei fattige og forsømde menneska som prøvde å få eit liv til å gå i hop i den gamle fangeleiren.
21
Ho var langt av lei då ein sjølvoppnemnd riddar i politiforkledning gjekk berserk på ein ungdomsleir i Oslofjorden. Men då ho ringde meg frå Budapest den sommardagen, var ho betre informert enn eg. Informasjonen som hadde kome ut i nyheitssendingane her, var sparsam og forvirrande. Men helikopter hadde sirkla over øya, og ho hadde sett bilda som var lagde ut på nettet derifrå. Rakt på sak prøvde ho å fortelje meg at titals ungdomar var skotne. Fortvila prøvde eg å verje oss begge for den grufulle sanninga. Prøvde seie at det å bli skoten ikkje var det same som å bli drepen. Det stemmer jo, det. Men det var ho som hadde rett.
Sytten år gamal var ho med på sin første protestaksjon: eit forsøk på å forhindre utsendinga av ei gruppe afghanske asylsøkjarar. Ho og dei andre aksjonistane stilte seg framfor bilane som var på veg ut til flyplassen. Lukkast ikkje i å stanse transporten. Men stadfesta byrjinga på eit aktivt engasjement som skulle vekse seg sterkt, seigt og solid.
Då flyktningane banka på ved alle grensestasjonar og politikarane forfekta grenseforsterkingar med heile sitt arsenal av retoriske krumspring, stod ho i ein meir organisert samanheng og vart bedt om å reise til Sverige. Det nettverket ho høyrde til, hjelpte asylsøkjarar inn i landet. Dei skiftast om å stå på busstasjonen for å ta imot dei som kom 22
dit, og vise dei veg vidare. På den andre sida av grensa vart det gjort ei vurdering av kven denne reisemåten var for risikabel for, slik at dei måtte fraktast i bil. Johanna hadde førarkort. På avtalt stad møtte ho den ukjende, som tok henne med til ungdomane det galdt. Ein av dei var Ali Reza, som skulle bli ein god venn. Dei hadde reist langt. Johanna stod for den siste etappen over til eit lova land. Morgonen etter ringde telefonen frå eit nummer ho ikkje kjende, og ho høyrde eit ukjent språk. Bevega fortalde ho om det å forstå kva det handla om: Det var ei mor som spurde etter sonen sin.
Ei sending frå Afghanistan i ei krukke på benken min: Tørka ville aprikosar og små mandlar sydde saman til ei kjede. Frå ei mor til ein son i eit fjernt land, gitt vidare til ei anna mor, som også har måtta ta farvel.
Då avslaget kom på asylsøknaden til Ali Reza, gret ho natta igjennom. Ho hadde køyrt han over grensa frå Sverige, spelt kort med han og kameratane på mottaket på Torshov og sidan besøkt dei på Toten. Då morgonen kom, sette ho seg ned og søkte etter informasjon om kva land som kunne gi vern for dei som flykta frå krig og terror. Då konklusjonen var klar, bestemte ho seg for å droppe undervisninga i mental helse, slik at ho i staden kunne køyre Ali Reza til eit anarkistisk kollektiv i Dijon. 23
25. januar, på dagen tre månader etter at Johanna døydde, kjem meldinga frå Ali Reza: Han har fått opphald i Frankrike.
Ho døydde av for stort hjarte, er det nokon som seier til meg. Ja, eit stort, pulserande hjarte i ein skøyr og vever kropp. Eit grenselaust hjarte i ei verd der murane tårnar seg opp, og det hardnar til. But I could have told you, Johanna: This world was never made for one as beautiful as you